mandag, august 12, 2019

Dagbok 2019: 12.august



Bilda er tatt med Doroen.

Klokka er 17.20, temperaturen er + 14 grader C og det er overskya. Kan ikkje hugse at det har regna i dag, så langt.
Då har vi brukt opp enda ein sommardag, men eg håper vi får fleire.
Måndagane brukar eg å klippe plen, men i dag var det vått i graset, dessutan veks ikkje graset så fort lenger. No lurer eg på om ein skal gjødsle plenane om hausten?
Det første eg sette i gang med i dag, etter morgonstellet, var å rydde i tilbygget, slik at eg fekk sette inn begge plenklipparane, så det skulle bli ledig under altanen. Linda, leigebuaren, vil stable ved der.
Eg har gått og tenkt på at eg skulle ha ringt til kusina mi, det er lenge sidan vi hadde ein prat no. Som tenkt , så gjort, og det vart ein lang prat.
Eg venta leigebuaren og faren i 14-tida, så eg tok tak i litt hagearbeid mens eg venta, fekk blant anna planta blåbærbuska som eg kjøpte i går. I dag fann eg fleire modne plommer, som hadde falle ned av trea, og dei var gode. Ein kan ete nedfallsplommene om ein tek dei straks, elles kjem det einkvan og et på dei - då tenkjer eg spesielt på sniglar og fuglar.
Eg snakka litt med Linda og faren, men så let eg ei styre seg sjølve. Eg tok meg eit par spansk-leksjonar og litt mat.
Mobilane mine verkar ikkje som dei skal, men det skjer litt kvar dag, trur eg. Eg kan sende og ta imot meldingar, men ikkje ringe.
I morgon skal eg på trening først, og til legen rett etterpå. Eg er ikkje sjuk eller noko, men ho ville eg skulle komme ein tur etter ferien, sidan eg ikkje fekk snakke med henne etter at eg hadde vore på røntgen og CT. Eg må kanskje avgi ei blodprøve eller to også. 
Apropos så begynte kvepsestikka å klø igjen i går kveld, no når eg trudde eg var ferdig med dei. Litt hovne er dei også. Det er ei veke sidan i dag at eg vart stukken. Eg skal ta ein skikkeleg sjekk i garasjen når det lid på, og passe på at ingen kvepsar slår seg til der igjen. Skal tru om dei ville budd i eit "Biehotell"?  I så fall kunne eg bestemt kvar dei skulle vere.

søndag, august 11, 2019

Dagbok 2019: 11.august

Klokka er 18.40, temperaturen er + 19 grader C og i dag har det vore skikkelege regnbyger, så i morgon slepp eg sikkert å klippe plen og vatne.
I dag har eg stort sett gjort ingen ting, men dagen har gått fort.
Sat sjølvsagt ved datamaskina ei stund først på dagen, var sosial på FB, og så tok eg eit spanskkurs eller to. Eg tek dei samme om att fleire gonger, for om det går fort inn, så går det like fort ut att.
I går snakka Marit og eg om å ta ein biltur, og sidan vêret var bra først på dagen, tok vi sjansen i dag. (Det regnar no ikkje inne i bilen).Vi sette avreisa til kl.12.00
Marit budde dei første barneåra sine på Ose, men ho er lite kjend på vegen oppover til Melle. Der er eg litt betre kjend enn ho, så vi har snakka om å køyre Melsvegen oppover. Det gjorde vi i dag, og tidspunktet passa bra, for når ein vil køyre sakte å sjå seg om er det ikkje kjekt at det er mykje trafikk. Vi var heldige og fekk orientert oss bra. Det er ikkje meir enn to år sidan eg var der sist. Vegen er framleis smal, men vi møtte ikkje så mange. Vi køyrde eit stykke framover Åmdalen før vi snudde og køyrde Mo-sida ned att. 
Eg begynte å lure på om eg hadde nok bensin, så eg passa på å bunkre opp på Shell før vi sette kursen mot Furene og Plantasjen. Der er ope på sundagar og eg kjøpte ein blåbærbusk og ein sekk kugjødselkompost. Wenche seier at ein helst skal plante meir enn ein blåbærbusk, for trivselen si skuld, så anten kjøper eg ein til, eller så ventar eg til våren. Der var mykje bær på busken, så viss dei modnar får vi smake. 
Eg kjende at det gjorde godt å få køyre ein litt lenger tur, som regel blir det berre ned i Vik og opp att.
Ingen problem med å halde farten oppe på Stripa i dag. Snarare tvert imot.
Eg synest det er kjekt å ha med Marit som Co-pilot- vi samarbeidar om køyringa. Ho er no ein røynd sjåfør som har kjørt bil heile sitt vaksne liv.
I dag kokte eg middag. Eg kokte fleire kjøpte nypoteter og så hadde eg Strandamòr til.
Etterpå sette eg meg til å sjå nokre opptak som eg hadde liggande på TV- det blei så kjedelig at eg heldt på å sovne. Det hadde vore betre å lese i boka som eg begynte på i går.
I morgon kjem leigebuaren min for å bu her. Faren skulle kome med møblar etc. Så då må eg vere heime og ta imot. Det kan hende vi skal kjøpe oppvaskmaskin også.
Eg synest denne sommaren har gått så altfor fort, men så håper eg på ein betre haust enn den vi hadde i fjor.

lørdag, august 10, 2019

Dagbok 2019: 10.august

Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 23 grader, det er overskya opphaldsvêr og stilt. Det er varmt!
Seint i går kveld vart det ein voldsom lyd ute - det var ei regnbyge - og det kom mykje regn på ei lita stund. Eg trudde at no fekk gras og andre plantar nok å drikke, men no i dag var det like tørt som før. Det er så lummert ute at eg trur vi får meir regn og kanskje torevêr i løpet av kvelden.
Dagen i dag vart ein skikkeleg lopradag for meg. Eg har gjort lite og ingen ting. Eg rakk ikkje å lese ut boka mi i går kveld, så den las eg ferdig på føremiddagen i dag.
Marit er åleine heime i helga, så eg sat oppe på platten med henne og prata litt, før eg vatna blomstar hos ein annan nabo. Spansktimen hoppar eg aldri over.
Eg hadde tenkt meg stad og handle litt, kanskje ein tur på Plantasjen.
Det vart til at eg køyrde i dag, så Marit og eg handla på Spar. Etterpå tok vi ein tur på gravplassen for å sjå om vi trong å vatne. Når vi er der går vi litt rundt og ser på gravsteinane og minnest dei vi har kjent, det blir mange etter kvart.
Etterpå sette vi oss på ein benk utanfor muren og der vart vi sittande både vel og lenge og prata om alt mellom himmel og jord. Merkeleg nok vert vi aldri tome for stoff.  Det var så fin temperatur-utan sol. På heimvegen planla vi andre turar som vi kan ta i nærområdet-vi må vel vere om oss mens vêret er bra.
Eg har nettopp hengt ut ein klesvask, og meir er på gang. 
Eg gløymde å seie "God helg" i går, men kan no ønske det beste for resten av helga.

Bok nr.20 - 2019: Kobrahjerte

Sidan eg ikkje kan strikke for tida, blir det til at eg les litt meir enn vanleg. Denne boka har eg brukt nokre dagar på. Eg har lese den på papir, ca. 280 sider. Eg får meir og meir problem med å vurdere bøkene eg les. Forfattaren kjenner eg frå før, har lese mange av bøkene hennar. Torill Brekke er historikar, noko som gjer at "bakteppet" i historiene hennar er tydelege. I denne boka er det Vietnamkrigen som spelar ei viss rolle. Boka er lesverdig, men ikkje meir enn det, etter mi meining.Men det at eg har lese den ferdig seier sitt. Eg har etter kvart forstått at eg ikkje treng lese ferdig bøker eg ikkje likar. No viser det seg at den er eit uavhengig framhald av ei anna bok.

Fra forlagets omtale: Året er 1965. Agathe er 16 år og begynner på musikklinjen på Nissen, men er mest opptatt av å bli voksen fort. Hun vil forstå hvorfor moren fikk et barn hun ikke ønsket seg. Hvorfor kusinen Madeleine er så mismodig, selv om hun er forlovet med den vakre Ahn Jean. Og hvordan det er å være Inger, bestevenninnen som ble utsatt for overgrep da hun var tretten år. Nøkkelen til kunnskap må ligge i å miste dyden, tror Agathe, og hun leter etter en passende kandidat.

fredag, august 09, 2019

Dagbok 2019: 9.august.

Eg har tre klematis-sortar og her har alle tre filtra seg saman, Det er den mørkeblå-lilla som dominerer, så har vi den lavendelblå og ein liten rosa. Har tatt bildet frå altanen og ned i bedet.



Klokka er no 19.40, temperaturen er + 22 grader C og sola har skine det meste av dagen. Det var overskya og skodde først på dagen, men så letta det opp.
I går var det ein relativt tung dag, men så kom det besøk rett etter at eg hadde skrive blogg. Det var Solveig og Olaug som kom frå Hareid. Dei skulle shoppe litt, og så kom dei hit til meg etterpå. Dei skulle hjelpe meg med telefonane mine, men heller ikkje dei fekk det til. I dag sende eg melding til Amanda, og ho kunne opplyse at det er Telenor som ikkje har gjort det dei skal. Dei greier visst ikkje å halde samme tempoet som kundane. Eg er ikkje den einaste som har trøbbel. Men dei er kvikke når det gjeld å sende ut rekningar. Eg fekk krav om betaling i går.
Sist natt fekk eg endeleg sove skikkeleg og stod opp frisk og rask i dag. Måtte ta sudokuen først av alt, men det gjekk rimeleg raskt i dag. Så sette eg i gang med vasking og støvsuging, så no ser her rimeleg bra ut.
Fekk melding frå Margrete om at ho ville komme ein tur etter at ho hadde vore hos frisør i Volda. Eg såg mitt snitt til å få bruke noko av melka eg hadde kjøpt i hop, så eg laga røre til pannekaker - for andre gong denne veka. Eg har funne ut at pannekaker er relativt sunt; egga inneheld mykje protein, melka inneheld kalk, jod og andre gode ting. Mjølet er vel verken sunt eller usunt. Elles hadde eg ein pakke bacon på lur, så då vart det eit fullverdig måltid. Eg vart ferdig med steikinga litt før Margrete kom -og i dag vart det ho og eg som åt middag i lag. 
Eirik kom bortom etter arbeidstid, så han fekk også pannekaker. Margrete skulle rekke 17.30-ferja, men Eirik vart her til han skulle hente Amanda på jobb. Eirik skal reise opp att til Trondheim søndag (?) og halde fram med musikkstudiet der. Lærarane i storfamilien begynner på jobb mandag, Olaug reiser tilbake til tannlegestudiet i Bergen. Neste veke startar Erlend på vidaregåande, men Amanda skal jobbe dette året. Alle har noko å gå til, anten utdanning eller jobb- og det er bra. Eg ønsker alle lykke til i det nye arbeidsåret. Men er glad for at eg sjølv er pensjonist og kan halde fram og feriere.
I dag har eg typisk laurdagskjensle, men heldigvis er det berre fredag - eg vil ikkje at tida skal gå så fort.

torsdag, august 08, 2019

Dagbok 2019: 8.august

Kongsberggutane i Bulgaria. Slik lever dei der.


Klokka er 18.05, temperaturen er + 15 grader C og det har nyss vore ei lang regnbyge. Skodda ligg nedetter fjellsidene. Ja, vi trong litt nedbør, men ikkje før har vi fått det, så vil eg helst ha sol og varme igjen. No sit eg med eit fleece-teppe om skuldrane fordi eg ikkje har gidda å kle på meg skikkeleg.
Eg hadde ingen planar for dagen i dag, og som vanleg går det då opp i surr. Det første eg fann på var å gjere rein omnen, dvs. ta ut oska og pusse ruta. Eg har det med å brenne papir og anna rusk-rask i omnen for å sleppe å gå ut i bosset. Dermed blir det fullt av oske, og ruta blir svart.
Så kom det brått ein lyd frå mobilen, så då var den livna til. Men det var ikkje gjort med det! Det var blant anna adresser som skulle på osb. Eg gav opp etter kort tid. Eg har ikkje tolmod til slikt; får eg det ikkje til med det same, så må eg få hjelp. Eg snakka med Solveig i telefonen (fast-telefonen),og ho lurte på om det ikkje følgde med eit brev?  Som om eg greier å finne ut at ei bruksanvisning  !
Nei, eg må sitte her og vente til einkvan har høve til å hjelpe meg. Eg lid inga naud, for eg har telefon. Fekk forresten brev frå Telenor i dag, dei ville ha betalt!
Eg tok eit par spanskleksjonar før eg fann meg eit høveleg arbeid. Eg klipte og rydda litt i bringebæråkeren og i området omkring kompostkassa, eg tok ut kompostkverna og mol greinene der. Eg kom o skade for å rive opp eit par potetplantar som står attmed bringebæra, og grov i jorda etter poteter. Dei var ikkje store, men kanskje kokar eg småpoteter til kvelds?
Etter at eg hadde ete, sette eg meg i godstolen med papirbok, men eg greier ikkje å vere vaken, sovna heile tida-meir og mindre. Det er trasig å ikkje kunne strikke, fysioterapeuten meiner det er senebetennelse eg har i armen, men det tek vel slutt ein gong, det også.
Men hendene mine har vore bra i dag, dei klør i alle fall ikkje lenger.

onsdag, august 07, 2019

Dagbok 2019: 6.august

"Konene ved vannposten" er ein roman av Knut Hamsun. Desse Statuene står på Tøyen torg i Oslo.

Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 19 grader og vi har ikkje fått regnet som vart lova, det har vore både skyer og skodde i dag, men ikkje regn. Men i morgon skal det regne , seier dei på TV. Eg kan ikkje hugse at eg vatna i går,  i dag har eg i alle fall ikkje gjort det.
Dette har vore ein planlaus og ustrukturert dag, og slike dagar vert det ikkje mykje gjort, det er mi erfaring.  Så må eg spørje meg sjølv: "Treng eg å gjere så mykje kvar dag?" Då er svaret at her er nok å ta tak i, men eg bestemmer sjølv korleis eg brukar tida mi.
I dag klødde eg forferdelig på kvepse-stikka mine, men takka vere allergitablettane får eg sove om natta. Eg hadde ein liten diskusjon med meg sjølv om kva eg skulle gjere; skulle eg ringe legesenteret, eller var der andre utvegar.
Eg landa på ideen om å levere gammal medisin på apoteket (er ikkje lov å ha den i bosset) og spørje om råd der.
Men først rydda eg å shina opp kjøkkenet som har vore meir i bruk enn vanleg siste dagane.
Klokka var berre vel 10 då eg kom ned på AMFI. Dei var hjelpsomme på apoteket og eg fekk ein salve til å smørje på hendene, dei var hovne og såg meir ut som klubber. Eg spurde om eg kunne ta meir enn ein allergitablett og det kunne eg, men måtte trappe ned etter kvart. 
Eg hadde ikkje behov for å handle mat i dag, så eg køyrde rett heim, med ein liten avstikkar for å vatne blomsten på grava. Vatna ei anna grav med det samme.
Eg blir aldri lei av å vere ute i hagen og styre, men i dag vart det berre pusling. Det er ikkje tida for full opprydding enno. Eg har hatt eit langsgåande prosjekt lenge, og det er å få bort plantar som snik seg til å vekse på tunet i singelen. Det er eit usedvanleg kjedeleg arbeid, så då var det kjekt at to av naboane dukka opp for å sjå etter post. Så fekk vi oss ein koseleg prat. Eg kom til å tenke på eit bilde som heiter noko slikt som "Konene ved vannposten"- møteplassane har vor ulike gjennom tidene.
Etter at eg hadde fått meg litt mat vart det spansktime, og så fann eg på å sette på TV. Der var det "Huskestue", eit program som eg likar å sjå, men eg synest ofte at deltakarane er lite "flinke". I dag var eit av spørsmåla : Kor lang tid brukar jorda på å gå rundt sola, og svaret vart: Eitt døgn! Då må jorda få farten opp!
Mobilane mine verkar framleis ikkje. Eg sende ei melding til Amanda, som ringde til Telenor. Det er Telenor som ikkje har aktivert SIM-korta enno. Godt at eg framleis har hustelefonen. 
No er det store spørsmålet: Skal eg vatne, eller skal eg ikkje! 
I nærmaste framtid treng eg hjelp til å lære meg å bruke mobiltelefon og for å utnytte den nye TV-en.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...