mandag, oktober 14, 2024
Dagbok 2024: 14.oktober
søndag, oktober 13, 2024
Dagbok 2024: 13.oktober
Klokka er no 19.48, temperaturen ute er + 6 grader C. Eg veit ikkje så mykje om veret for eg har vore inne nesten heile dagen. Eg gjekk tur på Vernet før middag og då var det opplett.
Dette vart ein fryktelig kjedeleg dag, men eg kan takke meg sjølv. Eg har sete og sett TV og strikka nesten heile dagen. Har ikkje gjort noko til gagns, men sett eit heil serie på nettet; at eg strikka ein halv lest mens eg såg er ei anna sak.
Eg hadde kjøpt inn mykje god mat til helga og skulle lage middag i dag, men den middagen skal eg ha i morgon, for eg fekk ikkje tid til å lage middag når eg skulle sjå TV. Ja, eg rota det godt til, og eg er veldig misnøgd når eg ikkje får gjort noko skikkeleg "arbeid".
Eg treng nokre fineversdagar for å få rydda hagen før vinteren kjem, men no ser det ikkje lyst ut.
No skal eg lage meg litt mat-men det blir vel kveldsmat og ikkje middag.
I morgon må eg få gjort litt av kvart for tysdag skal eg både på trening og på Pensjonistmøte.
lørdag, oktober 12, 2024
Dagbok 2024: 12.oktober
Men snøen gjer meg ikkje noko så lenge han held seg borte frå bilvegane, for eg har ikkje vinterdekk enno. Eg hadde ikkje så mange planar for dagen, men eg kom meg no ut og fekk gå ein runde på Vernet før eg tok ein tur på butikken. Det blei KIWI i dag også, for det er ikkje så kjekt å fare til Vik eller til Furene åleine, så det får bli ein annan gong.
Eg handla ein god del mat i dag, for eg hadde ikkje så mykje på lager. Så då eg kom heim att laga eg eit enkelt måltid med brød og pålegg.
Etterpå sette eg meg inn og såg TV og strikka, eg trur eg var borti og sov litt også. Eg har mykje eg skulle ha gjort inne, for eg ha jobba mest ute i heile sommarhalvåret, så eg har litt å ta att.
Komande veke skal eg på trening tysdag før middag og på Pensjonistmøte på ettermiddagen.Det er eit litt spesielt møte sidan det er Den internasjonale eldredagen.
fredag, oktober 11, 2024
Dagbok 2014: 11.oktober
Elles har eg ikkje gjort så mykje, eg har laga meg litt mat, og så greidde eg til slutt å få ferdig sudokuen. Det er viktig for meg å klare den, men det tek litt tid.
Marit er heime no og relativt frisk, men ho kan ikkje gå ut enno, trur eg. Eg tok ein tur opp til henne såpass vi fekk prata oss litt tomme, både ho og eg. Vi fann ut at det skal vere feiring av Eldredagen komande tysdag på Kulturhuset. Ho kan ikkje gå, så eg må vel gå åleine då, men eg kjenner mange så det er ikkje problem. Har no godt av å komme meg ut i lag med "folk".
Det var fint og ryddig på plenen eit par dagar, men no har plommetreet kasta frå seg mykje lauv igjen, det tek visst aldri slutt- Det treet skal klippast ganske kraftig når eg får nokon til å hjelpe meg med det. Eg gjer mykje sjølv, men eg likar ikkje så godt motorsaga. I alle fall om ein må opp i høgda. Eg har mykje som skulle ha vore gjort før snøen og vinteren kjem, men det blir vel ei råd.
Eg har litt dårleg samvit for at eg har vore så lat i dag og ikkje vore ute, men eg skal prøve å vere flinkare i morgon. Då må eg i alle fall handle inn diverse matvarer, for no er det tomt både for det eine og det andre.
Eg synest at fredagane kjem veldig ofte, men eg vil ønske alle ei fin helg. Eg tenkte at eg kunne ta ein tur på Plantasjen for å sjå om dei har fått fram julepynten.
torsdag, oktober 10, 2024
Dagbok 2024: 10.oktober
Klokka er no 16.47, temperaturen ute er +8 grader C. I dag vakna eg opp til snø i fjella igjen, men så kom det sol også, så det vart fint. Eg hadde ikkje noko spesielt eg skulle gjere i dag, for eg har haustferie frå treninga. Derfor gjekk eg på Vernet først best. Det var fint der oppe også i dag,
Eg hadde ingen spesiell plan for dagen i dag, og det var bra, for rett som det var fekk eg besøk av to unge gutar, brødrene Eirik og Erlend kom hit i Amanda sin bil etter at dei hadde sett henne av i Volda. Ho skulle på "skule", men hunden hennar fekk vere med til Ørsta. Det var veldig kjekt å få besøk , eg hadde lite å by på i dag men eg hadde i ale fall kaffi om ikkje anna. Det er alltid kjekt å prate med barnebarna og få høyre kva dei driv med. Eirik har no jobb som musikklærar på ein skule i Trondheim, og han likar seg godt. Erlend bur no eigentleg her i huset mitt, men det er ikkje så ofte han eg innom meg. Han har hatt mange spelejobbar i seinare tid.
Det store kjøle-/fryseskapet som han har arva etter meg, er no heilt utbrukt, så eg har sagt at han kan få det vesle skapet som stod i vaskekjellaren, og det ville han ha no. Etter at dei hadde reist gjekk ned i kjellaren og greidde å få kjøleskapet ut åleine. Tanken var at Erlend og eg i lag skulle få det på plass. Men så kom eg på at Erlend sikkert blir hos Margrete i kveld, så då står eg der. Eg funderer på korleis eg skal få kjøleskapet bort til døra til kjellarleilegheita. Det er no verken stort eller tungt, men eg greier sjølvsagt ikkje å bere der. Så no er rådyra gode. I verste fall får det stå ute over natta, men då må eg pakke det inn. Det hadde vore ein god ide å tenkje før ein handlar.
Det er fint å sitte på ein benk på Fonnvernet og sjå dei kvite fjella i DalsfjordenP.S- Eg fekk kjøleskapet opp på ei plast- plate som eg hadde, og greidde å flytte det,så no står det under altanen ,utafor soveromsglaset til Erlend. Det gjeld å ikkje gi opp.
onsdag, oktober 09, 2024
Dagbok 2024: 9.oktober
Klokka er no 19.47, temperaturen ute på trappa er+7 grader, og vi har hatt ein dag med skyer og regn. Eg tok turen på Vernet først i dag; sjølv om det ikkje er så stålande ver så synest eg det er fint å komme ut i naturen, sjå haustfargar og alt anna som er rundt ein, små bekker og større elv m.m. Dette er slikt som eg etter kvart har blitt glad i.
Då eg kom heim frå turen, lessa eg inn tomme brusflasker i bilen og køyrde på butikken, der eg vart fri tomflaskene og fekk kjøpt det eg skulle ha. Det vart litt i dag også. Elles har eg rydda litt i huset etc. Eg laga svelerøre, for eg venta besøk av Solveig i dag. Middag vart det også, det var restar frå i går.
Eg set mykje framfor PC-en og ser og høyrer på "Reels and short videos" når eg har god tid, og så strikkar eg sjølvsagt - og ser TV. Solveig kom klokka 17, som avtalt, og hadde med seg ein fin blomst til meg, noko som alltid er kjærkome.
Eg er veldig glad i blomster men ikkje så flink å stelle dei, eg prøver å bli betre til det.
Kjekt å ha besøk av jentene, dei har no skulefri denne veka så då har dei litt ekstra tid.
No ser eg at Marit er komen heim att, så får vi håpe at ho blir så bra at vi kan finne på noko. Eg meinte det skulle vere Pensjonistmøte i oktober, så eg får sjekke avisa. Eg treng å komme meg ut blant folk av og til. I morgon skal eg ikkje på trening, då er det ferie der.
tirsdag, oktober 08, 2024
Dagbok 2024: 8.oktober
Utsikt frå trappa
Klokka er no 16.22,ute er det skodde og regn så det er godt eg fekk gjort litt i hagen i går, i dag er der ikkje verande.Eg sov dårleg sist natt, så no har eg sete og halvsove framfor tv-en ei stund. Eg har tatt inn avisa, men ikkje lese den enno, det er neste post på programmet.Sudokuen tok eg før eg la meg i går kveld.
I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit er framleis på sjukehuset, men vi har kontakt på nettet heile tida, slik vi brukar å ha når vi begge er heime. På heimvegen frå treninga var eg innom KIWI og handla , som vanleg, og då eg kom heim gjekk eg på Vernet slik eg plar. Men eg vart gåande å snufse heile tida, heilt til eg kom ned att på vegen. Ikkje så mange å sjå på Vernet i dag,men eg fekk no mosjonsrunda mi i alle fall.
Då eg kom heim att laga eg middag, i dag laga eg potetstappe og steikte pølser. Passa på å lage så mykje at eg har i morgon også. Det er litt kjedelig å lage mat berre til seg sjølv, men det går bra for eg har framleis ein glupande appetitt, slik eg alltid har hatt.
Eg sit og ser ut på all skodda, kvar kjem den frå? Litt sørgeleg at det vart så dårleg ver no når skuleborna og lærarane har haustferie. Håper naboane har det fint på cruise. Eg skulle også gjerne ha hatt litt meir tid i hagen, for eg er ikkje ferdig å rydde opp til vineteren enno, men eg håper at eg er ferdig å klippe plen.
Eg har ikkje noko interessant å berette no når eg stort sett berre går her heime, men eg er godt fornøgd med å ha det slik. Det er berre veret eg ikkje likar akkurat no.
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
















