onsdag, mars 23, 2022

Dagbok 2022: 23.mars

                                                 Hestehov

Den tida eg budde på Eid hadde eg ikkje sett hestehov anna enn på bilde.Eg trur ikkje der var slike blomster der- for eg vart ikkje kjend med denne sorten før eg kom til Ørsta- I dag såg eg årets første på vegkanten på Hauagjerdet då eg gjekk heimover.

Dette har vore ein rar dag, ikkje noko har vore heilt normalt. For det første har eg vore heilt utan bil, så eg gjekk ned til Bakk-Ola då klokka var vel 10, men eg kom no fram i god tid. Det var nest siste spansktimen før sommaren. Etter spansken skulle det vere styremøte i pensjonistlaget. Det var litt rart å ikkje skulle vere med, men gå derifrå. Eg har tross alt vore med i styret i 11 år-like lenge som eg har vore med i pensjonistlaget. Eg gjekk den gamle Engesetvegen nedover og ein annan veg heim. Det er så sjelden eg går langs desse vegane at eg kjenner meg ikkje att. Der er mange nye hus og eg kjenner ikkje dei som bur der. Ørsta er så stort no at her er mykje folk eg ikkje kjenner. Klokka var over halv to då eg kom heim, men eg laga ikkje middag, for eg hadde kjøpt ein salat med brød til på Bakk-Ola.

Eg hadde ingen planar for resten av dagen, men her var no litt å plukke med likevel. Så sette eg meg til å sjå TV og strikke. Då høyrde eg ein liten lyd frå telefonen, men eg forstod ikkje kvar den var. Eg leita i alle rom, i vesker og lommar, i kjøleskap og frysar, på bad og i kjellaren, men telefonen var ikkje å finne. Eg var heilt sikker på at eg hadde den med heim for eg hadde lagt bildet av hestehovane inn på datamaskina. Eg sende melding til Marit og ho ringde meg opp, og då fann eg telefonen- oppå den oransje sofaputa-godt synleg. Det var nesten godt gjort å ikkje sjå den. Hadde vel lagt den frå meg mens eg heldt på å vatne blomster. Eg venta delvis på at dei skulle ringe frå bilverkstaden-men dei er vel ikkje ferdige med bilen. Marit køyrer til treninga i morgon, og ho køyrer meg vel ned viss eg skal hente bilen også.


I dag fyller Ingeborg 29 år, heilt utruleg kor fort tida går, fortare og fortare til eldre ein blir. Det er noko alle gamle erfarer. Ingeborg bur i Oslo no og er utdanna lektor. Ho jobbar på ein skule i byen.  Eg hugsar henne godt frå ho var bitte liten for då var ho ofte her hos oss, og vi med dei. Det er gjerne slik med den førstefødde. Når det blir fleire å frakte på, blir ein meir stadbunden. Eg er stolt av og glad for at eg har så kjekke og flinke barnebarn
 

No er klokka 17.40, det er + 11 grader ute og det har vore mykje fint ver, men no står det på skjermen min: Regn kommer. Så veit vi det

tirsdag, mars 22, 2022

Dagbok 2022: 22.mars

Klokka er no 17,35 , temperaturen ute er + 8 grader og det vart ein fin solskinnsdag i dag også. No har eg nettopp gått ein tur på Vernet for eg har vore opptatt med andre ting før i dag.

Eg vakna tidleg i dag, men stod ikkje opp før klokka 7- eg ser fram til at vi skal stille klokkene fram ein time no i helga. Eg vart sittande og strikke og sjå TV til eg gjorde meg klar for trening. Vi for rett heim etter treninga.

Eg var på sjukehuset i Volda til kontroll den 17. desember. Eg fekk vite at eg skulle til kontroll kvar 3. månad og fekk velje mellom Volda og Ørsta. Eg valde å gå til fastlegen min. Då det nærma seg 3 månader begynte eg å vente på innkalling, men det kom ingen ting. Då skreiv eg "brev" til fastlegen og fortalde kva som var bestemt. Ho hadde ingen ting sett og høyrt frå sjukehuset. Men no er alt i orden.Eg var og snakka med fastlegen i dag, og så tok eg blodprøver. Dei får eg svar på seinare. Dersom eg får blodmangel kan eg bli medisinert. Sjukdommen går veldig langsomt fram- og eg er snart 82 år - som legen bemerka.

Eg var opp til Marit og refererte frå legebesøket, så klokka var ca 15.30 då eg kom heim. Då heiv eg på poteter i ein viss fart og så åt eg mitt hittil 6.kryddersild/spekesild måltid på vel to veker. Men no må det snart vere slutt-det er vel uansett snart slutt på tilboda.

Eg sette meg til med kaffikopp og strikketøy og slappa av litt. Då ringde telefonen, det var frå bilverkstaden, dei ville ta bilen min i morgon. Så no skal eg køyre den ned i kveld, og Marit blir med og køyrer heim att. Spansken er på Bakk-Ola i morgon klokka 11, så då har eg god tid til å gå ned-og opp att. Bilen må vere godkjent før den 24.mars så det er bra dei kan ta den no-.

Eg tok meg ein runde på Vernet sidan eg har vore så mykje inne før i dag. No har eg fri til kvart på sju, då skal eg ned med bilen.



mandag, mars 21, 2022

Dagbok 2022: 21.mars


 Klokka er no 16.30, det er sol og klårt ute og +12 graderC- Det har vore ein fantastisk fin dag i dag også. Litt kaldt først på dag, men det varte ikkje lenge. Eg sat og såg nyheiter + serie på TV mens eg strikka. Men i 10-tida var eg på veg til Vernet.Sidan eg skulle sitte inne i kinosalen seinare på dag, ville eg lufte meg og mosjonere først best. Det er ikkje så ofte eg er der tidleg på dag, men på bildet kan de sjå at sola er i aust. Eg gjekk også "feil" veg i dag, dvs. motsett av det er plar, så i dag vart det ned trappa.

Då eg kom heim snakka eg litt med Marit U, så klokka var 11.30 før eg var i hus. Her i huset har eg gjort lite og ingenting i dag, anna enn å bytte på senga mi. Så no må eg vel sette på ein klesvask snart.

Filmen skulle begynne 13.30 så vi for herifrå klokka 13. Marit køyrde. Det var ikkje mange som var komne for å sjå Margrethe 1. Stort sett så var det berre eldre damer, dvs. venninnene våre. Filmen var heilt annleis enn eg hadde trudd. Eg ser ein del historiske filmar på TV, og dei er som regel engelske, med mykje pomp og prakt. Eg skal innrømme at eg visste veldig lite om dronning Margrethe 1. Og eg hadde ikkje sjekka opp historia på førehand. Dei andre som eg snakka med var i samme båt. Og to av oss hadde historie grunnfag. Filmen var mykje meir dramatisk enn eg hadde venta, og den var ikkje kjedelig. Filmen varte i nærmare to timar, og heile tida sag eg og fraus så eg nesten skalv. Dei andre syntest også det var kaldt. Ein stor sal, men få tilstades, gjer vel sitt. Når eg tenkjer etter så frys eg nesten alltid på kino, særleg på dagkino.

Då eg kom heim att måtte eg ha meg litt mat, for eg hadde ikkje ete sidan frokost.

I morgon skal eg på trening klokka 10-11, og så har eg time med legen klokka 13.20. Eg må testast kvar 3. månad, ta blodprøve. Eg snakka med legen i telefonen og då kunne ho opplyse om at dei ikkje hadde funne noko gale med foten min på røntgen. Eg har gått rundt med nokre gamle romslege støvlettar, men i dag fekk eg på meg nokre sko, så det såg litt betre ut. 

Det er fin sol ute enno, så det kan hende eg går ut og rakar litt, når eg har fått varmen skikkeleg i meg igjen. Det er veldig lite snø att, og og har raka og tatt opp ei heil bøtte med singel som har følgt med snøen ut på plenane når vi har moka. Det ser ut som om mesteparten av plantar, tre og busker har overlevd vinteren.




Eg kjøpte to blå Sant Paulia, og dei voks og trivdes. Eg delte den eine i to, så då hadde tre blå Sant Paulia. Dei blomstra og blomstra, men så vart det slutt. Eg las ein stad at viss dei slutta å blomstre, skulle ein ta bort nokre blad, og det gjorde eg. No står den eine og blomstrar og dei to andre står med knoppar. Så det var eit lurt råd.








søndag, mars 20, 2022

Dagbok 2022: 20.mars


 Klokka er no 16.50, temperatuuren ute er +13 grader C, og det har vore nydeleg ver og sol i heile dag. Eg var ikkje oppe i gryotta i dag, og etter frokost sat eg og såg nyheiter etc. mens eg strikka på ein lest som eg la opp i går. Takk og pris for at Solveig kom med fint garn til meg, for eg var lei av -nille grått og brunt.

 Då det leid litt på dag kom eg meg av garde på tur. Ikkje så lang tur i dag heller, skuldar på foten., men det vart no ein runde på Vernet, der eg trefte andre gamle damer som eg kjende. Då eg kom heim att sette eg meg opp på benken til Marit og prata ei stund. Ho har vore åleine i helga, for ungefolket har vore på hytta; men no er dei heimkomne.
I dag vart det sildemiddag igjen, for dei hadde meir sild på tilbud i går då eg handla. Eg har til eit måltid til, men då blir det vel slutt-for ei stund.
La meg ut på solsenga etter at eg hadde ete, men det vart litt for kaldt, så eg gjekk inn att. Det er vel snart tid for meir nyheiter, men eg prøver å ikkje sjå altfor mykje-det er så deprimerande.
Det er kjekt å gå ute i hagen no, her er meir krokus i år enn det har vore nokon gong før. Og i beddet nedanfor garasjen kjem det opp både det eine og det andre. Eg har greve ned avblomstra påskeliljer og andre løkplantar, så det er spennande å sjå kva som kjem opp. Eg raka  ein del plen i går, og fekk vekk mesteparten av singelen som hadde hamna der under snømokinga. Men eg må vel fare over igjen snart. Eg lurer på kva tid ein skal gjødsle plenane, eg meiner eg var litt for seint ute i fjor. Men eg får høyre med naboen, han har litt meir greie på det enn eg.

Eg likar hagearbeid, men eg er ikkje så ung og sterk lenger, så eg kan ikkje gjere alt eg har lyst til. Det ser ut til at det meste av plantane har overlevd vinteren-
I morgon har Marit og eg tenkt oss på kino og sjå filmen om "Margrethe den 1". 
Marit skal på seniordans først og så er det kino etterpå, på føremiddagen altså. Det blir litt tungt å sette seg til inne midt på dagen viss veret er slik som det har vore i dag. Men det er greitt å gå på kino på dagtid , så slepp ein å fare ut om kvelden.


lørdag, mars 19, 2022

Dagbok 2022: 19.mars


 Klokka er no 18.30 og eg var nettopp ut på altanen og tok bilde av sola som held på å gå ned. Det har vore ein fin dag med opphaldsver og mykje sol.

På føremiddagen tok Marit og eg ein tur til Vik, vi handla for det meste på Spar. På heimvegen køyrde vi bortom Askjelhaugen. Sist eg var der var det så mylkje snø at eg fekk ikkje gå heilt bort til grava. I dag var det veldig lite snø igjen, så eg fekk gjort det eg skulle. Sist såg eg at fuglane var borte frå gravsteinen. I dag fann eg dei liggande på plata framfor steinen. Dei hadde losna og falle ned. Eg tok fuglane med heim, så får eg sjå om eg kan få dei festa igjen. Det samme hende for to år sidan,  då fann eg ikkje att fuglane, men eg fekk nye fuglar gratis med han som hadde levert gravsteinen.

Solveig ville komme innover ein tur i dag, så eg laga nokre sveler. Lenge sidan sist eg gjorde det, men eg må få nokon til å ta imot det som vert til overs. Og Solveig er grei slik. Det var ekstra kjekt å få besøk i dag, for no har det ikkje vore  mange innom i det siste, delvis på grunn av sjukdom.

Elles har eg ikkje gjort så mykje i dag, men Solveig hadde heldigvis med seg garn så eg får noko å henge fingrane borti når eg ser TV. Raka litt singel frå plenane og hadde utover den siste snøen i dag.

!9. mars var bestemor Hilda sin fødselsdag, derfor har eg tenkt litt spesielt på henne i dag. Ho vart fødd i 1879. Det er Svein som held orden på slekta, men eg meiner familien hennar kom frå Sarpsborg- men flytta til Oslo. Eg hugsar også at det ofte var Holmenkollsøndag når bestemor hadde bursdag. Ikkje TV den gongen, berre radio.

Det har vore ein kjempefin dag i dag , håper på godver i morgon også.


fredag, mars 18, 2022

Dagbok 2022: 18.mars


Klokka er no 17.17, det er overskya, men opplett og litt vind. Temperaturen er +7 grader C.

I dag er det fredag, men i hovudet mitt er det laurdag, som vanleg. I morgon må eg ta meg ein tur på butikken, så eg ikkje trur det er sundag.

I dag har eg tatt ein liten fredagsvask, men eg har vore lat. Det er nesten som eg saknar snøen, for då hadde eg noko som MÅTTE gjerast kvar dag. Eg var lat i går også, men då tok eg fram spanskboka mi og jobba med språket, så det var ikkje heilt unyttig. 

Eg hadde god middag i dag også, nemleg restane frå i går+ riskrem av bl.a. grauten frå onsdag. Men no må det vere slutt på ov-eting. Eg gjekk ein tur på Vernet no på ettermiddagen, men det er ikkje nok mosjon. Eg kjem i hug kva Rasmus sa ein gong: "Er du klar over kor langt ein må springe/gå, for eit knekkebrød ?" Eg kan skulde litt på foten min som ikkje er heilt god. Men dei fann ingen ting gale på røntgen. Eg får vel etter kvart noko å jobbe med i hagen. (Husarbeid er ikkje mosjon).

Eg har spada og raka litt i snøen i dag også, så no minkar det fort; det er ikkje mykje att. Men i dag tidleg låg det eit tynt lag med nysnø på plenane og hustaka. Den vart fort vekk.

Då vil eg ønske alle ei fin helg!



 

torsdag, mars 17, 2022

Dagbok 2022: 17. mars


 Klokka er no 15.30. Temperaturen ute er + 7 grader, og det regnar så smått. Tidlegare i dag var det vind, så det kjentest ikkje direkte varmt ut. Eg har nettopp kveikt i omnen fordi eg fraus. Det er ikkje så mange dagar sidan vi sat ute i sola og hadde det varmt og godt Eg hadde eigentleg tenkt å gå ein tur, men snudde inn att. Eg får heller sjå å finne meg noko nyttig å gjere inne. Etter kvart som snøen blir borte får eg mykje å gjere ute i hagen, Til dømes må eg rake singel frå plenane.

Føremiddagen i dag var nokså aktiv. Marit og eg køyrde kvar sin bil nedover til treninga. Vi køyrde først bort til Bilverkstaden til OPSAL (Den ligg nær attmed ALTI)-der eg sette frå meg min bil og nøklane. Så for vi på trening og etter treninga handla vi litt på KIWI. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, for eg handla i går.

Eg sjekka telefonen då eg kom heim, og der var det melding om at bilen var ferdig kontrollert, men der var nokre "manglar". Vi tok like godt og køyrde ned att med ein gong, og eg snakka med bilreparatøren. Det var bremsene det var noko i vegen med, det var det samme for to år sidan og då reparerte dei. Men no skal dei reparerast igjen, helst før den 24.mars.Han skal sende meg melding når han er klar til å ta den. Det blir sikkert ikkje billeg, og hadde eg vore yngre skulle eg heller ha kjøpt ein ny bil- men  det er ikkje så fornuftig akkurat no. Pengar til reparasjon har eg, og eg vil køyre bil så lenge eg får lov. Sertifikatet mitt går ut 1.juni-men reknar med å få fornya det.

Marit gjorde meg merksam på eit tilbod på KIWI i dag, Det var julekrydra spekesild. Ho veit at eg er heilt vill etter slikt- og eg kjøpte ein pakke med 4 filetar. Det vart middagen i dag, med poteter, kålstuing, raudbetar og tyttebærsylte. Det var utruleg godt, og eg kan ikkje innrømme kor mykje av silda som gjekk med., men der er no litt att.

                                            Betalte ca. 30 kroner for ein slik pakke.

Etter middagen vart det kaffi og SERIE. Eg ser "TO LIV" men no får eg berre ein episode for dag. Saknar strikketøy, så det må eg skaffe meg. I går ettermiddag visste eg ikkje kva eg skulle finne på -men så sette eg i gang med neste spansklekse, og det var bra, for der var mange nye ord. Eg har mange jobbar på vent, det er ikkje mangel på det, men alt er ikkje like freistande. Eg må vel snart ta meg i hop og kjøpe ny tørketrommel, for no er der ikkje snø i vegen ned mot kjellaren. Ja, har ein hus og hage treng ein aldri kjede seg. I morgon er det fredag igjen, vekene går så altfor fort. 
Det er enno nokre i familien som har Korona, men no er det snat berre vi eldste som har slept unna. bank i bordet.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...