torsdag, november 07, 2024
Dagbok 2024: 7.november
onsdag, november 06, 2024
Dagbok 2024:6.november
Klokka er no 17,30, det er mørkt ute og det regnar. Temperaturen er + 9 grader, så kaldt eg det ikkje.
Eg sjekka først TV-en og såg at Trump hadde vunne valet, slik eg trudde han ville. Ein slik type som han hadde ikkje blitt vald i vårt land , trur eg. Men eg kan ikkje gjere noko med det så dei får berre styre på borte i Amerika.
I førre veka hadde eg husvask på onsdag, men dennew veka skal eg ta fredagsvask som vanleg, men kva skulle eg gjere i dag. Eg må alltid ha noko å gjere elles trivst eg ikkje. Men eg kunne i alle fall støvsuge alle teppegolva og det gjorde eg.
Eg har sett at stovevindua ikkje er særleg finpussa, ser det godt når sola kjem fram, eg har tenkt eg skulle vaske dei ,og i dag vart det dagen. Men først måtte eg rydde bort alt styr og stell som står på altanen, noko skulle kastast , noko skulle flyttast ned i tilbygget . Alle ting må vere på rett plass når snøen og vinteren kjem.
Så vaska eg vindua med mopp og langkost og Zalo. Etterpå tok eg vannslangen frå hagen og spylte både glasa og sementgolvet. Det seier seg sjølv at heilt fint vart det ikkje , men det er greit nok. Det var langt på dag før eg var ferdig, så eg laga middag med det samme. Men det var noko som var heilt rart. Då eg stod opp i dag tidleg var eg framleis låk i høgrefoten, eller kneet. Men no var alle smerter borte og eg var liksom meg sjølv igjen. Måtte det berre vare!
No får eg prøve med trening i morgon viss eg er like bra i kneet som eg har vore i dag.
tirsdag, november 05, 2024
Dagbok 2024: 5.november
Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 6 graderC. Det har vore ein fin dag med sol, men eg har ikkje vore så mykje ute, Eg harr igjen fått problem med høgrefoten min. I dag morgon kjende eg meg frisk og rask, men det varte ikkje så lenge. Men vi for på trening i lag i dag, Marit og eg, og det er lenge sidan sist vi var der begge. Eg forstod snart at høgre foten (kneet) ikkje var heilt i orden, så eg trena den venstre + armar etc. Eg var så optimistisk i dag morgon, trudde eg var heilt bra, men det var eg altså ikkje. Men eg greier no å køyre bil etc. så eg blir ikkje hjelpelaus. Vi fekk no handla på KIWI på heimvegen, som vanleg.
I postkassa i dag var der både Møre-Hytt og "Pensjonisten". Etter at eg hadde ete litt var det berre å sette i gang med Sudokuen i "Pensjonisten"-og det tok si tid, men eg kom i mål. Og så måtte eg lese litt i bladet, der er mykje interessant.
Elles har maskinene mine jobba for meg og vaska både klede og "oppvask".
Eg har sjelden hatt så lyst å gå på Vernet som akkurat i dag. Der skein sola fint i fleire timar. Eg kunne no gått ut og jobba litt i hagen min, men akkurat det var eg ikkje frista til i dag.
Tida går fort uansett; i morgon er det 14 dagar sidan Rasmus kom. Eg har ikkje høyrt frå han i det siste, han skulle til Tyskland denne veka i lag med kollegaer og han skulle køyre for det var berre han som hadde buss-sertifikat -og dei skulle ha ein bil som vart så stor at det vart rekna som buss.
Eg får håpe at det blir såpass godt ver i morgon at eg får rydda rundt huset før snøen kjem. Det var det eg dreiv med i fjor då eg braut handa, så eg må vere meir forsiktig i år.
I dag er det pensjonistmøte på Rjåneset, men eg såg meg ikkje syn med å fare dit. Ein må ta biuss viss ein ikkje køyrer sjølv eller har nokon å sitte på med. Og når ein er skada både i hender og føter kan ein halde seg heime. Men Børre skulle vere der å synge og spele, og det er alltid kjekt Men vi plar ha julebord på Bakk-Ola, så der kan eg no vere med når den dagen kjem.
Eg la opp eit nytt strikketøy i går, men eg må vel finne meg litt anna å strikke enn berre lestar.
Her er plass til fleire.mandag, november 04, 2024
Dagbok 2024: 4.november
søndag, november 03, 2024
Dagbok 2024: 3,november
Klokka er no 17.30 og det er bekmørkt ute. Temperaturen er +8 grader , det er overskya men regnar berre litt av og til. Eg var letta då eg såg at snøen var borte i dag. Det har ikkje regna noko særleg, men det vart stor fart på elvar og bekker når snøen smelta. Eg trur knapt eg har sett Vikelva større enn i dag.
Eg hadde ingen planar for dagen i dag, men litt av kvart skjer det no alle dagar uansett. Eg gjorde ferdignokre lestar eg hadde strikka, festa trådar m.m.mens eg såg på TV.Neste oppgåve var å gjere ferdig sudokuen som eg begynte på torsdags kvelden og ikkje hadde fått heilt ferdig, men i dag gjekk det ikkje lenge å fullføre.
Så vart det tur på Fonnvernet i dag, og det var eg glad for; ikkje berre får ein frisk luft og mosjon, men det hender ofte at ein møter folk ein kjenner som ein pratar med. I dag møtte eg ei eg kjenner og vi gjekk i lag heimover og prata om laust og fast.
Eg hadde ikkje laga til nok middagsmat i dag, men eg fann ein rest av risgraut som eg åt opp, får finne meg noko saltmat til kvelden i staden Eg er ikkje så veldig nøye på kva eg et, men eg blir i alle fall ikkje underernært, for eg har meir appetitt enn eg ønskjer.
Så har det blitt litt meir strikking og TV. Ikkje akkurat så spennande, men greit nok.
Eg tenkjer litt på pensjonistmøtet som skal vere på tysdag, på Rjåneset. Sist det var møte der ute reiste eg ikkje ut. Eg køyrer ikkje når det er mørkt; eg kan ta buss, men det er ikkje sikkert det høver med tida når vi skal heim. Børre Lødemel skal synge og spele og det brukar å vere kjekt. Marit skal ikkje utover, men det kan hende eg kan henge meg på ein kvan, for det er no mange som køyrer.
Elles så håper eg at eg får rydde opp litt i hagen i morgon -og kanskje køyre på VØR. Eg har mange små sekker ståande meir og mindre fulle. Men klungeren fekk vi av garde då Ramus var her. Heldigvis.
Ein av dei mange små bekkane som kjem fram når dt regnar mykje.
It´s good to touch the green, green grass og home
lørdag, november 02, 2024
Dagbok 2024: 2.november
Slik ser det ut på altanen nettopp no, der er mange ting eg må finne andre plassar til. Det blir vel fullt i tilbygget også
Klokka er no 17.21, temperaturen er + 4grader og det regnar. Eg håper snøen tinar og renn vekk, slik at eg kan gå tur på Vernet.
Eg fekk ein litt rar start på dagen i dag, eg vakna grytidleg og verkte i begge føtene, mest i den høgre. Eg prøvde å stå opp og gå rundt omkring og det hjelpte etter ei stund. Når eg likevel var oppe kunne eg ete frokost og det gjorde eg. Klokka var halv 5.
Eg la meg til å sove igjen, og då eg vakna var eg like låk i føtene som før, eg måtte gå og gå til det vart bra. Akkurat slik har eg ikkje hatt det før, det var ein slags krampe eller liknande. Men det er no ikkje farleg når det blir bra igjen.
Elles har eg gjort lite og ingenting i dag, arbeidslysta har tatt ferie. Eg la meg nedpå litt men då vart det låkt i føtene. Så eg enda opp med å strikke reserve-lesten til para som var ferdige i går, så då får eg brukt nesten alt garnet av den sorten. Det er sytalaust å strikke lestar og Solveig tek vare på dei fleste, så ho har til utdeling til dei som treng- Eg har fått garn med henne også, så eg blir ikkje arbeidslaus.
Eg har nettopp ete middag, det var restar frå i går. Eg treng ikkje å lage så fine rettar, for apptitten min er utan ende. Eg trudde eg skulle bli mindre svolten med åra, men eg er like glupsk som eg alltid har vore. Eg rotar med dagane, men no har eg fått inn i hovudet at det er sundag i morgon- og altså laurdag i dag. Eg håper vegane blir berre slik at det går an å ta seg ein spasertur-det er for tidleg til å ha vinter.
Tunet slik det ser ut no. Det er mine spor ,eg som har vore i garasjen og henta vedfredag, november 01, 2024
Dagbok 2024: 1,november
Klokka er no17.00, temperaturen ute er +2 grader C men det snør og det snør. Eg kledde på meg og hadde tenkt å gå tur no i skyminga, men då eg gjekk utover gata kjende eg at det kunne bli litt glatt, så eg svinga berre opp i gata ovafor slik at det vart som ein runde.
I dag stod eg opp i rimeleg tid og hjorde klart for vaksine. Dei opna klokka 9, og då eg kom ned på Kulturhuset klokka 9.15 var det lang kø. Eg trudde ikkje det vart så mange i dag, for vi var dei siste i alfabetet. Men det gjekk relativt fort unna, der er fleire som set sprøyter. Eg fekk ei i kvar arm, mot corona og mot influensa. Eg kunne ha fått mot lungebetennelse også om eg ville, men eg takka nei. Så skal ein sitte i ro i 20 minutt, men det har eg aldri gjort, så eg trur ikkje det er nødvendig.
Eg handla på KIWI på heimvegen, har ikkje handla sidan Rasmus var her, så no var det eit visst behov. Men eg må sikkert handle litt i morgon også, for eg er lens for poteter m.a. Til middag i dag vart det pølser og heimelaga Potetstappe, så det vart skikkeleg middag. Elles har eg kava med sudokuen og får den ikkje til, så no trur eg at taper meg,men det er vel ikkje så rart. Berre synd at eg ikkje kan synge så eg får vere med i demenskor. Men eg greier framleis å strikke, så eg har lagt opp lest nr. 7, det kan vere greit å ha ein vikar om det blir hol i ein lest.
Eg har ikkje sett mykje på TV i dag, men ein må no følgje med på det som skjer om ein ikkje likar det: krig, uver, og presidentskifte i USA. Ikkje alt er like kjekt.
Eg går litt surr i dagane når det er endringar i programmet mitt, så no prøver eg å få inn i hovudet at det er fredag og ikkje laurdag t.d.
Men det er i dag eg skal ønske alle ei god helg.
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
















