lørdag, mars 13, 2021
Dagbok 2021: 13.mars
Klokka er no 17.00, ute er det skya, men opplett og + 8 grader C. I dag bestemte eg meg for å ikkje gå tur. I går kvald verkte eg i både hoftene og knea, så eg bestemte meg for å ta ein skikkeleg kviledag-sidan eg vakna smertefri idag. På føremiddagen tok eg ein liten tur på butikken, så sat eg og strikka litt før eg gjekk over gata til Marit som var heime åleine.Vi greidde å fylle minst to timar med prat i dag også, vi blir aldri ferdig med alt vi skal fortelje kvarandre og alt vi skal drøfte. Men det er godt å ha nokon å vere i lag med innimellom når ein stort sett er åleine. No vart det så fint ute, eg fekk sola inn glaset no.Eg har altså veldig lyst ut, men viss eg greier å halde meg i ro i dag, kan eg kanskje gå ein lenggre tur i morgon. Det som opptek mykje av tida no er spekulasjonane kring koronasmitten. No vart det smitte på VVS der Margrete jobbar og Erlend er elev. Sidan dei ikkje kunne ha muskal i år, skulle dei lage noko liknande på nett. Erlend går på musikklinja og dei skulle både synge og spele-og legge det på nett. Blant anna hadde dei eit stort kor som fylte heile scena- med 1 meter mellom kvar? Så var der ei som var smitta i det store koret-og alle må testast og kanskje i karantene? Vi har vel før høyrt at korsong ikkje er så bra i Koronatida.Lærarane har det neimen ikkje enkelt dei heller, som skal prøve å halde skulane i gang. Men akkurat dette kunne kanskje vore unngått. Ja, eg er i alle fall så forsiktig som eg berre kan-og har ikkje omgang med andre enn Marit. Det høyrest somme tider ut som om alle over 80 har fått vaksine, men slik er det ikkje , verken Marit som er 82, eller eg som snart er 81 har fått vaksine, og heller ikkje dag for vaksinering.
fredag, mars 12, 2021
Dagbok 2021: 12.mars
Klokka er berre 15.50, men eg var så mett at eg kan ikkje gå tur enno, derfor skriv eg no. Ute er det for det meste opplett, men ikkje heile tida, temperaturen er + 7,5 grader C. - I dag tenkte eg det skulle bli ein enkel dag, for eg hadde ein klar plan. Eg stod opp litt tidlegare enn vanleg og det tok ikkje all verda med tid å shine og vaske kjøkken og bad, ta oska ut or omnen etc. Eg vart tidleg ferdig, så eg sette meg til å strikke litt mens eg såg TV. Eg vart litt irritert på meg sjølv for slik latskap midt på dag. Eg skulle eigentleg stryke og henge opp gardinene på datarommet, men eg har enno ikkje funne ut korleis eg skal få det til-og det irrterer meg, for eg har no gjort det før! Eg skulle også få vekk nokre kvite malingsflekkar frå golvet, og eg har ein stor dunk med White-sprit, men eg får ikkje av loket. Det er slik med mange ting-det skal vere barnesikkert, og då blir det like vanskeleg for bestemor/oldemor.Eg hadde ei Klorinflaske som eg heller ikkje fekk opp, men heldigvis hugsa eg det ein gong Einar var på besøk. Fingrane mine er ikkje så gode lenger, men armane har kome seg. Til middag i dag vart det risgraut, måtte bruke pp noko melk som nærma seg holdbarheitsdatoen. Eg kjøper ofte for mykje melk, for det er godt å ha melk i hus om ein skal lage noko, vaflar, bollar etc.Og det er ikkje alltid eg tenker så langt som at eg er den einaste som et her i huset for tida. Ja, no blir det vel enda lenger å vente på vaksine. Det er berre den aller eldste gruppa som er vaksinerte her, i tillegg til dei som er på sjukeheimen. Der er det forresten smitte no-av ein eller annan grunn, det var ein som var tilsett der, ikkje pasient. Elles er det bra orden på smittesporinga her. No ser det ut til at sola kan kome fram, så då får eg ta meg ein mosjonsrunde. Skal handle litt før helga, men ventar til i morgon før middag, då er der lite folk og mykje varer på KIWI. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg !
torsdag, mars 11, 2021
Dagbok 2021: 11.mars
Klokka er no 18.00, temperaturen ute er ca.+7 grader, det er overskya, opplett og litt vind.Føremiddagen i dag gjekk opp i tull, når ein skal på trening kl.12.30 kan ein ikkje begynne på storarbeid.Det vart til at eg øvde litt på spanskleksa. Viss eg ikkje held ved like det vesle eg har lært, så er det heilt bortkasta. Etter at vi kom heim att, sat Marit og eg å prata så lenge i bilen at det var tid for middag då eg kom heim. I dag vart den den andre kryddersildfileten + brød og hardkokte eg. Næringsrik og god middag det. Etter at eg hadde sløva framfor TV-en ei stund, vaska eg ferdig datarommet mitt. Eg har målt opp kor stort teppe eg treng, men enn så lenge får eg greie meg med eit stykke av det gamle. Ikkje heile teppet var utslite så restane kan bli matter både her og der. HER skal det ikkje vare lenge før eg får kjøpt eit nytt , vonar eg. Det er brått blitt meir risikabelt å vere i tettbygde strøk; det er meldt om to koronasmitta i Volda og to i Ørsta. Og på Eid er det brått meir enn 20 som har testa positivt. Marit og eg var ikkje på butikk i dag.
Blomsten som eg har tatt bilde av i dag, heng frå taket i stova. Eg hugsar ikkje det rette namnet-men kjem vel på det om ei stund. I fjor tok eg ein avleggar og planta, den står i vinduskarmen og skal til å blomstre den også. Blomstrane er fine, men dei luktar stygt-om natta. Når eg kjem inn i stova om morgonen kan det lukte pest.
Slik ser det ut på "kontoret" mitt no.Det er verdens verste rom å vaske og rydde,trongt møblert, og fullt av bøker, permar etc.Men no er eg komen rundt, så her er i alle fall reint. Gardinene er i tørketrommelen for tida, håper eg kan henge dei opp i morgon, men eg har enno ikkje funne patenten på gardinopphenget. I kveld er det ny sudoku på Møre-Nytt, og i morgon er det fredag igjen, vekene berre flyg av garde.
Blomsten på bildet heiter Voksblomst eller Porselensblomst, den har sjølvsagt også eit latinsk namn.
onsdag, mars 10, 2021
Dagbok 2021: 10.mars
Klokka er no 15.50. Temperaturen ute er + 5 grader og det regnar aldri så lite. Eg er glad for at eg var ute i går då det var fint. I dag hadde eg planlagt at eg skulle vaske ned "datarommet" mitt. Bokhyllene tok eg førre veka , så det var ikkje så mykje som skulle gjerast i dag, berre tak og vegger-trudde eg !Men så var det det at eg lenge har hatt lyst å bytte ut det heildekkande teppet, som var nokså slite på somme plassar, med eit laust teppe som skulle vere varmt under føtene. Først måtte eg ha fram senga som står her, det gjekk på ein måte, men å få drage teppe unda senga var verre. Eg sende ei melding ned i kjellaren om at eg trong hjelp. Men dei var så opptekne med skulearbeid at dei hadde ikkje sjekka mailane.(Dei kom etter at dei hadde lese meldinga-men då var det for seint) Men eg visste råd. Eg tømde senga for madrass, teppe og puter,så senga letna, og då greidde eg å få fram teppet. Så skulle eg gjennom det samme på andre sida av rommet, der heile maskinparken min er. Der måtte eg hente ei stor ,tung saks og klippe teppet i bitar. Men så var alt greitt, vegger og golv vart vaska, men så kom det store "problemet". Der teppet var mest slite, dvs. midt på golvet, hadde gummieringa på basida av teppet klistra seg fast til golvet. Det nytta ikkje med såpe og vatn-nei her måtte det skrapast etter at det var godt oppbløytt. Skrurekost heldt ikkje, så eg tok deigskrapa i plast. Den virka bra, men brått fann eg den ikkje att, anar ikkje kvar den er. Men eg er aldri heilt rådlaus, eg tok steikespaden i silikon, og den funka bra. Etter mykje strev var golvet reint. At ikkje heile taket og alle veggene vart vaska ser eg ikkje svart på, for det kan gjerast utan å dra fram alle "møblane". Så mykje styr på eit lite rom er nokså arbeidskrevane når ein skal gjere reint.No blir det ikkje gjort meir her i dag. Dvs. eg må ta meg av tepperestane. Noko skal kastast , men noko kan brukast til dørmatter her og der.
Eg sat og strikka litt på føremiddagen, så eg kom ikkje i gang på datarommet før i 11-tida, eg slutta av kl. 15. Då var det middag. Eg tok ein kryddersildfileten som eg kjøpte i går og åt den på grovt brød med sylta rødbetar til. Det var godt og eg syntest eg fortente det No ser eg fram til at eg kan få gå på ein butikk og kjøpe nytt teppe til kontor - arbeidsplassen min. I morgon er det trening igjen.
tirsdag, mars 09, 2021
Dagbok 2021: 9.mars.
KLokka er no 16.55, temperaturen ute er + 6 grader og sola har skine i heile dag - himmelen er blå, utan ei sky. Eg har nettopp vore ute og gått ein runde på Vernet.Eg hadde tatt på meg piggsko, men vegane var berre, det var også vegen oppe på sjølve Fonnvernet, men vegen på andre sida var full av is og snø, så det var faktisk bra å ha piggskor likevel. Elles har eg ikkje gjort mykje i dag. Føremiddagen gjekk til å gjere seg klar til trening, såg også litt TV om Koronasituasjonen, og strikka litt. Etter treninga var vi på Spar og handla, og då vi kom heim var vi sittande i bilen og prate. Så møtte vi fleire av naboane ved postkassa, så der gjekk det også ei stund. Etter å ha lese avisa, åt eg middag, det var suppe frå sundagen, og så vart det tur på Vernet. Viss eg ikkje hadde gått då, hadde eg vel sige i hop i ein stol. Det gjer så godt å komme seg ut ein tur, og i dag sat eg og sola meg litt på eit par av benkane på Vernet.No blir det vel å sjå og høyre på TV-en; det er skummelt med smitteauken av Kononaen; i Volda er det no to som er smitta, har ikkje høyrt at her er smitte no. Eg likte ikkje å gå på butikk i Vik i dag, føler meg tryggare når eg handlar på Kiwi.Eg høyrde ein stad at den vaksinen som berre yngre folk har fått no er godkjent også for eldre.Ja, berre kom med den!!!!
mandag, mars 08, 2021
Dagbok 2021:- 8.mars. Kvinnedagen
Klokka er no 17.52, temperaturen ute er + 1 grad, det er overskya, men opplett. Då eg sat med frokosten i dag morgon såg eg at sola var på veg, og snart skein den inn i stova. Eg trudde det skulle bli ein veldig fin dag. Det hadde ikkje kome snø sist natt,men den som var hadde heller ikkje smelta. Når det er opplettog bra vêr passar eg på å vaske soverommet, for der er eit stort golvteppe som skal ut. Det var ei litt betre vasking enn vanleg i dag, for no er det lyst så ein ser støvet litt betre. Det var faktisk så mykje støv at eg måtte vaske inne i skapa også. Etterpå moppa eg over golva på bad og kjøkken også sidan eg hadde så godt vatn. Etterpå sette eg på vaskemaskina og tømte oppvaskmaskina etc.etc. Der var mange småjobbar som vart gjort, i tillegg rygga eg ut bilen for å sjå om det vart naudsynt å moke når vi skal på trening i morgon. Det var det ikkje. Til middag i dag vart det ikkje suppe, men resten av spagettien frå laurdag. Etter middagen sette eg meg i kvilestilling framfor TV-en med kaffikopp. Eg hadde kveikt i omnen fordi eg var frostig. I 16-tida tok eg på meg piggskor og gjekk ein tur på Vernet. På heimvegen gjekk eg ned i Olavsgata for å gjere turen litt lengre;- om den ikkje vart så mykje forlenga i steg, så var den i det i alle fall i tid. Anne Ellingsen kom ut frå huset sitt, ho skulle stad å handle, og vi vart ståande å prate ei stund. Lengre inne i gata kom Kirstin Graff ut, så det vart ei bra pratestund der også. Ofte treffer eg folk eg kjenner på Vernet, men ikkje i dag. Turane mine er ikkje berre mosjon men like mykje sosiale møte i ei usosial tid.Men dagane går fort og blir alltid for korte for meg.
Slik var det først på dagen, men seinare vart det meir grått.
søndag, mars 07, 2021
Dagbok 2021: 7.februar
Klokka er no 18.20, temperaturen ute er ca.0 grader, og det er opplett. Tidlegare i dag sludda og snødde det, så det var ikkje freistande å gå ut. Eg saknar det fine vinterveret vi hadde. Eg har vore inne i heile dag, men tok meg sammen og gav ikkje opp før eg fekk plassert plata inne i omnen; eg tenkte som så at har eg fått det til ein gong før, så må eg klare det. Så då kunne eg fyre i omnen. Heile føremiddagen sat eg og strikka, men hadde radioen på. Eg fekk høyre mange gamle slagerar som vekte diverse minne -mellom anna. Eg hadde tenkt å ha resten av Pasta Carbonaraen, som eg llaga i går, til middag i dag, men så fekk eg så lyst på grønnsaksuppe !Eg fann fram alle dei gode grønsakene mine og så blei det suppe. Og så fekk eg i tillegg rydda i grønsakskuffa i kjøleskapet. Eg hadde tenkt å gå tur etter middagen, då snødde det, men då klokka nærma seg 17, måtte eg berre gå ut viss eg skulle rekke heim att før Erna skulle tale. Eg tok på meg gummistøvlar for eg trudde det var sørpe på vegane. Det var det ikkje; det var is med snø oppå.Det gjekk bra likevel. Eg kom meg på Vernet og gjekk ein runde før eg snudde heim, og kom i god tid før Erna skulle tale. Ho sa no ikkje så mykje vi ikkje visste frå før. Det er dumt at dei iikkje har skrapa vegane i dag, for no kan det bli isete og vanskeleg å køyre. GÅ kan ein alltid-når ein har piggskor.I dag er det tre veker til Palmesøndag og påske, eg har eit inderleg ønske om å få i alle fall ei sprøyte med vaksine før barnebarna kjem heim.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...













