søndag, mai 07, 2023

Dagbok 2023: 7.mai


 Klokka er no 17.17, temperaturen er +15 grader, sola skin og himmelen er blå. Men i morgon skal det vere regn, seier PC-en min. Eg prøver å nyte sola og fineveret så mykje eg kan. No kom eg rett inn frå altanen der eg har lagt på solsenga sidan middag-ein kan ikkje vere altfor fornuftig slike dagar, det er ikkje SÅ mange av dei-

På føremiddagen sat eg os strikka og såg Tv til gudstenesta var over, då gjekk eg på Vernet. Der var ikkje mykje folk i dag, så eg fekk sitte litt og nyte sola på mange av benkane. Der var ingen eg kjende i dag.

 Då eg kom heim att var klokka så mykje at eg begynte å tenke på middagen. I dag vart det steikt ørret, som vanleg, med poteter, grønsaker etc. Det vanka også ein porsjon med is til dessert. Etterpå angra eg på at eg hadde ete for mykje. Og eg var for mett til å gjere noko anna enn å sole meg. I fjor trur eg knapt at eg brukte solsenga,  men til no i år har eg alt brukt den fleire gonger.

Eg hadde noko eg skulle gjere i dag, men veit ikkje kva det blir til. I morgon ville eg klippe plen, men viss det blir regn får eg ikkje gjort det.

Eg tenkte at plommetreet ville blomstre i dag, men det er ikkje heilt klart, Bjørkene og lerketrea oppe ved Vernet vert grønare for kvar dag. Det hastar litt no, skal det bli skikkeleg fint til 17.mai.

Eg ser der er ymse ting eg skulle ha gjort i hagen først best før det blir for seint, så eg treng eigentleg eit par fineversdagar.Eg har tatt opp ei mengde med løvetannrøter siste par dagane, men no ser eg gule flekkar i plenen over alt





lørdag, mai 06, 2023

Dagbok 2023: 6.mai


Klokka er no 18.18. Temperaturen ute er +15  grader.  Det har vore nydeleg ver i dag også, men ut på ettermiddagen kom det nokre skyer, som er nesten vekke no. Oppe i hovudet mitt har det vore sundag i dag, endå eg veit godt at det er laurdag.

Etter frokost etc. i dag, vaska eg håret og rulla det opp for å få litt skikk på det. Eg hadde bestemt meg for å gå turen på Vernet før eg starta med hagearbeid. Men eg måtte sjå nyheitene først og der tabba eg meg ut. For der var det kroning av ny konge i England, og det måtte eg no berre få med meg. Eg som har sett all verdas seriar om det engelske kongehuset måtte no berre ha med meg dette. 

Så eg tok fram strikketøyet og strikka i  veg, mens Charles vart både krona og salva. Eg kunne ikkje la vere å tenkje på at då eg var på hans alder hadde eg vore pensjonist i 11 år. Han virka litt puslete, men vil han vere konge, så skal ikkje eg nekte han det. Tre timar sat eg og følgde med på kroninga og strikka ferdig ein lest og festa trådar på to. Og så gjekk eg på Vernet. Då eg kom ned att var Marit ute med hunden så då måtte eg prate litt med dei. 

Eg skulle lage middag til meg sjølv, men utsette det til kvelden og tok eit par brødskiver så lenge. Då vart eg plutseleg så trøtt at eg måtte legge meg ut på solsenga og kvile litt, men vart ikkje liggande så lenge sidan det skya til litt. 

Det har ikkje blitt hagearbeid på meg i dag, og ikkje veit eg kva eg skulle ha gjort heller. Gartnaren heime sa alltid at ein ikkje skulle plante noko før 17.mai. Men eg kunne no kanskje ha klipt plenen? 

Eg har vurdert å kjøpe robotklippar så eg gjekk inn på nettet for å sjekke prisar etc. Og når eg sat her attmed maskina, kunne eg like godt skrive på bloggen. Slik kan ein surre vekk ein heil dag. Men jobbane mine forsvinner ikkje.

I dag er det to i slekta som fyller år. Det er Stein Inge på Eid som fyller 54 år og Lise i Stryn som er 71. Viss eg har rekna rett.

No får eg vel prøve å finne meg litt middagsmat til kvelds. Men så blir det visst nyheiter igjen-og då blir det vel reprise på kongekroninga. TV-en styrer visst mykje av tida mi, men veldig kjekk å ha når ein bur åleine.



fredag, mai 05, 2023

Dagbok 2023: 5.mai


 Klokka er no18.50, temperaturen ute er+ 13 grader C, og det har neppe vore ei sky på himmelen i dag.

Eg hadde rimeleg plan for dagen og starta med fredagsvask, Etterpå gjekk eg ein tur på Vernet, der eg ikkje møtte nokon som eg kjende i dag. Då var klokka blitt så mykje at det passa å ete middag. Eg hadde noko risgraut ståande som eg tok, og med litt spekepølse ved sidan av , var det heilt greitt. 

Eg hadde i grunnen store planar om hagearbeid i dag, men først ville eg slappe av og tok Møre-Nytt med meg ut på solsenga. Der var det varmt og godt i dag, så eg vart liggande å sløve ei stund, Møre-Nytt måtte eg lese etterpå. Sudokuen tok eg i går kveld.

Dagen var nesten over før eg kom meg ut i hagen. Eg fekk ikkje gjort så mykje, men tok i alle fall opp ei heil bøtte med løvetannrøter i dag også. Og enno er eg ikkje begynt ovafor huset, De er mykje å gjere i hagen i år, og eg veit ikkje kor mykje eg greier, men trur det går bra.

No skal eg kose meg med TV og strikketøy, har ikkje hatt på TV-en i dag.

Som sagt; fredagane kjem ofte, og no vil eg ønske alle ei fin helg. Held veret seg så kan det bli kjempefint.



torsdag, mai 04, 2023

Dagbok 2023: 4.mai

                                                      Utsikt frå rasteplassen på Vernet.

Klokka er no 18.12, temperaturen ute er + 10 grader og det har vore sol frå skyfri himmel i heile dag. Men vi måtte likevel passe på treninga vår, frå 10-11.

Etterpå hadde vi nokre ærend og så handla vi på KIWI på heimvegen. Eg ville gå trimturen min mens eg hadde høvelege klede på meg. Det var fint på Vernet i dag, og eg sette meg ned på alle benkane på vegen rundt, ikkje for å kvile, men for å nyte sola. Siste biten gjekk eg i lag med ei "venninne" som nådde meg att.

I dag var det grønsakmiddag -eg brukar som regel å ha det ein dag i veka. Det er sunt og godt.Eg måtte kvile meg ei lita stund og drikke kaffi før eg kom meg ut for å gjere hagearbeid. Eg er ikkje den arbeidsmauren som eg var før, eg likar å jobbe, men må ta pause ofte for å rette opp ryggen.

Eg klipte ned rosebuskene,  dei såg ikkje så veldig trivelege ut men det er tidleg på våren enno. Her er jobbar nok å velje mellom, og alt får ein ikkje gjort på ein dag, men eg fekk tatt opp ei stor bøtte med løvetannrøter , etter at eg hadde tømt den , tok eg opp nesten ei halv bøtte til. Men problemet i år er ikkje løvetann, men Engkarse. Heile plenen er full og ikkje berre her hos meg.Overalt tek den over. Det hadde kanskje hjelpt litt å fare over med klipparen , men eg veit ikkje om det er tørt nok.

Kvilestolar har eg plassert rundt omkring, dei er gode å ha for ryggen sin del. Bøtta er full av løvetannrøter.

I beddet nedanfor garasjen,plantar eg diverse som eg har fått i gåve, men eg veit ikkje kvifor der er så mange tulipanar. Der er to roser, men eg veit ikkje om dei kjem att i år.Der er to mørke flekker nedanfor beddet, det er fordi eg har klipt av buskene det som låg over kanten. Eg gler meg til tulipanane sprett ut. Synd at så få ser dei, der dei står.

Eg har mykje å gjere i hagen no framover, eg må gjødsle først og fremst-naboen har heller ikkje gjødsla enno, men han har mykje finare plen.

Det er utruleg at det har gått enda ei veke av våren-i morgon er det fredag igjen.

Eg må ta meg ein dag til å rive vekk eføy, for den er skikkeleg stygg-  det er eksta festlig fordi eg er allergisk mot den planten. Den kvite toppen på garasjetaket er ikkje snø-men Vallahornet.

onsdag, mai 03, 2023

Dagbok 2023: 3.mai


 Klokka er no 16.36, temperaturen ute er+ 10 grader C. Det er lettsky, opplett og nokså fint- Eg har nettopp vore ein tur på Vernet, eg var ikkje så lett å foten som ein dag før, det var vel fordi eg hadde ete graut før eg gjekk ut..

I dag hadde eg heimedag, og hadde tenkt å få gjort mykje i huset. Det vart ikkje så mykje som eg hadde tenkt,nei. Eg tok meg no av klesvasken min, både den tørre og det som vart vaska i dag. Prøvde å rydde litt her og der men etter ørten turar ned kjellartrappa og opp att, vart eg lei og fann ut at det var betre å bake brød, så det gjorde eg.

 Eg har ikkje smakt dei enno, det får eg ikkje lov til før det er på tide med kveldsmat. Eg hadde tenkt å begynne på eit nytt og betre liv i matvegen, men så vart det besøk i heimen og på kafé. Og i går hadde eg restar-. Det er på tide å komme i gang og klippe plenar, såpass eg får brukt opp nokre kaloriar. Apropos plen så er det fullt av blomsterstilkar på min. Naboen har fjerna mykje av sine, men han har heller ikkje gjødsla enno. Eg plar rådføre meg med han når det gjeld plen. Eg hugsar frå åra før, då har eg klipt plenen 2 gonger før 17.mai, dei fleste åra.

No skin sola her, så håper eg på finever i morgon. Då skal eg på trerning, men de sluttar klokka 11, så då er det mykje att av dagen.


tirsdag, mai 02, 2023

Dagbok 2023: 2.mai


Klokka er no 17.07,temperaturen ute er+10 grader og akkurat no skin sola inn vinduet her. Tidlegare i dag har det regna.

I dag tidleg var det berre å stå opp og gjere seg klar til trening. Marit ville køyre i dag, for ho skulle på Plantasjen etterpå. Eg vart med henne på Plantasjen og der var det mykje fint å sjå. Eg lurer på om dei kan få selt alt her i Ørsta/Volda. Det var Marit som skulle handle, i dag skulle eg berre sjå meg om og sjekke prisar etc. Ein ting er opplagt: Plantar blomster, mold og gjødsel m.m. er dyrare enn før. Eg har ikkje kjøpt gjødsel til plenen enno, eg brukar å kjøpe den på EIK-senteret. Kva eg gjer i år, veit eg ikkje enno.
Då eg kom heim att bytta eg på meg andre sko, og så gjekk eg tur på Vernet. Eg var komen berre eit lite stykke ut gjennom gata, så kom regnet. Men eg ville ikkje snu, så eg tok heile runden, og då eg kom heim var eg våt til skinnet. Så det var berre å få på seg tørre klede før eg år middag, som var restar frå sundag. Etterpå sette eg meg inn for å sjå nyheiter, og der vart eg sittande lenge og vel. Men no er eg oppe og går igjen, har sett på vaskemaskina, så ordnar det seg med klesvask.
Eg lengtar etter å få komme ut i hagen og jobbe litt der, så veldig mykje blir det nok ikkje, men her er nok å ta tak i. Og andre jobbar ligg også på vent. Så eg treng litt fint ver og opplett.

I dag fyller "Mellombror" på Kongsberg 17 år. Eg ser Kongsberg-gutane så altfor sjeldan, så vi blir ikkje så godt kjende. Vebjørn bur heime enno og går på vidaregåande.
GRATULERER MED DAGEN VEBJØRN!

mandag, mai 01, 2023

Dagbok 2023: 1.mai


 
Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 5 grader. Vi har hatt ein sur og kald dag, men akkurat no kom sola fram, det hender ho kjem fram på sein ettermiddag.
Flagget vart i heist i gry-otta i dag, men 9-tida går no også an.
Eg hadde tenkt å stå opp tidleg i dag, for å få vaska og tørka håret i god tid før eg skulle til Volda. Men for ein gongs skuld sov eg godt til klokka nærma seg 9.  Eg kom meg likevel til Volda til rett tid.
Eg køyrde opptil det nymåla   Samfunnshuset , og det varte ikkje lenge før Margrete og Amanda dukka opp, dei hadde med seg bilen over på ferja. Det var vi tre; tre generasjonar, som representerte Trovåg-familien i dag. Vi har ofte vore ein heil flokk rundt bordet på Samfunnshuset på 1. mai arrangementet. Eg kjende ikkje mange der i dag, men såg no at eit par frå Ørsta også var der.


I dag vart det eit veldig fint møte, med gode talarar og fin musikk. Arrangementet er for både AP, SV og Rødt, og alle partia hadde gode talarar. 
Men eg må berre innrømme at i dag slo representanten frå RØDT alle andre talarar eg har høyrt. Anten ein var samd med han eller ikkje , så heldt han ein tale som stod til karakteren 6. Talen var innhaldsrik, interessamt og flott framført, han snubla ikkje i eitt ord. Eg har aldri høyrt maken. Eg meiner han var frå Kragerø, og har sikkert  halde talen fleire gonger før, for han såg nesten ikkje på papira sine. 
AP og SV hadde også gode talarar. Til slutt var det ein mann frå Sudan, som fortalde frå landet sitt. Han snakka norsk, for han har budd mange år i Volda og har høg utdanning, men eg sleit litt med å forstå kva han sa. Eg hadde ikkje høyreapparat med meg, og eg veit ikkje om det hadde vore hjelp i det.
Det var ei flott samkome i dag, og varaordføraren i Volda var "programleiar.




Vi tre jentene bestemte oss for å ikkje ete kake på møtet for vi skulle på Kinarestauranten etterpå. Og i dag kom vi ikkje til stengde dører. Margrete og eg åt det samme, men Amanda ville ha noko anna. Det var store porsjonar, men vi greidde å ete opp alt.
Så var det berre å køyre heim att. Eg vurderte å stikke oppom Plantasjen, men slo det frå meg.Eg må i alle fall bort når det blir temperaturar til å vere ute.

I dag fyller søskenbarnet mitt, Kjell 81år. Besta og besten i Innvik hadde berre 4 barnebarn, og eg var einaste jenta. Og derfor fekk eg heilt frå barnsbein inntrykk av det var noko stort å vere jente. Eldste guten var to år eldre enn eg , så kom Svein, bror min, og til slutt Kjell. Ofte slo dei tre gutane seg saman og skulle erte og plage meg, og eg lærte fort å ta igjen. Men uvenner var vi vel aldri. Siste krigsvinteren budde mamma, bror min og eg i Innvik hos foreldra til mamma og bror hennar med familie. (Tyskarane hadde tatt huset vi budde i) Og der var det eg måtte kjempe mot overmakta.
Gratulerer med dagen Kjell.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...