søndag, januar 10, 2021
Dagbok 2021: 10.januar
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er minus 2 grader. Det hadde kome ein god del snø sist natt, men trur ikkje det har kome meir etter at eg moka på føremiddagen. I dag stod eg opp til nesten vanleg tid, til tross for at eg las til klokka halv tre i natt. Eg såg gudstenesta frå Gjerdrum på TV før eg gjorde meg klar og gjekk ut og moka. I fjor vinter hadde eg ikkje armar som funka, det har eg i år, og så har eg nytt og betre brett, mindre og lettare enn det vi hadde før. Problemet er berre at eg ikkje er høg nok til å få brettet i rette posisjon, men eg fekk no moka nesten heile tunet såpass at eg kan ta ut bilen om eg vil. Torbjørn kom og fresa vekk brøytekanten. Snøen var tung i dag og våt på botnen, men det var fin mosjon å moke, så eg kutta ut tur på Vernet i dag. I staden var eg opp til Marit ein tur for å prate litt og sjå noko som ho hadde kjøpt i går. Sat der til det var på tide med Bacalao igjen, greidde ikkje å ete opp resten i dag, så det blir ein dag til med "drikking". Etter middag og kaffi har eg høyrt lydbok og strikka rundt og rundt på jakka mi. Eg er spent på korleis storleiken matchar meg, for eg har ikkje eit påliteleg mønster, men eg har no diskutert det med Solveig, ho har meir strikke-erfaring enn eg. Eg strikka no mykje før, men i det siste har eg strikka berre lestar. Elles har eg lite å berette, held meg stort sett heime; i morgon er det ei veke sidan eg var på butikk, så eg må snart ha ein tur, er snart lens for kaffi. Eg har lyst å kjøpe både det eine og det andre, men prøver å vente -med håp om å få vaksine om ikkje altfor lenge. No ser eg veldig fram til at vi skal kunne treffe familie og venner igjen. Både Marit og eg er samde om at lærarar skulle fram i vaksinekøen, sidan det er så viktig at skulane er opne og i drift. No skal eg strikke meir, og kl.19 set eg på TV.Eg les no den tredje boka av Joy Fielding: " Løgner fra fortiden".
lørdag, januar 09, 2021
Dagbok 2021: 9.januar
Klokka er no 17.00, temperaturen er + 3,5 grader, det blæs litt og snøen smeltar. Kom ikkje på å ta bilde før det var blitt mørkt ute, for eg har vore inne i heile dag. Dagen begynte med at eg "forsov" meg, og stod opp eit par timar seinare enn vanleg. I tillegg sette eg meg til å strikke med det samme og fekk ermar og bol inn på same rundpinnen. Det vart mange masker. Hadde ein liten prat med Solveig i telefonen, ho er rådgivar når det gjeld strikking, eg er litt ute av trening på alt strikkearbeid, med unntak av lestar. Tida går fort når eg styrer med noko, men etter kvart fann eg ut at eg skulle lage bacalao til middag i dag. Eg hadde ferdig utvatna klippfisk i frysaren. Eg fann ei oppskrift på nettet som eg følgde -litt. No har eg ete middag, og den var både salt og "hot"- men god. Eg hadde ein heil raud chili i, utan steinar, + ein skvett olivenolje med chili. No har eg att mat til i morgon -og kanskje lenger. Heldigvis hadde eg att Santa Claustaler frå jul - den kjølte ned. Det vart ikkje tur ut i dag, dagen vart kort og vêret var ikkje så freistande. Eg hadde endeleg fått orden på dagane oppe i hovudet mitt-i går det var fredag. Men i dag var det sundag igjen i hovudet mitt-blei vant til mange "sundagar" i jula.No "skal" eg ingen ting-heile veka, så eg har ikkje knaggar å henge tida på. No skal eg i alle fall snart lage meg litt kaffi og ete eit stykke kake til -sidan det (liksom) er søndag."God helg"skulle eg ha skive i går- men eg meiner det framleis.
fredag, januar 08, 2021
Dagbok 2021: 8.januar
Frå Vernet kan vi sjå opp til raudehytta no når det ikkje er lauv på trea.
Klokka er no 16.00, temperaturen ute er minus 3 grader C, det har klårna opp og då blir det kaldare.Men fint er det ute!
Sist natt fekk eg ikkje sove før utpå morgonkvisten, då sov eg til klokka 9 og er i fin form.I dag gjorde eg noko som eg aldri plar gjere; rett etter frokost sette eg meg til å sjå dei to siste episodane av ein serie. Eg strikka ikkje ein gong! Etterpå la eg i hop klesvask, strauk diverse klede etc. Eg var frostig så eg måtte sjå til å få dampen opp; derfor tok eg ein runde på Vernet i dag også. Og kven trefte eg? Jau, det var H.-i dag gjekk han i lag med ein annan mann, så han kunne ikkje stoppe for å prate. Klokka var ca 14 då eg gjekk heimanfrå, så det var ikkje så mykje folk der i dag. Eg har gått og vakta på telefonen min i dag, i fall legen skulle ringe. Eg hadde trøbbel med telefonen i går, men så slo eg den heilt av-og på igjen. Det virka bra. Det er slik eg "reparerer" PC-en også, titt og ofte-eg dreg ut ledningane og set dei i att. Det er ikkje mykje å skrive om på bloggen no når eg stort sett berre går her heime og stullar. Har kontakt med Marit mange gonger for dag-på Messenger og telefon. No trur eg at eg må strikke litt på jakka mi, så kan eg høyre bok samstundes-eller sjå TV.I dag er det altså fredag og heretter vil det vel bli enklare å halde styr på dagane.Bolen er no godt over 30 cm så det nærmar seg at eg skal ha ermane inn på same pinnen.
Det irriterer meg litt at eg ikkje kan lage avsnutt i teksten her på bloggen, men slik er det berre.
torsdag, januar 07, 2021
Dagbok 2021: 7.januar
Kniven på dette bildet låg i ei skuffe, men eg visste ikkje kven Nils hadde fått den av. Det viste seg at det er Arne, svigerfaren til Rasmus som har laga den, så no skal den retunerast til rette familien.
Klokka er no 16.15, temperaturen har gått opp til 0 grader og det nerkast både ute og inne.I dag har eg ikkje gått tur, men vore husmor. Eg har vaska og styra inne, det var eit visst behov, som eg plar seie. Når det er så fint ver og verken regnar eller snør, brukar eg å vaske på soverommet fordi eg då kan henge ut golvteppe og dyne m.m. Etterpå jobba eg med spansken ein times tid før eg åt "middag" som i dag bestod av egg og bacon. Sette meg inn i stova etterpå med ein kaffikopp og såg og høyrde frå Amerika. TV-en har stått på i heile dag utan at eg har følgt med.Det er sjokkerande at slikt kan skje i USA - med ein president som fyrer oppunder.Ja, eg skal ikkje gi meg inn på å prate politikk, eg er ikkje så veldig oppgradert.Eg har i heile dag trudd at det var onsdag, men no er eg á jour.Eg har veldig lyst til å fare på butikkar etc. men no skal eg vere veldig forsiktig heilt til eg har fått vaksinen. Eg såg på TV at også vaksinen Moderna var blitt godtatt, så då går det enda fortare å få vaksinert heile befolkninga.Vi håper det beste. Her eg bur er det lite smitte. No skal eg sette meg til å strikke rundt og rundtog rundt !
onsdag, januar 06, 2021
Dagbok 2021: 6.januar
Klokka er no 16.20. Temperaturen ute er minus 2-3 grader C. Det har vore litt meir skyer på himmelen i dag, men likevel nydeleg ver.
Eg starta dagen med å sove til klokka 10- men det var ikkje så tidleg eg la meg i går-og las på senga.Eg hadde berre ca 2 timar att på lydboka mi, så eg hadde planlagt å lese den ferdig på føremiddagen i dag. Og det gjorde eg. Det gjekk no litt meir enn to timar, men eg strikka heile tida, så eg nytta tida godt synest eg. No er bolen til jakka ca 20 cm, garnet er relativt tynt så det veks ikkje så fort. Eg fekk melding frå fysioterapeuten om at vi ikkje startar opp att treninga før 19.januar. Enda ein god grunn til å ta ein tur på Vernet. Eg trefte folk i dag også som eg kjende, og ei eg ikkje kjende stoppa og sa at ho tykte eg gjekk godt til tross for låke kne. Ho kjende tydeligvis meg., Då eg kom ned att på vegen trefte eg den venninna som ville ha konsert på Vernet, og vi vart no pratande ei stund. Bilda i dag er frå det eg kallar "Avgrunnen"-det er området mellom vegen og sjølve Vernet. Det går an å gå der også, men det har eg ikkje gjort så mange gonger. No ser eg på området som eit konserlokale med fantastisk akustikk. Det som manglar er elektrisitet, men det kan ein vel får til. Då eg kom heim att laga eg med eit måltid av grauten som var att frå i går+ spekepølse og litt brød. Etterpå laga eg kaffi som eg ikkje er heilt ferdig med enno. Eg har fyrt i omnen og har det varmt og godt.
Bøker 2021: Bok nr. 2: Sannhetens mareritt
Om Sannhetens mareritt
En dag befinner Jane Whittaker seg i en gate i Boston uten å ane hvem hun er. Hun har hukommelsestap, blod på kjolen og 10.000 dollar i kontanter i lommen. I blind panikk kjøper hun nytt tøy, og låser det gamle og pengene inn i en oppbevaringsboks. Først da henvender hun seg til politiet, som sender henne videre til et sykehus. Da blir hun gjenkjent - og hentet av sin mann. Men hun kjenner heller ikke ham, og hun føler seg som en fremmed i det ugjestmilde og truende huset de sier er hennes hjem ... Med et sjokk går det opp for henne at marerittet ikke er over. Det har såvidt begynt!
.............................................................................
No har eg lese ut den andre boka av Joy Fielding. Det er ikkje direkte krim ho skriv, men det som kan komme under kategorien" Psykologisk Thriller". Også denne boka handlar om det som kan skje mellom familiens fire veggar. Boka er spennande, så spennande at eg i dag sette meg til å lese boka ferdig rett etter frokost-utan å gjere noko nyttig. Ja, eg kan no unnskylde meg med at eg strikka heile tida, så bolen til jakka mi veks-det er 289 masker rundt og rundt. No kjem det an på om eg greier å la vere å begynne på neste bok av same forfattar. Eg les på Storytel på telefonen, derfor kan eg strikke samstundes.
tirsdag, januar 05, 2021
Dagbok 2021: 5. januar
Dei tre bilda over har eg tatt utan å flytte føtene, slik at dei som ikkje har vore der kan få sjå litt av utsikta på Vernet.
Klokka er no 16.03, temperaturen på trappa er minus 2 grader i dag, så det er ikkje så kaldt som i går.
På føremiddagen i dag sette eg på ein vifteomn på stova i tillegg til varmepumpa, så fekk eg det såpass lunt at eg kunne strikke og høyre lydbok. Eg driv og strikkar på bolen til jakka mi mi no, så det er lange "rundar"-men sytalaust. Eg fekk lyst å gå på Vernet i dag også sidan vêret er så fint. Eg trefte att han som eg vart kjend med i går, og det vart ein lang prat i dag også. Møtte ei dame som eg kjenner også. Trur vi er mange som er litt pratesjuke sidan vi er mykje åleine-og på Vernet pratar alle med alle, anten ein kjenner dei eller ikkje. Det er omlag slik som når ein går på skogs-eller fjelltur. Då eg kom heim att kokte eg rømmegraut av fløte-og rømmerestar + melk som var ute på dato. Og så fyrte eg i omnen.Eg hadde klart eit brev som eg hadde skrive til legen min, og svippa nedom KIWI der det er postkasse.Før har eg brukt å levere brev i skranken på Legesenteret, men no veit eg ikkje om det er lov å gå inn der. Det eg skreiv om, hadde med høyreapparat å gjere-ikkje sjukdom.
No skal eg snart finne fram spøtet mitt igjen-og lydboka, som ligg på telefonen. Eg ventar litt med å sette på TV-en. For morgondagen har eg ingen planar, men torsdag blir det kanskje trening.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...









