onsdag, desember 11, 2024

Dagbok 2024: 11.desember


 Klokka er no 16.30, temperaturen ute er minus 1grad, men det ser ut til at det regnar aldri så lite.

Då eg vakna i dag var eg heilt i villrede, eg greidde ikkje å finne ut kva dag det var-og det hjelpte ikkje å sjå på klokka, eg måtte stå opp og sette på datamaskina, for å finne svaret.

Eg hadde ærend til Volda,  eg likar ikkje å køyre den vegen, men etter ein litt alvorleg tale frå meg sjølv, bestemte eg meg for å fare. Det gjekk heilt greitt, men då eg kom bort på andre sida -på Ose,  vart det tjukk skodde som gjorde det vanskeleg å sjå. Men eg såg den kvite stripa på vegkanten og bilen framfor meg så då var eg berga. Eg var ikkje interessert i å vere så lenge i Volda, så eg køyrde rett opp til Jakobsen og kjøpte kjøt. Og etterpå køyrde eg heim. Eg kunne ha tatt ein tur i Furene og handla, men eg hadde meir lyst heim. Her heime inviterte eg Marit på kaffi og kake, det er ikkje ofte ho har kunna kome ned til meg i det siste. Vi drakk kaffi og åt kake, heilt til ho ville heim att. Då gjekk eg tur.

Det er somme tider ein ikkje veit kva ein skal ha på seg, eg visste at gater og vegar var isa, men ikkje kor glatt det kunne vere. Eg tok ikkje på meg piggskorne, men det skulle eg ha gjort, for på asfalten var det is. Men eg greidde meg godt for eg hadde tatt med ein stav. Det å gå med stav er veldig lurt, for då retter ein seg opp og går fortare enn ein gjer elles.

Middagen i dag, vart den same som i går, og dagen før : Grove brødskiver med leverpostei og sylta rødbeter. I leverposteien er det mykje jern, derfor er det bra for meg å ete den-og  eg likar den. Så då er det vel heilt greit ?

I morgon er det trening igjen og så skal Marit og eg handle litt på Spar-det er ikkje alt vi får på KIWI.



                       Storebakken  kl 15.05. Ser de månen

tirsdag, desember 10, 2024

Dagbok 2024 10.desember


Klokka er no 18.09. Temperaturen på trappa er + 3 grader C, og på Pc-en min står der no at temperaturen skal stige-ja, la den berre stige, det er ikkje meg i mot.

Men eg saknar litt å gå tur på kvite vegar med stav i hand, ikkje var eg ute og gjekk i går og ikkje i dag heller. I dag var vi , Marit og eg, på trening først og på butikk etterpå. Resten av dagen har eg styrt på her heime, med klesvask ,oppvask og rydding og vasking av frysedelen på kjøleskapet, berre for å nemne litt av det eg har gjort. Sjølv om eg bur her åleine så blir det litt husarbeid- og godt er det, for så har eg alltid noko å styre med. Då eg sette meg ned og skulle sjå TV sovna eg ei lita stund-det er typisk.

Eg kan ikkje hugse at vi har hatt så skiftande ver før, vi er enno ikkje komne til jul, men vi har hatt fleire snøfall, vi har hatt kulde og regn og alt mulig synest eg.

Det har vore ein tradisjon at heile storfamilien har vore her 2.juledag, og slik håper eg på at det kan bli i år også. Eg legg i alle fall opp til det. I fjor måtte Solveig ta over, så då var vi der. Eg med handa i gips. Eg får no hjelp av jentene mine viss eg treng det. Men eg set ikkje så store krav til meg sjølv lenger.Det som er spesielt med jula no når barnebarna er vaksne er at dei kjem heim til høgtida. Olaug kjem ikkje heim til jul i år, sidan ho har ein liten gut på berre vel ein månad.

Før i tida, då vi var unge, var det kjekt å gå i butikkar før jul og kjøpe gåver etc. Det gjer eg ikkje lenger, og gåvene får dei kjøpe sjølve når dei får litt pengar å kjøpe for. Eg veit ikkje kva ungdommane set pris på å få.

Men eg saknar litt å gå og sjå på alt som er, men det er ikkje så kjekt å gå åleine. Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på det I dag er det 14 dagar til julaftan og dei dagane går fort.
 



mandag, desember 09, 2024

Dagbok 2024:9.desember

Utsikt frå altanen.


 Klokka er no17.05, temperaturen ute er minus 2 graderC, men eg trur det blir kaldare etter kvart, for det ser ut til at det klårnar opp. Denne førjulsvinteren har vore vekslande, knapt to dagar med samme ver; no får vi visst barfrost til ei forandring. Ja, eg for min del saknar ikkje snøen, den er no grei nok viss den ligg i ro, men det gjer den som regel ikkje. Uansett så må vi ha det veret vi får og gjere det beste ut av det. Dagane vert enno kortare og kortare , men snart snur sola og derifrå går det rette vegen.

I dag har eg eit mysterium som eg få finne ut av; eg sat ved bordet og år frokost,og drakk kaffi. Då fann eg ut at eg måtte ha sjokoladen frå adventskalendaren attåt kaffien. Eg gjekk inn på stova og henta den, men der stoppar det-eg har ikkje ete den sjokoladen og eg har leita og leita utan å finne den. Det er eit mysterium, Eg har enno ikkje funne sjokoladen.

Sidan det var fint ver og opplett, fann eg på å vaske på soverommet og bytte på senga. Der er så mange teppe på golvet at det må nesten vere opplett når eg har dei ut. Så bytte eg på senga med det samme og sette på klesvask.

Då fekk eg enda fleire gode idear sidan eg først vaska kunne eg vaske litt til, dusjkabinettet til dømes. Men då måtte eg ut og hente "bilvask"- eg har tru på den når det gjeld t.d. dusjkabinett etc. Om det vart så velgig reint kan eg ikkje påstå- Eg fann enda fleire oppgåver, eg måtte ta oska ut or omnen og vaske ruta i ovnsdøra. Der brukar eg steikovns-rensk og det går veldig bra. No er ruta klar og fin, så lenge det varer.

Eg hadde avtale med Marit om å komme opp ein tur, og der vart eg både vel og lenge, for dei ho venta på kom ikkje som avtalt. 

Då eg kom ned att var det rett i kjellaren for å hente tørre klede-som ikkje var så tørre som dei skulle ha vore-alle dei små plagga hadde samla seg inne i dynetrekket, med det resultatet at ingenting var heilt tørt. Men eg har no meir sengetøy i skapet, så då fekk eg bruke av det. No er alt i orden, men det er ikkje mykje att av dagen. Eg hadde tenkt å gå ein tur-men det er enno ikkje for seint.

I morgon er det trening+ handling på KIWI.

søndag, desember 08, 2024

Dagbok 2024: 8.desember 2.søndag i advent.


 Klokka er no 19.05, temperaturen ute er +2 grader C og det regnar. Ikkje akkurat julestemning , heilt greit for meg at det ikkje er snø. Men det er no fint med snø i jula, berre den ligg i ro.

I dag har eg gjort lite og ingenting, berre lata meg. Ut på ettermiddagen kom Solveig på besøk og det var veldig kjekt, når vi er berre to får vi prata om mangt og mykje -utan at eg misser tråden på grunn av dårleg hørsel.

Eg har altså ikkje vore ute og gått i dag -veret frista ikkje. Det vart til at eg sat og strikka framfor TV-en. Det skjer så mykje i verda for tida, så eg greier ikkje heilt å få med meg alt. Det er sikkert ikkje så farleg, for eg kan ikkje gjere verken til eller frå.

Mest snakkar vi, Solveig og eg, om det som hender i storfamilien-og det er ikkje så lite, vi ser fram til å samle dei fleste i jula- her hos meg.

Juletre frå Clas Olson på kjøkkenbordet i dag, kjøpte det i fjor. Her skal det pyntast!!!

lørdag, desember 07, 2024

Dagbok 2024: 7.desember

                                                           Lite snø på vernet i dag

Klokka er no18.15, temperaturen ute er +2 grader C, men på Pc-en min står det "Temperaturfall"-ja så blir det vel kaldt igjen, men eg håper i alle fall at vi ikkje får mykje snø.

I dag morgon og nesten heile dagen har eg følt at det var sundag, derfor har eg gjort lite og ingenting.I dag morgon var eg også veldig låk i ryggen og venstre hofta, Men til stor glede for meg sjølv, gjekk det for over. Men søndagskjensla har ikkje forlatt meg.

Men eg greidde i alle fall å gjere litt. Eg rydda litt i hagen der vi tok bort klungerrrosene og etterpå gjekk eg tur på Vernet. Det var veldig kjekt å komme opp att på kjende stigar, eg møtte ei par eg kjende også.

Då eg kom heim var eg svolten-det er eg stort sett heile tida,men eg fekk ikkje middagsmat i dag, berre brødskiver med leverpostei -for jerninnhaldet si skuld.

Etterpå syntest eg at eg måtte gjere noko sidan det ikkje var søndag, så då laga eg ein botn til Pavlova-kake. Eg har ein botn liggande frå før, men eg tenkte det var greitt å ha fleire.

Etterpå har eg site og sett TV og strikka,  i morgon må eg sikkert gjere noko-men det er då det ER søndag, så det spørs-.

Sidan det skal bli kaldare igjen får vi vel meir snø også. Snøen er grei nok den, berre han ligg i ro etter at ein har moka, men det gjer han sjelden.
 

             Slik ser det ut her i gata vår i dag,berre litt gammal snø ligg att.

fredag, desember 06, 2024

Dagbok 2024: 6.desember- Nilsmesse/Nicolausdagen- Var messedag for denheilage biskopNicolaus frå Myra



Den heilage biskopen er vel helst ukjend, men han har eit anna namn også: Santa Claus, som kanskje alle kjenner til.

Apropos jul så er det ingen julestemning ute- Inne derimot har eg ruska fram den gamle julepynten, som begynner å bli slitt i kantane- men det er det som er sjarmen med julepynt, synest eg. At den er gammal eg ber på minne frå mange år tilbake. Til og med det vesle gamle juletreet har eg spjelka opp att så det kan stå på bordet i hjørnet. Det er ingen disigner-jul her,nei. 

 

                                             Desemberhage

Klokka er no 17.25, og det er + 6 grader ute. Ikkje meg imot, men ikkje rette julestemninga -ute altså.

I dag er det fredag og vaskedag. De er no ikkje så mykje eg vaskar alltid, ofte berre kjøkken og bad. Det er no stort sett berre eg som er her.

Men i dag hadde eg eit ærend til Vik. Det var plutseleg slutt på nokre av tablettane mine, og då må eg ha nye. Derfor tok eg og køyrde ned på ALTI sånn ein gong mellom kl.13 og 14.

Er det nokon gong der er mykje folk og bilar i Vik så er det akkurat den dagen og timen. Det var kø på apoteket, mange som venta og få som vart ekspederte. Dei var komne til nr. 82 då eg kom, eg fekk nr. 89. Og det gjekk ikkje unna. Trur at dei som var der og handla var slike som kjøpte for t.d. alders-og sjukeheimar, for dei blei aldri ferdige. Og vi kom berre til 83. Men ein gong var det slutt og nummer 84-85  etc kom opp, men kundane var vekke-heilt til eg kunne skride fram som nr. 89.

I mellomtida hadde eg fått meg to venninner å prate med. Og eg hadde tid å vente, og det måtte eg, for eg var heilt lens for eine tablettsorten.

Då eg kom heim att laga eg meg litt mat og så henta eg inn posten med aviser etc. Der var også eit hefte med bøkene som er aktuelle. Eg skammar meg verkeleg for eg har nesten slutta å lese bøker. I mange år las eg lydbøker støtt og stadig, men då eg kom  på at har eg lese berre 2 bøker i år, Den eine hadde Øystein skrive og den andre Arill Riise. Så eg les visst berre det som kjentfolk skriv. Men no såg eg i heftet at Tore Renberg har ei ny bok som eg kunne tenke meg å lese. Boka heiter LORDEN og er skriven på nynorsk-hans 3.nynorskroman står det å lese. Edvard Hoem kjem også med ei ny bok i år. Så no må eg visst til å lese igjen.

                                         Det kjem ein vår ein gong


torsdag, desember 05, 2024

Dagbok 2024: 5.desember


                                               Utsikt frå altanen i dag.

Klokka er no16.00og det mørknar fort ute no. Eg synest det er kjekt at naboane pyntar så fin ute , med mykje lys. Det varmar i mørketida. Eg er ikkje flink med slikt, så eg har ikkje hatt opp noko ute enno. Eg har no ein dørkrans om ikkje anna.

I dag har eg vore på trening , men gjekk ikkje tur etterpå slik som i går, då gjorde eg visst litt for mykje av det, for eg vart låk i ryggen- så i dag slappa eg av etter at eg hadde ete "middag". Marit var så bra i dag at ho kunne vere med på treninga, og etterpå var vi på KIWI og handla.

Eg hadde tatt med alle tomflaskene mine, men eg fekk ikkje panta alle i dag, for masineriet stoppa to gonger mens eg ladda inn. Ikkje så farleg, eg let flaskene ligge i bilen, så prøver eg ein annan dag. Dei har hatt gravkransar på KIWI i år, eg har ikkje kjøpt enno, men no blir snøen nesten heilt vekk, så då passar det å stelle på grava.

Då eg kom heim  i dag laga eg eit måltid med brødskiver og godt pålegg. Det får passere som middag. Eg trudde eg skulle få til å rydde litt i dag/kveld for i  morgon er det vaskedag. Eg har eit rom fullt av rot, Wenche kallar det roserommet fordi der er roser på tapeten, eg kallar det "Rote-rommet "fordi det er det. 

I kveld skal Marit og eg sjå film i lag oppe hos henne. Det er litt artig å sjå film i lag, i staden for å sjå åleine. Det er Quisling det handlar om. Dei viser litt av filmen kvar torsdag så lenge den varer.

Det var noko av julepynten eg ikkje fann att nede i kjellar-boda. I går hadde eg eit anna ærend ned dit. Då snubla eg nesten i dei to kolliane.

I morgon er det som sagt fredag og vaskedag. Men laurdag har eg lyst å gå i butikkar, for å sjå............kanskje.No skal eg Rydde!!!!!!

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...