onsdag, oktober 09, 2013

Dagbok 2013: 9.oktober

Klokka er snart 22.00. Dagane, og særlig kveldane, går fort.
Det har vore regn og overskya i dag også, men temperaturen er framleis til å leve med. Akkurat no står gradestokken på +8 grader C.
Håkon kom og leverte systra si her i dag tidlig, før han køyrde vidare til Volda.
Vi hadde også ærend til Volda, Nils ville levere litt fisk til Ruth og Harald, så han avtalte eit møte. Olaug og eg gikk inn på Spinneriet (kjøpesenter) der vi såg på ungdommelige klede. Det var ein tanke som slo meg: Eg har aldri kjøpt "ungdomsklede" til meg sjølv. Då eg var ung, gikk vi i barneklede til vi gikk over til om lag same slags klede som dei vaksne. Eit lite unntak er dongeribuksene som var berre for ungdom. No kan dei unge fråtse i ungdommelige, spreke klede for ein relativt billig penge. Veit dei kor heldige dei er? Olaug fann seg ei jakke som ho kjøpte.
Etterpå var vi ein tur på Møre Konfeksjon, der eg likar å handle. Eg trong ny vinterjakke/-kåpe. Kåpe er vanskelig å finne, så valet stod mellom to jakker som passa, ei kort og ei lang. Eg gikk for den lange, og oppdaga først då eg skulle betale, at den var 1000 kr dyrare enn den korte. Men eg angrar ingen ting. Blir det like kaldt som sist vinter, treng ein gode klede.
Sidan vi likevel var i Volda, gikk vi på Landscape og kjøpte Kina-mat.
Det vart ein runde på Amfi også, då vi var tilbake i Ørsta.
Då vi var heime att slokna vi, meir og mindre, alle tre.
Elles har vi to "jentene" site med strikketøya våre og sett på TV og prata. Nils hadde nokre seiar att å filetere. Det er sikkert ikkje så spennande for ein 16-åring å kampere i lag med pensjonistar, men det er ingen som klagar.
Eg nyttar meg av ekspertisen og lærer meg eitt og anna nytt på data.

tirsdag, oktober 08, 2013

Dagbok 2013: 8.oktober


Besta: Marie Eline f. Sætre.

Besten: Isak Andreas Skåden

"Geilemyra".
Klokka har passert 17.00, ute er det +14 grader og det regnar. Det har det for så vidt gjort i heile dag.
Eg har ikkje vore ute for ei dør, men Nils har vore ute og fiska i lag med den pensjonerte soknepresten vår. Han hadde eit ønske om å "lære" å fiske sei når han vart pensjonist, og i dag passa det. Heldigvis fekk dei bra fangst.
Margrete var oppom før ho reiste med flyet i dag, så bilen står att her. Ho er i Kristiansand og besøker Ingeborg. Ho er vel framkomen. Solveig og Øystein er i Dublin, og i morgon kjem Olaug og skal vere her mens brørne reiser til Oslo(?) på konsert. Det er så vidt det gamle hovudet mitt greier å halde styr på kvar alle er.
Det blei ikkje småsei til middag i dag, for Nils hadde tatt opp skatevingar frå frysaren. Eg steikte dei heilt enkelt, og dei smakte ikkje så spesielt, nesten som kveite. Eg hadde laga omnsteikte poteter med rosmarin til, og DET var godt.
I serien gamle bilde er eg no komen fram til besteforeldra mine på morsida.
Besten og besta kalla vi dei.
Besten vaks opp i Innvik i eit hus som låg heilt nede ved sjøen. Seinare kjøpte han og sonen hans, Matias, ein del av ein gard på Lyslo, og eit stykke som dei sjølve dyrka opp. Garden vart kalla "Geilemyra", men eg trur det offisielle namnet er Indrebø. Sikker er eg ikkje.
Besta kom frå garden Sætre på Breim. Dei fekk tre born: Matias, Amanda og Møyfrid.
Besten var fødd 23.juli 1874 og besta 31.august 1879. Besta og pappa hadde fødselsdag same dag, ho var 20 år eldre enn han.
Besten døde i 1959 og besta i 1964.
Besten  kunne så mange gåter og historier. Han hadde vore i Amerika to gonger. Bror hans vart verande "over there" til han var gammal, men besten kom heim mens han enno var ung. Han fortalde oss mykje frå Amerika, men han hadde også vore vakt ved svenskegrensa i 1905. Han fortalde at dei vart gode venner med dei svenske soldatane på andre sida av grensa og håpa berre på at dei ikkje måtte krige mot kvarandre.Det slapp dei heldigvis.
Når vi var i Innvik om somrane hende det at besten og besta spela kort med oss. Særlig var det eit spel som var populært, noko som dei kalla "Lasserakkar", veit ikkje om eg hugsar det lenger. Spelet har kanskje eit anna namn også.

mandag, oktober 07, 2013

Dagbok 2013: 7.oktober

Klokka er snart 23.00, så denne dagen er i ferd med å gå over i historia. Alle dagar går for fort, og somme gonger er det skikkelig gale. Vi søv relativt lenge om mogonen når det er overskya, men legg oss heller ikkje tidlig om kvelden.
I dag har det vore overskya og ein del regn, men temperaturen no i kveld er +13 grader, så det er i alle fall ikkje nattefrost.
Før middag var vi ein tur nedover. Vi hadde ærend på Plantasjen, El-kjøp og apoteket. Ingen storhandel nokon stad. Mat handla vi ikkje i dag.
Då vi kom heim gikk vi ein relativt lang tur rundt i nærmiljøet før vi (dvs. Nils) laga middag. I dag var det salta lange, noko som eg likar godt.Eg prøvde å rydde litt i garasjebeddet, men det var så vått og ekkelt å jobbe med mold i dag. Vi åt middag eit par timar seinare enn vanlig, så ettermiddagen vart kort.
Eg har ikkje gjort noko nyttig i dag, men lese bok og strikka; og så vart det mykje TV når vi skulle ha med oss både regjeringserklæringa og Broen.
Slik går no dagane......
Denne hostaen var fin og grøn for eit par dagar sidan. I dag hadde den fått haustfargar.

søndag, oktober 06, 2013

Dagbok 2013: 6.oktober

Klokka er snart halv sju, og eg kan skrive litt i dagboka, sjølv om det strengt tatt ikkje har hendt noko som helst i dag. Ute er det skodde og regn, og eg har ikkje vore ute for ei dør i dag. Har vondt for å tru at eg kjem meg ut i løpet av kvelden. Temperaturen er +11 grader C.
Før middag dreiv eg og laga litt mat, før eg shina opp kjøkkenet. Strikka litt også.
Etter middag har eg halde fram med eit arbeid som eg begynte på i går, nemlig å rydde opp på PC-en. Der ligg alt eg har scanna gjennom mange år, og ikkje alt er verd å gøyme på. Fann ein del interessante, gamle bilde også. Det eg ikkje visste var at der låg nesten 4000 lydfiler i søppelboksen.No er dei fjerna, og eg lurer på om maskina vil arbeide hurtigare etter å ha blitt kvitt så mykje rusk.
Eg synest det er trist for dei som skal ha haustferie no at vêret er så trasig, vi får håpe på finare dagar i slutten av veka.
Bildet øvst viser nils på konfirmasjonsdagen i 1951, saman med foreldra sine, Rasmus og Johanna.På bildet under ser vi Nils og Johanna utanfor aldersheimen på Hardbakke der Johanna budde i mange år.Det må vere ein gong sist på 80-talet.

lørdag, oktober 05, 2013

Dagbok 2013: 5.oktober

Klokka er 23.15, og eg kom brått på at eg ikkje har skrive "dagbokblogg".
I dag har det vore overskya, skodde og regn. Akkurat no er temperaturen + 9 grader ute, så det er ikkje gale.
I dag kokte vi makrell og sette til kjøling før vi for nedover for å handle. Vi var på Amfi, og der trefte vi kjentfolk, sjølvsagt, men der er veldig fullt om laurdagane så vi vart ikkje verande så lenge. Vi kjøpte ei ny potetpanne på Clas, elles var det stort sett mat vi handla i dag.
Etter at vi kom heim gjorde vi klar middagen, og den smakte godt. Det er vel siste gongen vi et makrell på ei stund. Frosen makrell blir agn.
Resten av dagen har gått med til lesing, strikking og TV, har eigentlig vore lat i dag. Rydda litt på eine datamaskina, det var tidkrevjande og ikkje så veldig festlig. 
Har ikkje sett ferdig "Skal vi danse" enno, men har det i boks. Det blir litt kollisjon mellom song og dans på laurdagane.
Eg synest hausten er ei fin årstid så lenge det er sol og fint vêr, men når regnet kjem og det er halvmørkt heile dagen, då får eg lyst å reise til varme land.

Bok nr.54 - 2013: Lengsel etter penger.

Jan Mehlum har droppa detektiven Svend Foyn og hunden Hulda i denne romanen. Eg må innrømme at eg sakna dei begge. Eg sakna også den vanlige opplesaren og den elegante stilen.
Første delen av boka lova godt. Eit ungt sambuarpar med dårlig økonomi er utrulig heldige- dei vinn 46 mill. i lotto. Dei tek sikte på å kjøpe seg eit fint hus eller ei leilegheit, men så begynner det å skje grufulle ting.
Etter kvart blir det meir og meir dramatisk, det tek liksom heilt av.
Det forfattaren vil vise er mellom anna at mange gjer kva som helst for pengar, mens hovudpersonen, Audum Holmøy, gjer kva som helst for å få att den vesle guten sin.
Eg synest her er for mykje vold og brutalitet i boka, har likt betre dei bøkene han har skrive før.Men det er MI meining. Eg tenkte den formastelige tanken at han kanskje prøver å "gjere ein Nesbø".

fredag, oktober 04, 2013

Dagbok 2013: 4.oktober

Klokka er ca 19.15 og det er alt åt å møkne ute. Det er skya opphaldsvêr og + 16 grader C. Vi fekk brått ein Indian summer her.
Eg vakna lovlig seint i dag, men rakk å støvsuge alle teppegolva, slik eg hadde tenkt, før eg møtte venninner i Vik. Vi skulle på "Fru Svendsen" og markere at ei i gjengen hadde fylt 80 år sist sommar. Den yngste blir 60 år i november. Vi har alle jobba i lag på Velle, den yngste er framleis i arbeid.
Vi hadde ei veldig koselig stund, og der eg sat, hadde eg utsikt til inngangsdøra. Det var slik eg fekk sett "snurten" av Odd Nordstoga, på veg inn og ut av kafeen.
Då eg kom heim var det berre å starte opp å lage middag, dvs. steike sei. Steikt sei, som ikkje har vore frosen, er framleis noko av det beste eg veit. Desserten hadde eg ete på førehand, på kafeen.
Nils har funne ein fotballkamp. Eg trur eg skal ta meg ein snart ut før Beat for Beat. Har vore ein del plaga med tinnitus og hovudverk i det siste, så eg trur det vil hjelpe med litt frisk luft.
Ønsker alle ei god helg, og god ferie til dei som det skal ha!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...