lørdag, mai 09, 2020
Dagbok 2020: 9.mai.
Klokka er no 17.30, temperaturen er + 10 grader C og no har det vore opplett ei stund. Det er kald vind, og eg ser at der er litt nysnø i fjelltoppane.
Eg har gjort klar klipparen oppe ved gata, men får ikkje start. Det er ikkje noko fryd å vere ute-det er for kaldt. Men eg var no ut og såg meg om. Jordbærplantane lever i alle fall, dei som eg har planta i år.
I dag har det vore ein relativt kjedelig dag; på føremiddagen gjorde eg diverse husarbeid før eg gjekk ein tur på Vernet, og då eg kom tilbake laga eg meg mat og åt. Slappa av litt etterpå og las i ei papirbok. Og så gjekk eg ut.
Hadde ikkje tenkt meg nedover i dag, reknar med at der er mykje folk laurdagane, så det er ikkje så lurt å vere der då. Marit har vore opptatt med husarbeid i dag, og ingen er ute, fordi det er så kaldt.
Eg hadde sett fram til mykje uteliv no på våren, då plar vi ha det kjekt i nabolaget-med hagearbeid og prat.
Eg har hatt mistanke før om at allergien min er den gode gamle HØY-snuen, for eg nys veldig når eg har bala med slåtten. Så der har vi den- allergien.
No kom Erik og sette i gang klipparen, men eg fekk ikkje klipt meir enn halve plenen ovafor garasjen, så var det stopp. Langt og vått gras+ alle blada frå blåblomstrane. Dessutan kom det regn også no. Så eg gav meg på det. Så får eg ta helg, med halvklipt plen, dei andre naboane har klipt enda mindre, dvs. nesten ingen ting.
Dei ringde så lenge med kyrkjeklokkene ista at eg begynte å lure på om det var pinse, men det er del vel ikkje. (Eg har kalender).
No håper eg på at det blir noko kjekt på TV i kveld, og så kan eg strikke ferdig lesten som er under arbeid. Mange bøker har eg også, både i hylla og på Storytel.
fredag, mai 08, 2020
Dagbok 2020: 8.mai
Klokka er no 18.06, temperaturen ute er + 10 grader C. Det har vore regnbyger i dag, med periodar av relativt fint vêr innimellom.
I dag var eg bestemt på å halde meg heime og få gjort litt husarbeid, og det fekk eg no. Eg fekk stroke litt klede såpass eg fekk prøvd det nye strykejernet. No er ikkje stryking det beste for armane mine, men det gjekk bra. Å vaske klede er no ikkje noko stort arbeid i vår tid, men i dag fekk eg i alle fall hengt ut eine "maskina".
Eg hadde så mykje kjøttdeig i frysaren at eg tok opp to pakkar og laga kjøttkaker, eg kunne godt ha tatt dei andre to også når eg først var i gang. Eg prøver å bruke av maten eg har i hus, og no ser eg at det begynner å bli litt ryddigare i kjøleskap og frysarar. Eg veit ikkje kvifor eg driv og hamstrar når vi har butikken så nær, men så er det desse tilboda som ein ikkje kan la gå frå seg.
Eg fekk Erik , leigebuaren, til å starte klipparen i dag. På bensinklipparen er det "drag" på så den er lett å bruke. Eg fekk klipt andre halvparten av plenen rundt huset. Men så vart det regn igjen, så eg har ikkje fått klipt opp mot vegen.
Eg fann meg litt middag i dag også, og etter at eg hadde ete sette eg meg til å strikke mens eg høyrde på lydbok. Eg har litt problem med den Storytel-en for best det er så må eg spole av ein eller annan grunn, og så finn eg ikkje alltid att rette staden, så mykje blir nok lese meir enn ein gong. Ikkje alle bøker er like bra å høyre i staden for å lese med augo, og den eg las no var så full av folk og namn, så eg hadde litt problem med det, men eg kom i mål. No har eg sett på kaffien og skal ha meg litt "ettermiddagskaffi" såpass eg ikkje sovnar framfor TV. I dag har eg ikkje gått verken på Vernet eller i skogen-berre mosjonert på plenen.
Eg vart heilt overvelda i dag -det var fredag -no igjen. Ønsker alle ei fin helg, og lykke til for dei som skal starte i jobben igjen. For ein pensjonist er det stort sett det samme anten det er av-stenging eller ikkje.
Bok nr. 28 2020: Dypt å falle.
Lillian, en ung, stillferdig kvinne blir funnet kvalt i byens mest trendy reklamebyrå. Oppklaringen viser seg å bli mer enn
alminnelig komplisert. Den døde er så godt som anonym. Hun har ikke etternavn, ikke adresse, ikke personnummer. Selv ikke
Lillianas arbeidsgiver vedstår seg å kjenne henne, og det er tilsynelatende heller ingen som savner henne. Noen dager etter
blir enda en kvinne funnet myrdet. Også hun er anonym, men dødsårsaken er en helt annen. Henger de to forbrytelsene overhodet
sammen? Ved et tilfelle blandes reklamemannen Dan Sommerdahl inn i etterforskningen, og han oppdager et nett av hemmligheter
like under overflaten i den fredelige provinsbyen.
……………………………………
Eg har lese denne på Storytel, det er den første boka i ein krimserie av Anna Grue. Eg har vore litt for mykje på og av, så eg har hatt litt problem med å få med meg alt. Ikkje minst fordi her er mange personar å halde orden på. Men eg skal lese fleire bøker i serien.
torsdag, mai 07, 2020
Dagbok 2020: 7.mai
Ein halv klipt plen.
Klokka er 18.40, temperaturen er + 10 grader og no regnar det igjen etter at vi har hatt opplett det meste av dagen.
I dag hadde eg vekkarklokka på for å vere vaken og oppe når legen min ringde. Telefonen kom klokka 9.05 så eg slapp å vente lenge. Og no har eg fått time for fornying av førarkort. Og det går eg ut frå at det ikkje blir noko trøbbel med.
Eg dusja og vaska håret, for Marit og eg skulle på byen i dag igjen. Vi var på ALTI der vi begge kjøpte oss nye "spasersko"- fordi vi trong det. På heimvegen var vi innom Kiwi og handla litt mat i dag også. Eg hadde tenkt meg ut på Jernia for å kjøpe "spiss" til vannslangen, det gamle munnstykket er visst sprukke i alle saumar så vatnet er ikkje å få styr på. Det gløymde eg til eg var på heimveg. Men no har eg eit ærend ein annan dag også, skulle ha vore på VØR også. Vi har lyst å flakse rundt kvar dag no etter å ha vore så lenge i karantene.
Då eg kom heim fekk eg telefon frå Solveig, og etter den praten tok eg ein tur på Vernet i dag også. Då hadde eg på førehand testa om eg fekk start på klipparen, og eg hadde forsøkt å ta batteriet av kantklipparen utan å få det til. Det var for kaldt til anna hagearbeid.
Då eg kom att frå Vernet laga eg meg middag og åt. Då måtte eg ha ein pause med lydbok før eg gjekk ut for å klippe plen. Eg rota fram den gamle elektriske klipparen og rulla ut ledning. Den er det ikkje vanskeleg å starte, men det er ei lita utfordring for høgrehanda mi å halde hendelen inne. Eg fekk klipt halve plenen nedanfor huset-då begynte det heldigvis å regne såpass eg kunne avslutte. Der var mykje gras og ikkje minst stilkar av krokus scilla og andre løkplantar.
Eg fekk sjå TV frå klokka 18 i dag-for å få med meg kva som no skal skje i samfunnet når dei skal opne opp skular, barnehagar m.m. No er det snart Dagsnytt så då må eg vere på plass igjen. No har det slutta å regne, men det skal godt gjerast at det blir tørt i graset. To av naboane har klipt plen i dag.
onsdag, mai 06, 2020
Dagbok 2020: 6.mai.
Klokka er no 19.35, temperaturen ute er + 10 grader. På ettermiddagen letta det opp og sola kom fram, før middag silregna det.
Det var ikkje å tenke på ein gong å klippe plen eller jobbe med noko anna ute. Så eg tok og vaska og styrte litt inn først på dagen. Det var bad og kjøkken som fekk eit lite løft i dag.
Det var ikkje å tenke på ein gong å klippe plen eller jobbe med noko anna ute. Så eg tok og vaska og styrte litt inn først på dagen. Det var bad og kjøkken som fekk eit lite løft i dag.
Etter at eg hadde ete middag, sette eg meg til med lydboka, etter kvart la eg meg bort på senga og las. Det er aldri lurt! Ikkje det at eg sovna, men eg dett ut og tenker på heilt andre ting. Og så må eg vel lese om att.
Då dei leid langt ut på ettermiddagen fann eg ut at eg ville ta ein tur på Vernet i dag også. Då eg hadde gått runden min, trefte eg ei som eg kjenner godt, vi var kollegaer på Velle i si tid, og har no vore i lag etter den tida også. Ho hadde gått over markane frå Vinjevoll og skulle ta Kanalvegen heim att. Eg gjekk i lag med henne eit lite stykke oppover vegen som går heilt opp i Skåla. Vegen heiter faktisk Vikegeila og det går an å køyre eit godt stykke oppover. Det er ikkje så veldig bratt opp dit som ein svingar av til Vernet. Det er mange som køyrer opp der.
Vi var veldig pratetrengde begge to, vi er leie av å sitte heime, vi vil på butikkar og kaféar, slik vi er vant til. Eg gjekk tidlegare heimefrå i dag enn i går, men Nyheitene var så vidt begynt då eg kom heim i dag. Eg snakka med ei anna venninne i telefonen i går, ho tenkte seg på handel neste veke, kjøpe noko nytt å ha på seg. Elles er det mange som ventar på frisørtime-og det kan ein sjå.
Eg har lyst på butikkar og handle litt av kvart, men det er for tidleg å kjøpe plantar. No skal eg sette meg med strikketøyet framfor TV-en, som vanleg. Og i morgon tidleg blir det å vente på telefon frå legen min.
tirsdag, mai 05, 2020
Dagbok 2020: 5.mai
Eg prøvde å få liv i klipparen min i dag, ville klipt der oppe som dei blå blomstrane veks, for det blir så stygt når dei er avblomstra. Men eg fekk ikkje klipparen i gang. Armen min er ikkje god, men det var den heller ikkje i fjor, og då starta klipparen på første drag. Ja,ja, dagen er ikkje over enno.
I dag har det vore ein tullete dag, det har vore mange slike no. Det første eg gjorde i dag var å ta tysdags-sudokuen og få den i hamn. Eg heldt på med den i går kveld, men då stod eg fast. I dag gjekk det lett.
I dag skulle eg ned og hente "billakken" som eg bestilte i går, men den var ikkje ferdig. Marit var med meg og vi hadde planlagt å handle på Spar i dag, så det vart ikkje heilt bomtur.
Då eg kom heim ringde eg legesenteret og spurde om eg kunne få bestille time. Det kunne eg. Men det var på den måten at fastlegen skulle ringe meg på torsdag og så skulle eg avtale direkte med henne. For sikkerheits skuld spurde eg om ho kom til å ringe tidleg.
Så vart eg sittande lenge framfor datamaskina, for eg skulle sende ein novelletekst til Margrete og sidan scanneren ikkje er så lett å forstå seg på, måtte eg finne ein annan utveg. Det viste seg at det var ein "long and winding road". men vi fekk det no nokolunde i hamn.
Eg hadde kjøpt ferdiggrilla, frosne kyllinglår på tilbod i dag. Og det vart middagen i dag. Eg kokte ris til, men hadde ikkje noko høveleg saus i farten, så eg tok ein pakke bernaise som eg hadde i lageret mitt. Det var ikkje ein direkte fulltreffar, menn alt gjekk ned.
Mens eg sat her med maskina høyrde eg at ein av naboane hadde fått klipparen i gang, og då vakna eg til, men som sagt har eg enno ikkje fått start på min. Men eg gir ikkje opp så lett.
I dag er det ein månad sidan oldebarnet Amund kom til verda. Han veks og trivst, men eg har enno berre sett han på bilde.
Bloggsidene er endra også, ingen ting er seg likt lenger -på PC-en.
Det vart ein liten tur på Vernet før kl.19
mandag, mai 04, 2020
Dagbok 2020: 4.mai
Klokka er 17.55, temperaturen ute er + 11 grader C, det er skya og opphaldsvêr. Sist natt var eg plaga med vondt i armane, så eg sov dårleg. Då eg såg snøen på markane i dag morgon vart eg ikkje overraska-eg hadde kjent det i armane, for å seie det slik,- og dessutan hadde eg no fått sommardekk på bilen.
Eg skulle køyre Marit til frisør klokka 11.45 så eg sat berre og rota framfor dataen før den tid. Jobba litt med spansken, for å gjere noko nyttig, har ikkje vore så flink i det siste.
Eg sette Marit av ved Ørsta Torg og køyrde vidare ned til ALTI og parkerte. Tok meg ein runde på kjøpesenteret, men det varde ikkje lenge før Marit ringde og fortalde at frisøren hadde tatt feil av tida. Ho skulle vere der kl.13.15. Vi køyrde heim att og venta der. Andre gongen vi for nedover sette eg bilen på parkeringsplassen nedanfor Staurset. Så gjekk eg opp i gata og kjøpte garn, så no har eg litt å styre med igjen.
Og så gjekk eg ned på apoteket og handla litt der - og eg gjekk og gjekk, -no opp til Biltema der eg skulle ha noko å fikse bilen med. Det kunne eg få, men då måtte ho ha ein talkode på bilen, og bilen den hadde eg ikkje med. Så måtte eg gå ut att til parkeringsplassen og hente den. Eg skal få hente "lakken" i morgon. Eg sa til meg sjølv at i dag skulle eg sleppe å gå på Vernet, for eg hadde gått nok ! Og ikkje berre gått-eg har kjørt i ring nede i Vik, ut og inn av parkringsplassar; eg kallar det lærekøyring, der eg sjølv er både lærar og elev. Eg parkerte bilen for ørtande gong og gjekk opp og sette meg og venta på Marit. Ho kom like etter og vi kunne fare heim.
Vi handla ikkje mat i dag, Marit vil vere med meg i morgon når eg skal hente "lakken" -og då skal vi kjøpe det vi treng.
Eg har så lyst å handle til hagen, både plantar og anna, men det er meldt snø til helga att, så det er berre å vente.
Eg var svolten då eg kom heim, og middagen i dag vart lettvint og god. Ein karbonade frå Gilde+ ein klatt lapskausblanding veg sidan av -og tallerkenen inn i mikrobølgeomnen nokre minutt. Ti dessert: ei skive med syltetøy. Så sette eg meg til å høyre om att begynnelsen på ei bok eg starta med i går, eg måtte slappe av litt. No er eg oppe og står/går igjen, men det er for kaldt og for vått til å få gjort noko ute. Eg klør i hendene for å få begynne plenslåtten. Eg veit at vi plar klippe to gonger før 17.mai. men ingen av naboane har begynt å slå heller.
I kveld skal eg starte opp eit nytt lestepar med skikkeleg garn, Regia 6-trådig. No er det snart tid for å sette på TV-en og høyre nytt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...








