tirsdag, januar 06, 2015

Dagbok 2015: 6.januar

Klokka er 17.00, temperaturen ute er 8 grader C. Det er mørkt ute no, men vêret har vore bra i dag.
Nils hadde ærend til Volda før middag. Mens han var vekke fekk eg støvsuga alle teppegolva, og vaska håret. Så no er både huset og eg nokonlunde presentable.
Til middag i dag hadde vi restar frå sundag, så no er mesteparten av julematen fortært. Med unntak av kakene-dei varer vel til neste jul........
Eg rydda ikkje ut "jula" i dag, plukka berre vekk litt nissar og englar. Less is more.
Elles har eg gjort lite og ingenting, litt klesvask, oppvask etc.-berre slikt som ikkje er noko arbeid lenger. Prøver å halde meg unna strikketøyet, i håp om at ryggen skal betre seg litt. Det held hardt, så eg må kanskje strikke bitte lite grann ......?
Ikkje har eg noko fristande lesestoff heller. Håper eg snart får melding frå biblio; eg har bestillingar inne heile tida.


I dag er det Trettande dag jul, eller Heilage tre kongars dag. Dagen blir også kalla Gamle juledag (på grunn av kalenderomlegginga i 1700). Då hadde dei i gamle dagar eit trearma lys på bordet og skåla for det nye året. Om kvelden måtte ein halde seg i hus, for då begynte Åsgårdsreia tilbaketoget sitt. Det ein drøymde denne natta vart sett på som sanndrøymt. Så det er berre å passe på.Sov godt!

mandag, januar 05, 2015

Dagbok 2015: 5.januar

Klokka er 19.30, temperaturen ute er + 5 grader. Det har vore veldig grått og vått i heile dag.
I dag ringde telefonen før vi var oppe, men vi sov ikkje. Det er tydelig at arbeidslivet er i gang igjen! Det var varmepumpe-mannen som ville komme og sjekke pumpa i kjellarleilegheita. Dermed fekk vi ein litt "flying start" på dagen.
Eg hadde som mål for min del å gjere skikkelig reint på bad og kjøkken, og det blei gjort.
Hadde så smått tenkt å støvsuge også, men så lurte Nils på om vi kunne ta ein tur ut i Fosnavågen. Eg veit kva det betyr, det er fiskeutstyr som skal kjøpast inn. Det var ikkje meg imot, og vêret skulle visst vere bra også - der ute. Akkurat når det galdt veret tok vi feil, der var verre enn her. Vi har trass alt litt kvit  snø rundt dørene, der ute var det heilgrått. Men fiskeutstyr har dei. Det vart kjøpt både liner, forsyn, onglar og sen, så no har han visst tenkt å drive stort !
Etterpå skulle vi på stamkafeen vår og ete lunsj, men der var ikkje mykje å få. Der var rettnok ope, men berre to einslege kaker i disken. Det var ikkje stort likare på dei andre stadane vi stakk innom.
Vi tok like godt på heimveg, stoppa berre på Pekas og kjøpte noko skrommel, og handla litt mat på Kiwibutikken ved sidan av. Og så var det rett heim, der vi kokte lange med poteter og gulrot.Dessert hadde vi også, den siste fløytepakken frå jul  var ute på dato, men var fullt brukbar.
Ikkje for  å syte og klage, men eg verker mykje i hofta for tida, i dag har det vore skikkelig gale. Trur det har mykje med vêret å gjere. Eg skriv det berre for å forklare kvifor eg ikkje er ute og går på ski etc.
No har Nils knytt 40 onglar på like mange forsyn. Eg har strikka litt, og så skal eg legge i hop ein klesvask.

Bok nr.3 - 2015: Sommeren uten menn.


Sommeren uten menn - Siri Hustvedt Siri Hustvedt Bodil Engen Bodil Engen


Mia legges inn på psykiatrisk avdeling for en kortere periode. Deretter forlater hun hjemmet i Brooklyn, New York for å tilbringe sommeren hos moren i Bonden, småbyen hun kommer fra, et sted i Midtvesten.
Mia går gjennom hele følelsesregisteret, fra sammenbrudd og gråt, til hyl, raseri og bitter ironi
Levd liv og heftige diskusjoner
I Bonden, sammen med moren og en lesesirkel bestående av hennes aldrende venninner - "de fem svanene", som de gamle damene kalles, damer som "lever intenst i nuet" - og sammen med en gruppe på sju jenter tidlig i tenårene, som Mia underviser i poesi, kommer vår heltinne langsomt til hektene igjen. Og det blir slett ingen begivenhetsløs sommer. De gamle kvinnene, inkludert moren til Mia, bærer alle sammen med seg sine liv og sine hemmeligheter som stiger opp til overflaten. Og blant de unge jentene som skal lære seg å skrive poesi, syder det av konflikter, konstellasjoner, sårhet og en helt egen og fascinerende mangel på empati som man gjerne finner i unge tenåringsjenter.
..........................................................
Denne boka har eg lese før, men følte at eg hadde fått lite ut av den. Så i mangel på anna fristande lesestoff, bestemte eg meg for å lese boka om att. Trur ikkje eg får så mykje meir ut av den no. Denne boka burde eg ha lese på papir, for opplesaren les for fort til at eg får tankane med meg.

søndag, januar 04, 2015

Bok nr.2 - 2015: En ny grevinne





Siste bind i «Kjærlighet og arv»-trilogien.

England 1903. Det er full panikk på godset til Lord Robert og Lady Isobel Dilberne. Snart får de storfint besøk av kong Edward VII, og da overlates ingenting til tilfeldighetene.
Dessverre for Lady Isobel vil ikke resten av familien samarbeide. Hun krangler med svigerdatteren Minnie O’Brien om oppdragelsen av barnebarnet James, og Minnies mamma er på
besøk fra USA og lager kvalm. Niesen Adela skaper også massehysteri blant tjenerne ved å hevde at det hviler en forbannelse over huset.
Som om ikke det var nok, spøker det også for finansene til det fornemme ekteparet. Og mens stresset tiltar, forandres plutselig hele rangordningen på godset.

Boken er spekket med drama, romantikk og humor, akkurat som vi er vant med fra Fay Weldon.
...........................................................
God og morsom underhaldning på historisk bakteppe.



Dagbok 2015: 4.januar

Himmelen over Ørsta ca klokka 15.00 i dag.

No går klokka mot 17.00 og det er mørkt ute, men det har vore ein fin dag, etter det eg har observert. Dessverre har eg ikkje kome meg ut i dag heller. Men viss vi får behalde snø, finevêr og sparkføre er det ein sjanse for uteliv i framtida. Eg er ikkje noko vintermenneske, til tross for at eg har kjøpt meg sko med vinterdekk.
I dag har eg til ei forandring vore ganske aktiv på kjøkkenet. Først fekk eg svineribba i omnen, og mens eg "passa" den fekk eg vaska og rydda kjøleskapet og kokt syltetøy av 4 kilo plommer. Kokte to kilo om gongen, sidan eg har frose ned ferdig vaska og reinsa plommer i 2 kilos- posar. Dette skulle sjølvsagt ha vore gjort før jul, då vi trong frysarplass. No går planen ut på å ete tomt både kjøleskap og frysarar. Men vi finn vel eitt og anna som er kjekt å ha og då fyller vi opp igjen.
Elles hadde eg sjølvsagt ei bok liggande på kjøkkenbenken, som eg las i, innimellom. Og etter at vi hadde ete oss godt mette på svinekjøt, blei det siesta på sofaen med lydbok.
Nils måtte mòke litt ute på tunet i dag også, men så vart det opp i finevêr og delvis klår himmel. Dessverre er det meldt regn igjen.
Eg har ikkje tenkt å rydde ut jula før det nærmar seg neste helg. Har eg først pynta får eg jammen ha det ei stund, og vi har ikkje juletre som slepper nålene.Eg har planar om å plukke vekk litt og litt. Heldigvis har eg amaryllisane, som er heit eventyrleg vakre. Kanskje eg må bort og kjøpe fleire.Synd at dei har berre ein farge.


lørdag, januar 03, 2015

Dagbok 2015: 3.januar

Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er +2 grader C. Då vi stod opp i dag, oppdaga vi at det hadde kome rein og kvit snø sist natt, noko som gjorde det litt triveligare. Men det varte ikkje lenge før det vart sørpe igjen.Då det leid ut på føremiddagen tok vi ein tur på Coop Amfi og handla på bonuslappane våre. Eigentleg trong vi ingen ting, men ein må no nytte tilboda ein får. Trefte nokre folkk vi kjende i dag også, ikkje så mange av mine venner, mest karar som Nils kjenner. Der var lite folk, men då vi for heim strøymde folk i mengder inn døra. Det er ikkje kjekt å gå ute og trakke i dette vêret, men Nils tok seg ein mosjonsrunde no i kveldinga.Eg er ikkje i form til det.
I dag var vi innom Gjenbruk, og skulle sjå om vi fann noko som vi er på jakt etter, det gjorde vi ikkje. Var ikkje så trivelig der i dag, for dei har framleis juletinga ståande framme-til halv pris. Eit par av barnebarna har uttrykt ønske om ei runde på butikken, men trur dei må vente til dei har fått rydda opp litt, dei som styrer sjappa.
Til middag i dag laga eg berre ei blomkålsuppe. Vi prøver å bruke opp det som var kjøpt inn til jul. I morgon skal vi steike svineribbene som vi handla inn før helga. Eg gløymer kvart år at vi stort sett er her to-eine i jula. Men ingen ting blir kasta. Og vi lever godt. Altfor godt for meg som stort sett held meg i ro.


Dette er mobilbilde. Snøhaugane hopar seg opp ved Amfi. Dei har ikkje lov til å ha snøen ut i sjøen, truleg fordi den ikkje er rein.Men når snøen smeltar, renn vel det meste ut i sjøen uansett? Der er mengdevis av ender på fjorden, og rett som det er kjem dei i store flokkar opp til Amfi, det er alltids einkvan som har noko godt å gi dei.


fredag, januar 02, 2015

Dagbok 2015: 2.januar


Klokka er snart 18.00. Temperaturen er ca + 4 grader C.
I dag hadde Nils tenkt seg ut og fiske. Då han stod opp kika han inn på yr.no. Der stod det at vindstyrken på Rjåneset var
0 m/sek. Ei lita stund etterpå var vindstyrken oppgitt til 15 m/sek- og det var noko heilt anna. Fisketuren vart avlyst!
Vêret har vore ganske guffent i dag: Regn, vind, torden, hagl osb. Måtte slå av datamaskina ei stund, då det lynte ganske kraftig her.
Eg hadde planlagt brødbakst i dag. Vi trong meir grovbrød, og no er der plass i frysaren. Så i dag har eg laga tre "Ingers" og tre vanlige grovbrød.
Til middag hadde vi fiskekaker frå frysaren. Sist eg laga fiskekaker hadde eg veldig fin fisk, men fiskekakene har konsistens som litt mjuke viskeler, det er dei verste fiskekaker eg nokon gong har laga, men vi gomlar og tygg dei i oss på trass. Og tenkjer på alt det gode som var i røra. Feilen var at eg spedde dei for lite.
Og så begynte eg å tenke på dei eg hadde med til Kongsberg, og som eg ikkje hadde prøvesmakt. Enn om dei var like mislykka? Har ikkje høyrt noko, men dei er kanskje for høflige til å seie ifrå.
Elles har eg lese ut boka mi, og så har eg ikkje gjort så mykje anna.
Nils var ein tur på sjukeheimen for å sjå til ein gammal kamerat, eg har ikkje vore ute for ei dør, og no er det forlengst mørkt.
Alle fire amaryllisane blomstrar no med fleire blomster på stilken, dei er fantastiske så lenge det varer, men det blir ei kort glede.
Trur eg skal lese litt i papirboka mi i kveld, måtte legge den vekk mens eg las "Bursdagsgaven" for eg begynte å rote i hop personane i dei to fortellingane.
Elles så er det visst fredag i dag, og dermed mykje å sjå på TV. Går litt i surr i dagane, men no er det lenge til neste ferie!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...