lørdag, februar 06, 2021
Dagbok 2021: 6. februar
Klokka er no 16.00 og eg sit og nyt dei siste solstrålane i dag.Temperaturmålaren på trappa viser minus 6 grader, men eg har inntrykk av at det er kaldare. I dag fekk eg sola inn i stova klokka 9.45, litt tidlegare enn i går, dagen blir nokre minutt lenger for kvar dag. Men kaldt er det om morgonen før sola får varma opp, eg kveikjer ikkje opp i omnen før sola går ned. I dag hadde eg ikkje noko spesielt å gjere, så eg las ut boka eg heldt på med før eg vaska håret og kledde godt på meg for å gå tur. Eg har brukt den raude hua som eg strikka, men den har ein tendens til ikkje å halde seg nede på øyra mine-i går såg eg ut som ein julenisse då eg kom heim. I dag fann eg fram ei blå "Bankranar-hue" som eg strikka til Nils ein gong. Den var mykje betre, den var tjukkare og varmare og heldt seg på plass over øyra. Det vart til at eg tok ein times tur i dag også, om lag same ruta som i går. Då eg kom tilbake til Starevegen møtte eg nokre naboar såpass eg fekk litt sosial kontakt i dag også. Dei to bilda over er tatt frå same ståstad, der Olavsgata går over i Storebakken. Mange går på Fonnvernet no også, men der er berre ei smal rås, så eg vil heller gå på den breie vegen. Ei stund etter at eg kom heim skulle eg ha noko som likna på middag. I dag tok eg fram glaset med Julesild frå SILDAKONGEN, åt den på eit par brødskiver, men tenkte at i morgon skulle eg koke poteter og lage kålstuing og ete silda som spekesild--eg rota rundt i glaset for å sjå kva som var att. Det var ikkje mykje! Eg skal tilstå at eg er over middels glad i spekesild o.l.Der gjekk sola ned kl.16.15
Eg har ei stor plastkasse full av garnrestar som eg har sortert etter farge. Eg har no tatt denne kassa opp på stova for å sjå om eg kan bruke garnet til noko. Det kan vere t.d. huer og lestar. Problemet med lestar er at eg må ha to like. No har eg lagt fram alle dei grå nøsta, lurte på om eg skulle lage ei hue med "Fifty shades of grey" - men kor mange huer treng ein eigentleg ? I heile dag har det vore sundag inne i hovudet mitt, det er ei plage, men heldigvis er det laurdag og vi kan glede oss til MGP på TV. Dei to siste gongane har det ikkje vore mykje å glede seg til,men ein gir ikkje opp håpet. Elles så ser eg ein episode eller to av "The Crown" når det ikkje er noko anna eg skal sjå på TV. Elles har eg i dag lese at dei i Israel har funne opp ein medisin mot Corona. Det er veldig bra viss det held seg oppe. Då kan dei som blir smitta bli friske igjen-på kort tid.
fredag, februar 05, 2021
Dagbok 2021: 5.februar
Klokka er no 16.30 og temperaturen ute er minus 8 grader. I dag hadde vi sol i stova frå 9.46 til 16.12. Sola varmar godt inne-og bra ute også.
Har gjort lite og ingenting i dag. Eg hadde ein liten rydde og oppvasksjau på kjøkkenet etter frokost, så var eg ein tur inn på datamaskina før eg sette meg til å strikke. Klokka 13.10 la eg ut på ein spasertur her rundt på Vallabøen, om lag samme ruta som sist. Eg møtte berre ei som eg kjenner og vi vart ståande å prate ei stund så klokka var neste 14.30 før eg var heime, altså fekk eg minst ein time mosjon. Ja, her går tilsynelatande alt etter stoppeklokka. Til middag i dag åt eg opp resten av suppa som Einar og eg hadde i går, det var i grunnen litt for mykje for meg, men heller det enn å ete den ein dag til. Skulle lese litt i boka mi etter middag, men vart veldig søvning, eg veit ikkje heilt sikkert om eg sovna eller ikkje. Det blir ikkje gjort så mykje slike kalde ,fine dagar, eg held meg helst der det er varmt og godt, men frys ikkje når eg går ute. Innimellom les eg på spanskleksa mi-det går ikkje så fort inn, men har no litt å bryne meg på. Dagane går veldig fort når ein tek til på kvelden i 16-tida. No skal eg strikke meir, og så skal eg kanskje sjå ein episode eller to av "The Crown". Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei fin helg.
torsdag, februar 04, 2021
Dagbok 2021: 4.februar
Starevegen kl.16.15. Sjå kor fint dei har pløgd og moka !
Klokka er no 16.20, temperaturen er minus 9 grader, men kjem nok til å sige lenger ned. Sola varmar godt så lenge den er her, særleg inne i hus.Eg ventar på Einar, han kjem vel om ei stund. I går kveld då eg skulle legge meg, fann eg ei "spansklekse"frå Eli. 1,5 A 4 sider med tekst. Eg fekk ikkje sett så mykje på den før i dag, då brukte eg ein del av tida før vi skulle på trening til å lese og forstå teksten. Eg blei litt overraska over kor mykje eg eigentleg forstod. Ergo vart det ikkje gjort så mykje anna før vi skulle fare. Det var Marit som køyrde i dag. Det er fine vegar, kan ikkje hugse sist vi hadde kvite vintervegar. Men det er kaldt; sjølv om varmepumpa står på heile døgnet er det kaldt om morgonen, men då eg kom heim frå trening og shopping då var her varmt og godt takka vere sola. Sola kjem før klokka 10 og er her til over 16.Det er skilnader på temperaturane i Ørsta. Vi er ikkje av dei som har det kaldast. Og takk for det! No får eg ta å lese over leksa mi mens eg ventar på Einar.
onsdag, februar 03, 2021
Dagbok 2021: 3.februar
Bildet: Øvst i Storebakken.
Klokka er no 16.35, temperaturen ute er ca. minus 9 grader, men det blir vel kaldare etter kvart. Sola har skine inn i huset frå kl.9.52-16.05, den varmar godt, så eg slepp å fyre så lenge eg har sol, men no må eg snart kveike opp i omnen; varmepumpa står på heile døgnet. Det er likevel fantastisk å få oppleve dette fine vintervêret som vi ikkje har sett på mange år-sjølv om det er KALDT.
Sidan eg tok fredagasvasken på onsdag i førre veka, måtte eg gjere det i dag også, så no er det gjort.Etter at eg var ferdig med vasking etc. tok eg på meg piggskrone og gjekk tur ute i ein time. Eg gjekk ut Starevegen, opp Storebakken,ned Fonnavegen, ut Olavsgata og oppatt til Starevegen og heim.Eg trefte blant anna min venn Terje K som hadde same sort piggskor som eg. Han hadde kjøpt dei på ein skobutikk her i Ørsta. Elles så treffer eg ofte dei samme personane kva dag, det er vel andre som har liknande program for dagen. Å gå tur mellom kl. 13-14 er ikkje så dumt for då har sola vore oppe ei stund. Då eg kom heim hadde eg ikkje middagsmat klart så eg tok meg eit par brødskiver. Etter at eg hadde ete, sette eg meg i godstolen for å lese, men hadde problem med å konsentrere meg når eg skulle lese på papir. Dessutan vart eg trøytt slik ein ofte blir når ein har vore ute og kjem inn att, så eg hadde tendens til å sovne.-- Hadde tenkt å finmoke altanen i dag, men det var altfor frose. No tenkjer eg på å bere opp frå kjellaren den store plastboksen med restegarn og sjå om eg finn garn til Bernie -vottar, eller noko anna. Den "tullete" hua eg strikka til meg sjølv av restegarn, har eg brukt nesten kvar dag. Alle folk eg møter er godt kledde, så godt at det er vanskeleg å sjå kven det er - men alle helsar - for sikkerheits skuld ?
Ned Fonnavegen:
Olavsgata:
Heim:
Bøker 2021: Bok nr. 11: Ondt spill
Pass på hvem du åpner døren for... Charley Webb er alenemor og spaltist i Palm Beach Post. Hun har ofte kontroversielle meninger og blir ikke likt av alle. Da en anonym leser begynner å sende henne trusler på e-post, vet ikke Charley hvor alvorlig hun skal ta dem. En dag blir hun kontaktet av en kvinne som er dømt til døden for å ha tatt livet av tre små barn. Hun vil at Charley skal skrive hennes versjon av det som skjedde. Det kommer frem at Jill hadde en medskyldig, en som fikk henne til å begå udåden. Charley oppdager at hun har viklet seg inn i et livsfarlig spill, der hennes egen sønn står i fare for å bli morderens neste offer.
--------No i kveld har eg høyrt resten av denne boka, og meiner at eg no har lese alle bøkene av Joy Fielding som ligg på Storytel. Denne boka var ei av dei beste, etter min smak. Men no må eg finne meg lektyre som ikkje tek så mykje av tida mi, slik at eg får gjort litt anna også. Men lesestoff må eg ha. Har mange papirbøker som eg kan lese.
tirsdag, februar 02, 2021
Dagbok 2021: 2.februar
Klokka er no 16.20, temperaturen ute på trappa viser 6 kuldegrader. Dette er den finaste dagen vi har hatt hittil i vinter, og det beste av alt er at vi har hartt sola i heile dag. Den gjekk ned bakom fjella ca kl 16.05. Kva tid ho kom i dag morgon, veit eg ikkje, men det var i alle fall før kl.10. Og no meiner eg at sola "kliv honnje" som vi seier her. - Eg stod opp litt tidlegare enn vanleg i dag fordi Marit og eg skulle på trening og eg skulle køyre. Derfor måtte eg moke tunet såpass eg fekk ut bilen. Det hadde kome nokså mykje snø sidan i går, men ikkje verre enn at eg kunne moke for hand. Vi kom oss av garde i rett tid også. Vi var ikkje så mange på treninga i dag, ikkje alltid like godt å kome seg ut og fram alle stader. Då vi kom heim att etter vel ein time, var der fresa på tunet mitt, dermed er det plass til bilen til leigebuarane også, om dei dukkar opp. Eg tok litt snø av trappa, og etter at eg hadde bytta om igjen, og hadde på meg piggsko, var eg ut på altanen og moka litt der. Sola hadde smelta is og snø som låg på rekkverket. Eg tok ikkje vekk all snøen på altanen, for det kjem vel fleire dagar. Eg hadde i grunnen fått nok trim i dag. Til middagen min i dag hadde eg resten av Carbonaraen, og sidan resten ikkje var så stor, fann eg meg litt dessert ofgså. Finn stadig vekk diverse gode saker som var kjøpt inn til jul. Eg har så vidt blada gjennom avisa som kom i dag. Der står det at no skal dei heimebuande over 85 år få vaksinen her i Ørsta. Det er no ein begynnelse. Eg kjem vel med i neste pulje, kanskje.Eg har ikkje gjort noko husarbeid i dag, anna enn å sette på oppvaskmaskina, men no skal eg sette på ein klesvask også. Eg veit ikkje korleis det er her, men det blir no snakka om veldig høge straumprisar. Det er godt vi har sola, ho varmar godt inne i huset.
mandag, februar 01, 2021
Dagbok 2021: 1.februar
Bilda over er frå øvst i Storebakken.----Klokka er no 15.30 og eg er nettopp ferdig å ete middag, det blei Pasta Carbonara i dag. Temperaturen ute er ca. 0 grader C og det er nokså skya. Først på dagen var det kaldare, men det var blå himmel og sol. Eg hadde tenkt å gå ut ein tur, men først støvsuga eg og tørka støv på stova. Eg ville vente til sola kom fram att etter ein liten tur bak Melshornet. Men då eg kom ut såg eg at sola hadde gøymt seg bakom mange mørke skyer og det var litt snø i lufta. Det var ikkje slik eg hadde tenkt det. Eg nådde att Marit lenger ute i gata, men ho skulle ikkje gå så langt, ho er plaga med ryggen.Eg gjekk ut Starevegen, opp Storebakken, nedover Fonnavegen, og så Cruisa eg litt fram og tilbake til eg kom ned i Olavsgata, gjekk ut heile gata og så oppover eit lite stykke før eg var tilbake i Starevegen. Eg kom heim nokså nøyaktig ein time etter at eg for.Eg går trygt i piggskorne mine, men eg kjenner det er tyngre å gå med dei enn vanlege skor, derfor brukar eg lenger tid enn vanleg. Det gjer ingen ting for til lenger får eg vere ute. Så laga eg meg middag og åt, lenger er eg ikkje komen i dag. No klårnar det visst opp igjen, eg håper vi ikkje får meir snø, vi har ikkje plass til meir. Det som er kjekt her på Vallabøen er at dei ikkje har sanda vegane noko særleg slik at dei som vil kan bruke spark. Eg har ein lite brukt spark hengande nede i tilbygget, men eg har ikkje tatt den fram-ikkje enno i alle fall. No skal eg slappe av med lybok og litt kaffi, men først skal eg fyre opp i omnen.
Bildet under:Starevegen i dag.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...















