søndag, juni 06, 2021

Dagbok 2021: 6. juni

Klokka er no ca.15.30, det er + 17 grader ute og det har regna. Franmleis ligg skodda nedetter fjellsidene. I dag fyller barnebarnet Olaug 24 år,og då må ein leite i gamle album etter barnebilde. Eg har ein heil hyllemeter eller kanskje to med album frå tida før data-alderen. Åra har godt fort, og det verste er at til eldre ein blir, til fortare går tida. Olaug bur no i Bergen, ho og sambuaren har kjøpt leilegheit på Troldhaugen. Olaug er ferdig med tannlegestudiet sitt og har fått jobb i Bergensområdet. Men eg reknar no med at ho kjem "heim" i løpet av sommaren. Eirik (tvillingfetteren) er komen heim frå Trondheim, men Ingeborg er framleis i Oslo. Også ho er ferdig med studiane sine i år og har fått lærarjobb på Nordstrand i Oslo. I dag vakna eg tidleg, og begynte å vente på at dei skulle flytte ut i kjellaren. Eg har hatt to kjekke ungdommar buande her til og frå i to år. Dei studerte i Volda, men det vart mange avbrekk i Korona-tida. Dei hadde rydda og vaska fint etter seg. Foreldra til Linda kom i går og heile familien har vore sysselsett med å tømme leilegheita og lesse inn i bilane.Linda vart lei seg då dei skulle til å fare-for då måtte ho ta farvel med nabokatten, som har vore på besøk hos dei titt og ofte. Eg var ned og såg over leilegheita i lag med Linda,og det var bra for ho hadde gløymt å ta med seg gardinene på soverommet. Leilegheita ser bra ut, men eg skal no fare over og leite etter feil. Helge skulle komme att og reparere skikkeleg det elektriske, han laga det berre til så dei kunne bruke det dei siste par dagane. Eg kjem til å sakne leigebuarane mine, men no om sommaren er det greitt å vere her åleine slik at eg kan styre på som eg vil både ute og inne.I dag har eg ikkje gjort det skapte grann anna enn å lage meg middag. Den var god: Steikt ørret(vakuumpakka og frosen)+ grønsaker og potet. Eg kjøper den ørreten som har skinn, og steiker på skinnsida først. Då blir fisken saftig og fin. No skal eg anten koke meg kaffi eller gå ein tur - eller begge deler.

Bok nr. 22- 2021:Kobrahjerte

No har eg lese enda ei papirbok. Det går ikkje fort unna når ein berre les nokre få sider kvar kveld.Forfattaren Toril Brekke har skrive mange bøker og eg har lese nokre av dei. Eg er alltid berre sånn passeleg begeistra. Ho flettar alltid noko av "Historia" inn i teksten-her er det Vietnam-krigen som er ein del av bakteppet. Eg veit ikkje heilt kva som gjer det, men eg blir aldri heilt oppslukt av bøkene til denne forfattaren. Teksten er alltid litt "slapp". No får eg rydde litt i bokhylla og finne meg meir litteratur. Eg kan ikkje lese Storytel på senga, for då sovnar eg med boka på øyret.

lørdag, juni 05, 2021

Dagbok 2021: 5. juni

Klokka er no 15.55, temperaturen ute er + 22 grader C, det vart varmare no på ettermiddagen enn det var tidlegare i dag. Det har vore ein relativt aktiv dag. Først på dagen tok eg "fredagsvasken"-blant anna vaska eg dusjkabinettet med bilsjampo og svamp-det synest eg er litt kjekkare enn slik eg har gjort det før. Etterpå skulle eg ned på KIWI og handle litt, og Marit vart med. Så fann eg ut at vi kunne ta ein tur på gravplassen med det samme og vatne. Og det gjorde vi. Då vi kom heim att var klokka berre litt over 13.Så eg tok meg litt lunsj og etterpå gjekk eg ein tur på Vernet. Der var fint og ikkje så mykje folk akkurat då.
I dag sat eg på nesten alle benkane, ikkje fordi eg var sliten, men fordi det var så fint å sitte og sjå utover. Når eg sit på denne benken ser eg rett bort på Melle og den raude løa "vår". Lufta var ikkje heilt klar i dag, men litt disig. Eg trefte ingen å prate med på turen min, og Starevegen var også folketom.
Då eg kom heim hadde faren til Linda parkert bil og hengar på tunet. Det var avtalt på førehand, og ein av grunnane til at eg handla tidleg på dag. Eg snakka med faren for han kjenner eg frå før, det var han som var her då Linda flytta inn.
Eg synest det er trist når leigebuarane mine fer, men på den andre sida kan eg styre på som eg vil når eg er "heime åleine". Håper alle i familien (og eventuelt andre) har det bra. Marit har sjekka langtidsvarselet og 18-19 juni er det meldt SNØ!

fredag, juni 04, 2021

Dagbok 2021: 4.juni

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 20 grader og det er overskya. Dette har vore ein innhaldsrik dag. Eg starta dagen klokka 5, som vanleg, men la meg att og greidde å ligge til ca. 7.30. Då stod eg opp og åt frokost før eg shina opp kjøkkenet. Fredagsvasken er utsett til laurdag denne veka også. Før eg begynte å klippe plen, vatna eg heile hagen, sidan eg ikkje hadde gjort det i går.Så begynte eg å klippe skråninga og ikkje berre den, men gras og ugras her og der klipte eg for hand, med saks. Då eg var nesten ferdig kom leigebuarane og fortalde at der ikkje var varmevatn på tanken deira-det var noko spom var gale. Foreldra til Linda kjem i morgon og då kan det vere godt å ha varmevatn og ei oppvaskmaskin som fungerer. Eg diskuterte med naboen, om eg skulle ringe rørleggar eller elektrikar, og vi fann ut at det kanskje var best å ta rørleggaren først. Dermed ringde eg "Vinjevoll rør " og vel ein time seinare kom rørleggaren. Han fann fort ut at det var eit elektrisk problem, men han fekk ordna det slik at det funka.Men han råda til å få tak i elektrikar. Og som kjent har eg ein "personleg elektrikar" som kom med det same eg sende melding til han. Han ordna det slik at både varmtvasstanken og oppvaskmaskina funka, men han skal kome igjen og gjere det litt skikkelegare. Eg føler meg litt hjelpelaus når slike problem oppstår, men det gjekk bra. I mellomtida kom Margrete og Amanda på besøk og dei skulle berrre ha is og kaffi og då fekk dei det. Erlend og Ingrid kom litt seinare, og så skulle dei heim til Margrete alle og ta imot Eirik som skulle komme heim i dag. Eg åt litt mat som minte om middag før eg gjekk ut og gjorde meg ferdig i hagen, spyla klipparen og sette den på stall. No føler eg at det er helg, men vi er no berre på fredag. I morgon må eg vel ha meg ei lita handlerunde etter at eg har tatt helgavasken. Litt rart at sola ikkje skin, men det er no deilig ver likevel. Ønsker alle ei god helg.

torsdag, juni 03, 2021

Dagbok 2021: 3.juni

Klokka er no 19.50, temperaturen ute er + 25 grader C, for ei stund siden stod gradestokken på + 27 grader C, varmaste hittil i år.Sist natt vakna eg av at eg var silande sveitt, det har aldri hendt før. Sidan treninga ikkje starta før 12.30 i dag, måtte eg finne på noko før den tid. Det vart til at eg rydda bedet nedom garasjen og klipte kanten rundt med saks. Etterpå vart det å dusje og vaske hår.Det var eg som køyrde i dag også, for Marit hadde falle i går og skada venstre handa si. Etter treninga handla vi litt på Spar.Eg kjøpte mest grønsaker,pluss eit glas med Apetina-ost i olje. Dermed kunne eg lage meg ein herleg salat til middag, godt med kald mat i varmen. Desserten vart enda kaldare, nemleg is-med varm kaffi til. Etter middagen skulle eg prøve å sole meg på altanen, men det vart fryktelig varmt. Vart hengande over rekkverket å snakke med naboar og leigebuarar. Linda og Erik fortalde at dei kjem til å reise alt no laurdag/sundag. Det er foreldra til Linda som kjem og hentar pikk og pakk i ein varebil. Eg kjem til å sakne desse to. I morgon er det dagen for plenklipp, men eg tjuvstarta litt i dag. Eg tok plenlappane opp mot vegen, og så klipte eg rundt huset. Eg stilte klipparen eit hakk høgare opp enn eg plar, så det vart ikkje så stygt denne gongen. Plenen kjem seg etter kvart. Eg kom inn att til 19-nyheitene, for dei må eg få med meg. Eg var heilt dyvåt av sveitte, men det er berre lekkert. I morgon blir det å klippe Skråninga + diverse kantar. Det kom ein mann forbi då eg heldt på oppe med vegen, han skrytte og syntest eg var veldig flink. Flink og flink, eg likar å halde på ute no når det er så herleg vêr.Vêret varer ikkje evig, snart kjem regnet, men då slepp eg å vatne.

onsdag, juni 02, 2021

Dagbok 2021: 2.juni

Klokka er no 17.45, temperaturen er minst + 24 grader. Det har vore sol og nydeleg ver i heile dag, så sommaren er ikkje slutt. Vi som har heilårsferie kan berre nyte finevêret så lenge det varer. I dag før middag strauk eg nokre klede og kokte risgraut før eg gjekk ut og begynte på hagearbeidet, risgrauten fekk stå og godgjere seg på svak varme.I dag reinska eg bedet bort med Urke-garasjen, det er ikkje så mykje som veks der, men eg har i fleire år tenkt å plante der Rododendron. Det har ikkje blitt enno. Mens eg var i farten tok eg jordbæråkeren også. Der er berre to rekker med plantar, ei på kvar side, så eg kunne gå i midten og røske opp ugras og anna gras. Det røyner på ryggen å stå bøygd så lenge, men det gjekk bra. Først då eg kom bort på trappa hugsa eg grauten, som sjølvsagt hadde brent i botnen på panna, men eg redda mesteparten over i ei anna panne-så det vart grautmiddag. Det er ikkje noko eg er spesielt glad i, men når eg har "gammal" melk må eg anten bake brød eller koke graut. Etter middagen la eg meg ut på solsenga, men brått skya det over og sola forsvann-men berre delvis, og ho kom att. Då var det tid for å vatne heile hagen i dag også.No har eg berre bedet nedanfor garasjen igjen å rydde, der er det mykje avblomstra løkplantar. Når eg er ferdig der, er det berre å begynne på ein ny runde. Eg tenkte eg skulle gå ein tur på fonnvernet når det vart litt kjøligare, men eg får sjå kva det blir til. I morgon er det trening igjen, og Marit sin tur å køyre.

tirsdag, juni 01, 2021

Dagbok 2021: 1.juni

Klokka er no 17.25, temperaturen ute på trappa er + 23 grader. I dag har det vore sol og fint vêr heilt frå morgonen av. Eg gjekk her og surra på føremiddagen, før eg skulle køyre Marit på trening, ho skulle begynne kl. 11.20. Før den tid dusja eg og vaska håret, støvsuga og rydda litt i bilen etc.etc. Etter at eg hadde sett Marit av ved treningsstudio, køyrde eg bort til Gjenbruk, der held gartnaren frå Urke til og sel blomster, tomatar og agurk på torget. Eg kjøpte ein rosa pelargonium, og 10 stemors på tilbod. Det var enno for tidleg å fare på møte, så eg stakk heimom med blomstrane. Som planlagt var møtet i friluft i hagen til Eli og Terje. Det store trebordet med benkar kjem ikkje med på bildet, det er bak den grøne buska heilt til venstre. Det er artig å sjå korleis dei har laga ein fin hage på eit relativt lite areal. Eli hadde steikt vaflar og kokt kaffi til oss i dag, Knut møtte ikkje opp i dag, så vi var ikkje fulltallige. No begynner vi å tenke på møte og vidare drift i pensjonistlaget, vi har hatt lang Korona-ferie. Då eg kom heim skunda eg meg å skrive eit referat før det gjekk i gløymeboka. Så tok eg meg litt mat av ein enkel sort, men desserte var førsteklasses: Jordbær (frå Holland) med sukker og fløte! For første gong i år.Eg burde sikkert ha tatt ein runde på Vernet for å bruke opp kaloriane. Etter at eg hadde ete gjekk eg ut og planta i potter, det er så populært for tida. Mange har ein heil hage i potter, og driv ikkje med bed. Eg har bed også, men har ikkje fått rydda dei skikkeleg. Det er fordi løkplantane ikkje har gjort seg heilt ferdige. Til slutt i dag tok eg den lange slangen og vatna heile tomta-nesten. Det blir tørt ganske fort. Ja, det er ein fantastisk sommar vi har hatt no-eg er berre redd for at vi brukar opp finevêret før sommaren er skikkeleg i gang.Skal legge ut nokre bilde som er nettopp tok i hagen.
Marit har fleire nydelege rhododendron som blomstrar no. Eg kan nyte dei frå kjøkkenvinduet mitt.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...