fredag, mai 21, 2021
Bok nr. 21 - 2021: Hva hun klager over når hun klager over husarbeidet
Denne boka har eg lese i papirutgåve på senga ein liten halvtime kvar kveld. Den var ikkje tung å lese, men eg må innrømme at eg ikkje fekk så mykje ut av den som Margrete gjorde då ho las den. Ho har skrive om den på bloggen sin.
torsdag, mai 20, 2021
Dagbok 2021: 20.mai
Klokka er no 19.45, temperaturen er + 8 grader og det regnar litt innimellom. I dag prøvde eg å få gjort litt før treninga, så då vaska eg vinduskarmar og pyntepotter, og tørka støv på stova.Etter trening skulle vi handle litt, så det blei tur både på Alti og på Spar. Då vi kom heim var det alt langt på dag og tid for middag. Etter at eg hadde ete sette eg meg til å strikke og sjå TV.Eg hadde planer om ein tur på plantasjen etter at verste trafikken var over. Marit ville vere med og vi for ca klokka 18. Men trafikken var ikkje slutt, vi møtte så mange bilar at vi kom til at der hadde "vore ei ferje".Eg hadde til ærend å kjøpe ein sekk til med Kugjødselkompost og så smelte eg til å kjøpe fem sekker med mold i tillegg.(Det var eit styr å få sekkane inn i bilen-dei var glatte og våte) Det var tilbod på 5 sekker for 300-og noko. Eg fann ein blomst til grava og nokre som eg skal plante i kassene utanfor kjøkkenglaset. Påskeliljene er no sett til avblomstring, dei skal få plass i eit bed, så kjem dei att neste år.Håper eg. I dag har eg ikkje fått gjort noko ute, men i morgon skal det bli betre vêr så då får eg kanskje klipt plenen igjen. Eg plar klippe kvar veke og i morgon er det ei veke sidan sist. Så skal eg spade opp potetåkeren min, men settepoteter har eg ikkje fått tak i enno. Kanskje plantar eg på grava viss eg rekk det. I kveld skal eg kose meg med 2.semifinalen av MGP. Eg skal innrømme at eg ikkje likar alle songane så godt, eg synest dei set mest inn på å få eit fint sceneshow, det skortar på fine melodiar- men det er vel eg som ikkje heng med i tida-med god grunn.
onsdag, mai 19, 2021
Dagbok 2021: 19.mai
Klokka er no 17.25,og temperaturen ute er + 13 grader C. I dag har det vore litt sol, litt regn og litt vind. Godt arbeidsvêr med andre ord. Akkurat no skin sola igjen. I dag hadde eg ein plan. Først laga eg ei grønsaksuppe og så shina eg opp kjøkkenet, tok ned gardinene og hadde dei i vaskemaskina - der ligg dei enno. Så gjekk eg ut og begynte å rydde i beddet ved garasjen, fjerna ugras og anna som ikkje skal vere der. Så klipte eg plenenane opp mot gata. Kunne godt ha klipt nedafor huset også, for det hadde vakse veldig godt sidan fredag, men eg klipper ikkje oftare enn ein gong for veka uansett !!!! Det som er kjekt når ein jobbar oppe mot gata er at folk kjem forbi og pratar ei lita stund, dermed føler ein at ein er litt sosial. Eg har hatt mange gode pratestunder i dag. Før eg tok pause spylte eg klipparen grundig, for den såg ikkje ut etter alt det halvvåte graset. Då klokka var ca 14.30 gjekk eg inn og gjorde ferdig middagen. I dag var det som sagt grønsaksuppe på menyen, men oppfinnsom som eg er, fann eg på å ta restane frå taco-kjøttdeigen opp i suppa. Og Voila der hadde eg "krydra kjøttsuppe med grønsaker". I dag bevilga eg meg ein ganske stor porsjon med is-fordi eg fortente det. Etter middagen gjekk eg ut att i beddet og hadde på kugjødselkompost og pynta der litt. Eg ser at beddet treng eit løft, så eg får pønske ut ein plan. Gudmund greidde å få opp flaska med ugrasmiddel så eg tok ein runde og spraya på skvalderkål. Beddet på nedsida av garasjen skal eg ta ein annan dag, der er ein del tulipanar og dei må få blomstre i fred. Eg har nok av andre oppgåver i hagen, men dette er arbeid eg likar, så får eg heller halde ut litt leggkrampe og ryggverk. Armane og hendene fungerer i år-det gjorde dei ikkje i fjor, så somme ting går framover til trasss for alderen. Og i morgon er det trening igjen 12.30-13.30.
tirsdag, mai 18, 2021
Dagbok 2021: 18.mai
Klokka er no 18.07 og det er + 10 grader ute. Finevêret som vi hadde i går tok fort slutt, i dag har det regna meir og mindre heile dagen. Før vi skulle på tening vart det ikkje gjort stort anna enn å dusje, vaske håret og kle seg i høvelege klede. Vi trena som vanleg i ein time, og då var vi ute i bilen att før kl. 12.30. Vi stoppa på Kiwi og handla litt, så sat vi i bilen og prata ei stund då vi kom heim. Ved postkassa trefte vi naboane og vart ståande å prate med dei - og så gjekk no tida. Fekk ikkje gjort særleg mykje fornuftig før middag. Middagen i dag vart om lag som i går, nemleg Taco, men der er ikkje nok att til i morgon. Etter middag sette eg meg inn i godstolen og skulle strikke, men heldt på å skulle sovne fleire gonger. Har ein serie på Netflix som eg har ståande på utan at eg engasjerer meg noko særleg. Eg vart sittande å strikke til eg var ferdig med lesten, no har eg berre ein att, så er eg ferdig med to par. Det eg hadde tenkt eg skulle gjere i dag var å rydde bedet ved garasjen. Eg var ute og tok vekk masse ugras nedst i hagen i går ettermiddag, for eg ville ikkje halde på opp mot vegen på 17.mai, så eg sparte det bedet til i dag, men så har det ikkje vore så fristande å gå ut i regnvêret. Eg hadde også eit håp om å få klipt plenane opp mot vegen, men det er altfor vått enno. Det er bra at det eg planta får vatn, men eg får ikkje gjort meir av det eg har tenkt før det blir betre vêr. I dag gjekk eg inn på "helsenorge" for å sjekke om eg har frikort, slik taxisjåførane påstår. Eg har nemleg ikkje fått brev i posten om det, slik som Marit har. Men på "helsenorge" låg frikortet mitt, berre synd at eg ikkje fekk printe det ut, det går også an å få det digitalt på telefonen, men eg har ikkje ordna det enno. Eg betalte fysioterapeuten i dag, det eg betaler for mykje,set "helsenorge" inn att på bankkontoen min.No har eg frikort resten av året, men håper ikkje eg får altfor mykje å bruke det til. No er det litt opplett ute, men alt er vått, så det fristar ikkje å begynne med noko no. Seinare i kveld blir det MGP så då får vi kanskje sjå om TIX går vidare. Eg får vel begynne på siste lesten, og når den er ferdig skal eg strikke genser til meg sjølv av garnet som Margrete og eg kjøpte i Volda. - No er det kome så mykje grønt lauv på trea at vi knapt ser fjorden.
mandag, mai 17, 2021
Dagbok 2021: 17.mai
Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 19 graderC, og det er litt vind. Fantastisk fint 17.maiver. Bjørkene er endeleg blitt grøne, men det er den seinaste våren vi har hatt på mange år. Eg vakna klokka 7 i dag, og skunda meg ut på altanen og hengde opp flagget. Så la eg meg inn i senga og sov ein time til. Eg var stolt over å ha vore den første til å heise flagg, men på TV litt seinare , fekk eg vite at flagget skal heisast klokka 8, så eg har gjort noko ulovleg på sjølve grunnlovsdagen. Eg hadde ingen planar for dagen, men sette meg til å strikke framfor TV-en, og fekk sjå både konge og dronning- mens eg strikka på ein lest. Eg hadde planar om å gå på Vernet i dag, tenkte kanskje der var så mange at det vart eit tog. Det var ikkje så mange der akkurat då, men det var fin utsikt over bygda og fjorden med seglbåtar. Trefte ingen kjende før eg kom ned att i Storebakken, der var Ingvill og foreldra hennar, som eg kjenner godt. Vi vart ståande å prate ei lang stund. Så skulle eg heim og lage middag. Eg hadde grillpølser men ikkje pølsebrød, så tenkte eg at eg kunne bruke Taco-lefser i staden. Men eg ombestemte meg. Eg hadde kjøttdeig og nesten alt det andre eg trong til Taco, så då vart det det. Det eg mangla var grøn salat og evt. agurk. Det vart i alle fall eit herremåltid, og med is og kaffi etterpå vart det heilt topp. Ulempa er at eg åt for mykje og er altfor mett. Eg har lyst å styre litt ute i hagen når eg ikkje er fullt så mett lenger. Skulle ønske at eg hadde hugsa å kjøpe settepoteter, men eg har no litt bed å luke t.d. Marit kjem ikkje ned til meg i dag, for dei har selskap og besøk frå Volda. I morgon blir det vel å møte opp på treninga igjen, eg ville heller ha vore heime og klipt plen og jobba med diverse. Det gir meir meining enn å sitte og sparke med føtene på diverse apparat.Det er framleis tidleg på dag, og viss det skjer noko spennande skal eg skrive meir seinare.
søndag, mai 16, 2021
Dagbok 2021: 16.mai
Klokka er no 16.30. Temperaturen ute er + 12 grader og no har vi endelig fått nok regn. Ja, eg ville ha regn ned i gjødselen som eg spreidde før den laga for mange brune flekkar. Så vart det altså full vatning i dag så no slepp eg å fare med vatnekanna. Elles har dagen gått veldig fort til tross for at eg har vore her åleine og ikkje "gjort" så mykje. Då eg vakna i dag, etter å ha sove berre nokre få timar, verkte eg i føtene og i ryggen og liksom overalt. Eg tenkte som så at no får eg ikkje klippe plen meir eller plante elle gjere noko som helst. Eg gjkk likegodt og la meg i senga igjen-ei lita stund, så spratt eg opp (sprette og sprette?)og var i fin form. Eg hadde tenkt kvile i dag uansett, så eg har sete og strikka og sett Netflix, men eg har no sett på vaskemaskina eit par gonger, ja, og så har eg no rydda litt her og der. Eg har strikka ferdig eine lesteparet som eg fekk garn til av Solveig, og lagt opp ein lest til par nummer to. Når eg er ferdig med lestane, skal eg begynne på genser til meg sjølv.I dag laga eg skikkeleg middag til meg sjølv, og i tillegg var det ein av favorittrettane mine, nemleg spekesild med poteter og kålstuing. Det var kjempegodt. Dei tre dagane med spekeskinke gjorde at det vart mykje drikking, så får vi sjå korleis det går etter spekesildmiddagen. Det er på Coop eg får den silda som eg likar så godt, den er ikkje frosen , men vakuumpakka og akkurat passeleg salt til å ete utan at eg må vatne.Eg vart veldig mett etter middagen.- Lollo, katten til Marit kom på trappa mi vel ein halvtime før Marit kom att, akkurat slik ho hadde tenkt. Eg gjekk ut på trappa og gav henne litt kvitost, for det likar ho så godt. Ho vil aldri inn i huset til meg. Då ho hadde fått osten gjekk ho opp til vegen og sette seg til å vente.- Det er så fint på muren der oppe no, den raude rhododendronen blomstrar, min stå med knoppar enno, det er meir sol der oppe. Men eg kan sitte ved kjøkkenbordet og nyte synet av andre sine plantar. Eller eg kan sjå på plommeblomstrane mine. I dag, på dagen før Dagen, er det Eivind som har bursdag,i dag fyller han 19 år og er "korona-russ". Alle barnebarna , med unntak av Erlend, fyller år i første halvåret, så det har vore mange fødseldagar i mars, april og mai spesielt. Ein gong må det vel bli råd å feire i lag. I morgon på 17. mai har eg ingen planar. I fjor gjekk eg ein tur på Fonnvernet-og det blir vel noko liknande i år. Eg har i grunnen ikkje brydd meg så mykje om grunnlovsdagen etter at eg slutta å gå i barnetoget med elevane mine. For to år sidan var det veldig fint og varmt på 17.mai, då var Amanda russ, og eg var ein tur til Volda på ettermiddagen i lag med Margrete og barna.Eg vil ønske alle ein fin 17.mai - uansett vêr.
Design: Arne og Carlos.
lørdag, mai 15, 2021
Dagbok 2021: 15.mai
Det er lettskya, men ikkje mykje sol akkurat no. I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere og eg kom i mål med god margin.
Etter frokost etc. tok eg fredagsvasken som denne gongen vart utsette til laurdag. Deretter rygga eg ut bilen og vaska den med svamp og bilschampoo før eg spylte den; tok trappa og skurte og spyla den også. Eg talde på fingrane om eg skulle klippe plen eller la vere, men eg bestemte meg for å klippe rundt huset. Der var så stygt, med ugras og restar av vårblomster etc. Eg klipte og det vart litt betre men flekkane der gjødselen hadde "brent" mosen, var ikkje så fint. Men slik har det alltid vore, eg hugsar at eg var irritert på Nils fordi han alltid laga flekkar på plenen. No gjer eg det sjølv. Eg vart ståande å sjå nedover skråninga og grunda på om eg skulle ta den også - og om eg orka. Det gjorde eg. Dei to små plenane oppe mot vegen skal få stå til over helga. Eg har mange kantar som skulle vore klipte med det får stå på vent. Eg spylte klipparen etter bruk, Nils var alltid nøye med det, og det er han som har lært meg opp. Eg var silande sveitt etter strabasane, og fann ut at det var nok mosjon for i dag. Hendene mine var like grøne som graset fordi eg ikkje hadde hugsa å ha på meg hanskar. Det var berre å gå rett i dusjen.Då var klokka ca 15 og det vartid for middag. Eg gad ikkje å lage noko i dag heller, så det vart spekeskinke for tredje dag på rad. Etterpå fekk eg litt is og ein kopp kaffi, fordi eg fortente det.Så sette eg på ein serie på Netflix og sat og strikka mens eg kvilte beina.Det blir ingen tur på Vernet i dag!-Lollo , katten til Marit, som eg passar, har ikkje vist seg i dag, men Marit trur at ho kjem heim att i morgon når dei kjem att frå hytta.
Så får eg ønske alle god helg og ein fin 17.mai.
I alle åra som eg har stelt hagen har eg klipt plen to gonger før 17. mai. I år blei det knapt ein gong.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...














