lørdag, april 08, 2023

Dagbok 2023: 8.april


 Klokka er no 18.50, temperaturen er +11grader C og det har vore ein nydeleg dag. Eg kom nettopp heim att frå ein runde på Vernet, der eg sat ei lita stund på kvar benk for å nyte sola.

På føremiddagen i dag tok eg "fredagsvasken", og så vaska eg -eller rettare sagt maskina, eit par omgangar.

Eg hadde tenkt meg ein liten tur på butikken, og så fekk eg melding frå Margrete at ho og tre av borna ville komme på besøk. Og det var no veldig kjekt. Eg fekk ikkje laga til så mykje spennande, men har no litt av kvart i frysarane mine. Erlend var på jobb så han kunne ikkje komme, men det er no ikkje så lenge sidan eg såg han. 

Vi drakk kaffi og brus og åt is og kaker. Verre var det ikkje. Eg kom på at Rasmus sa at Eirik sikkert greidde å montere sagkrakken som eg fekk til jul. Så i dag fekk han vise kva han kunne, så no har eg sagkrakk og sag, så då er det berre å sette i gang.

Etter at dei hadde fare og eg hadde rydda opp, ropte eg på katten til Marit og då kom ho springande. Det gjorde ho ikkje første gongen eg ropte.

Så vart det tur på Vernet i dag, eg treng mosjon!!!


Nedanfor garasjen er eit bed der molda er laus og lett å grave i. Der brukar eg å grave ned ymse løkplantar som eg får i potter, og så kjem dei att år etter år. Potteroser har eg der også, men eg ser ikkje enno om der er liv. Det som er litt dumt er at også kattane likar så godt å grave der.

I dag fyller Mimi , som er gift med broren til Nils, 79 år. Då eg vart kjend med enne var ho berre 14-15 år gammal.Vi held kontakten enno- på FB- for det meste.

Ho er ei hyggeleg , snill og gjestfri dame og eg ønsker henne alt godt.

Og så ønsker eg alle som er innom bloggen god påske for resten av helga.

fredag, april 07, 2023

Dagbok 2023: 7.april

                                             MORGON

Klokka er no 19.40, temperaturen ute er +10 grader C og det har vore ein fin dag. Snøen som kom i går kveld var nesten borte då eg stod opp, og resten forsvann i løpet av dagen.

Eg var her heime og styrte på litt til Øystein kom og henta meg kl.12.30.

Det var kjekt å komme til Hareid igjen, og i dag var alle 4 "barna" heime, og i tillegg var sambuaren til Olaug der. Amund barnebarnet fylte 3 år den 5. og då feira dei han i Volda, i dag vart det feiring på Hareid, med gåver til bursdags-barnet på tre og ho på 83fekk også fine gåver og blomster.

Takk for alle gode gåver!

Solveig hadde laga til lammelår og grønsaker til middag og karamellpudding m.m. til dessert. Det var veldig god mat, og eg åt sikkert for mykje. Som vanleg.

Vi hadde som vanleg nok å snakke om, og Audun hadde stor suksess med blåsing av såpebobler-noko som særleg Amund sette pris på.

Seinare hadde vi gode kaker og kaffi. Solveig køyrde meg heim og eg kan berre takke for ein god dag!

No er snøen som kom sist natt borte og litt av den gamle snøen også, så blir det kanskje skikkeleg vår snart.

                                                                              KVELD

torsdag, april 06, 2023

Dagbok 2023: 6.april

Ja, no vart det julestemning her, kyrkjeklokkene kimar og snøen dalar ned. Dette var eg ikkje budd på. Temperaturen er berre +2-3 grader og det kjennest ikkje kaldt ut. Det er mindre enn ein time sidan eg kom att frå strafferunda mi, og då var det så vidt begynt å regne litt. Men snø i april er ikkje så sjelden kost heller.

I dag har eg hatt det kjekt, med besøk av Ingeborg, Amanda, Erlend og Ingrid . Vi drakk kaffi og Solo og år Gulrotkake og "Gulkake". Vi heldt oss til påskefargane.

Då gjestane var reiste, åt eg litt middagsmat, før eg tok ein runde på Vernet. Då eg kom heim att laga eg ei kake, og så vart det ein diger oppvask, noko hadde eg i maskina, og noko vaska eg for hand. Eg er ikkje den typen som har det ryddig mens eg jobbar, men eg er flink å rydde opp etterpå.

I morgon er det meininga at eg skal til Hareid og feire oldebarnet sin 3-årsdag. Dagen var i går, men då var det feiring i Volda. No ligg det snart kvitt ute-å eg som var overbevist om at våren var her no. I dagboka mi som går over fleire år, kan eg lese at på den 6.april i fjor var det sol og snø. No synest eg det er trasig for alle som har gledd seg til skiturar i sol og finever. For oss som har heilårsferie er det ikkje så farleg, men vi vil no gjerne sjå sola vi og. 

Eg ønsker alle ei god påske vidare. Uansett ver.



onsdag, april 05, 2023

Dagbok 2023: 5.april


 Klokka er no 17.11, og det går mot kveld etter  ein nydeleg dag. Eg er glad for kvar fineversdag vi får, og kan nyte. Marit og eg skulle fram på gravene i dag og sjå om det var råd å pynte opp. Vi kom oss ikkje av garde så tidleg, så eg fekk tid til å felle av ein  lest først. I dag fekk eg rydda på grava, tok bort julekransen og sette att korga med stemorsblomster. Eg hadde ikkje med telefonen så eg fekk ikkje ta bilde. Etter at vi hadde vore på gravplassen handla vi enda litt på KIWI.


Eg ville gå tur på Vernet mens eg var påkledd for å vere ute. I dag tok eg det veldig med ro og sat og sola meg på nesten alle benkane- Då eg kom heim var klokka ca. 15. Eg laga meg fort middag av restar frå i går, og så slappa eg av etterpå- og "halvsov"- det er noko som eg har begynt med i seinare tid-eg søv ikkje skikkeleg, men er heller ikkje vaken. Det er kanskje det som heiter "slappe av"?

I dag har det einaste oldebarnet mitt fødselsdag, han fyller 3 år. Eg vil ikkje legge ut bilde av han utan at eg har spurt foreldra.

Fredag skal eg ut til Hareid og feire han der også. Barna til Margrete er heime på ferie, så eg reknar med å få besøk av dei i løpet av påska.

Det blir mykje å gjere både inne og ute no når våren kjem for alvor. Eg ser no fram til å få rydde opp både her og der viss er greier det. Eg er eitt år eldre enn i fjor, så det spørs.

Resten av denne dagen går vel med til strikking og TV-som vanleg.

Eg hugsar frå mange år tilbake at onsdagen før skjærtorsdag var ein god dag, då gjorde eg siste førebuingane før påske og såg fram til mange fridagar. 

Somme år reiste vi til Solund i påska og det var veldig kjekt, for der ute var våren komen lenger enn her. Det var mange der ute som hadde fødselsdag i påsketida, og det var no ekstra kjekt. Påska1999 fylte mor til Nils 90 år, då var vi der alle. Året etter døde ho. Ja, no begynner eg visst å minnast opp att mange påsker i Solund, men det får eg ta att ein annan gong.

Håper alle har det bra der dei er. Og det er vel no vi skal ønske alle ei God Påske.



tirsdag, april 04, 2023

Dagbok 2023: 4.april


 Klokka er no17.32. Temperaturen ute er + 11  grader C, det er ikkje heilt klårt no, men vi har hatt ein fin dag med mykje sol.

Eg hadde ikkje så store planar i dag, me Marit og eg ville sjå fram på Akjellhaugen om det var råd å pynte litt på gravene.Vi var innom KIWI og kjøpte orger med gule stemors og tok med oss på vona. Eg trur ikkje det hadde smelta eit snøfnugg sidan sist eg var der, så vi tok med oss blomstrane og reiste heim. Eg tok ein runde på Vernet sidan eg hadde kledd så godt på meg. Trefte ikkje så mange i dag, berre eit ektepar som eg kjenner.

Før på dagen hadde eg fiksa mobilen min, og var stolt fordi eg hadde greidd det sjølv. Men no såg eg at den var ikkje i orden likevel........typisk. Eg får ikkje Messenger inn på telefonen, så då må eg berre bruke PC-en-

Etter at eg hadde vore på Vernet laga eg middag til meg sjølv og i dag fekk eg ein gryterett frå Toro. Ferdigkokt ris hadde eg i frysen, så det ar veldig lettvint. Men eg åt visst for mykje for eg vart så trøtt etterpå at eg heldt på å sovne. 

Som de ser ha det ikkje hendt så mykje i dag, og eg føler på at eg har vore altfor lat, men det er vel ferie for pensjonistar også? No skal eg i alle fall tømme oppvaskmaskina, så får eg no gjort aldri så lite i dag også. Eg har mykje arbeid som står på vent-det manglar ikkje på det-når berre våren kjem for alvor-

I morgon fyller oldebarnet 3år.

På fremste delen av Fonnvernet var det bnesten bert, men ikkje på den delen som ligg opp mot skogen. Der gjekk eg også i dag attmed autovernet, der var ei berr stripe.

mandag, april 03, 2023

dagbok 2023:3.april


Klokka er no 19.00,temperaturen ute er +9 grader C, det er lettskya og nydeleg ute. Eg kom nettopp inn att etter at Marit og eg hadde gått ein liten tur.

Det har vore ein fin dag på alle måtar. Eg har hatt besøk av Audun som er heime frå Oslo. Han kom og hjelpte meg med TV-en, og få den på rett kjøl igjen. Han skifta også lysrøra i lampen over kjøkkenbordet, eg er litt forsiktig med å klatre opp både her og der, ein må kjenne si besøkelsetid. Han måtte forresten ned på Clas og kjøpe lysrøra. Eg er heldig som har så flinke ungdommar som kan hjelpe mormora.

Vi åt sveler og gulrotkake i dag og drakk kaffi. Eg reknar med at eg får meir besøk utover i veka. Håper i alle fall det.

I dag tenkte eg at kanskje hageslangen va  opptint, og det var den. Så eg spylte kjøkkenvindua ute, snart skal eg ta stuevindua også.

Klokka 18.00 tok Marit eg eg ein tur rundt ui nabolaget, det var herleg å vere ute no når det ikkje var verken kaldt eller glatt.

No skal eg sjå litt TV-nyheiter og så spørs det om eg har meir strikkegarn. Eg er så glad for kvar fineversdag vi får no når mange er fri, vi fortener det etter vinteren.

                                             Det minkar på snøen



søndag, april 02, 2023


 Klokka er no 17.10, temperaturen ute er+ 10 grader; sola strålar frå blå himmel, men det kjem små skyer inn frå vest,- så ein kan aldri vite.

I dag stod eg opp klokka 8, tok meg frokost etc. og sette meg til med strikketøy og TV. Såg mellom anna eit hageprogram frå Hovdebygda i Ørsta-hadde sjølvsagt sett det før.

Etter ei stund dusja eg og vaska håret, prøvde å få litt skikk på krøllane, men var ikkje akkurat heldig med det. Marit vart åleine då resten av familien reiste på hytta til Janne og Even. Då kom Marit ned til meg og vi fekk prate oss litt tome i dag også. Eg laga ikke middagsmat i dag, men åt brødskiver, og så var det å gå tur.

Eg gjekk litt opp og ned og fram og tilbake på vegane, før eg gjekk opp på Fonnvernet. I dag tok eg øvste vegen først, der var mykje snø, men langs "autovernet" var det bert. Eg gjekk mot sola i dag, og tok fremste vegen til sist. Alt i alt vart det ein bra tur på ca. 1 time, men eg sat på nesten alle benkane. Der var lite folk der i dag, trefte berre ei som eg kjende og prata med. Då eg kom heim sat Marit ute og las, så eg gjekk ein tur opp til henne.

No er klokka snart halv seks og eg har ikkje utretta mykje denne dagen, men det er no ein kviledag. No skal eg ta eit bilde frå altanen før sola går ned.Er spent på om det skyar over eller om vi får fleire slike dagar.






Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...