onsdag, mars 09, 2022

Dagbok 2022: 9.mars



                                             Opp Storebakken i dag

 Klokka er no 17.07 , temperaturen ute er + 11 grader og sola skin som ho har gjort i heile dag. Berre synd at det er så mykje snø i hagen at ein ikkje kan få gjort noko der. Men vi kan no nyte sola både inne og ute. Til dømes kan ein slå av varmepumpa og late sola varme opp. Det er eit stort + i desse  dyr-.straum-tider.

I dag var det spanskkurs, men Eli var i Ålesund, så ho hadde sendt Terje til å vikariere. Han er ikkje så flink som henne i spansk, men han er flink i grammatikk, så det var mest det vi hadde i dag. Vi var berre 6 elevar i dag.. Men vi hadde det kjekt. 

På heimvegen køyrde eg bortom Askjelhaugen for å sjå korleis det stod til der. Men der var det for mykje snø til å gjere noko som helst.


Då eg kom heim att tok eg like godt og gjekk ein tur før eg kledde meg om. Det var nydeleg å vere ute i sola, men eg gjekk ikkje på Vernet i dag.

Middagsmat vart det ikkje på meg i dag for det leid såpass langt på dag at eg ikkje gad å lage noko, så det vart berre brødskiver i dag. Prøvde å sette meg ut på altanen  med kaffikoppen, men det vart for kaldt.

Så sette eg meg til å strikka, og strikka ein heil omgang før eg såg at eg hadde forskyve mønsteret ei maske, så det var berre å ta opp att dei over 400 maskene. Utan å bli altfor sur. Eg har no berre meg sjølv å takke. Eg trur eg er blitt for gammal til såpass utfordrande arbeid.

I dag tidleg fekk eg i alle fall ut bosset før det var for seint og så fekk eg bestilt tid for EU-kontroll av bilen til den 17.mars. Så heilt hjelpelaus er eg ikkje. I morgon skal Marit og eg på trening igjen. Men så er eg fri resten av veka.

Eg tok nokre bilde frå altanen som viser om lag kor mykje snø vi har på tining. Det går ikkje fort , for det frys til att om natta.





tirsdag, mars 08, 2022

Dagbok 2022: 8.mars. Kvinnedagen

 

Klokka er no 17.56, og temperaturen på trappa er +7 grader. Det har vore sol og nydeleg ver i heile dag, og eg kunne slå av varmepumpa ei stund fordi sola varma opp. Det ligg enno mykje snø, så det er ikkje råd å få gjort noko ute i hagen enno. 
Sist natt sov eg dårleg , eg trur eg kava med at eg hadde ein feil på strikketøyet mitt. Så snart eg var ferdig med frokosten sette eg meg til å leite etter feilen og fann den(dei) Eg hadde ikkje tid  til å rette det opp der og då for eg skulle på trening klokka 10. Marit og eg var på Spar og handla etterpå. Marit er så flink å passe på tilbod etc. Så vi fekk no gjort nokre gode kjøp i dag.

Då eg kom heim, gjekk eg ein liten halvtimes tur på vegane mens eg hadde klede og sko på meg. Først då eg kom heim fekk eg retta opp strikketøyet mitt. Det er best å gjere slikt på dagtid for dei to grønfargane er såpass like at det er problem i lampelys..

På 10-krones markedet i dag kjøpte eg to pakkar med kryddersild a 10 kr. Så då måtte eg berre lage meg middag. Eg laga kålstuing i ein fart og kokte poteter, tenkte eg kunne nyte silda på samme måte som spekesild. Men den var berre enda betre! Rødbetar hadde eg ikkje i hus, men eg såg ein gong  ei på FB som hadde tyttebær i staden, og tyttebærsylte hadde eg i hus. Det vart eit kongeleg måltid, og det var berre så vidt eg ikkje opna pakke nr.2 med sild- så eg har til eit måltid til. Der stod på pakken at ein kunne vatne silda i 5 minutt eller ikkje. Spekesild er noko av det beste eg veit-og denne kryddersilda var enda betre.


Etter middag har eg sete og strikka, det går ikkje fort, og eg må helst strikke i dagslys. No må eg heller øve på spansk-leksa til i morgon,  - eg har ikkje opna bok heile veka så det kan gå reint gale om eg ikkje skjerpar meg- Og så må eg få bestilt EU -kontroll til Yarisen min-fristen er 24 mars.

Det var herleg å få ein skikkeleg solskinnsdag-håper det blir fleire !





mandag, mars 07, 2022

Dagbok 2022: 7.mars


 Klokka er no 17.34, temperaturen ute er + 5 grader, det er lettskya så vi har hatt ein del sol i dag.

Sidan eg ikkje hadde plikter utanfor heimen i dag, gjorde eg unna nokre småjobbar her. Mellom anna rensa eg skinnmøblane og sette dei inn med eit beskyttande stoff. Dette er noko eg gjer ein gong for året. Slitasjen er ikkje så stor lenger, Eg sette på ein klesvask og strauk nokre klede etc. Eg følte på at eg skulle ha rensa teppegolva, men eg var ikkje heilt der i dag. Eg har kjøpt rensevæske, så eg kan ta det når eg får ånden over meg.

I dag ville eg gå tur, og eg ville på Vernet, for eg såg at mange gjekk der i går. Då eg var på veg opp tvilte eg på om det var lurt, men ei dame eg trefte meinte at det gjekk fint å gå på vegen, dvs. ikkje på sjølve muren , men vegen på hi sida. Det kan hende eg misforstod henne, men den vegen var slett ikkje god. Og eg må gå med nokre gamle støvlettar for eg får ikkje den låke foten ned i nok anna. Hadde eg hatt piggsko, hadde det gått betre. Men eg la i veg,og gjekk på den glatte holete vegen, og tenkte som så at her må eg konsentrere meg om å ikkje å bryte føter eller andre lekamsdeler. Det heldt hardt, men eg kom meg opp til trappa som eg ikkje brukte i dag, eg tok kortaste vegen til asfalten og prisa meg lykkeleg for at eg var like heil.


Eg gjekk litt sikk-sakk på gatene, og då kom eg til slutt ned i enden på Vallabøvegen, dvs, vegen ovafor oss. Der hadde dei lagra litt snø. Det er Langdal sitt hus vi ser nadanfor

Då eg kom heim sa eg til meg sjølv: "No var du flink som ikkje braut verken armar eller bein. No må du få noko godt til middag." Så laga eg til steikt ørret med poteter, rømme og grønnsaker. Etter middagen sette eg meg inn i godstolen med kaffikoppen, som vanleg. Eg tenkte sterkt på at no måtte eg ikkje sovne og tømme ut kaffien. Så gjorde eg akkurat det, og måtte bytte bukse, men det vart ikkje meir soving. Strikketøyet kom fram og det har blitt eit par rundar i dag også, og fleire blir  det sikkert om det ikkje går så fort. Er har sjølvsagt på TV-en og høyrer nyheiter-. I morgon er det trening-


søndag, mars 06, 2022

Dagbok 2022: 6.mars


 Klokka er 18.30, temperaturen ute er +3 grader. Så vidt eg kan sjå er det opplett. Dette har vore ein sløv dag. Eg er heilt oppslukt av strikketøyet mitt, så snart eg hadde ete frokost sette eg i gang strikkeprosessen- Eg strikkar ein genser til meg sjølv i to grønfargar + kvitt. Det er tynt garn og mange masker så det går  ikkje fort. Eg har klede nok, så det er ingen ting som hastar, men eg skal ha den ferdig FORT. Eg er ute av trening med  mønsterstikking så det blir diverse feil å ta opp att.. Eg hadde på TV på føremiddagen og fekk sjå nyheiter, men så vart det berre sport og då slo eg av. Eg spurde Marit om ho ville komme ned ein tur, og ho kom ned og drakk kaffi med meg. Dei har alltid sein middag, så då høver det med llitt kaffi på føremiddagen. Eg åt eit par brødskiver då eg vart åleine , men så begynte eg å strikke igjen. No tenkte eg å ta ein pause frå strikkinga, men kanskje eg må ta ein "runde" til ?

I morgon er det heimedag, så då får eg prøveå gjere noko fornuftig. eG skulle hatt lyst til å spada opp snøen så den tina fortare, men den er hard og tung.

Eg har ikkje vore utom døra i dag, gjekk ein liten tur i gåd, men fekk vondt i foen. Tidlegare i dag såg eg folk på Vernet, så eg får vel snart ta ein tur der, eg også 

Bok nr.6 - 2022: TEAM TUVA


Dette er ei sånn lita tynn bok som eg har hatt til sengelektyre i det siste. Grei nok, men ikkje noko mesterverk. Av og til lurer eg på kvifor forfattaren har skrive ei bok som eg like godt kunne ha skrive sjølv.
 

lørdag, mars 05, 2022

Dagbok 2022: 5.mars

                                         Olavsgata innover

Klokka er no16.08, temperaturen ute er + 5 grader C og det har vore opplett hittil i dag, men skya og ikkje sol i dag heller.

Eg stod opp til vanleg tid i dag, og etter at eg hadde ete frokost sette eg meg til med strikketøyet mitt. Genseren er strikkar er til meg sjølv. Eg strikkar av tynt garn med mange masker(456) så fort går det ikkje. Det har heller ikkje nokon hast, men eg er slik at eg helst skulle vore ferdig før eg har begynt. Tolmod er ikkje ein eigenskap eg er utstyrt med. Derfor passar det meg godt å strikke lestar. Det er fleire år sidan sist eg strikka mønsterstrikk, så det går ikkje så lett unna. Sat i timesvis i går , og i dag heldt eg fram, mens eg hadde TV-en på og høyrde nyheiter. Det som skjer i Ukraina er berre forferdeleg. 

Eg har alltid problem med at eg trur det er sundag når det er laurdag, så i dag tenkte eg å ta ein tur på butikken, bestemte meg for ein liten tur på KIWI. Eg hadde skrive ei hugseliste med tre ting eg skulle ha, eg kom heim att med tre fulle plastposar. Eg fekk ein ide om at det kanskje kunne vere lurt å hamstre. Eg skal i alle fall hamstre mjøl når det lid på. Då blir eg ikkje brødlaus i alle fall.

Etter at eg hadde fått varene på plass tok eg ein liten spasertur:ut Starevegen, ned i Olavsgata, inn Olavsgata, opp i Porsevegen og inn att. Av mangel på betre motiv, fotograferte eg på vegen. Så kan alle få sjå kor mykje snø som ligg att ved vegane. Det er ikkje fint og kvitt slik som i fjor,men skitten snø.

                            Porsevegen, Det er Bjørg Halse sin raude bil.

 

                                Hos nokon varer jula heilt til påske.


                                           Utsikt mot Starevegen
No skal eg lage meg ein skvett med god kaffi og kanskje noko attåt.

O så blir det vel TV og spøt resten av dagen/kvelden. "God helg "gløymde eg visst å skrive i går-igjen.

fredag, mars 04, 2022

Dagbok 2022: 4.Mars. Ingar 12 år

                                  Frå toppen av Storebakken

Klokka er no 16.50, temperaturen ute er +6 grader  grader. Datamaskina mi påstår at det er sol, og det er det sikkert, berre at skyene gjer at vi ikkje ser den. Det er no for så vidt bra ver, men eg saknar solvarmen i stova.

I dag har eg ikkje snakka med ei levande sjel, berre skive meldingar på Messenger.

Eg tok fredagsvasken på førmiddagen i dag, klokka var ikkje meir enn 11 då eg var ferdig. Eg lurte på å ta meg ein tur på bye, men fann ut at det var lurt å få ermar og bol på genseren eg strikkar inn på samme rundpinne, men det var lyst ute-og inne. Så gjorde eg det og strikka nokre omgangar med 456masker på pinnen, det er dryge omgangar før ein får begynne å felle. Men det var godt å få gjort det i dagslys og utan å ha TV på. Det er lenge sidan eg har strikka noko stort, så eg er littuvant med det no.

Til middag åt eg det som var att av suppa eg laga i går, og så sette eg på oppvaskmaskina, det er minst ei veke sidan sist. 

Så las eg så å seie heile Møre-Nytt. Men då følte eg at eg måtte ut ein tur. Eg går lite tur for tida på grunn av den låke foten, men litt får han vel tole. Eg blir så frostig og giddalaus viss eg berre går inne. Det er no fint ute sjølv om vi ikkje ser så mykje til sola.(Her er den!)

I dag fyller Ingar 12 år, dei har vinterferie denne veka. Skulle hatt er ferskt bilde av han, det kan no hende eg får.


                                                   Jubilanten

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...