mandag, januar 18, 2016

Dagbok 2016: 18.januar

Klokka er snart 19.00, temperaturen er i, følge mobilen min, minus 2 grader, men her oppe i bakkane er det som regel mildare enn der målaren står.Det snøar bitte lite grann. 
Det hadde snødd mykje sist natt, så føremiddagen gjekk mykje opp i mòking. Nils mòka tunet, naboen køyrde opp veg til kjellaren med snøfresar og eg mòka altanen med spade. Eg er redd for ryggen min, så eg var litt forsiktig, men det ser ut til å gå bra. Elles er eg lite effektiv for tida, er veldig trøtt til det lid på kveld, då vaknar B-mennesket.
I dag måtte vi ein liten tur nedover for eg var heilt lens for lydbøker. Det var lite å finne på biblio, men eg kom no heim att med eit par eg ikkje har lese før. Vi var innom Coop og handla litt mat også.
Då vi kom heim rippa eg eine boka og la meg på sofaen for å lese, men det var håplaust, eg greidde ikkje å halde meg vaken. No har Nils gått på møte i SV, så eg får sette 
"Anno " på opptak så vi kan sjå det i lag seinare. Eg har ein klesvask eller to og ta meg av og så får eg rippe bok nr.2 mens eg strikkar. Ja, slik går no dagane.....




I dag fyller Håkon 22 år, og vi gratulerer. Han er no tilbake i Oslo etter ein relativ lang ferie.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Det tek litt tid etter ein lang juleferie å gå frå B til A-menneskje igjen, kjenner på det her i huset også. Litt kjekkare å stå opp no når det er snø og lysare om morgonen. Svein har også fresa i dag, men eg har halde meg innadørs og finpussar på rekneskapen til EP, det er ein del jobb, og eg jobbar saktare enn før, skuldar litt på synet også. I morgon er det styremøte med planlegging årsmøtet som blir forholdsvis tidleg i år, 9. februar.

Besta sa...

Eg er B-menneske heile året, så det er ikkje håp. Nils kan ikkje bruke fresaren, men naboen hjelper oss. Nils vil helst moke med hand. Eg skal prøve løitt i dag også, men er ikkje heilt god i hofta etter gårsdagen.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...