mandag, januar 27, 2025

Dagbok 2025: 27.januar


Klokka er no 17.37, temperaturen ute er +4 graderC, og eg trur det har vore  opphaldsver i dag, men eg har ikkje følgt så nøye med. I dag ville eg gå på Vernet for kneet mitt var heilt fint, det var opphaldsver, men ikkje sol. På bildet er det utsyn mot muren, Moskmarka og fjella framme i Krøvelen(Trur eg det heiter)-

Eg møtte ikkje mange i dag, men då eg var komen til trappa møtte eg ein av dei aller eldste i Starevegen, han hadde ikkje fått sykla i dag for  det var is på vegen.

Eg er så å seie lens for ved, men eg har litt diverse brennbart i tilbygget så eg fekk kveik i omnen og fekk opp temperaturen så får pumpa gjere resten.

I går laga eg middag og av potetene som vart att laga eg potetstappe, som eg hadde i dag attåt pølser, så eg et no middag av og til eg også.Elles har det ikkje vore mykje eg har gjort, eg har øvd på spanskleksa og strikka. Når eg strikkar har eg på TV-en og høyrer om att og om att dei samme nyheitene. Der bør eg slutte med. Skulle sikkert ha slutta med spansken også, for eg lærer ikkje så lett lenger og eg har ikkje bruk for å kunne spansk. Viss eg reiser til Spania så snakkar dei engelsk der.

I morgon er det trening, det er godt å ha noko å gå til, såpass ein kjem seg ut i lag med folk. No kom eg på at det er mandag i dag, så då får eg ein sudoku og bryne meg på.

Utsikt mot fjorden i dag

                                          Starevegen nesten snøfri.

søndag, januar 26, 2025

Dagbok 2025: 26.januar

.Klokka er no 15.43 og temperaturen ute +3 grader. Deter overskya, skodde og regn, så det er fint innever.

Eg stod opp til normal tid i dag, og etter frokost jobba eg litt med spanskleksa.Det er noko vi skal lære utanåt. Å lære utanboks var enkelt for meg i heile barndommen og ungdommen. Slik er det ikkje lenger. Eg greier det sjølvsagt, men eg treng mykje trening.Særleg når det er spansk!

Eg begynte å strikke på ein lest i går kveld og heldt fram i dag. Eg kan ikkje sjå tV utan å strikke-må "ha noko på hendene".Margrete kom med lestegarn til meg i går, så no har eg arbeid lenge.Trur eg.

Då det ikkje var meir eg ville sjå på NRK-TV sette eg på You tube  musikk. Dei brukar å lage fine "konsertar" til meg, men i dag overgjekk dei seg sjølve, så mykje fin musikk som eg likte! Det aller finaste var "Island in the sun"med ein som eg ikkje har sett før.

 Det er kanskje KI som lagar listene? Kva veit eg,

Til middag i dag hadde eg favoritten min, spekesild ! Ingen ting er betre enn det.Det er slett ikkje kvar dag eg lagar middagsmat, så då smakar det enda betre. Eg blir sjølvsagt tørst og må drikke mykje resten av dagen, men eg har no slikt å gjere. I dag er eg ikkje låk i kneet, så det hjelpte kanskje at eg var meir i ro nokre dagar, men eg kan no ikkje sitte i ro alle dagar. I dag frista det ikkje så mykje å gå ut. Det er eit rart januar-ver i år, det er no då vi brukar å ha vinter

No skal eg koke meg ein kaffikopp., kanskje det er bra for tørsten? Og så blir det meir TV og strikk.

 

lørdag, januar 25, 2025

Dagbok 2025: 25.januar


                  Dette er ikkje eit gammalt bllde, eg tok det nettopp no.


 Klokka er no 18.05,temperaturen ute er + 3 grader, det regnar og det er bekmørkt ute, ikkje akkurat slikt ver som vi brukar å ha i januar. Og det er ikkje same veret to dagar i strekk, det skiftar heile tida. Men slik er det og vi kan ikkje gjere noko med det.

Slike dagar er det godt å vere inne, og det har eg vore, tok berre ein liten tur på butikken på føremiddagen.

Eg fekk melding frå Margrete og Amanda om at dei ville komme ein tur, og det blei eg glad for. Og som vanleg var det noko dei måtte hjelpe meg med. Telefonen min var gått på ville vegar, men Amanda fekk reparet og oppdatert den, så no kan eg i alle fall vippse.

Eg hadde diverse kaker att frå jul som vi hadde til kaffien, og så hadde vi mykje å snakke om.

Margrete hadde med seg garn , så no skal eg strikke enda fleire lestepar. Eg likar å strikke lestar av tynt garn, og mange likar å ha slike som dei kan når dei går i sko.No har eg i alle fall arbeid til påske, og kanskje enda lenger.

Eg  har ikkje gått på Fonnvernet på mange dagar, eg var redd for å få trøbbel med eit kne, det har eg hatt før  og eg vil helst sleppe fleire gongar. Eg har litt problem med å halde styr på dagane. I dag har det liksom vor søndag-enda eg har vore på butikk, men no skal eg snart sette på TV-en og bli oppdatert. Det er liksom ikkje så kjekt å høyre nyheiter for tida.

Men håper at alle som er innom bloggen har ei bra eller heilt GOD helg

fredag, januar 24, 2025

Dagbok 2025: 24.januar

I dag kom det ekte sol inn på stova, eg trur det var første gongen i år, men eg har no ikkje vore heime heile tida.. Eg brukar å seie at vi får att sola den18.januar, men det kan hende den er her litt før, ein er no ikkje heime  støtt.

Eg har ikkje vore ute  i dag, men no står det på skjermen at det er +4 grader og lett regn/snø. Eg har ikkje vore lenger enn ut på trappa.


I dag morgon stod eg opp då eg vakna og gjekk ut på kjøkkenet og laga frokost, då først såg eg på klokka-den var 4-. eg åt ferdig og gjekk og la meg igjen og sov til det var vanleg tid til å stå opp.

I dag skulle eg ikke ut på noko, så det vart fredagsvask i heimen. Tok litt ekstra her og der, må vel snart til med nedvask også  men ikkje i dag.

Etter vaskinga fann eg på å prøve å få bort lo-dottane frå den blå kofta mi. Eg har ei slik lita maskin som eg kan bruke-Solveig kjøpte den til meg på Klas Olson. Eg har prøvd den før utan særleg hell, men i dag gav eg ikkje opp så lett, så no er kofta brukbar igjen. Det var den eg brukte då eg gjekk med gips på handa og sidan har den stort sett lege i ro. I dag var eg trottig og tok både på retta og vranga, måtte tømme fleire gonger og til slutt måtte eg ha nye batteri. Men eg eg glad for at eg gjorde det, for no har eg ei varm og god kofte å ha på meg.

På ettermiddagen sette eg meg til å strikke, men då kjende eg at eg var trøtt-så no har eg kokt meg kaffi- og så blir det TV og strikketøy heilt til eg skal opp til Marit og vi skal sjå TV i lag ei stund.

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god og fin helg. Håper det blir råd å vere ute.



 

torsdag, januar 23, 2025

Dagbok 2025: 23.januar


 "Så går en dag enn från vår tid och kommer icke mer........"- og slik er det, eg finn dessverre ikkje heile diktet på Google.

I dag fekk eg telefon frå kusina mi, som fortalde at bror hennar var død. Eg har visst at han var sjuk så det kom ikkje så uventa. Desse to søskenbarna var vi mykje i lag med i barndommen for då budde vi alle på Eid. Seinare flytta deira familie til Sørumsand, men vi var i lag om somrane når dei kom til Eid og besøkte bestemor og bestefar, så lenge dei levde. Eg var akkurat komen heim då eg fekk telefonen i dag.

I dag var det trening, og vi var der både Marit og eg. På heimvegen var eg innom Eli og fekk spanskboka mi som eg la att i går. Etterpå handla vi på KIWI før vi for heim kvar til seg. Med det samme eg let opp døra til "kontoret" mitt, kjende eg at der var det varmt. For ein gongs skuld hadde eg gløymt å slå av omnen, det bør ikkje skje oftare. Men eg bestemte meg for å utnytte varmen, så eg begynte rett og slett å jobbe med spanskleksa til neste veke, rettare sagt:komande veke. Og eg fekk gjort mykje. Etter at eg hadde fått litt mat tok eg fram den store støvsugaren, og no skal eg seie at den var effektiv. For eg har endeleg greitt å skifte pose heilt sjølv, så den var ny og tom. Eg syntest teppegolvet var skikkeleg fint då eg var ferdig, men det er vel berre eg som synest. Teppet er over 30 år gammalt, men eg plar rense det annakvart år.

Eg blir låk i ryggen så snart eg gjer noko, så eg sette meg i godstolen og sette på TV. Og der blei eg sittande. Eg hadde fyrt opp litt i omnen og hadde sjølvsagt varmepumpa på.

Det var eit underleg ver i dag før middag, det var skodde heilt frå himmelen og ned på jorda, ei kvit skodde, men då eg sat på "kontoret"skein sola gjennom skodda og inn-

I morgon er det fredag og vaskedag-så då får eg shine opp litt meir. Det er ein ting eg ikkje forstår og det er at alle potteplantane mine dør, enda eg synest eg steller godt med dei. Vinduskarmane er fulle av tomme blomsterpotter, men dei eg fekk til jul med Solveig, dei lever enno.


 

onsdag, januar 22, 2025

Dagbok 2025: 22.januar


Klokka er no 20.08. temperatuen ute er+1 grad og det er så å seie overskya.

Dette har ikkje vore verdens kjekkaste dag, men det har ikkje hendt noko skikkeleg gale heller, berre småting som ein irriterer seg over. Men det blir snart gløymt.

I dag skulle eg på Spanskkurs, men eg trong ikkje stå  tidleg opp for vi begynner ikkje før klokka 11. Eg køyrde no nedover i god tid, men då eg vel hadde parkert, såg eg ned i nettet mitt-og der var ikkje boka som eg skulle bruke. Full fart heim att og hente boka, og eg kom fram i god tid. Men då eg kom heim att hadde eg ikkje boka med, den låg att på "klasserommet", men Eli tek vare på den, så hentar eg den i morgon. Eg får ikkje gjort leksa til neste gong utan bok. Då eg kom heim att sette eg meg til å reinskrive det vi hadde jobba med i dag.Så då jobba eg godt ei stund. 

Elles har eg vaska klede og tørka i trommelen, så er det gjort. Og så er det TV-i går sat eg 2,5 timar og såg på TRUMP- han er no heilt gal! Han var ikkje betre i dag heller. Eg er så sjokka over han at eg har ikkje ord for det. Og det er ikkje berre Amerika han kan øydelegge for-no trur han visst at han eig heile kloden.

 Einar som jobbar i NRK for tida,fekk eg ikkje sjå, men eg fekk høyre han og det var kjekt. Dei skrytte av han då han jobba i radioen i Ålesund. Då var der eldre folk som var så fornøgde fordi han snakka så klårt og tydeleg.

At eg ikkje har gått tur i dag kjem ikkje av latskap, men eg har litt vondt i det høgre kneet, så eg vil vere forsiktig. Har ikkje lyst å ha att kneplagene som eg hadde i 2018-19 og enda lenger.

I morgon er det trening igjen, men så er eg fri resten av veka.

Eg har snart ikkje ved igjen, og han som brukar å halde meg med vinterved driv  ikkje med slikt lenger. Men eg får vel tak i ved ein eller annan stad. Det er ikkje så mykje eg treng, for når eg først har fått opp temperaturen greier varmepumpa resten. Og no har vi sol viss det klårnar opp og blir kaldt. Den einaste månaden i året som er lang-det er januar. Og den er ikkje slutt enno.



 

tirsdag, januar 21, 2025

Dagbok 2025: 21.januar


 Klokka er no 20.33, ute er det overskya og +3 grader. Det er heilt mørkt så det er ikkje så mykje å sjå .

I dag var vi på tening og Marit var med. Etterpå handla vi på KIWI. Det var kjekt å vere to, så eg håpenr vi kan halde fram med det.

Då eg kom heim tok eg ein tur på Vernet med det same eg hadde kleda på meg. Eg går med stav no, kvar dag og det gjer eg for å halde ryggen oppe, mellom anna. Eg går stødigare med stav i ulent terreng, så i dag gjekk eg opp mot skogen for å ta bilde av Vernet på avstand.Eg hadde ikkje gått der utan stav.

               Det var litt regn og skodde i dag så bilda vart ikkje så klåre.

Då eg kom heim tolk eg meg litt mat, og så måtte eg løyse sudokuen i avisa,. Det tok litt tid i dag,ikkje alle dagar eg er like klår i toppen. Men eg kom i mål. Elles har eg sett TV og strikka, men også sett litt på spansk-leksa til i morgon.

Då eg sat og såg TV merka eg brått at bildet som brukar å henge på veggen over TV-en var borte. Det er ein akvarell av Ingeborg Lystad. Eg såg bak TV-bordet og der stod bildet fint attmed veggen, heilt uskada. Det var opphenget som hadde svikta, så eg må lage eit nytt.

Eg har sete lenge og sett TV og strikka, eg likar ikkje heilt alt som skjer i USA. Eg er redd for at TRUP og MUSK finn på noko dumt og farleg.

I morgon er det altså Spansk igjen, eg får prøve å henge med ei lita stund til-kanskje? Elles skjer det ikkje så mykje her hos meg -og det er kanskje like godt


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...