onsdag, juli 10, 2013

Dagbok 2013: 10.juli.

                       
Vebjørn og farfar.
Klokka er 22.00, temperaturen er + 12 grader C, det er lettskya og opphaldsvêr.
Det har vore sol og fint ver det meste av dagen, men nokså kjølig. Føremiddagen brukte eg til matlaging og diverse andre huslige syslar. Margrete kom i 16-tida, Rasmus med fam. ca 1 time seinare.Menyen var som vanlig lasagne, laga frå grunnen av. Det er tradisjon kvar gong Rasmus kjem. Praktisk ventemat. 
Gutane finn seg fort til rette, til tross for at det er lenge sidan vi har vore i lag.

Rasmus har fått diverse oppdrag med datamaskiner og fotoapparat, det set eg pris på. Vi hadde ein liten fotosession med gutane. No sit farfaren og matar minstemann med brødskiver med Nugatti. Vi har ingen spesielle planar for morgondagen, vi får sjå kva vêr vi får.

tirsdag, juli 09, 2013

Dagbok 2013: 9.juli

Slik er utsikta frå altanen vår i dag. Regn og skodde gjer at vi ikkje ser Melshornet ein gong. Temperaturen ute er + 10 grader C. Tross vêret har eg nettopp hatt meg ein tur rundt Storebakken med lydbok på øyra, gjekk faktisk ein tur i går ettermiddag også.Konsentrerer meg bra om bøkene når eg går tur.
Nils har berga dei nybeisa hagemøblane inn under altanen etter at "partyteltet" fall saman, så no får vi håpe på godt vêr og god tørk. Det er bra meldingar for morgondagen og ei strålande sol på fredag, om ein skal tru yr.no. Eg håper det held seg oppe, for i morgon kjem Rasmus med familie. Det kunne vere kjekt om dei fekk oppleve litt fint vêr i Ørsta for ein gongs skuld.
I dag har eg vaska og rydda litt både her og der og vi har vore ein snartur på Amfi. Til middag vart det fiskekaker frå frysaren.
Om vi ikkje overanstrenger oss, så har vi alltid noko å henge fingrane i dersom vi har energi til overs. 

mandag, juli 08, 2013

Dagbok 2013: 8.juli

Klokka har passert 16.00 og eg har hatt meg ei god stund på sofaen med lydbok. Noko som var heilt nødvendig fordi eg sov dårlig sist natt og fordi eg var veldig låk i ryggen. Ute er det no + 19 grader C, opplett, men overskya.
Eg starta arbeidsdagen med å sette ein brøddeig, og så kom Nils og minte meg på at eg gjerne ville beise hagemøblane. Klart det! Han hadde eit spann med vestlandsraudt, same farge som huset vårt, og vi sette i gang. Nils løfta stolane opp på bordet, så eg slapp å bøye meg så mykje.
Desse møblane har stått for hogg kvart år lenge no, vi har sterkt vurdert å kassere dei, men så har det ikkje blitt. Dei blei kjøpt til Rasmus sin konfirmasjon i 1979, så dei er snart for aktivitetar å rekne. No har det gått som ein slags sport i å beholde dei. Ei slags form for gjenbruk. Sant å seie er det ikkje kvart år dei blir så mykje brukte. I same slengen skrapa og beisa Nils kompostkassa. Og det var virkelig noko som måtte til. No er hus, hagemøblar og bil samstemte i fargen.
Men så skulle vi ha oss litt mat etter strevet, og DÅ sette det i å regne, ikkje mange dropane, men nok til at vi måtte reagere. Dermed var det ut og legge presenning over møblementet, og då var regnet brått vekke. Nils har no laga til ein anordning med presenning og pålar- vi kallar det partytelt.
 
 
Teltet skal få stå oppe til møblane er tørre. Håper det ikkje går for lang tid.
Fekk melding frå Rasmus om at dei blir på Hunderfossen ei natt til, i alle fall, før dei kjem hit.
Så kan eg berre opplyse om at vi samlar organisk avfall i denne kassa som vi har kjøpt på VØR. Det gir oss god mold og lågare boss-avgift. No har dei visst gått over til ei meir moderne utforming av desse "kassene", men vi har hatt vår i mange år. 

søndag, juli 07, 2013

Dagbok 2013: 7.juli


Klokka er 21.00. Temperaturen ute er + 13 grader C, det er overskya og kald vind. Ikkje til å tru at vi hadde det så fint i går. Ja, det var ganske fint på føremiddagen i dag også. Eg låg faktisk ute på solsenga ei lita stund.
Det meste av dagen har vi vore på Hareid, der heile Solveig-familien var samla. Det var ikkje 50-årsdagsfeiring i dag, det blir trulig neste søndag. Reknar med at Rasmus er her då. Dei er komne til Hunderfossen no.
Solveig hadde laga nydelig lammegryte til middag og opp til fleire dessertar. Alltid god mat der i garden. Vi takkar vertskapet for ein fin dag. Synd vi ikkje fikk sitte ute, men temperaturen innbaud ikkje til det.
Vêret vart nokså grått etter kvart, og på heimvegen fekk vi nokre dropar på ruta. Då vi køyrde over Eiksundbrua, var sola framme, så vidt det var, og vi stoppa såpass eg fekk tatt nokre bilde. Vi har hatt ein fin dag uansett vêr.

lørdag, juli 06, 2013

Dagbok 2013: 6.juli

Klokka har passert 18.30, det har kome nokre skyer på himmelen og det blæs litt. Temperaturen er + 25 grader. Det har vore ein nydelig dag med mykje sol og temperaturen har vore oppe i + 27 grader C.
Det var berre det at eg vakna med ein rygg som verkte skikkelig gale, og eg følte meg ikkje i stand til å gjere noko som helst. For sikkerheits skuld fann eg fram ei svart ulltrøye som eg har gått med i heile dag. Eg trur det hjelper- i tillegg til at eg har lagt strak ut mykje av dagen.
Eg stod opp klokka 7.30 og fann ein lapp om at Nils hadde reist på sjøen ein time eller to før. Han vart ikkje lenge vekke, for seien beit, så han fekk så mykje som han ville ha i løpet av kort tid. Fisken skal no sløyast og fileterast også, så han kan ikkje berre hale inn. Vi skal ein tur ut til Solveig i morgon, og då ville han ha med fisk. Dei lengtar etter blandaball - som har blitt ein favoritt der i huset.
Vi var ein liten tur til Vik, der eg blant anna kjøpte enda ei potterose til meg sjøv. Eg har planta 5 rosetre i beddet ved garasjen, fire av dei er potteroser, og alle er rosa. Den eg kjøpte i dag var veldig lysrosa og sart i fargen.
Har som sagt lege mykje på altanen og sola meg, lese og sove. Les på ei bok av Dan Brown for tida.Innimellom har eg hengt ut klede, strekt på senger etc. Litt middag laga eg også. Ein litt mystisk rett i dag;  grillskiver steikt på steikepanna med kokt ris og ananas til . Nils hadde ikkje lyst på småsei i dag.Men han er ikkje kresen, han et alt eg rører i hop.
Så blir det vel å følge hurtigruta til Ålesund i kveld. Ikkje at eg synest det er så spennande, det var første gongen vi såg programmet i går. Elles har vi sett berre Sommeråpent. Men dei to heimefylka våre må vi nesten følge med på. Eg er ikkje sikker på om det er Sogn og Fjordane eller Møre og Romsdal eg føler meg mest knytta til.
Eg gløymde å skrive GOD HELG i går, men det er kanskje ikkje for seint enno.

fredag, juli 05, 2013

Dagbok 2013: 5.juli

Klokka er snart 16.30, temperaturen ute er + 15 grader C; det er overskya og det regnar innimellom. Der var ikkje det som var meldt på yr.no !
Vi var relativt tidlig oppe i dag, og då blir dagane lengre og ein får gjort meir. Ny oppdaging! ?
Vi har nettopp vore nedover og handla litt, og no skal eg snart lage fiskesuppe til sein middag.Slik mat passar best å ete når ein kan slappe godt av etterpå.
Før middag var Nils nedover og klipte seg, mens eg støvsuga, blant anna. Etterpå var eg ned på kjellarsoverommet og ommøblerte litt. Blant anna kasserte eg ein del bøker og kasta i papir-bossdunken. Noko slikt har eg aldri gjort før, men eg må berre sjå i augene at somme bøker er heilt verdilause, både for meg og andre. Men så finn ein ein og annan skatt. Eg fann ei bok om stoveplantar, kjøpt i 1972. Eg hugsar at eg blada og las mykje i den, mellom anna lærte eg dei fleste plantenamna på latin. Artig er det å legge merke til at det er mote på blomsterfronten også. Mange av dei plantane eg hadde den tida, finst ikkje i handelen lenger, mens orkidear har overtatt nesten heile markedet. Hugsar de "spraglene"- det var noko som alle hadde i fleire variantar. Ja, det vart eit lite flash back.
I dag var vi ein tur på Jysk. Det vi skulle ha, fann vi ikkje, men eg fekk nye puter til kjøkkenstolane. I etasjen under fann eg fine små filleryer til rommet i kjellaren.
Sidan det regnar ute, har vi ikkje fått prøvd den nye kantklipparen, men det kjem vel tørrare dagar.
Fekk melding frå Rasmus. Dei er i Sunne, etterpå skal dei til Lillehammer og så kjem dei hit om 5-6 dagar.
Solveig har vi ikkje høyrt frå, men reknar med at dei er heime i god behold. Det er vel litt av kvart å ta tak i når husmora har vore fråverande i over ei veke.

torsdag, juli 04, 2013

Dagbok 2013; 4.juli

Klokka har passert 20.30, temperaturen er + 18 grader C, det er overskya, men for det meste opplett. For ei stund sidan var det sterk vind, men no er det stilt.Solveig&co sit på Gardermoen og ventar på å ta fly til Vigra.
Her hos oss har det ikkje skjedd så mykje i dag. Eg vaska golv og gjorde litt anna husarbeid,vaska hagemøblane t.d.,  før vi var ein tur nedover og handla. I tillegg til mat investerte vi i ei ny dørmatte og ein kantklippar med batteri. Vi har ein kantklippar frå før som funkar, men for å nå heilt nedst i hagen må eg til med to lange, tunge skøyteledningar og då blir det tungvint. På den gamle brukar vi sen, på den vi kjøpte i dag er det "plastknivar". Ein av naboane har ein slik og er godt fornøgd med den. Så får vi sjå. Den går på appladbart batteri.
I dag hadde vi Grandiosa, "hjemmelaget", til middag. Hadde eit par tomatar og litt ekstra ost på, så det vart godt.
Då vi litt seinare sat og drakk kaffi, fekk vi oss ein støkk i livet. Det høyrdest ut som torden og takras på same tid, men det var berre eine hylla i det nyflytta bokskapet som kollapsa. Nils måtte til med betre støtte og eg sette bøkene på plass. Vi trudde først det var heile skapet som losna frå veggen, men så gale var det ikkje.
Elles har eg begynt på boka "Inferno" av Dan Brown. Har lese nesten alle bøkene hans, til tross for at eg ikkje er så veldig begeistra. Har ikkje lese så mykje enno.
I dag veit eg berre om ei som har fødselsdag -nemlig dronning Sonja, og eg trur ikkje ho les bloggen min.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...