torsdag, mai 11, 2023

Dagbok 2023: 11.mai


 Klokka er no 16.16, temperaturen ute er + 14 grader C, og akkurat no er det opplett. Det har regna litt før i dag.Bildet over viser Vikelva, som blir større for kvar dag, det er mykje snø som skal smelte i fjella.

I dag stod eg opp og gjorde meg klar til trening. Men eg har hatt eit problem nokre dagar (og netter) no, og det har vore halsen. Det virka som der var noko nede i svelget som ikkje skulle vere der, så eg har gått og småhosta i fleire dagar utan at det gav seg. Det einaste som hjelpte var å drikke noko kaldt. I dag etter at eg hadde gjort meg klar til å fare, vart det skikkeleg gale, eg hosta og hosta heilt til eg kasta opp. Men då vart det betre-om ikkje heilt bra. Eg bestemte meg for å bli heime, så Marit for åleine i dag. Men eg var ikkje sjuk, så eg tok ein tur på Vernet mens ho var vekke. Eg var heilt bra og hostefri ei stund, men heilt bra er eg ikkje enno. Eg trur eg fekk det på mandag, for då sat eg og åt nokre nøtter. Min teori går ut på at noko har blitt liggande i svelget-men eg veit ikkje heilt. Viss det går over no, så blir det fort gløymt.

Eg har ikkje gjort særleg mykje i dag, verken ute eller inne. Det har no regna litt av og til, men eg har ikkje utover gjødselen før Gudmund gjer det. Plenane er ikkje så stygge viss eg ser bort frå plenen rett nedanfor huset -der er det berre mose.Det einaste eg har gjort ute i dag er å flytte nokre bøtter med singel - frå kjellarinngangen og opp på tunet. Det gjer eg kvart år, for rimeleg nok flyttar singelen seg nedover når vi går der. Til middag i dag kokte eg risgraut, det gjer eg nesten ein gong i veka.

No på ettermiddagen tok eg ein tur ned på KIWI og handla diverse som eg trong. Eg synest at eg kjøper meir mat enn det eg et-merkeleg nok.

Eg snakka med Marit som hadde vore på trening  i dag. Der var så stilt i dag, sa ho. Skal tru kvifor?

No kan det kanskje bli rabarbrakake snart.?


No blomstrar tulipanane nedanfor garasjen, dei raude først, så kjem dei gule snart.


onsdag, mai 10, 2023

Dagbok 2023: 12.mai


 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er +15 grader og det er akkurat passeleg varmt når ein skal jobbe litt ute, for eksempel-

Sist natt sov eg lite og dårleg, eg veit ikkje kva som gjorde det,  kanskje virkar ikkje sovetablettane så godt lenger, men det er eit lite problem førebels.

Eg har mange jobbar å velje mellom her heime.I dag valde eg å begynne å ta bort eføy på murveggen til tilbygget. Eføyen trivast så godt at det blir reint for mykje. Eg tok berre eit lite stykke i dag, men eg heldt på i fleire timar,

Desse brune stammane skal vekk, så snart eg får dei lause frå veggen, eg har no saga dei av så dei ikkje har kontakt med rota lenger, så får vi sjå.

Same kor lite ein gjer i hagen så blir det mykje rusk som ein må få vekk. Før i gamle dagar tende vi opp eit bål og brende all slags rusk i hagen. No er det ikkje så enkelt lenger, men vi har VØR. Eg talde på knappane om eg skulle køyre bort i dag, eller vente til i morgon eventuelt. Det blei til at eg fylte opp bilen med 6 store,svarte sekkar og køyrde bort med det samme. Det blir vel slike turar nesten kvar veke heile sommaren. Og det var ikkje berre eg som leverte, der hadde vore mange før. Vi er no veldig glade her i nabolaget at vi har VØR, slik at vi kan bli kvitt rusk og rask på ein skikkeleg måte.

Då eg kom heim var klokka over 15, så eg tok like godt trimturen min med det samme, så no kan eg late meg resten av dagen/kvelden. Eg trefte ingen på Vernet i dag, men sat litt på nokre av benkane.
Naboen min var på EIK-sentret i dag, og han kjøpte gjødsel til meg også. Eg har ikkje klipt plenane oppe mot vegen, men det er no ikkje noko som hastar. Det blir ikkje gjort meir i dag, men kanskje eg lagar meg litt middagsmat. Eg har no nok å styre med både inne og ute, så eg slepp å kjede meg.






tirsdag, mai 09, 2023


                                                     Litt grønare for kvar dag

Klokka er no16.20, temperaturen ute er nydelege +17 grader, det er overskya, og ein og annan regndråpe dett ned.

I dag var det trening og eg køyrde. Etterpå hadde både Marit og eg ærend på Apoteket, så då vart det ein tur på ALTI, men så for vi heim att. Eg skulle ha handla litt, men fann ikkje att hugselappen, så det vart beine vegen heim.

Men eg hadde ein plan. Eg trong meir bensin til plenklipparen, så eg måtte på bensinstasjonen - like godt først som sist. Eg tok med to kanner  som eg fylte opp på Shell, og så fekk bilen sitt, så slepp eg å tenkje på fylling før det har gått ei stund.

På heimvegen handla eg litt på KIWI, men då eg fann hugselappen heime, hadde eg ikkje kjøpt det som stod der- ikkje alt i alle fall. Eg laga meg eit måltid av diverse som eg fann i kjøleskapet m.m. Det vart ikkkje direkte middag, men det får vere greit nok i dag. Eg er ikkje underernert. Eg såg gjennom avisa,sudokuen løyste eg før eg la meg i går.

Og så gjekk eg på Vernet. Det var nydeleg å vere ute i dag, og eg sat ei stund på kvar benk. Då eg kom til siste benken (Der eg to benker som står i lag der) kom ein mann som eg kjenner og sette seg i lag med meg, og vi prata om Ørsta og utviklinga som har vore i vår tid. Han er innfødt ørsting og eg kjenner kona hans.

No er eg heime att og skal kanskje få gjort noko ute i dag også. Plenklippinga får vente, men eg så mange løvetannrøter i plenen ovafor garasjen, så der har eg ein jobb.

Løvetann er ugras i plenen, men oppe på Vernet er det fint med dei kraftige gule blomstrane.



mandag, mai 08, 2023

Dagbok 2023: 8.mai Frigjeringsdagen

Klokka er no16.22, temperaturen er + 15 grader, det er skya, men stort sett opplett.

I dag hadde eg bestemt meg for å støvsuge teppegolva, så det vart gjort. Eg tenkte også at eg kunne begynne å slå plen, så eg sette startbatteriet på ladding. Men akkurat då eg skulle ha gått ut, begynte det å regne,ikkje så mykje, men ein kan aldri vite.....Eg tok og ringde til Bodil for å prate, og eg trur vi snakka i over ein time. Vi hadde mykje på hjartet begge to-. Då leid det så langt at det var tid for middag, og det var fort gjort å lage til .

Då eg hadde ete såg veret bra ut,og eg trur ikkje det var så mange dropar som hadde kome. Eg tenkte at eg i alle fall kunne prøve å starte klipparen, og så kunne eg eventuelt klippe så lenge eg hadde bensin.Det vart til at eg klipte rundt huset og heile skråninga. Det som står att er dei to små plenane opp mot gata. Det vart ikkje så fintklipt i dag , men eg fekk no vekk engkarsen, og då vart det finare. Elles er her ein del kantar etc. som eg må bruke kantklipparen på. Når finn att den rette, den som eg kjøpte i fjor. I tibygget er det rimeleg ryddig, men i garasjen er det full kaos. 

Før helga tok eg opp minst to store bøtter med løvetannrøter, men i dag var det fullt opp av blomstrande løvetann likevel. I morgon skal vi på trening, og så må eg kjøpe bensin på kannene mine- kanskje, for eg må no klippe plenane opp mot gata uansett. Eg trur eg sløyfer turen opp på Vernet i dag, for eg har fått bra med mosjon. Viss eg har meir energi, kan eg no ta opp fleire løvetann-røter.
 


søndag, mai 07, 2023

Dagbok 2023: 7.mai


 Klokka er no 17.17, temperaturen er +15 grader, sola skin og himmelen er blå. Men i morgon skal det vere regn, seier PC-en min. Eg prøver å nyte sola og fineveret så mykje eg kan. No kom eg rett inn frå altanen der eg har lagt på solsenga sidan middag-ein kan ikkje vere altfor fornuftig slike dagar, det er ikkje SÅ mange av dei-

På føremiddagen sat eg os strikka og såg Tv til gudstenesta var over, då gjekk eg på Vernet. Der var ikkje mykje folk i dag, så eg fekk sitte litt og nyte sola på mange av benkane. Der var ingen eg kjende i dag.

 Då eg kom heim att var klokka så mykje at eg begynte å tenke på middagen. I dag vart det steikt ørret, som vanleg, med poteter, grønsaker etc. Det vanka også ein porsjon med is til dessert. Etterpå angra eg på at eg hadde ete for mykje. Og eg var for mett til å gjere noko anna enn å sole meg. I fjor trur eg knapt at eg brukte solsenga,  men til no i år har eg alt brukt den fleire gonger.

Eg hadde noko eg skulle gjere i dag, men veit ikkje kva det blir til. I morgon ville eg klippe plen, men viss det blir regn får eg ikkje gjort det.

Eg tenkte at plommetreet ville blomstre i dag, men det er ikkje heilt klart, Bjørkene og lerketrea oppe ved Vernet vert grønare for kvar dag. Det hastar litt no, skal det bli skikkeleg fint til 17.mai.

Eg ser der er ymse ting eg skulle ha gjort i hagen først best før det blir for seint, så eg treng eigentleg eit par fineversdagar.Eg har tatt opp ei mengde med løvetannrøter siste par dagane, men no ser eg gule flekkar i plenen over alt





lørdag, mai 06, 2023

Dagbok 2023: 6.mai


Klokka er no 18.18. Temperaturen ute er +15  grader.  Det har vore nydeleg ver i dag også, men ut på ettermiddagen kom det nokre skyer, som er nesten vekke no. Oppe i hovudet mitt har det vore sundag i dag, endå eg veit godt at det er laurdag.

Etter frokost etc. i dag, vaska eg håret og rulla det opp for å få litt skikk på det. Eg hadde bestemt meg for å gå turen på Vernet før eg starta med hagearbeid. Men eg måtte sjå nyheitene først og der tabba eg meg ut. For der var det kroning av ny konge i England, og det måtte eg no berre få med meg. Eg som har sett all verdas seriar om det engelske kongehuset måtte no berre ha med meg dette. 

Så eg tok fram strikketøyet og strikka i  veg, mens Charles vart både krona og salva. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på at då eg var på hans alder hadde eg vore pensjonist i 11 år. Han virka litt puslete, men vil han vere konge, så skal ikkje eg nekte han det. Tre timar sat eg og følgde med på kroninga og strikka ferdig ein lest og festa trådar på to. Og så gjekk eg på Vernet. Då eg kom ned att var Marit ute med hunden så då måtte eg prate litt med dei. 

Eg skulle lage middag til meg sjølv, men utsette det til kvelden og tok eit par brødskiver så lenge. Då vart eg plutseleg så trøtt at eg måtte legge meg ut på solsenga og kvile litt, men vart ikkje liggande så lenge sidan det skya til litt. 

Det har ikkje blitt hagearbeid på meg i dag, og ikkje veit eg kva eg skulle ha gjort heller. Gartnaren heime sa alltid at ein ikkje skulle plante noko før 17.mai. Men eg kunne no kanskje ha klipt plenen? 

Eg har vurdert å kjøpe robotklippar så eg gjekk inn på nettet for å sjekke prisar etc. Og når eg sat her attmed maskina, kunne eg like godt skrive på bloggen. Slik kan ein surre vekk ein heil dag. Men jobbane mine forsvinner ikkje.

I dag er det to i slekta som fyller år. Det er Stein Inge på Eid som fyller 54 år og Lise i Stryn som er 71. Viss eg har rekna rett.

No får eg vel prøve å finne meg litt middagsmat til kvelds. Men så blir det visst nyheiter igjen-og då blir det vel reprise på kongekroninga. TV-en styrer visst mykje av tida mi, men veldig kjekk å ha når ein bur åleine.



fredag, mai 05, 2023

Dagbok 2023: 5.mai


 Klokka er no18.50, temperaturen ute er+ 13 grader C, og det har neppe vore ei sky på himmelen i dag.

Eg hadde rimeleg plan for dagen og starta med fredagsvask, Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet, der eg ikkje møtte nokon som eg kjende i dag. Då var klokka blitt så mykje at det passa å ete middag. Eg hadde noko risgraut ståande som eg tok, og med litt spekepølse ved sidan av , var det heilt greitt. 

Eg hadde i grunnen store planar om hagearbeid i dag, men først ville eg slappe av og tok Møre-Nytt med meg ut på solsenga. Der var det varmt og godt i dag, så eg vart liggande å sløve ei stund, Møre-Nytt måtte eg lese etterpå. Sudokuen tok eg i går kveld.

Dagen var nesten over før eg kom meg ut i hagen. Eg fekk ikkje gjort så mykje, men tok i alle fall opp ei heil bøtte med løvetannrøter i dag også. Og enno er eg ikkje begynt ovafor huset, De er mykje å gjere i hagen i år, og eg veit ikkje kor mykje eg greier, men trur det går bra.

No skal eg kose meg med TV og strikketøy, har ikkje hatt på TV-en i dag.

Som sagt; fredagane kjem ofte, og no vil eg ønske alle ei fin helg. Held veret seg så kan det bli kjempefint.



Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...