torsdag, april 20, 2023

Dagbok 2023:20-april


 Klokka er no + 16 grader C og det har vore endå ein nydeleg dag. Det har vore herlege dagar, og vi tek enda imot fleire slike. Men eg har faktisk observert ar det er veldig tørt mange stader, så jorda treng kanskje regn snart,

I dag var vi på trening igjen og etter treninga handla Marit og eg litt på KIWI. Då eg kom heim vurderte eg å ta ein tur på vernet, men så bestemte eg meg for heller å lage ein skikkeleg middag til meg sjølv, det er ei stund sidag sist. 

Eg bestemte meg for spekesild og laga i stand mykje godt til å ha attåt. Men då eg smakte silda var den alt anna enn god, den var rett og slett ramsalt. Då las eg på posen:Vannes i 2til 5 timer før bruk. Det var ikkje slik sild som den eg har kjøpt før, men eg åt den likevel, og sidan har eg DRUKKE:Brusen er det slutt på no, så det går i juleøl utan alkohol, eplejus og til og med vatn. 

Eg kom meg ikkje på Vernet men eg begynte å rydde i jordbæråkeren. Det er ikkje sikkerat eg kjem i mål, for eg er ikkje så kvikk lenger. Men eg likar no å styre på .  Nedanfor garasjen har eg eit bed der eg har planta tre små busker, men så har eg sett ned løkane der når eg har fått eller kjøpt løkblomster i potter, så no kjem der opp litt av kvart, raude tulipanar fann eg i dag, og påskeliljer og blå perleblomster. 

Eg må bort på Plantasjen og kjøpe diverse mold m.m.Det er vel litt tidleg å plante så mykje, vi blir kanskje lurt av det fine veret.Eg har no vaska og hengt opp kassane utanfor kjøkenglasa, men har ikkje bestemt kva eg skal ha der i år.

I kveld får eg vel hente ut ein vanskeleg sudoku frå avisa som kjem i postkassa i morgon.


onsdag, april 19, 2023

Dagbok 2023: 19.april


 Klokka er no19.05, temperaturen ute er + 15 grader C, og det har ikkje vore ei sky på himmelen i heile dag.

I dag sov eg til klokka var 8 og då stod eg opp. I går hadde eg lova meg sjølv at det første eg skulle gjere i dag var å vaske og rydde i kjøleskapet. Og det gjorde eg. 

Marit og eg avtalte å gå på gravplassen og vatne og det gjorde vi, og eg trur det var bra,for sola skin så det tørkar opp lett.

Så gjekk eg ein tur på Vernet og sat på alle benkane og sola meg for å vere mest muleg ute.. 

Då eg kom heim tok eg meg litt mat før eg begynte å shine meg opp til pensjonistmøtet. Eg greidde å få håret nokonlunde bra i dag. Og fleire sa at eg var fin.Men det varer ikkje lenge.

Pensjonistmøtet var på Røde Kors-huset denne gongen. Det som var litt irriterande var at der var dårleg lydanlegg, og at eg hadde gløymt å ta på meg høyreapparat.

Rigmor var der og fortalde om det ho har skrive bok om. Eg fekk boka i gåve av henne i for på denne tid, så eg kan no lese den om att.

Det var to unge damer som spelte nydeleg musikk på piano og fløyte.Musikken fekk meg til å tenke på Irland, og det var vel ikkje så rart?

Eli snakka om pensjonistturen 30.juni-1.juli til Moldetraktene og Sunndalsøra, men eg har ikkje greidd å bestemme meg, så det blir ikkje tur på meg i år heller. Marit skal heller ikkje vere med, for ho skal i bryllaup i Polen seinare på sommaren.

Vi fekk noko godt å ete i dag, noko som dei lagar på ASKO. Det var ei slik mjuk "lefse" med godt fyll.

Etter at eg kom heim tørka eg støv inne i bilen og spylte den litt utanpå. Sola skin framleis, men her oppe på bøen varer det ikkje så lenge no.

Då deg skulle finne noko å ha på meg i dag, såg eg at det var manko på sommarklede generelt, så Marit og eg vurderer ein tur på Aandahls.


Her vurderer eg å plante noko, det vart litt snautt etter at Rasmus saga ned grana i fjor. Ja, det var no eg som ville ha den vekk, då.Eg tenkte på ein Rhododendron øvst oppe der er to rhododenron frå før.


tirsdag, april 18, 2023

Dagbok 2023: 18.april


 Klokka er no17.46, temperaturen ute på trappa er + 16 grader, og det har vore sol frå morgon til kveld. Når eg står tidleg opp, som i dag, er det ikkje sol her hos meg, men på Melle og sørsida av fjorden er det sol. Det er litt bakvendt, men det er fjella som bestemmer.

I dag var det trening, og etter treninga var vi på handlerunde, Marit og eg . Vi var heilt bort i Furene før vi fann det vi ville ha. Men vi handla litt på SPAR også.

I dag er det 5 år sidan Nils døde, og eg ville fram på grava med blomster -i går tok eg heim dei som var der då. Eg fekk planta dei nye, men sidan dei ikkje har sett på vatnet der borte, må eg kanskje fram og vatne i morgon. Vi for heimanfrå i dag kl-9.40 og klokka vart nesten 16 før eg fekk slappa av. Eg åt litt og la meg ut på solsenga og eg trur eg sov litt.

No har eg vore ute og prata med naboane i aust, dei var flittige og flinke og har snart alt på stell. Det har ikkje eg, men det er no enno tidleg vår.

Eg gjekk ikkje på Vernet i går og eg har ikkje gått der i dag heller, tenkte å spare knea mine litt. I morgon er det pensjonistmøte på Røde Kors-huset, der har vi aldri hatt møte før.

Det er som eit under på jord å få desse fine dagane no. Vi trong litt godver etter ein mørk vinter.

Eg skulle vel ha gjort litt meir ute, men det er ikkje så mykje eg KAN gjere enno.

mandag, april 17, 2023

Dagbok 2023: 17.april


 Klokka er no 17.3, temperaturen på trappa er +15-16 grader C. Det har vore ein utruleg fin dag, reine sommardagen, spør du meg.

Eg vakna tidleg, som vanleg, men i dag var eg så låk i venstre foten at eg måtte berre stå opp og komme i bevegelse, for det hjelper.

Eg hadde ikkje plan for dagen, men på denne tida av året er det lett å finne oppgåver. Eg var mest muleg ute,  reinska ugras, tok opp løvetannrøter etc.etc. Det er ikkje så gale i hagen i år, likevel er det mykje som står på vent. Eg fekk gjort diverse ting inne også. Eg skulle ta vaksine kl.15, så eg heldt meg heime til den tid. 

Eg var mellom dei første som kom på Helsehuset, derfor fann eg parkeringsplass og slapp å stå så lenge i kø, trur ikkje det var stort meir enn 10 som kom før meg i køen. Då eg kom ut att frå vaksineringa var køen så lang som eit vondt år. Eg  hadde fått beskjed om å sitte i ro i 20 minutt. Det har eg fått på alle vaksineringane, men eg har aldri sete tida ut. Der var fullt overalt, så eg tenkte at eg like godt kunne sette meg ut i bilen- og sitte der i 20 minutt? Nei, eg fekk no rygge bilen så den stod rette vegen, og då kunne eg like godt køyre ned på ALTI og sitte der og vente. Det blei ingen ventepause på meg nei, eg gjorde ferdig ærenda mine, og så køyrde eg heim. Der var veldig mykje trafikk akkurat då, men alt gjekk bra. Det var mi 5. sprøyte mot Koronaen. Marit fekk si 6. Ho hadde eit anna ærend, derfor køyrde vi ikkje i lag. Men i morgon er det trening, og då skal eg køyre begge.

Eg hadde tenkt meg ein tur fram på grava i morgon, for då er det 5 år sidan Nils døde. På heimvegen stakk eg bort og ville sjå kor det stod til med blomstrane. Dei var nesten visna, eg har ikkje tenkt over at det har vore så mykje opplett. Eg skulle vatne blomstrane, men dei hadde ikkje skrudd på vatnet enno, så eg måtte ta blomstrane med heim. Kanskje kan dei vere her  viss eg får tak i noko som eg kan plante i jorda der framme- Får sjå i morgon.

Eg har drive og skrapa på malinga på altanrekkverket. Eg hugsar at vi ein gong i tida hadde eit verktøy som vi kunne få vekk maling etc. med. Det vart øydelagt, men det går vel an å kjøpe eit nytt. Eg var oppom Clas i dag men spurde ikkje der, må vel på Jernia.

I dag har eg ikkje gått på Vernet, eg tenkte å spare foten min, men no har eg veldig lyst å gå tur. Kanskje ein tur i hagen?




Dei kviknar til-stemødrene, men eg trur eg vil ha dei her heime og finne noko anna til grava.

søndag, april 16, 2023

Dagbok 2023: 16.april



 
                                                                           Akkurat no

Klokka er no 18.32. Temperaturen ute er + 14 grader C og vi har hatt sol i heile dag. Eg stod opp klokka 8 og alt då var det strålande sol. Vi får nyte desse dagane så godt vi kan, det er ikkje sikkert kor lenge dette veret  varer.

Eg har hatt ein roleg dag, men eg kan ikkje seie "kjedelig" no når det er så fint.

Som vanleg såg eg gudstenesta på TV, i dag strikka er ikkje så mykje, men fekk bøtt ein lest.

Elles sette eg på vaskemaskina før er shina meg opp ,dusja og vaska håret. Rulla det opp, men heller ikkje det hjelper noko særleg, så det blir å vasskjemme seg innimellom.-

Eg hadde så mykje melk som var nesten ute på dato, så eg sette i gang å koke graut. Etter ei stund gjekk eg tur på Vernet, men det vart ikkje kjekt i dag. For med det same eg kom opp begynte eg å lure på om eg hadde slått av plata på komfyren. Eg såg for meg at grauten stod og kokte utover heile omnen etc. Eg tenkte på å ringe til Marit og be henne gå ned og sjå etter, men eg satsa på å gå fort og komme fort heim. 

Der var sjølvsagt alt i orden, plata var av og grauten var berga. Så sette eg plata på fullt og kokte ferdig- men då sveid den litt ned i botnen. Eg likar ikkje svidd graut, men viss eg let att augene , så smakar det heilt O K. Eg hadde tre sortar med spekepølser og mikrokokte poteter til for-rett.

Elles har eg vaska ei maskin med klede og ei maskin med dekketøy etc. Og så har eg leita fram ein del klede som er brukbare, men ikkje av meg. Dei skal eg gi til Frelsesarmeen, så får eg litt betre plass i skuffer og skap-og så kan eg kanskje kjøpe meg noko nytt. Det er ikkje ofte eg handlar klede no for tida- så det er vel på tide å skaffe seg noko som er nytt av året.

Elles tok eg meg ei stund på solsenga med lydbok-eg er ikkje heilt sikker på om eg sovna eller ikkje.

I morgon skal eg ikkje på trening, men må nedover likevel, for no skal eg få den 5.vaksinesprøyta -og det er nede på Helsehuset, ved sidan av Legesenteret. Vi var der i fjor vår også.Det er ope kl.15-17.

Sist haust fekk vi nokre fine dagar, då eg rydda opp i hagen. Det er kjekt no, at eg slepp å gjere så mykje i første omgang. Eg har eit epletre som skulle ha vore saga ein del av, men det gjer eg ikkje sjølv. Sist gong det vart saga , var det Audun som gjorde det. Epletre kan ein sage kor tid som helst på året.



lørdag, april 15, 2023

Dagbok 2023: 15.april


"Opp, jeg vil opp, sa rabarbraknupp"
Det var eit dikt i ein ABC som begynte slik.

Klokka er no17.42, temperaturen ute er + 13 grader C, det er skya, men opplett. Før i dag var det sol. Eg vakna tidleg i dag, men stod ikkje opp med ein gong. Eg hadde god tid etter frokost for eg hadde ikkje planer om noko idag. Så endeleg kom eg i mål med sudokuen som eg begynte på torsdag kveld. 

Eg gjorde ein liten avtale med Marit om at ho skulle komme ned og drikke kaffi med meg litt seinare-og så gjekk eg ein tur på Vernet. Ikkje mange som var der så tidleg på dag. I dag har det vore sundag oppe i hovudet mitt-for eg har ikkje vore på butikk.

Då eg kom heim kokte eg kaffi og fann fram gulrotkake, og så hadde Marit og eg ei god pratestund.

Då eg vart att her åleine, var eg litt i tvil om eg kunne ta helg, eller om det var noko eg kunne utrette. Eg slapp å tenkje lenge for eg kom på ein heil dunge med nedsaga greiner og stammar som har lege under altanen sidan sist haust. Kanskje eg kunne prøve å sage litt for å teste ut den fine sagkrakken. 

Eg saga inne i tilbygget for der er støypt golv som gjer det lett å koste opp og få det ryddig. Eg har tre handsager, kjøpt på Clas, og den tredje var det enno litt bit i. Og bråkk kjende eg at eg fekk att arbeidsgleda, så det vart til at eg saga opp alt saman og rydda opp etter meg både inne og ute. Det vart ei stor pappkasse + ein liten sekk med ved.


                                           Og ute blei det ryddig.

Det var god hjelp i å ha sagkrakk, før har eg brukt ein øydelagd plast-stol.
No kom eg på at eg ikkje har laga middag i dag, men eg finn sikker eit kvar i ein av fryserane mine.
GOD HELG






I dag fyller denne kjekke unge mannen 26 år-og eg er så heldig at eg er mormora hans.
GRATULERER MED DAGEN,EIRIK.

fredag, april 14, 2023

Dagbok 2023: 14.mars


 Klokka er no16.45. Temperaturen ute er + 17 grader og eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet. Det er ein nydeleg dag her i dag, nesten som sommar.

Eg var ute tidleg på føremiddagen, då klipte vi litt av hekken vår, Marit U og eg. Eg vart ferdig med fredagsvasken til Einar kom innom ein tur etter klokka 12.Vi drakk kaffi og åt litt. Han hadde to saker han skulle skrive om, ei i Ørsta og ei i Volda.Så kom han hit i pausen

Resten av dagen har eg ikkje gjort noko særleg, berre prøvd å komme i land med sudokuen som er i dagens Møre Nytt.

Det gjorde godt med ein liten mosjonsrunde.

Her heime gleder eg meg over dei fine vårblomstrane, godt for dei også at dei ikkje blir øydelagde av regn og anna dårleg ver. Eg har ingen planar for helga, men finn vel på noko.

Eg har slått opp og funne namnet på desse blomstrane, men hugsar det aldri heilt sikket. Det kan vere russeblåstjerne , eller Sibir.... Eg har aldri kjøpt eller planta løkane, så dei kjem vel frå ein annan hage. Plenen opp mot vegen brukar å vere heilt blå, og no har mange lurt seg ned i beddet også.

 Her er det scilla og blåstjerner i god blanding.Ser ut som der kjem tulipanar også. Løvetennene er ikkje komne så langt, men eg får nok snart nok å gjere med å ta dei opp med røtene.

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Håper det fine veret varer.





Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...