fredag, februar 25, 2022

Dagbok 2022: 25.februar

 Akkurat no kom eg inn frå altanen der eg har drive og spada vekk snø. Eg kan ikkje ta så mykje om gongen, for snøen er tung og skal hivast over rekkverket. Eg målte snønøgda til 55cm. Som før skrive har eg brukt å ta snøen etter kvar dei andre vintrane eg har vore her åleine, men i år har eg hatt nok med tunet. Har moka så å seie kvar dag no etter jul.

Klokka er no 17.40, temperaturen ute er 0 grader, eg meiner dei lova høgare temperatur enn det på vermeldinga i går.

Eg har hatt ein relativt aktiv dag i dag. Det første som skjedde varat eg skulle ein tur ned i kjellaren rett etter frokost, og der var fryseskapet så fullt av is at døra hadde begynt å opne seg. Det fyseskapet har eg hatt trøbbel med før, men no er det slutt. No skal det vekk. Eg fekk mykje arbeid med å berge alt som var inni, eg har heldigvis ein stor frysar i kjellaren, og ein mindre i garasjen. Den i garasjen brukte Nils til fisk etc. men sist sommar vaska eg den grundig og lagra plommer og bær der. Så der fekk eg plass til meir no. Eg orka ikkje å begynne og få i orden fryseskapet, men drog ut ledninga og la teppe etc. framom, så vatnet blir fanga opp. Så tok eg fredagsvasken.

Det hadde kome snø sist natt også, tung våt snø, så det vart å moke i dag også. Det er ingen problem med å moke, problemet er å få i frå seg snøen. Torbjørn tok og fresa oppe ved gata, men då han kom lenger ned stoppa eg han for då fauk singelen langt bortpover. Det kan vel ikkje vere så bra for fresaren heller? 

Eg har ikkje vore ute med bilen i dag, men leigebuaren har vore ute med sin. Han mokar til seg sjølv og litt meir. Eg har avtale med han at eg seier ifrå om eg treng hjelp. Men eg tek moking som trim, no når eg ikkje har gått så mykje tur og ikkje vore på trening.Ragnhild, venninna mi, ringde i går kveld og vi prata lenge. Ho er også mykje åleine heime og ho likar å moke snø, ho også.

Margrete skal plukke meg opp i morgon, då skal storfamilien møtast på Hareid.Der var ei pizzastykke igjen i dag, så eg laga ikkje nok anna middag. Etterpå sette eg på TV-men det er begrensa kor mykje eg greier å høyre om krigen i Ukraina, så eg sette over på ein serie som eg held på med for tida-og slappa av med den, heilt til eg gjekk ut på altanen og moka.

Det blir mykje mokeprat og det har det vore i heile vinter, og det er likt for alle. I dag fekk vi nokre solgløtt, men elles har det vore ein lang og mørk vinter.

Så ønsker eg alle :GOD HELG !




 

torsdag, februar 24, 2022

Dagbok 2022: 24.februar

 

                                                       Akkurat no

Klokka er no 16.40, temperaturen ute er + 1 grad og snøen smeltar langsomt, men vi fekk litt ny snø for ei stund sidan. Leigebuaren og eg moka tunet før middag, og det har ikkje lagt ned noko meir sidan.

I dag starta eg dagen med å lage ei gulrotkake som eg skal ha med til Hareid på laurdag. Så rydda eg opp og sette på oppvaskmaskina, blant anna, etter kvart kom eg meg ut og moke. Det var heilt greitt å moke i dag, problemet er å få lagt ifrå seg snøen- I år har eg ikkje moka altanen, men kanskje burde eg gjere det no, det kan bli for tungt, for der er ikkje støypt plate under. Men det er tungt arbeid for ein må løfte spaden over rekkverket- men som sagt, eg har gjort det før.

Det vart 3.dagen med pizza til middag og der er litt igjen til i morgon også, viss eg ikkje finn på noko anna.

Etter at eg hadde ete, sette eg meg med kaffikoppen i hand i godstolen og skulle sjå TV. Plutselig ringde telefonen og eg reagerte med å dynke meg sjølv med kaffi.

Det var Ragnhild som ringde, og ho kunne blant anna fortelje at Tora er på Ørstaheimen. Dei er har spurt før, har sagt at ho hadde flytta til Sjåk. Ragnhild ville kjøpe blomster frå den gamle Velle-gjengen og gå ut til henne med på fødselsdagen hennar den 5.mars. Eg er ikkje sikker på kor gammal ho er , men ho må vel vere sånn ca pluss, minus 90.

No snør det igjen, men eg trur ikkje denne snøen blir liggande. Eg skal kanskje prøve å få gjort litt før eg set meg til med strikketøyet.

Det er ikkje kjekt å sjå TV i dag- trudde at statsleiarane hadde forstått at ein må unngå krig- for ein kvar pris.


                                  Slik ser det ut på altanen min i dag.

onsdag, februar 23, 2022

Dagbok 2022: 23.februar


Klokka er no 18.25, temperaturen ute er +3  grader og det regnar og blæs.
I dag har eg vore mykje på farten. Det starta med spanskkurs klokka 10.30. Eg kom meg ut av tunet med bilen utan å måtte moke, så det gjekk greitt. Kjekt på spansk-kurset. Og etter kurset slutta dekka vi bord etc. til møtet seinare på dag 
Så var det heim att ein tur, der eg blant anna fekk strikka litt på genseren min. Pensjonistmøtet skulle begynne klokka 16, men eg tok laust i god tid og det var bra, for no var snøen på tunet blitt til sørpe, så eg måtte ut og spade vekk noko for å komme meg opp på vegen.
Det var ikkje så mange som møtte på møtet, og dei som skulle underhalde var heime med Korona. Men sidan det var årsmøte, så fekk vi i alle fall gjort ferdig vala. Per Andreassen og eg takka for oss og fekk blomster. 
Eli er alltid oppfinnsom, når vi ikkje fekk spelemenn på huset, rigga ho seg til med laptoppen sin og stort lerret og vi fekk fin konsert-eg trur det var frå Italia. 
Eg køyrer ikkje når det er mørkt, men frå Bakk-Ola og opp hit er det gatelys heile vegen, så det går heilt greitt for meg å køyre. Eg stoppa på Kiwi og handla det eg trong, så slepp eg å fare på butikk i morgon viss eg ikkje absolutt har lyst. Litt rart å ikkje skulle skrive møtereferat, men godt å sleppe. No må eg få på plass varene eg kjøpte på KIWI. Det blir kanskje litt baking i morgon, for laurdag er det familieselskap på Hareid.

Desse løkplantane som eg fekk av Solveig har ikkje fått vore ute enno, og no strekker dei seg i høgda inne på kjøkkenbordet.


 

tirsdag, februar 22, 2022

Dagbok 2022: 22.februar

                                         Pizza til ein!?

Klokka er no16.50, det er + 3 grader ute og hittil i dag har det vore opplett. Men nedst på skjermen min står det : Regn/snø snart, men enno ser eg spor av sol høgt oppe i skyene. Eg har nettopp vore ute og moka litt snø, ikkje fordi det var så nødvendig, men eg hadde lyst å vere ute og trimme litt, sidan eg ikkje går tur. Hadde på meg dei nye støvlane og det gjekk fint. I morgon er det ut igjen, så då må eg få ut bilen, derfor håper eg på lite snø.

I dag hadde eg heimedag og planen var klar. Eg skulle sjå over og eventuelt rydde i alle permane eg har fylt opp med skriverier for Pensjonistlaget. Trur det vart oppi 5 tjukke permar. Men i morgon skal eg tre av-og takk for det. Eg må nok gå åleine på møtet, for Marit er ikkje heilt bra. Ho er forkjøla, men har testa negativt på korona. Men først på dagen skal eg på spansk-kurs og etterpå skal vi hjelpe til å ordne til rommet slik vi skal ha det på møtet. Både spanskkurset og pensjonistmøtet skal vere på Bakk-Ola-marka.

Eg hadde skrive årsmeldinga på maskina og trykt ut eit eksemplar til meg sjølv. I dag skulle eg trykke ut nokre fleire, men printeren var heilt umuleg og nekta å skrive ut. Men eg sende med e-post til Eli, så ho ev.kan trykke opp så mange som vi treng.

Eg har lenge gått og tenkt på at det hadde vore artig å lage heimelaga pizza igjen, det er lenge sidan sist. Eg laga ein deig og så laga eg tomatsaus etc. Deigen såg heilt flott ut og eg steikte botnen litt før eg hadde fyllet på. Det vart litt av ei kake,, det hadde gjort seg med halvparten så mykje deig. Eg åt pizza til middag og har vel to middagar att. Men eg trur eg held ein knapp på kjøpepizza-ikkje frå frysedisken , men på kafé. Det er der eg oftast et pizza -sist gong var faktisk sist sommar i Førde. Men frosenpizza har eg ete seinare. Den tida Nils og eg køyrde Norge og Sverige på kryss og tvers åt vi pizza på kafé nesten kvar dag. I Sverige fekk vi ofte salat til og det var godt, vi kunne ta så mykje salat vi ville, og det passa oss glimrande. 

I dag er det Audun sin fødselsdag, han var fødd i det herrens år 1990, på farfaren Einar Orten, sin 75-årsdag. Det er litt skummelt at barnebarna blir så vaksne-då blir ein klar over kor gammal ein er sjølv. Audun jobbar og bur i Oslo, men er ofte heime på Hareid. Akkurat no er han der.

No skal eg snart sette meg til ved TV-en og strikke, kanskje kjem eg opp til armhola i dag-på genseren min- nei det gjer eg vel ikkje . Det går rundt og rundt no utan stopp, så det egnar seg til TV-strikk. 

Eg likar ikkje nyheitene for tida, likar aldri når nokon raslar med sablane.Og så eg som likte så godt han Putin -men det var før.


mandag, februar 21, 2022

Dagbok 2022: 21.februar

                                                     Akkurat no


Klokka er no17.40, temperaturen ute er + 2 grader. Veret er ikkje så sjarmerande i dag som det var i går, einaste lyspunktet er at snøen smeltar, i alle fall litt. 

I dag måtte eg ikkje ut å moke, for det hadde kome lite snø og leigebuaren hadde moka det som var på tunet, eg moka berre frå trappa til garasjen, men det var seinare . Eg styrte med litt forskjellig før eg shina meg opp og tok ein tur til Vik, dvs. eg var berre på Alti. Ærenda mine var m.a. å kjøpe  ny tannbørste på Clas nye støvlar på skobutikken, tablettar på apoteket m.m. Alt eg hadde bruk for fekk eg på Alti. Dermed vart det berre ein gong å parkere.


Foten som er hoven er ikkje blitt særleg betre, så eg måtte ha noko å ha på føtene som ikkje var altfor vondt. Eg har eit gpar gamle støvlettar som eg brukar, men dei er heller ikkje gode. Eg må ha noko å stige ned i når eg skal utfor døra, og støvlane kjøpte eg eit nummer for store for at dei skal vere behagelege. Eg hadde dei på då eg gjekk opp til pstkassa. Eg trur ikkje dei er glatte heller (Sjå under)Eg får ikkje ha på meg piggskorne slik det er no. Det er over ei veke sidan eg var på røntgen, og eg har ikkje høyrt noko. Eg må kanskje sjekke på Helsenorge ?
 Eg laga meg litt mat då eg kom heim, og etterpå sette eg meg inn og slappa av som vanleg. Klokka var over 4 før eg tok fram strikketøyet.

Over gata i nr.8 er det to som er forkjøla, dei har testa seg og resultatet var negativt. Eg er litt interessert i korleis det utviklar seg, for eg var der i fleire timar i går.

I dag har det for så vidt vore "heimedag" og det blir det i morgon også, men så er det onsdag med både spansk og pensjonistmøte.

I dag fyller kongen år, i morgon er det Audun sin tur-han blir 32.


                                         Bra høge brøytekantar ?

søndag, februar 20, 2022

Dagbok 2022: 20.februar

 

 

Klokka er no16.20, temperaturen ute er + 1 grad. No er det meir og mindre overskya, og på PC-en står det: Regn/snø snart. Men dagen begynte fint med sol frå nesten klår himmel, og for første gong i år hadde vi skikkeleg sol inne i stova-og ute, sjølvsagt.

Eg gjorde unna eit par små jobbar inne før eg gjekk ut og begynte å moke. Det var fleire som tilbaud seg å hjelpe meg, men eg sa som sant er at eg vil ha mosjonen sjølv, for eg får ikkje gått så mykje tur på grunn av den vonde foten. Kan heller ikkje ha på meg piggskorne. Det var fint å vere ute og moke i dag, eg tek det heilt med ro, så eg slit meg ikkje ut akkurat, men eg heldt vel på i ca 1 1/2 time. Eg moka heile tunet, men ikkje rundt bilen til leigebuaren, der har han moka sjølv. Altanen har eg ikkje moka i det heile tatt denne vinteren-det hadde ikkje vore hjelp i heller, for det har kome ny snø kvar dag.

Då eg kom inn att fekk eg melding frå Marit om at ho var åleine heime og ville at eg skulle komme opp. Så eg gjekk over gata og vart verande lenger enn eg hadde tenkt, for vi har alltid mykje å snakke om.

Eg har ikkje verken sett TV eller swtrikka så langt i dag, men det er no enno nokre timar att av dagen. Eg skal kanskje lage meg litt middag når det lid på.

Komande veke er det vinterferie på skulane, og på treninga. Men onsdag er det både spanskkurs og pensjonistmøte, så eg har litt å jobbe med der.

                                           
                                            Sola kliv Honnje (Melshornet) kl.12.30


                                           Mykje snø på altanen




lørdag, februar 19, 2022

Dagbok 2022: 19.februar


 Klokka er no 17.10, temperaturen ute er 0 grader C, og akkurat no er det opplett.

Det hadde kome snø i natt og det snødde utover føremiddagen. Men då det letta opp gjekk eg ut og moka. Då hadde eg sete ei stund og strikka på ein ny genser til meg sjølv. Solveig kom med garn i går kveld, som ho hadde kjøpt på nettet. Eg kan ikkje strikke lestar i det uendelege, så eg trong eit varig prosjekt. Garnet er tynt og rundpinnen nr,2,5 , det er 288 masker rundt og rundt, så det tek si tid før brotet blir 5 cm. Men eg må lære meg litt tolmod.

Det var mykje snø som hadde kome ned sidan i går, eg trur det var 25-30 cm.men det som var litt lurt var at det var is på botnen, det gjorde det lettare å moke. Eg har ingen ting imot å moke snsø, for med ei hoven fot er det verre å gå tur, og mosjon må eg ha. Då eg var nesten heilt ferdig, kom Geir med mokebilen sin, men han fekk berre ta litt som låg oppe ved vegen. Då eg kom inn att vart det meir strikketøy + Serie, begge deler lid under at dei må dele på merksemda mi, mykje av poenga i serien blir oversett og ei og anna maske dett av pinnen.

Til middag i dag vart det speilegg, og så var det tilbake til strikketøyet. Ute klåna det opp og sola var framme ei stung, men så begynte det å snø igjen, heldigvis har det ikkje kome så mykje at eg må ut og moke igjen. 

Når eg ikkje går på butikk eller jobbar i huset på laurdagar får eg sundagskjensle. Det er i grunnen dumt å ikkje ta ein tur på byen på laurdags føremiddag, det gjorde vi alltid før, men særleg i Korona-tida slutta vi med det fordi det var så mange tilreisande på ALTI den dagen.

Det har i grunnen vore ein kjedelig dag, men det kan eg takke meg sjølv for. I går kveld begynte eg på ei ny bok som lovar bra, men det er berre på senga at eg les bøker. No skal eg lage meg ein god kopp med kaffi. Så mykje anna godt har eg ikkje i hus, og det er med vilje.Det kan ikkje vere jul heile året.

Oj! No er det heilt kvitt ute igjen, har aldri før sett så mykje snø kome og gå som denne vinteren.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...