torsdag, november 07, 2024

Dagbok 2024: 7.november

Klokka er no 17.37, og det er bekmørt ute, Temperaturen på trappa er + 10 grader C, og vi har hatt ei 
strålande solskinnsdag.

I dag kunne Marit køyre til treninga for første gong på lenge, og eg som hadde så vondt i foten var heilt frisk i dag. Så det var ein fin dag på alle måtar- Treninga gjekk og så bra og på heimvegen handla vi på KIWI som vanleg.
Eg var ikkje heilt sikker på kva eg skulle bruke resten av dagen til, eg kunne til dømes rydde i hagen og køyre på VØR, men var meir frista til å gå tur på Vernet. Etter å ha rydda opp litt som stod att på altanen gjekk eg på Vernet. Det var ein utruleg fin dag, haustfargane er ikkje heilt bort og eg så faktisk vårblomster som hadde kome litt for tidleg. Det var Svæve om nokon vil vite det.
Eg nyt sola og naturen når eg tek runden-eg møtte ingen eg lkjend i dag, Men der var mange barn på tur, og det var barnehage eller skulebarn veit eg ikkje, men det var vel helst barnehage såpass seint på dag.
Eg tok mange fine bilde og eg kan ikkje sette alle inn her
Her ser vi at sola er på veg ned, men vi har henne enno ei god stund på dagen

Då eg gjekk heim att i starevegen heldt sola på å gå ned.

Eg kokte meg ein kopp kaffi då eg kom i hus, og sette på Tv-en for å høyre nytt, Men eg trur eg var litt bortreist ei stund, og det kan vere like godt, for ikkje alt er så kjekt i den store verda. Så spørs det berre om Trump greier å ordne opp i sakene. Eg tvilar litt på det, men kven veit?
I morgon er det frdag og vaskedag, og blir det fint ver i morgon også, kan det vere råd å ha ut diverse teppe. Så har eg litt å gjerei hagen, og kanskje får eg tid å fare på VØR. Det får tida vise.

 

onsdag, november 06, 2024

Dagbok 2024:6.november



Klokka er no 17,30, det er mørkt ute og det regnar. Temperaturen er + 9 grader, så kaldt eg det ikkje.

Eg sjekka først TV-en og såg at Trump hadde vunne valet, slik eg trudde han ville. Ein slik type som han hadde ikkje blitt vald i vårt land , trur eg.  Men eg kan ikkje gjere noko med det så dei får berre styre på borte i Amerika. 

I førre veka hadde eg husvask på onsdag, men dennew veka skal eg ta fredagsvask som vanleg, men kva skulle eg gjere i dag. Eg må alltid ha noko å gjere elles trivst eg ikkje. Men eg kunne i alle fall støvsuge alle teppegolva og det gjorde eg.

Eg har sett at stovevindua ikkje er særleg finpussa, ser det godt når sola kjem fram, eg har tenkt eg skulle vaske dei ,og i dag vart det dagen. Men først måtte eg rydde bort alt styr og stell som står på altanen, noko skulle kastast , noko skulle flyttast ned i tilbygget . Alle ting må vere på rett plass når snøen og vinteren kjem.

Så vaska eg vindua med mopp og langkost og Zalo. Etterpå tok eg vannslangen frå hagen og spylte både glasa og sementgolvet. Det seier seg sjølv at heilt fint vart det ikkje , men det er greit nok. Det var langt på dag før eg var ferdig, så eg laga middag med det samme. Men det var noko som var heilt rart. Då eg stod opp i dag tidleg var eg framleis låk i høgrefoten, eller kneet. Men no var alle smerter borte og eg var liksom meg sjølv igjen. Måtte det berre vare!

Har rydda vekk sommaren no.


Det vert veldig tidleg mørkt for tida , så det er vanskeleg å få tatt bilde ute, men eg kan ta bilde av omnen min som eg fyrer i med heimelaga ved attåt at varmepumpa står på. Eg er glad i å ha det varmt og godt. 

No får eg prøve med trening i morgon viss eg er like bra i kneet som eg har vore i dag.

tirsdag, november 05, 2024

Dagbok 2024: 5.november



Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 6 graderC. Det har vore ein fin dag med sol, men eg har ikkje vore så mykje ute, Eg harr igjen fått problem med høgrefoten min. I dag morgon kjende eg meg frisk og rask, men det varte ikkje så lenge. Men vi for på trening i lag i dag, Marit og eg, og det er lenge sidan sist vi var der begge. Eg forstod snart at høgre foten (kneet) ikkje var heilt i orden, så eg trena  den venstre + armar etc. Eg var så optimistisk i dag morgon, trudde eg var heilt bra, men det var eg altså ikkje. Men eg greier no å køyre bil etc. så eg blir ikkje hjelpelaus. Vi fekk no handla på KIWI på heimvegen, som vanleg.

I postkassa i dag var der både Møre-Hytt og "Pensjonisten". Etter at eg hadde ete litt var det berre å sette i gang med Sudokuen i "Pensjonisten"-og det tok si tid, men eg kom i mål. Og så måtte eg lese litt i bladet, der er mykje interessant.

Elles har maskinene mine jobba for meg og vaska både klede og "oppvask".

Eg har sjelden hatt så lyst å gå på Vernet som akkurat i dag. Der skein sola fint i fleire timar. Eg kunne no gått ut og jobba litt i hagen min, men akkurat det var eg ikkje frista til i dag.

Tida går fort uansett; i morgon er det 14 dagar sidan Rasmus kom. Eg har ikkje høyrt frå han i det siste, han skulle til Tyskland denne veka i lag med kollegaer og han skulle køyre for det var berre han som hadde buss-sertifikat -og dei skulle ha ein bil som vart så stor at det vart rekna som buss. 

Eg får håpe at det blir såpass godt ver i morgon at eg får rydda rundt huset før snøen kjem. Det var det eg dreiv med i fjor då eg braut handa, så eg må vere meir forsiktig i år.

I dag er det pensjonistmøte på Rjåneset, men eg såg meg ikkje syn med å fare dit. Ein må ta biuss viss ein ikkje køyrer sjølv eller har nokon å sitte på med. Og når ein er skada både i hender og føter kan ein halde seg heime. Men Børre skulle vere der å synge og spele, og det er alltid kjekt Men vi plar ha julebord på Bakk-Ola, så der kan eg no vere med når den dagen kjem.

Eg la opp eit nytt strikketøy i går, men eg må vel finne meg litt anna å strikke enn berre lestar.

                                               Her er plass til fleire.


mandag, november 04, 2024

Dagbok 2024: 4.november




Utsikt frå altanen litt før klokka18.

Klokka er no 18.00; temperaturen ute er ca 9 grader C, det har regna meir og mindre i heile dag. 
Det har ikkje vore ein god dag for meg i dag, for det dukka opp både det eine og det andre. Det første var at eg ikkje fann att nøkkelen til utedøra ,og eg har ikkje funne den enno. Men eg fann ein annan nøkkel som passa i låsen, så det er ikkje krise.
Med det samme eg stod opp i dag kjende eg at kneet på høgrefoten var vondt. Eg får litt angst når eg får låkt i knea, for eg var plaga i fleire år med vonde kne. Først rauk høgre  kneet då eg skulle gå heim frå Ørstaheimen ein kveld den tida Nils låg der; eg kom meg ned på vegen ein kveld og skulle gå heim, då svikta kneet så eg måtte ringe etter hjelp. Det vart nokre veker då folk stilte opp og køyrde meg både fram og tilbake. Eg kunne ikkje gå og eg køyrde ikkje sjølv den tida. Heldigvis varte det ikkje så lenge før eg vart bra og kunne gå på eigne bein.
Då det andre kneet svikta samme hausten, gjekk det både år og dag før eg var bra-
No har eg hatt det bra i fleire år, så eg likar ikkje at høgrefoten begynner å svikte igjen, men eg håper på det beste. Eg må vel innstille turane på Vernet , men det får så vere. Eg verker ikkje når eg sit i ro. Men ei anna plage har også kome tilbake og det er tinnitusen, den plaga meg i mange år før det endeleg vart stilt, men så har den kome tilbake. Eg hadde så smått tenkt meg på pensjonistmøte i morgon, men no veit eg ikkje om det blir noko av.

Eg var på apoteket i dag tidleg, og handla på Kiwi på heimvegen, så eg er ikkje hjelpelaus på nokon måte.  I dag har det gått litt i klesvask og anna husarbeid, og litt strikking. Når klokka blir 22 i kveld får eg Møre-Nytt på data og kan ta ut sudokuen. Den som kjem i tysdagsavisa er ikkje så vanskeleg så den løyser eg raskt. 
Eg fann forresten nokre blomsterløkar ned i tilbygget, som eg grov ned i jorda. Eg kjem til å fare på trening i morgon så får eg sjå korleis det går. Eg er heilt smertefri når eg sit i ro.

                                            Vi har gatelys i Starevegen


søndag, november 03, 2024

Dagbok 2024: 3,november


 Klokka er no 17.30 og det er bekmørkt ute. Temperaturen er +8 grader , det er overskya men regnar berre litt av og til. Eg var letta då eg såg at snøen var borte i dag. Det har ikkje regna noko særleg, men det vart stor fart på elvar og bekker når snøen smelta. Eg trur knapt eg har sett Vikelva større enn i dag.

Eg hadde ingen planar for dagen i dag, men litt av kvart skjer det no alle dagar uansett. Eg gjorde ferdignokre lestar eg hadde strikka, festa trådar m.m.mens eg såg på TV.Neste oppgåve var å gjere ferdig sudokuen som eg begynte på torsdags kvelden og ikkje hadde fått heilt ferdig, men i dag gjekk det ikkje lenge å fullføre.

Så vart det tur på Fonnvernet i dag, og det var eg glad for; ikkje berre får ein frisk luft og mosjon, men det hender ofte at ein møter folk ein kjenner som ein pratar med. I dag møtte eg ei eg kjenner og vi gjekk i lag heimover og prata om laust og fast.

Eg hadde ikkje laga til nok middagsmat i dag, men eg fann ein rest av risgraut som eg åt opp, får finne meg noko saltmat til kvelden i staden Eg er ikkje så veldig nøye på kva eg et, men eg blir i alle fall ikkje underernært, for eg har meir appetitt enn eg ønskjer.

Så har det blitt litt meir strikking og TV. Ikkje akkurat så spennande, men greit nok.

 Eg tenkjer litt på pensjonistmøtet som skal vere på tysdag, på Rjåneset. Sist det var møte der ute reiste eg ikkje ut. Eg køyrer ikkje når det er mørkt; eg kan ta buss, men det er ikkje sikkert det høver med tida når vi skal heim. Børre Lødemel skal synge og spele og det brukar å vere kjekt. Marit skal ikkje utover, men det kan hende eg kan henge meg på ein kvan, for det er no mange som køyrer.

Elles så håper eg at eg får rydde opp litt i hagen i morgon -og kanskje køyre på VØR. Eg har mange små sekker ståande meir og mindre fulle. Men klungeren fekk vi av garde då Ramus var her. Heldigvis.

                      Ein av dei mange små bekkane som kjem fram når dt regnar mykje.


                         It´s good to touch the green, green grass og home                                                                                                          

lørdag, november 02, 2024

Dagbok 2024: 2.november


 Slik ser det ut på altanen nettopp no, der er mange ting eg må finne andre plassar til. Det blir vel fullt i tilbygget også

Klokka er no 17.21, temperaturen er + 4grader og det regnar. Eg håper snøen tinar og renn vekk, slik at eg kan gå tur på Vernet.

Eg fekk ein litt rar start på dagen i dag, eg vakna grytidleg og verkte i begge føtene, mest i den høgre. Eg prøvde å stå opp og gå rundt omkring og det hjelpte etter ei stund. Når eg likevel var oppe kunne eg ete frokost og det gjorde eg. Klokka var halv 5.

Eg la meg til å sove igjen, og då eg vakna var eg like låk i føtene som før, eg måtte gå og gå til det vart bra. Akkurat slik har eg ikkje hatt det før, det var ein slags krampe eller liknande. Men det er no ikkje farleg når det blir bra igjen.

Elles har eg gjort lite og ingenting i dag, arbeidslysta har tatt ferie. Eg la meg nedpå litt men då vart det låkt i føtene. Så eg enda opp med å strikke reserve-lesten til para som var ferdige i går, så då får eg brukt nesten alt garnet av den sorten. Det er sytalaust å strikke lestar og Solveig tek vare på dei fleste, så ho har til utdeling til dei som treng- Eg har fått garn  med henne også, så eg blir ikkje arbeidslaus.

Eg har nettopp ete middag, det var restar frå i går. Eg treng ikkje å lage så fine rettar, for apptitten min er utan ende. Eg trudde eg skulle bli mindre svolten med åra, men eg er like glupsk som eg alltid har vore. Eg rotar med dagane, men no har eg fått inn i hovudet at det er sundag i morgon- og altså laurdag i dag. Eg håper vegane blir berre slik at det går an å ta seg ein spasertur-det er for tidleg til å ha vinter.

Tunet slik det ser ut no. Det er mine spor ,eg som har vore i garasjen og henta ved




fredag, november 01, 2024

Dagbok 2024: 1,november


 Klokka er no17.00, temperaturen ute er +2 grader C men det snør og det snør. Eg kledde på meg og hadde tenkt å gå tur no i skyminga, men då eg gjekk utover gata kjende eg at det kunne bli litt glatt, så eg svinga berre opp  i gata ovafor slik at det vart som ein runde.


Slik er det her hos oss, nå resten av landet har det rimeleg vått etter som eg ser på TV.

I dag stod eg opp i rimeleg tid og hjorde klart for vaksine. Dei opna klokka 9, og då eg kom ned på Kulturhuset klokka 9.15 var det lang kø. Eg trudde ikkje det vart så mange i dag, for vi var dei siste i alfabetet. Men det gjekk relativt fort unna, der er fleire som set sprøyter. Eg fekk ei i kvar arm, mot corona og mot influensa. Eg kunne ha fått mot lungebetennelse også om eg ville, men eg takka nei. Så skal ein sitte i ro i 20 minutt, men det har eg aldri gjort, så eg trur ikkje det er nødvendig.

Eg handla på KIWI på heimvegen, har ikkje handla sidan Rasmus var her, så no var det eit visst behov. Men eg må sikkert handle litt i morgon også, for eg er lens for poteter m.a. Til middag i dag vart det pølser og heimelaga Potetstappe, så det vart skikkeleg middag. Elles har eg kava med sudokuen og får den ikkje til, så no trur eg at taper meg,men det er vel ikkje så rart. Berre synd at eg ikkje kan synge så eg får vere med i demenskor. Men eg greier framleis å strikke, så eg har lagt opp lest nr. 7, det kan vere greit å ha ein vikar om det blir hol i ein lest.

Eg har ikkje sett mykje på TV i dag, men ein må no følgje med på det som skjer om ein ikkje likar det: krig, uver, og presidentskifte i USA. Ikkje alt er like kjekt. 

Eg går litt surr i dagane når det er endringar i programmet mitt, så no prøver eg å få inn i hovudet at det er fredag og ikkje laurdag t.d.

Men det er i dag eg skal ønske alle ei god helg.


                    Leonardo da Vinci  held ut i snøen. Still going strong



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...