fredag, januar 22, 2016

Dagbok 2016: 22.januar.

Klokka er ca 18.45. Temperaturen på trappa vår er + 5 grader C, det er overskya og opphaldsvêr. Snøen smeltar, men det gjer ikkje så mykje så lenge det ikkje regnar.
Det var nesten klårt og veldig fint først på dagen. Vi hadde ingen ting å stresse med i dag, så eg sette meg til og strikka ferdig ein lest mens vi venta på sola. Den kom fem minutt tidlegare enn i går, men så skya det over ganske raskt. Og dett var dett.
Nils hadde lyst på kinamat i dag, og det hadde eg ikkje noko imot. Var som snarast innom biblio før vi for til Volda.Eg hugsar aldri skikkelig kva nummer yndlingsretten min har, men Kina-dama veit det. I dag var maten ekstra god, og ho passar på at Nils får ekstra mykje ris. Sist vi var der var restauranten stengt, dei hadde vore i Kina på ferie fortalde ho, besøkt foreldra sine. Fly tur-retur Kina kostar 7000 kr, det er ikkje dyrt.
Etterpå var vi ein tur innom Amfi, der vi tok ein liten runde, kjøpte ikkje anna enn mat, men vi trefte mange kjende.
Då vi kom heim drakk vi kaffi før eg begynte å rippe dei 19 CD -platene i "Jeg er Pilegrim". Eg tok eit par gamle lestar for å strikke ny fot på gamle brot -mens eg rippa. Maskina var samarbeidsvillig og det gjekk relativt radig. Då eg var ferdig å rippe oppdaga eg at eg hadde gløymt e-en i Pilegrim på første plata. Det måtte rettast, og då skjedde det at alle 19 CD-platene la seg inn i samme boksen. Eg har opplevd før at to plater har slått seg i hop og det fiksar eg lett-men 19 ! Berre ein ting å gjere-rippe alt på nytt ! Men eg kom ganske langt på lesten. ( Reknar med at det stort sett er Solveig som forstår problemet?)
No blir det vel TV resten av kvelden. Vi følgjer ivrig med på Anno-eit program vi likar begge to.
Ønsker alle ei god helg!

1 kommentar:

solveig sa...

Ja, eg forstår problemet! Ikkje sovemedisin :-)

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...