mandag, desember 06, 2021
Dagbok 2021: 6.desember. Nilsmesse
søndag, desember 05, 2021
Dagbok 2021: 5.desember
Så laga eg ei Karstens fruktkake, som eg alltid gjer til jul. Plar lage ei til meg sjølv og ei til Margrete, men i år lagar eg berre ei for eg har 1/4 att av den eg laga i fjor. Noko særleg baking har eg ikkje tenkt å bry meg med, men eg har to gulrotkaker. I halv to tida tok eg på meg piggskorne og gjekk ein tur rundt om på Vallabøen- ikkje så langt heimefrå. Og då eg kom heim laga eg middag. I dag vart det steikt ørret, det blir ofte det om sundagane. Og så sette eg meg til med kaffikopp strikketøy og SERIE. No er serien heldigvis slutt, så kan eg kanskje få gjort noko anna.(Men eg finn vel snart ein annan serie?)
I morgon har eg ikkje noko eg "skal på "- men Marit skal på seniordans. Eg er spent på kva tid eg får pakken frå Rasmus med ein PC. Då kjem Helge og hjelper meg- eller omvendt- og så gleder eg meg til å få ei anna datamaskin. Spennande om eg få kopla den til printeren. Tysdag blir det kanskje trening igjen, og då får vi handle litt etterpå. Det er no litt kjekt å sjå kva dei har på butikkane av julepynt og anna, men eg kjem ikkje till å kjøpe så mykje.
Eg fekk mail frå straumleverandøren i dag, og der stod at det var billigare straum om natta. Så kanskje eg skal ha på litt varme då, så huset ikkje er heilt utkaldt om morgonen. Om dagen skiftar eg på med elektrisk-og vedvarme. Eg fekk tre sekker ved med Even i går, god tørr ved, men eg trur det er noko gale med omnen min, for den sluker veden, og når veden er brent opp, blir omnen fort kald. I fjor hadde vi ein lett og mild førjulsvinter, i år skal vi visst har vinter både før og etter jul.
Denne dagen har gått fort til tross for at eg har vore her åleine heile dagen - men dagane treng ikkje gå fort for mi skuld.
Eg kjøpte to amaryllis sist eg var på Plantasjen, no står dei begge med store knuppar og sprett vel snart heilt ut. Litt for tidleg i høve til jula. Bildet er litt misvisande- det er stova som speglar seg i vidusruta-og eit golvteppe ligg på kassa på altanen.
lørdag, desember 04, 2021
Dagbok 2021: 4. desember
Då eg var heime att, bytte eg på meg piggskor og gjekk ein runde på Vallabøen, heilt åleine. Eg gjekk i minst ein time; det er litt tungt å gå med piggar, men det gjorde sikker godt.
Eg hadde tenkt ut kva eg skulle gjere i dag, men først måtte eg ha litt mat og så ein episode av serien- for å kvile beina litt. Deretter laga eg ein relativt stor porsjon med kjøttkaker slik eg hadde planlagt.
Eg hadde også planlagt å lage ei gulrotkake til, eg har ei frå før. Det gjekk relativt greitt det også til kaka var komen i omnen. Det einaste var at eg syntest den såg litt lita ut. Då ser eg at dei 3dl med olje som skulle vere i kaka står att på kjøkkenbenken. Eg tok forma ut att og rørte oljen ned i deigen, eg lærte no slike knep dei åra eg hadde skulekjøkken. Eg syntest det blei litt tynt så eg lurte på om eg hadde gløymt mjøl også, men mjølboksen sto på disken med loket av, så eg må no ha hatt mjøl i deigen, men for sikkerheits skuld rørte eg inn litt mjøl også. No er kaka ferdigsteikt og ser heilt normal ut. Eg har rydda kjøkkenet og vaska opp. Eg er litt surrete oppi haudet somme tider, og så har eg visst eit matra som seier:
" Fort og gale. " Det gjeld heldigvis ikkje for bilkøyring-i alle fall ikkje alltid.
Eg handla berre på KIWI i dag, for laurdagane er det så mykje folk i Vik ,og dei kjem alle stader frå, så ein risikerer å bli smitta.
Eg har enno ikkje greidd å løyse sudokuen i fredagsavisa, så denne gongen må eg visst gi opp. I så fall blir det første gongen.
I morgon er det andre søndag i advent og eg har ikkje tent eit einaste lys enno. Heller ikkje har eg fått opp dørkransen og lysa ute. Men no er datamaskina på veg frå Kongsberg og då kjem Helge, og han hjelper meg med alt.
fredag, desember 03, 2021
Dagbok 2021: 3.desember
Klokka er no17.18, temperaturen ute er minus 7 grader c. I dag tidleg var det enda kaldare og altfor kaldt til å få moka meir snø, av t.d. trapp og altan. Det er kaldt ute og vanskeleg å få opp temperaturen inne, men no har eg fått tak i meir ved og så har eg varmepumpa ved sidan av. Eg shina og vaska kjøkken og bad og støsuga litt på stova og gangane på føremiddagen.
Så visste eg ikkje kva eg skulle bruke resten av dagen til, men eg ville i alle fall gå ein tur ute, ikkje på Vernet i dag, men på vegane. Då eg hadde gått eit lite stykke kom eg på at eg skulle ha hatt piggskor, men eg snudde ikkje heimatt. Ute i Storebakken trefte eg ei som eg kjenner og vi vart gåande i lag, ho hadde piggskorne på.
Då eg kom heim laga eg meg litt mat, veit ikkje om eg kan kalle det middag.
I dag kom innlegget mitt om Den gyldne spaserstokk i avisa, det var greitt nok, men eg var litt skuffa over at berre eitt bilde av dei som var sendt inn (ikkje av meg) kom på trykk.
No er eg i gang med å skrive litt om "Julebordet" som vi hadde sist onsdag. Eg har ikkje notert noko, så då må eg skrive etter hukommelsen- og den er ikkje sprek.( Eg gløymde til dømes spanskboka mi på hotellet, men Eli har tatt vare på den.) Dei andre gamle reagerer ikkje om eg skriv noko feil, dei trur vel berre at dei hugsar feil. Vi er ikkje så strenge mot kvarandre.
I dag er det fredag og då er der ymse kjekke program på TV. Elles er det mykje elende med smitte og høge straumprisar.
Eg vil i alle fall ønske alle ei fin helg!
Himmelen i aust klokka 9.30torsdag, desember 02, 2021
Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten
Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese den første og trur neppe eg les den siste. Boka er grei nok, men byr ikkje på noko nytt. "Den er så enkel at eg kunne ha skrive den sjølv", brukar eg å seie. Men grei å ha til "sovemedisin"- det går greitt å ta opp tråden kvar kveld.
Dagbok 2021: 2.desember.
onsdag, desember 01, 2021
Dagbok 2021: 1.desember
SEr på FB at Solveig har vore på sjukehuset i dag og tatt nytt røntgenbilde av fingeren. Det såg visst bra ut. Men som eg forsto har ho vondt enno. Eg hugsar den gongen eg braut handleddet. Det slutta å verke med det samme eg fekk gips på. Å bryte ein finger er ikkje like enkelt har eg forstått.
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...










