Klokka er 18.10. Temperaturen ute er + 5 grader C, for det meste opplett. Like greitt når snøen smeltar. Det er ikkje så fint og kvitt ute lenger, men det ligg mykje snø att. Vegane er berre.
I dag har vi hatt ei kjensle av at det har vore sundag, for vi har ikkje vore ut for ei dør, verken på butikk eller noko anna. Vi snakka om å sjå etter båten, men utsette det til i morgon. Det er så mange som er der ute i hamna at dei hadde sikkert gitt beskjed om det var noko gale.
Ingeborg ringde frå Oslo på føremiddagen, og det var no hyggelig.
I dag hadde vi bestemt oss for å ete resten av maten vi løyvde frå Nils sin fødselsdag 14.november. Dvs. pinnekjet. Men vi laga sjølvsagt ny rabbestappe til. Det er tung og kraftig mat for gamle magar.
Etter middagen tok eg ein diger oppvask, for det meste panner, sidag oppvaskmaskina ikkje var ferdig med sin oppvask. Tenkte eg skulle sleppe å bli så døsig etter middagen viss eg styrte med noko. Ja, det kan de berre tru. Då eg ei stund seinare la meg på sofaen med lydbok, hamna eg i drømmeland.
Elles begynte eg å strikke ny fot på gamle brot i går, og kjem til å bli ferdig med lest nr. to i løpet av kvelden.
Skulle ha vore til frisør for lenge sidan, men har vegra meg litt på grunn av forkjøling og kulde. I dag sende eg melding til frisøren, om eg kunne få kome i dag eller ev. tysdag. Ho var også sjuk, men trudde ho skulle vere frisk att til tysdag, så no har eg/vi planar for nesten heile neste veke.
I morgon, sundag, er vi invitert til middag hos Solveig. Mandag skal Nils til lege klokka 9.00 og eg til tannlege klokka 10.00. Tysdag skal eg til frisør og onsdag er det pensjonistmøte. Greitt å ha program å gå etter.
Nils ser sport på TV, så eg trur eg skal lure meg til å lese ferdig boka mi. Den er ikkje så altfor spennande.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar