torsdag, januar 14, 2016

Dagbok 2016: 14.januar

Klokka er 17.30. Temperaturen ute er minus 2 grader og det er delvis skya. Sola var framme ei stund i dag, men ho kom ikkje heilt ned til oss. Forresten var vi ikkje heime heller. Det hadde kome eit fint lag nysnø sist natt, så bo er her veldig fint. Eg held fast ved at Ørsta er på sitt vakraste om vinteren-i alle fall i slikt vêr som vi har no.
Det vart gjort lite og ingenting før middag i dag, sidan vi skulle vere på Kulturhuset klokka 12. Før eg dusja og vaska håret sette eg meg til å bøte nokre lestar, og dett var dett.
Det var kjekt å møtast på styremøtet i dag, vi er ein gjeng som jobbar bra i lag, og vi kan vere så frittalande vi berre vil utan at vi ryk i tottane på kvarandre.
Det var ein del som skulle på plass, så klokka var over to før vi var heime, då hadde vi vore innom Kiwi og handla tre ting-det er ikkje så mykje som skal til når ein har eit bra lager heime.
Middagen i dag var enkel, fiskegrateng frå i går, men med nyraspa gulrøter til.
Etterpå vart det pause og kaffi, og så er dagen snart forbi. Eg har fått strikka litt igjen, så no skal eg legge opp lest nr to i år, og håpe at den blir ferdig på kortare tid enn nr.1. 
Bilda tok eg frå altanen i 10-tida i dag. (Det er ikkje gjenbruk av gamle bilde om det kan sjå slik ut.)
I dag fyller Roar Jarle i Trovågen 48 år og vi gratulerer!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...