mandag, desember 06, 2021

Dagbok 2021: 6.desember. Nilsmesse

I dag gjekk eg i Lyngvegen, dette er Natvik sitt hus.

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er minus 4 grader og eg hatar kulden sjølv om eg synest det er vakkert ute. Eg hadde nettopp skrive ferdig bloggen, då eg kom borti eit kvart så eg sletta kvart ord, men eg får prøve å skrive om igjen om det ikkje blir heilt det samme.
Eg fyrer og fyrer med ved, men den brenn så fort opp 
 at eg nesten må sitte og mate omnen. Fann ei kasse med hageved i dag også, men trur det var den siste. Det var no ikkje noko å fyre med, men det er betre enn å kaste det på VØR. Eg har mykje meir hageved, men har problem med å sage den opp.
Eg hadde ikkje plan for dagen, men då eg fekk melding om ein pakke som var komen, køyrde eg ned på Bunnpris og henta den. Eg visste kva det var, det var ei datamaskin som Rasmus skulle sende til meg. Eg sende melding til Helge, men eg har ikkje høyrt frå han enno. Kanskje han ikkje har lese meldinga? Eg har ikkje lyst å innstallere den sjølv for eg er redd å gjere noko gale.
Etter at eg hadde pakka ut maskina, skifta eg på meg piggsko, slik at eg kunne gå ein tur. Det var veldig fint ute, men sola kom ikkje ned til oss i dag.
Eg leita fram diverse lys også, der er Timer på dei og det har eg ikkje greie på, tenkte at Helge kunne få hjelpe meg viss han kom. Folk pyntar veldig til jul både ute og inne, så eg føler meg ikkje heilt på topp.
I dag laga eg ein gryterett som heiter "jegergryte", det vart så mykje at eg har rikeleg i morgon også. Då skal vi vel på trening igjen, har ikkje høyrt noko anna.
Fekk mail frå redaktøren i Møre-Nytt i dag, han takka for innlegget. Eg har funne ut at det er tryggare å sende til han enn til redaksjonen.
No har eg skrive blogg for andre gong, så no gjeld det å ikkje slette.

Huset til Snipsøyr midt i bildet.
Lyngvegen.



søndag, desember 05, 2021

Dagbok 2021: 5.desember


Klokka er no18.10, temperaturen ute er minus 2 grader, det har vore overskya i dag, med litt snø-men berre litt. Eg har ikkje vore særleg effektiv i dag, ikkje så mykje å finne på i snø og kulde- og straumsparing. Det er vanskeleg å spare straum når ein er heime heile dagen. Må no ha det rimeleg varmt inne, og så snart ein skal gjere noko, brukar ein elektrisitet. Noko av det første eg gjorde i dag etter å ha ete frokost, var å sende manus til avisa. Eg skreiv det vel fredag, men trudde eg skulle komme på noko som kunne gjere det litt betre. Det gjorde eg ikkje, så det blei sendt som det var.

Så laga eg ei Karstens fruktkake, som eg alltid gjer til jul. Plar lage ei til meg sjølv og ei til Margrete, men i år lagar eg berre ei for eg har 1/4 att av den eg laga i fjor. Noko særleg baking har eg ikkje tenkt å bry meg  med, men eg har to gulrotkaker. I halv to tida tok eg på meg piggskorne og gjekk ein tur rundt om på Vallabøen- ikkje så langt heimefrå. Og då eg kom heim laga eg middag. I dag vart det steikt ørret, det blir ofte det om sundagane. Og så sette eg meg til med kaffikopp strikketøy og SERIE. No er serien heldigvis slutt, så kan eg kanskje få gjort noko anna.(Men eg finn vel snart ein annan serie?)

I morgon har eg ikkje noko eg "skal på "- men Marit skal på seniordans. Eg er spent på kva tid eg får pakken frå Rasmus med ein PC. Då kjem Helge og hjelper meg- eller omvendt- og så gleder eg meg til å få ei anna datamaskin. Spennande om eg få kopla den til printeren. Tysdag blir det kanskje trening igjen, og då får vi handle litt etterpå. Det er no litt kjekt å sjå kva dei har på butikkane av julepynt og anna, men eg kjem ikkje till å kjøpe så mykje.

Eg fekk mail frå straumleverandøren i dag, og der stod at det var billigare straum om natta. Så kanskje eg skal ha på litt varme då, så huset ikkje er heilt utkaldt om morgonen. Om dagen skiftar eg på med elektrisk-og vedvarme. Eg fekk tre sekker ved med Even i går, god tørr ved, men eg trur det er noko gale med omnen min, for den sluker veden, og når veden er brent opp, blir omnen fort kald. I fjor hadde vi ein lett og mild førjulsvinter, i år skal vi visst har vinter både før og etter jul. 
Denne dagen har gått fort til tross for at eg har vore her åleine heile dagen - men dagane treng ikkje gå fort for mi skuld.


Eg kjøpte to amaryllis sist eg var på Plantasjen, no står dei begge med store knuppar og sprett vel snart heilt ut. Litt for tidleg i høve til jula. Bildet er litt misvisande- det er stova som speglar seg i vidusruta-og eit golvteppe ligg på kassa på altanen.
 

lørdag, desember 04, 2021

Dagbok 2021: 4. desember

Klokka er no17.08, temperaturen ute er  + 1 grad, det var +2 tidlegare i dag. De er stor skilnad på +1 og minus 10 som vi hadde før i veka. Eg verker i ryggen og hofta om natta, så eg må ofte ta smertestillande for å sove. Eg trur det kjem av at eg sit så mykje i ro og strikkar om kveldane. Så i dag bestemte eg meg for å vere litt meir fysisk aktiv. Eg måtte dusje og vaske håret før eg kunne fare nokon stad, men då det var gjort køyrde eg på butikken og handla. 

Då eg var heime att, bytte eg på meg piggskor og gjekk ein runde på Vallabøen, heilt åleine. Eg gjekk i minst ein time; det er litt tungt å gå med piggar, men det gjorde sikker godt.

Eg hadde tenkt ut kva eg skulle gjere i dag, men først måtte eg ha litt mat og så ein episode av serien- for å kvile beina litt. Deretter laga eg ein relativt stor porsjon med kjøttkaker slik eg hadde planlagt. 

Eg hadde også planlagt å lage ei gulrotkake til, eg har ei frå før. Det gjekk relativt greitt det også til kaka var komen i omnen. Det einaste var at eg syntest den såg litt lita ut. Då ser eg at dei 3dl med olje som skulle vere i kaka står att på kjøkkenbenken. Eg tok forma ut att og rørte oljen ned i deigen, eg lærte no slike knep dei åra eg hadde skulekjøkken. Eg syntest det blei litt tynt så eg lurte på om eg hadde gløymt mjøl også, men mjølboksen sto på disken med loket av, så eg må no ha hatt mjøl i deigen, men for sikkerheits skuld rørte eg inn litt mjøl også. No er kaka ferdigsteikt og ser heilt normal ut. Eg har rydda kjøkkenet og vaska opp. Eg er litt surrete oppi haudet somme tider, og så har eg visst eit matra som seier:

" Fort og gale. " Det gjeld heldigvis ikkje for bilkøyring-i alle fall ikkje alltid.

Eg handla berre på KIWI i dag, for laurdagane er det så mykje folk i Vik ,og dei kjem alle stader frå, så ein risikerer å bli smitta. 

Eg har enno ikkje greidd å løyse sudokuen i fredagsavisa, så denne gongen må eg visst gi opp. I så fall blir det første gongen. 

I  morgon er det andre søndag i advent og eg har ikkje tent eit einaste lys enno. Heller ikkje har eg fått opp dørkransen og lysa ute. Men no er datamaskina på veg frå Kongsberg og då kjem Helge, og han hjelper meg med alt.


PS:Eg tok att sudokuen og begynte på nytt. Då kom eg i mål.

fredag, desember 03, 2021

Dagbok 2021: 3.desember

Øvst oppe i Storebakken.

Klokka er no17.18, temperaturen ute er minus 7 grader c. I dag tidleg var det enda kaldare og altfor kaldt til å få moka meir snø, av t.d. trapp og altan. Det er kaldt ute og vanskeleg å få opp temperaturen inne, men no har eg fått tak i meir ved og så har eg varmepumpa ved sidan av. Eg shina og vaska kjøkken og bad og støsuga litt på stova og gangane på føremiddagen. 

Så visste eg ikkje kva eg skulle bruke resten av dagen til, men eg ville i alle fall gå ein tur ute, ikkje på Vernet i dag, men på vegane. Då eg hadde gått eit lite stykke kom eg på at eg skulle ha hatt piggskor, men eg snudde ikkje heimatt. Ute i Storebakken trefte eg ei som eg kjenner og vi vart gåande i lag, ho hadde piggskorne på.

Då eg kom heim laga eg meg litt mat, veit ikkje om eg kan kalle det middag.

I dag kom innlegget mitt om Den gyldne spaserstokk i avisa, det var greitt nok, men eg var litt skuffa over at berre eitt bilde av dei som var sendt inn (ikkje av meg) kom på trykk.

No er eg i gang med å skrive litt om "Julebordet" som vi hadde sist onsdag. Eg har ikkje notert noko, så då må eg skrive etter hukommelsen- og den er ikkje sprek.( Eg gløymde til dømes spanskboka mi på hotellet, men Eli har tatt vare på den.) Dei andre gamle reagerer ikkje om eg skriv noko feil, dei trur vel berre at dei hugsar feil. Vi er ikkje så strenge mot kvarandre.

I dag er det fredag og då er der ymse kjekke program på TV. Elles er det mykje elende med smitte og høge straumprisar.

Eg vil i alle fall ønske alle ei fin helg!

                                                           Himmelen i aust klokka 9.30

torsdag, desember 02, 2021

Bok nr.32-2021: Skygger under overflaten


 

Denne boka har eg hatt til sengelektyre ei stund, den er på 478 sider, så det tok si tid. Boka er nr. 2 i ein trilogi, eg har ikkje lese den første og trur neppe eg les den siste. Boka er grei nok, men byr ikkje på noko nytt. "Den er så enkel at eg kunne ha skrive den sjølv", brukar eg å seie. Men grei å ha til "sovemedisin"- det går greitt å ta opp tråden kvar kveld.

Dagbok 2021: 2.desember.


Klokka er no 16.00, temperaturen har gått opp til minus 1 grad C. Det hadde kome snø i natt, men i dag har det stort sett vore opplett.
Planen for dagen var grei, vi skulle få taxi til treninga kl.10. Likevel fekk eg ikkje til å sove , men låg vaken det meste av natta. Men eg var oppe til rett tid og laga meg frokost. Då fekk eg melding frå Marit om at det ikkje vart trening i dag fordi fysioterapeuten var blitt forkjøla-og då fer ho ikkje på jobb. 
Eg kunne ha gått ut og begynt å moka snø, men eg fall for freistinga å legge meg inn att i senga og kvile.  Sov ca 1 time og då eg stod opp for andre gong var tunet ferdigmoka -ikkje frest. Det var nabo Torbjørn som hadde gjort dagens gode gjerning. Men her var rikeleg snø til meg også. Mellom anna moka eg altanrekkverket delvis, og laga meg ein slags veg nedom huset så eg fekk henta opp hageved. Det kjem vel med alle kvistar og greiner no, og dei brenn faktisk. Eg har på varmepumpa for å ha ein lite grunnvarme. Eg har enno ikkje funne att snøspaden, og den saknar eg. Den er god å ha til trappa og altanen spesielt. 
No har eg funne ut kva eg ønsker meg til jul, og det er hanskar og vottar. Når eg er ferdig med den lesten eg strikkar no, har eg tenkt å strikke vottar til meg sjølv, viss eg finn ei oppskrift-ja, eg greier det vel utan også.
Eg hadde ærend til Vik, skulle kjøpe ein blomsterbukett og overrekke. Eg hadde tenkt å gjere andre ærend også, men det var eit ufyseleg føre, så eg for heim først best.I går kveld var det heilt nydeleg å køyre på vintervegar.

Då eg var heime att var det å fyre igjen, den fyringa tek mykje tid - eg laga pannekakerøre -så det vart pannekaker til middag i dag.
Eg lurer på om eg skal skrive noko frå pensjonistmøtet  til avisa, i så fall har eg heile helga på meg.
No har eg ingen fleire plikter der før jul, og spanskurset startar ikkje opp før i februar- men vi har mykje lekse. Håper eg skal få gjort litt her heime ikkje berre moke og fyre. Det er tidleg mørkt, men så kan vi glede oss til at sola snur. I morgon blir det å få litt orden på huset-eg har ein tendens til å rote sjølv om eg er åleine.




 

onsdag, desember 01, 2021

Dagbok 2021: 1.desember


Klokka er no 18.12. Temperaturen ute er minus 7 grader, men det er opplett, fint og kvitt. Det er ei stund sidan eg kom heim, eg har streva litt for å få eld i omnen, men no brenn det godt. Eg har ikkje fyrt eller hatt på varmepumpa i dag, men greidd meg med ein liten vifteomn dei stundene eg har vore heime.
I dag hadde eg vekkarklokka på 8- og jammen sov eg til den ringde. Då vr det full fart å få på seg klede og ete frokost før eg gjekk ut og skulle moke snø. Det var ikkje så mykje eg fekk moka, berre eit tynt lag med nysnø oppå det eg moka i går. Eg rygga bilen ut og såg at eg kom meg fram, eller rettare sagt bak.Det var is på framruta då eg skulle fare, men den gjekk bort med litt halvvarmt vatn. 
Eg skulle først ein tur på ALTI, men då eg kom ned til Vik kom eg på at eg hadde gløymt høyreapparata, så eg køyrde like godt heim att og henta dei. Eg hadde god tid og bilen har godt av å gå seg litt varm. Eg tok ut pengar i minibanken og så stakk eg inn bilbutikken og kjøpte ei lita isskrape, eg veit ikkje kvar eg har gjort av dei eg hadde. Så parkerte eg ved Spar og gjekk til hotellet. Der var det altfor kaldt på rommet vi fekk tilvist i dag, men undervisninga gjekk sin gang. Vi skulle ha vore filma ! Det kunne blitt ein bra sit. com. Om skuleunger er litt bortreiste somme tider, så slår dei ikkje pensjonistar(mange lærarar) som skal lære spansk. Men vi har evne til å le av oss sjølve.
Før eg køyrde heim, handla eg litt på Spar. Eg hadde ein times tid heime, og bytte til andre klede. Det vart til at eg køyrde til møtet og Marit sat på med meg, eg køyrde heim att også, det var ikkje så mørkt når snøen ligg kvit og fin og det er gatelys heile vegen.
Eli var i tvil om vi skulle ha julemøte i år. Det plar ikkje vere så mange som møter fram. Men eg foreslo å ha eit enkelt møte på Bakk-Ola , med julemat og julesongar. Og slik blei det. Og eg trur det vart vellykka. Matias var der og spelte piano til julesongane. Elles vil eg ikkje skrive meir om møtet i tilfelle eg skal skrive i avisa. Er ikkje sikker på det.
 Det brenn i omnen no og eg har på ein vifteomne, men trur det tek tid å få her varmt. Marit ha bestilt taxi til treninga i morgon. Vi får det gratis sidan vi har frikort, men om veret er bra kan det hende eg køyrer sjølv .

SEr på FB at Solveig har vore på sjukehuset i dag og tatt nytt røntgenbilde av fingeren. Det såg visst bra ut. Men som eg forsto har ho vondt enno. Eg hugsar den gongen eg braut handleddet. Det slutta å verke med det samme eg fekk gips på. Å bryte ein finger er ikkje like enkelt har eg forstått.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...