tirsdag, desember 14, 2021
Dagbok 2021: 14.desember
mandag, desember 13, 2021
Klokka er no15.40. temperaturen ute er + 6 grader, det kjennest nesten ut som sommar etter kulden som vi hadde. I dag er utetrappa fri for i og snø. I dag var eg heime heile føremiddagen og styrte på litt- Mellom anna fekk eg støvsuga skikkeleg i stua og gangane. Pluss at eg har hatt litt rydding, både i huset og på datamaskina. Plutseleg var maskina full av gamle brev som Google har tatt vare på. Ja, det dukkar no opp eitt og anna, men no har eg i alle fall fått meg ny blekkpatron, såpass eg kan skrive ut gamle manus - om eg finn dei att.
Eg tok meg ein tur til Vik i dag, tok ut pengar i minibanken og handla litt mat etc. Eg var innom strikkebutikken og skulle sjå om dei hadde slike strikkepinnar som eg likar så godt- i 2,5 storleik. Det hadde dei ikkje. Då eg kom heim var eg så svolten at eg berre måtte ta meg eit par brødskiver, hadde ikkje tid å vente på middag. Men kanskje eg får noko godt til kvelds?
Marit har vore til legen i dag igjen. Ho har fått beskjed om at ho ikkje skal gå på trening, men slappe heilt av. Janne var med henne i dag, for det er litt vanskeleg å forstå kva legen seier bak maska. Han er ikkje norsk,men pratar visst mest på svensk. I morgon må eg fare åleine på treninga..
Eg gjekk litt fram og tilbake nede i Vik, så eg fann ut at eg kunne sløyfe mosjonsrunda mi i dag. Det er alt nesten mørkt ute. Har no hatt nokre turar opp og ned i kjellaren også. Mens eg sit her og skriv kjem eg på mykje som eg skulle ha kjøpt. Eg får skrive det på lista-
Sudokuen i fredagsavisa var så vanskeleg at eg har ikkje grei e dd å løyse den. I kveld får eg ein ny, men dei som er i tysdagsavisa er altfor lette. No skal eg slappe av litt, før eg finn på noko som eg MÅ gjere.
søndag, desember 12, 2021
Dagbok 2021: 12.desember-
Klokka er no18.40, temperaturen ute er + 3,5, og så vidt eg veit har det vore opplett i heile dag. Det var godt å stå opp i dag utan å kjenne på kulden. Det var rimeleg fjelgt i huset og eg slapp å veikje i omnen.I dag begynte isen på trappa og altanen å smelte. Eg var ut og "vaska" altanrekkverket der fuglane har sete og ete -og gjort frå seg. Ikkje berre småfuglar, men mest kråker og skjor.
På føremiddagen dreiv eg elles og pussa kopar og messing, tørka støv og "pynta". Før i tida pynta eg til jul på lille julaftan og på sjølve julaftan, men no driv folk og pyntar i heile desember, og eg har hengt meg på. Litt ny pynt kvar dag og så får vi nyte stasen heile desember månad. For til nyttår skal det ut -_kanskje? No har eg rydda vekk laptopen og skriv på nyemaskina som står på datarommet. Eg likar betre den arbeidsstillinga eg har no-men så er det litt tilvenning igjen.
lørdag, desember 11, 2021
Dagbok 2021: 11.desember
fredag, desember 10, 2021
Dagbok 2021: 10.desember
Då eg kom heim kveikte eg i omnen, men bestemte meg for å gå ein liten runde før eg sette meg ned.Det vart same runden som i går, vel ein halv time. Litt er betre enn ingen ting, tenkjer eg.Då eg kom heim sette eg den nye blekkpatrona som eg kjøpte på Clas i dag inn i printeren. Vi hadde testa at printeren virka på den nye maskina også, og eg hadde kjøpt riktig blekkpatron. Eg forstår ingen ting, men printeren skriv ikkje ut det han skal, og der kjem ingen meldingar på maskina om at noko er gale. Eg trudde eg var ferdig med alle ugreiene no, så dette var eg ikkje budd på. Eg har no skifta blekkpatron ørten gonger før ,så det trudde eg ikkje at eg trong hjelp til. Eg har ikkje bruk for printeren sånn heilt på øyeblikket, så eg finn vel ut av det.
Til middag i dag åt eg grauten som var att etter i går, og no skal eg ha meg ein kaffikopp før eg eventuelt finn på noko som eg MÅ gjere. Kvar fredag trur eg det er laurdag, men no vil eg i alle fall ønske alle ei fin og koronafri helg. I dag var det masker både på Legesenteret og på butikkane.
torsdag, desember 09, 2021
Dagbok 2021: 8. og 9.desember
I går hadde eg heimedag, men fekk ikkje gjort all verda. Rydda litt her og der, tok fram litt julepynt etc. Og så baka eg brød. Eg et mykje brødmat, og då synest eg at eg kan bake brøda sjølv. Eg gjekk ein liten tur og så var det å fyre og fyre. Sist natt let eg varmepumpa stå på, og då var her ikkje så utkaldt. Det var slik eg alltid gjorde det før, men så vart eg skræmd av alt snakket om den dyre straumen- Eg spurde Helge, som jobbar i Tussa,kor mykje dyrare det blir om ein brukar like mykje straum som før. Han sa ar det vart ca.40 kr meir pr.dag, og det syntest eg ikkje var så gale. Det klarer eg å betale. Bodil ringde utpå ettermiddagen og vi hadde ein lang og koseleg prat.
I dag var vi på trening, og i dag var det fram att med maskene. Det er ikkje kjekt, men tross alt slepp vi lett unna vi pensjonistane-så lengevi får vere friske. Det var Marit som køyrde i dag, og etter treninga var vi inn på Spar og handla. Då eg kom heim, var det på med piggsko og så vart det ein runde på Vallabøen. Kveikte i omnen då eg kom hein, også sette eg på vaskemaskina, eg hadde venta med å vaske klede til maskina var heilt full. Så sette eg på risgraut på svak varme i den nye gryta mi. Det er ei fryd å koke graut når den ikkje svir i botnen.
Så kom Helge litt tidlegare enn eg hadde venta, og han fekk litt problem før det gjekk opp for han(og meg)kva som var gale. No er begge maskinene i orden, og så må eg berre halde fingrane frå fatet og ikkje "reparere" så mykje sjølv. Eg må visst inn på Laptopen for å finne bilde å legge inn. Eg fekk forresten Helge til å legge inn 113 appen, den kan vere bra å ha for gamle damer som går tur åleine.
Klokka er 16, så det er nokså skymt ute, og så det blir vel å sette seg til med spøt og TV.
tirsdag, desember 07, 2021
Dagbok 2021: 7.desember
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...