lørdag, juni 19, 2021

Dagbok 2021: 19.juni

KLokka er no 18.25, temperaturen ute er + 19 grader C og sola skin. På føremiddagen var det skodde og ikkje så varmt, men det kom seg. I dag har eg vore heime åleine heile dagen. Eg hadde tenkt meg på butikkar,men slo det frå meg. Eg har stort sett det eg treng i hus.Eg ville bruke dagen til å få betre orden i hagen, det vart lite gjort denne siste veka då det regna stort sett kvar dag. I dag har eg klipt og klipt -med saks. Ja, eg har to kantklipparar, så det står ikkje på. Den eine får eg ikkje til å bruke, den andre går på batteri, og eg klarer ikkje å få laus batteriet og sette det på lading. Eg kan alltids få nokon til å hjelpe meg, men så virkar det ca 15 minutt, så må det ladast igjen. DERFOR brukar eg saks. Problemet er berre det at eg må stå tvekroka heile tida -og det likar ikkje ryggen.Eg blir også fort trøtt i knea. Litt problem må ein rekne med i min alder, men eg har fått gjort ein heil del likevel. Eg har klipt rundt tre og busker og mellom steinhellene som dannar "veg" nedanfor huset. Før i tida brukte eg å ta opp ei og ei helle og røske vekk graset-ikkje kvart år, men kanskje annakvart. Eg har rekna ut at det er sjette sommaren eg steller hagen åleine. Og sjølv om eg klagar på det eine og det andre, så er det det eg vil. Eg har fleire venninner på same alder som har flytta i leilegheit, men dei er så spreke at dei går tur både i skog og fjell, og så badar dei i sjøen heile året- somme av dei. Eg hadde lang middagspause, for etter at eg hadde ete, la eg meg strak ut på solsenga og kvilte meg, før eg tok siste tørnen ute. Det kan godt hende eg gjer litt i morgon også, for komande fredag reiser eg i lag med Margrete og dei fire barna til Solund. Eg har ikkje vore der ute sidan vi var i 80-årrsdagen til Anne Marie for 6 år sidan, og då var vi berre på Hardbakke. Det er enda mykje lenger sidan eg var i Trovågen. Margrete har vore der to gonger etter at Nils døde. Vi skal bu i Vågane, der er hytter og hus å leige. Eg ser fram til turen, men synest det er rart å reise frå hus og heim og vere borte ei heil veke. Vi skal fare med to bilar. I morgon fyller Margrete 53 år og då skal eg vere med henne og barna på kafé.Veit ikkje om det blir i Volda eller Ørsta. I kveld blir det vel å sitt framfor TV-en med strikketøy, eg måtte berre kjøpe littlestegarn for å ha noko på hendene. Naboane nedanfor har eit prosjekt på gang- litt spent på korleis det blir.
Då vil eg ønske alle ei fin helg. Skulle vel ha gjort det i går, men då gjekk det i gløymeboka.

Bok nr. 23 -2021: Bli snill gjen

Det er ikkje så mykje eg les for tida, det blir helst til at eg ser "Seriar" på TV og strikkar. Men på senga har eg alltid ei papirbok som eg les nokre sider i kvar kveld. Det seier seg sjølv at dette blir nokså overfladisk lesing, så eg vil ikkje vurdere bøkene så mykje - når eg ikkje engasjerer meg så sterkt. Denne boka likte eg godt til å begynne med-men eg synest den tapte seg etter kvart. Eg las siste sidene no i dag mens eg ventar på at sola skal kome fram så det blir litt varmare ute.

fredag, juni 18, 2021

Dagbok 2021: !8.juni

Klokka er no 18.40, temperaturen ute er +16 grader C, det er opplett, lettskya og litt sol innimellom. I dag tok eg fredagsvasken på fredag, for eg tenkte eg måtte bruke morgondagen på plenklipp. Etter at eg hadde vaska etc. sette eg meg til å sjå serie + strikke. Margrete sende melding om at ho ville komme hit ein tur mens ho venta på Ingeborg som skulle komme med flyet frå Oslo. Dei hadde hatt avslutning på jobben, så det vart ikkje alktuelt med bevertning. Men vi fekk no prata om diverse, blant anna turen til Solund. Margrete +4 barn skal reise med to bilar og eg har tilbod om å vere med. Dei har leigd ei leilegheit på same staden som i fjor og der er plass til meg også. Det ser ut som eg kan komme meg på tur i år, har ikkje vore på overnattingstur sidan vi var på Hardbakke i Anne Marie sin 80-årsdag. Det var i 2015. På Kongsberg har eg ikkje vore sidan Rasmus fylte 50 år i 2014. Så det er kanskje på tide at eg kjem meg ut dørene, men eg er veldig glad i å vere heime altså, særleg om sommaren. Nok om det. Etter at Margrete var vekk laga eg meg litt middag av restar frå i går, og etterpå kokte eg graut av risen som var att, den skal eg ha anten i kveld eller i morgon eller begge deler. Eg slappa av litt etter middag, men så høyrde eg at plenklipparane surra i alle retningar, og då greidde eg ikkje å halde meg i ro, men gjekk ut og klipte heile tomta non stop. Det kan godt hende eg må fare litt over i morgon med rive eller klippar, for når ein klipper så vått gras er det tendens til at klipparen spyttar ut litt. Marit reiste på hytta til Kjartan i dag, så eg skal passe Lollo. Berre ho ikkje stikk av slik som sist. Eg veit ikkje kva eg skal gjere i morgon, men eg må i alle fall handle litt mat om ikkje anna. No ser det ut til at det kan skine opp, men eg går ikkje tur på Vernet i dag. Eg har hatt nok mosjon.

torsdag, juni 17, 2021

Dagbok 2021: 17.juni

Klokka er no 18.35, temperaturen ute er + 13 grader og det har regna litt i dag også. I går kveld fekk vi melding frå fysioterapeuten at ho ikkje kunne kome i dag fordi einet barnet hennar var sjuk. Det blei altså fridag på Marit og meg. Eg sende melding til henne rett etter frokost i dag og spurde om ho ville vere med på ALTI og det ville ho. Vi skulle ikkje fare før klokka 12 så eg fekk gjort nokre småjobbar her heime først. Blant anna tok eg inn rabarbra som eg reinska og fraus. Eg skulle hente ut alle medisinane mine i dag, men det var ein eg ikkje fekk fordi dei ikkje hadde den, men eg har så mykje att at eg held ut til dei får den inn igjen. Sidan vi hadde god tid i dag såg vi oss om både oppe og nede på senteret og såg på alt det fine som er å få kjøpt, berre synd at vi ikkje har så mykje bruk for noko. Det einaste eg kjøpte meg var ei ny treningsbukse, det kan vere bra å ha to. Og så kjøpte eg ein bunt garn på -nille, som eg skal strikke tynne lestar av. Det blir litt sløvt å sitte med hendene i fanget og sjå TV heile kveldane. Mat kjøpte vi på KIWI på heimvegen. Marit anbefalt nokre ferdig krydra kyllingspyd som eg kjøpte og steikte til middag, kokte ris til og laga salat, så det vart både sunt godt og mettande. Etterpå såg eg to seriar som eg følgjer, den eina slutta i dag. Men så har eg ein annan som eg ventar på fortsettelse av (Hvide Sande).Eigentleg skulle eg ha klipt plen i dag, men eg må nok vente til det tørkar opp igjen. På bildet eg har lagt inn i dag kan de sjå plommene mine, der heng att nokre visne resta at dei eg hadde i fjor også. Blir alle modne og gode, kjem vi til å ha rikeleg. Det var masse plommer i fjor også, men mykje rotna og vart øydelgt fordi dei hang for tett. Eg kjem meg kanskje ikkje opp i trea for å tynne ut i år heller. ?

onsdag, juni 16, 2021

Dagbok 2021: 16.juni

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er ca +14 grader og det regnar litt av og til. Ergo er det både varmare og tørrare enn i går. Rhododendronen på bildet kjøpte vi for mange år sidan, først ein, og så ein annan etterpå. Det var ikkje meininga å ha to heilt like, men slik vart det, og no ser det ut som ein. Når dei blomstrar av, har eg tenkt å klippe dei ned litt, slik at dei blir tettare.Det er mange fine rhododendron å sjå rundt om i hagane, eg har no fleire gonger tenkt at eg skulle kjøpe nokre til, så eg får sjå kva det blir til. I dag har eg gått her heime åleine og surra, men har no fått gjort litt til nytte også. Det er ei veke sidan eg klipte plen, men eg må nok vente litt lenger med neste klipp. I dag hadde eg bestemt meg for å vaske og rydde kjøleskapet, så då vart i alle fall det gjort. Så tok eg oska ut or omnen og pussa ruta, så no ser det litt betre ut. Elles sette eg på vaskemaskin og oppvask.I dag var det ein slik dag som egna seg for saging av greiner. Dei tjukkaste greinene som Audun saga ned i vår låg så lange dei var under altanen. Eg tok fram saga mi, kjøpt for 80 kr. på Clas, og med ein defekt plast hagestol som sagkrakk, fekk eg saga opp greinene, det vart ca. 1 sekk ved ut av det. Eg var også inne i leilegheita og sette på varme i badgolvet slik at det ikkje blir vått og fælt på veggene. Dei som budde der har vaska og rydda veldig fint etter seg.Den nye leigebuaren har flytta litt av sine ting inn. Eg steikte meg Gilde karbonader til middag og etterpå vart eg sittande å sjå seriar. Men då klokka var vel 17 tok eg på meg og gjekk ut. Det vart ein tur på Vernet i dag også, i dag møtte eg Anne Marie Øyehaug og vi vart ståande midt i trappa og prate ei god stund. Ho er eitt år eldre enn eg, og i fin form.I morgon er det trening igjen og så skal eg på apoteket og hente medisinane mine.
Starevegen sett frå Fonnvernet.

tirsdag, juni 15, 2021

Dagbok 2021: 15.juni

Klokka er no 17.15,og temperaturen ute er + 10 gtader C. Ikkje mykje å varme seg på. Eg held meg inne i nærleiken av varmepumpa for det meste. No er eg på datarommet og frå vinduet her ser eg ut i plommetrea. Eg ser at plommekarta er der i store mengdet, trur det må vere ein million små plommer tillaga, kor mange som veks seg store og modnar står att å sjå. Eg burde vel tynna ut, men det får eventuelt bli seinare. I dag har eg ikkje gjort eit skapte grann til nytte-ikkje enno i alle fall. Føremiddagen gjekk stort sett med til å førebu treningsøkta, og etter trening var Marit og eg på ALTI -eg skulle ha kalktablettar og Marit anna medisin. Eg stakk innom Mariann og kjøpte sjampo og balsam, alltid kjekt å slå av ein prat med henne. Ho gjekk i samme klasse som Margrete på barneskulen, seinare vart eg lærar til eldste sonen hennar.Marit villa handle på Spar og då vart det slik. Eg skulle ikkje ha så mykje , men fekk i alle fall fylt opp is-lageret mitt. Akkurat no går det ikkje så mykje is, men det blir vel meir sommar etter kvart. I går prøvde eg gong etter gong å ringe legesenteret,men telefonen virka ikkje. Det kom opp ein liten logo med "blokkert". I dag ringde eg til Marit og då virka telefonen. Marit hadde ein avtale på legesenteret i dag og då blei eg med dit. Det viste seg at det var der telefon-feilen var.Så eg leverte berre ein lapp, og så skulle ho eg snakka med orientere fastlegen min om at ho må fornye reseptane mine.Klokka var over 14 før eg kom meg i hus igjen. Eg laga meg pannekaker til middag i dag, det var fort og lettvint. Etterpå skulle eg kose meg med seriane mine. På den eine var det berre ein ny episode, og den såg eg meir og mindre to gonger fordi eg halvsov innimellom. Då eg skulle sjå den andre, stod der at det ikkje kjem ny episode før fredag. Så no lurer eg på om eg må ha enda ein serie for å få nok. Grunnen til all serie-sjåinga er fotballen, som eg bryr meg lite om. No ser veret ikkje så verst ut, så eg skal kanskje gå ein liten tur, det hjelper både for frosten og humøret.Det blir vel ein tur på Vernet-det er lettvint og avgrensa.

mandag, juni 14, 2021

Dagbok 2021: 14.juni

I dag er eg i litt dårleg humør, det regnar heile tida og det er surt og kaldt, sjølv om temperaturen ikkje er verre enn + 12 grader.Eg gjekk ut på trappa og tok eit bilde i kvar retning, og då eg såg bilda måtte eg berre glede meg over kor fint og grønt her er. Hadde det vore sol heile tida, hadde vi ikkje hatt det slik. Det vart ei lita trøst i ein elles nokså kjedeleg dag. Eg trudde det skulle lette opp ut på ettermiddagen så eg fekk gå ein tur, men det har ikkje skjedd- enno i alle fall. I dag hadde eg berre ein post på programmet mitt og det var at eg skulle bake brød, for å få brukt opp melk som eg har kjøpt. Eg brukar sjeldan oppskrift når eg lagar brød, eg tek fram alle mjølsortane eg har + diverse frø og så hiv eg opp i deigen litt av kvart. Det blir som regel bra, og så blir det ulike brød kvar gong. Då eg hadde laga deigen i dag, ville eg pusse ruta på omnen og slutte å fyre ei stund. Men omnen var så full av sot at eg måtte brenne den rein. Derfor henta eg eit par skier og fyrte opp. Så fekk eg ein lys idè, eg kunne brenne opp plommetrekvistar. Då Audun beskar plommetrea sist vår, rydda eg opp etterpå eg hadde dei tynnaste kvistane i ein sekk og dei som var tjukke nok til å vere ved i ein annan. Dei tynnaste kvistane hadde eg tenkt å ta med på VØR, men i dag tok eg like godt og brende heile greia i omnen, så blei her godt og varmt og det blir ein sekk mindre å fare på VØR med. Elles så lurer eg med til å sjå litt Seriar innimellom. "Love Child" kjem med ein ny episode kvar dag utanom helga. Derfor begynte eg å sjå Vite Sande også, men då eg hadde sett ein episode i dag, var det stopp der også, neste episode kjem i morgon. Eg har prøvd å ringe legesenteret fleire gonger, for eg må få oppdatert reseptane mine, men eg får ikkje til å ringe. Der kjem opp ei melding om at det er blokkert. Eg forstår ingen ting. Eg reknar med at Solveig og Øystein er på heimveg etter å ha vore på avslutning av studiet til Olaug. Seremonien var i Grieghallen. Dei får legge ut bilde sjølve, eg tek meg ikkje den friheita.No ser det ut til at det kan bli ei lita stund med opplett, såpass eg får lufta meg litt. I morgon skal vi på trening og på Alti-Marit og eg.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...