fredag, februar 18, 2022

Dagbok 2022: 18.februar


 Klokka er no15.45, det er lettskya og opphaldsvêr akkurat no, men vi har også hatt snøbyer i dag - og full sol ei lita stund. Det er med meg som med vesle lerka at når eg ser sola, så trur eg på vår med ein einaste gong.

Det hadde kome litt snø sist natt og det snødde på føremiddagen. Men eg venta med mokinga til eg hadde tatt fredagsvasken. Eg moka ikkje så fint, men tok vekk det meste, såpass det skal gå an å køyre ned på tunet. Leigebuerane kom ut og moka på samme tid.

Eg vart tidleg ferdig med pliktene mine i dag, så eg fekk lese litt i avisa før eg åt eit måltid som skulle liksom erstatte middagen..... eg kjenner på at eg har levd litt for godt i vinter, så no må eg bremse. Eg må bli flinkare å mosjonere også.

Eg hadde festa trådane på eit lestepar som vart ferdig i går, dei skulle eg ha sjølv. Eg tok dei på - og dei var varme og gode. Men det var berre venstrefoten som kom seg ned i støvletten, på høgrefoten tok eg ein tynnare lest, det gjekk bra heilt til eg skulle gå nedover Fonnavegen, så turen vart ikkje fullt så lang som eg hadde tenkt. Foten er ikkje vond før han blir klemt ned i sko, men den er litt hoven, det kan eg sjå, men eg har ikke høyrt noko frå røntgen enno. Det er no ei veke sidan eg var der.

Komande veke er det skulefri og treningsfri, men eg skal både på spansk og på pensjonistmøte på onsdag og då går heile dagen. No skal eg slutte i styret, slutte som skrivar, eg er den som har sete lengst av alle i styret til pensjonistlaget-eg håper dei ikkje gjer noko styr ut av det. No skin sola-og eg føler at eg MÅ ut, men det er no ikkje så varmt akkurat, så eg får heller sette meg inn i stova og sjå på dei upussa vindua. 
Det er fredag og eg ønsker alle ei god helg, og god ferie til dei som skal ha det.



Bok nr.5 -2022: Vablen


 
Denne boka har eg lese på senga, nokre sider kvar kveld. Eg har ikkje heilt forstått kva "bodskap" forfattaren har med denne boka. Men det kan no vere  mi eiga skuld-

torsdag, februar 17, 2022

Dagbok 2022: 17.februar.


                                                              På veg opp Storebakken.

Klokka er no 17.44; temperaturen ute er litt under+ 2 grader, tidlegare i dag var den +6 grader C.

Det har snødd litt og regna litt og sola var så vidt framme ei lita stund, Det er eit kjedelig vêr.

Det vart nesten som ein fridag i dag sidan vi ikkje skulle på trening- men eg kjenner at det er godt å ha noko å gå til, ha litt orden på dagane, liksom.

I dag sette eg meg til å skrive årsmelding for pensjonistlaget. Det er i og for seg ingen stor jobb, men det var mykje papir å gå gjennom for å få alt med, eg er enno ikkje i mål. Mykje av føremiddagen har gått med, utan at eg kan sette punktum. Men no skal eg snart levere i frå meg alle permar og bøker som eg har styrt med i 11år. Då får eg kanskje betre plass i hyllene mine.

Eg begynte å sjå ein serie i går kveld og i dag såg eg eit par episodar før eg kledde på meg og gjekk ut. Det er vodt å ha høgrefoten ned i støvletten, men det går no på eit vis. Eg gjekk ikkje på Vernet i dag, berre på vegen.

Då eg kom heim att laga eg meg litt middagsmat før eg sette meg til å strikke og sjå TV. No har eg sett ferdig serien, så no skal eg ta litt husarbeid, til dømes skal eg sjå om klesvaskane mine er tørre -og så må eg stryke litt- Det er nesten som om eg saknar snømengdene, for då vart eg berre nøydd til å komme i arbeid. No er eg litt for lat.

!7.februar er fødselsdagen til mi "gamle" venninne Ambjørg. Ho er ca. ein månad eldre enn eg. Det var alltid så kjekt å vere i bursdagsselskapa hennar. Det er ei stund sidan eg har snakka med henne no. Eg likar ikkje så godt å ringe til folk, har litt problem med å høyre-og snakke i telefon. Eg veit at ho ofte er innom bloggen, så viss ho ser innom i dag kan eg skrive :Gratulerer med dagen , Ambjørg.


                     Frå toppen av Storebakken med utsikt til Mosmarka.

onsdag, februar 16, 2022

Dagbok 2022: 16.februar



Kveldsmat for to

Klokka er no 17.50, temperaturen ute er + 3 grader og det har vore opplett i dag. Sola har også vore framme, så vidt.

Eg var oppe bra tidleg i dag også, sjølv om spanskkurset ikkje tek til før klokka 11. Så eg fekk  litt tid til det eine og det andre før eg for. I dag fekk vi ommøblere klasserommet vårt slik at vi slapp å sitte med ryggen til nokon. Kurset varer i 2 klokketimar, men vi brukar nesten ein halvtime på å drikke kaffi og ete. Det skal no vere litt sosialt også. I dag fekk eg den store gleda å sitte i lag med Paul Vatnebakk og samarbeide med han.

Terje er med i nemna som skal finne nye styremedlemmer til Pensjonistlaget. Det var med tungt hjerte eg sa opp plassen min i styret,  eg synest at 11 år er meir enn nok. Men eg har likt å vere i styret i lag med Eli, spesielt, og dei andre . Styremøta er også sosiale og eg har likt å vere i lag med dei som bestemmer litt. Men no slepp eg i alle fall å skrive referat etc. Men det blir rart å gå på møta utan å sitte ved styrebordet. 11 år er lang tid i ein slik "jobb". Neste onsdag skal vi ha årsmøte, og då skal eg gjere siste jobben min som "sekretær" og skrive og lese opp årsmeldinga- Møtet er på Bakk-Ola.

Etter spanskkurset i dag køyrde eg ned til ALTI. Eg var på apoteket og kjøpte tablettar. Det var slike eg har på resept og eg var så å seie lens. Eg stakk innom Europris også og kjøpte tennbrikettar og skyllemiddel til klesvasken. No tørkar eg klede på stativ, for eg har ikkje kjøpt ny trommel enno, og kleda blir stive som kjeppar. Var også innom Kiwi ein tur. No ventar eg Einar snart, han skulle stikke innom sidan han var på ein kamp i ørsta. I dag blir det ikkje middag, men han skal få kveldsmat.

I morgon blir det heimedag, sidan treninga vart avlyst. Då får eg kanskje komme i gang med årsmeldinga mi, som eigentleg er ei toårs-melding. I fjor(2021) hadde vi ikkje årsmøte.



tirsdag, februar 15, 2022

Dagbok 2022: 15.februar


Klokka er no 21.50, temperaturen er + 2 grader og i dag har vi hatt både regn og snø-

I dag var vi på trening, men vi køyrde rett heim etterpå. Torsdag blir det ikkje trening, og neste veke får vi vinterferie fordi fysioterapeuten skal  ha fri i lag med barna sine. Men så skal det vere årsmøte i pensjonistlaget på onsdag , så då får eg litt å gjere på førehand. Skrive årsmelding etc.

Eg fekk støvsuga og rydda litt i heimen før eg sette meg til med strikketøy og TV.

 Margrete og Amanda henta meg klokka 19 og så for vi til Volda der elevane på VVS hadde Musikal. Det var ikkje slik teatermusikal som dei har brukt å ha, men ein fantastisk non stop "konsert". Programmet tok vel ein time, og dei hadde hatt to framsyningar før i dag. Det var i den nye hallen som dei har fått i Volda no. Vi var ein heil flokk i lag: Margrete, Svein, Ingrid, Amanda og eg.  Det var Svein Nordal som fekk jobben med å køyre meg heim. Han hadde fått seg ein skikkeleg bra bil, ein BMW. Margrete og dei andre skulle over fjorden, så dei måtte fare i full fart. 

Bildet over er frå programheftet. Bilde av eit bilde, med andre ord. Det er Erlend med bassgitaren. Med "raudt" hår denne gongen.


No må eg finne meg litt kveldsmat

mandag, februar 14, 2022

Bok nr. 4 - 2022: Svar i vesterled




 Denne boka fekk eg i dag i gåve frå forfattaren. Ho er ei "gammal" venninne og tidlegare kollega.

Eg likar tynne bøker, som eg kan sluke fort og greitt, for så å ta den att og lese langsomt. Det kjem eg til å gjere med denne også. 

Rigmor fortel om denne mannen, Arne Eidset, men ikkje berre om han ,men om heile slekta hans (frå Ørsta)) og mykje  frå kystmiljø . Ho har også hatt tilgang på dagbøker han har skrive. 

Boka er på 50 velskrivne  sider. Anbefalt.




Dagbok 2022: 14. februar


                                     Første soldagen i år-

Klokka er no17.40, temperaturen ute er 0 grader C , og eg såg månen i aust for ei lita stund sidan. Han skal vere full i morgon. Det var utruleg deilig å sjå att både sola og månen, det har vore ein mørk vinter til denne tid. Dessverre skal det visst komme nye snøbyer. I dag var slapset på tunet stivfrose igjen så det vart litt abakleg å kome seg utav tunet då eg endeleg kom meg på butikken i dag.

Mandag er heimedag og då prøver eg å få gjort mest muleg husarbeid I dag starta eg med å byte på senga og sette på vaskemaskina. Så rydda eg etter beste evne ei stund. Før eg fann ut at eg ville bake brød sidan det minka i brødskuffa, som eg no har i kjøkkenfrysaren.Mens brøddeigen heva, laga eg grønnsaksuppe til middag. Det er heilt greitt at eg ikkje et den med det samme.

Så fekk eg hyggelig besøk av Rigmor, som er ein tidlegare kollega. Eg sette no på kaffien om eg ikkje hadde så mykje å by på. Men det hadde ho. Eg fekk ei bok som ho sjølv har skrive og gitt ut. Eg har lese om den på Face Book. Og no har eg begynt å lese den sjølv. Den er faktisk vanskeleg å legge frå seg

Eg har vaska tre maskiner med tøy i dag, noko heng på det nye stativet i kjellaren, men så har eg tatt det gamle stativet opp att på altanen. Feilen med det gamle er at det er rusta her og der, så eg kan ikkje bruke det til kvite klede. Seinare kan eg sikkert finne ein slags maling å male over rusten.

I dag tidleg hadde eg fyllt bagasjerommet på bilen med tomflasker, så det vart ein liten tur på butikken før eg åt middag. Eg hadde riskrem til dessert i dag, sidan eg kokte så mykje graut på laurdag.

Eg har litt husarbeid igjen før eg kan ta fri og lese meir i boka, eller strikke ferdig ein lest. Strikkar gjer eg stort sett berre når eg ser TV.


                        Dette bildet er tatt rett mot sola.Derfor ser det mørkt ut.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...