fredag, september 11, 2020

Dagbok 11.september 2020 " NIne eleven"



Klokka er 17.15, Temperaturen er + 12 grader C og det regnar. Det ligg fullt av eple under epletreet men det fristar ikkje å plukke dei opp. Dei skal ikkje ligge lege før sniglane er der. No er eg glad for at eg fekk tatt opp potetene i går.
I går skreiv at  eg  mistenkte fuglane for å ete opp svartsurbæra mine og i dag tok eg to på fersk gjerning, om det var starar eller trostar kan eg ikkje seie, dei forsvann i alle fall fort.
I dag visste eg kva eg skulle gjere, så eg kom fort i sving. Først laga eg ei prinsessekake, som eg ikkje vart heilt nøgd med, og etterpå vaska eg opp for hand før eg shina og vaska  bad og kjøkken.
Det vart tid til ein spanskleksjon før eg åt "middag".
Så slappa eg av med Storytel før eg shina opp meg sjølv til helga, med dusj, hårvask og reine klede. No har eg planar om å sjå TV og strikke ei stund. Eg tenkte å sjå noko av serien Livstid, fordi eg sovna då eg skulle sjå den ein kveld. Viss eg har vore mykje ute, har eg ein tendens til å sovne når eg kjem i hus.
Eg har vore i god form  siste tida, men der er noko grums i eine kneet mitt som gjer at eg begynner å lure på om det er ei ny cyste som skal sprekke. Sist eg hadde kneproblem var det venstrefoten, og då sa Svein at den hadde eg no ikkje bruk for (automatgir) men no er det høgre foten som ikkje er heilt i vater, men det er helst med det samme eg reiser meg opp. Eg har ikkje lyst på den historia igjen. Sist eit kne kollapsa var eg plaga i over eit år. Men eg fekk strikka mykje.
Eg fekk melding frå fysioterapeuten om at eg er tatt inn på den gruppa eg var på før
Så får eg ønske alle yrkesaktive, alle studentar og også pensjonistane ei god helg. Eg ønsker meg betre vêr slik at det går an å vere ute, det er for tidleg å krype i hi no, men det var snø i fjella i går.

torsdag, september 10, 2020

Dagbok 2020: 10.september

Klokka er no snart 19.00 og no har eg endeleg fått bloggen til å virke på gamlemåten. Ute er det litt regn no og + 9 grader C. Elles har det vore opplett heile ettermiddagen.
I dag har eg fått gjort unna litt arbeid her i heimen, men først var Marit og eg på butikken og handla. Det tek lener til enn vanleg sidan vi ikkje er så godt kjende på nye Spar. Det var eg som køyrde i dag.
Då eg kom heim sette eg i gang med sylting av plommer, og mens plommene tinte og kom på kok sette eg ein deig til focaccia. Mens deigen heva kokte plommesylta ferdig og eg fekk den på glas før focacciaen skulle i omnen. Det var god utnytting av tida. Så åt eg middag klokka 15 som vanleg.

Etter ein god pause med Storytel kom eg meg ut og fekk tatt opp potetene. Vi hadde to dobbeltsenger med jordbær. Sist vår drog eg duken av den eine og planta ei rad med jordbær og ei rad med settepoteter. Eg er fornøgd med avlinga eg fekk. Eg er ikkje så glad i poteter, men synest det er artig å få litt att for dei gamle ubrukelege som eg grov ned. Det var ikkje så mykje arbeid å ta dei opp, meir arbeid var det å spade opp ei diger bregnerot nedst i åkeren. Den andre delen av dobbelsenga skal eg også gjere noko med i haust-eller til våren. Sidan eg først var i gang rydda eg litt meir i hagen.


Det var både mandelpoteter og store raude poteter i åkeren, sidan settepotetene vart tatt av slikt som slong rundt omkring i huset, i kjøleskap og kjellar.
No har eg eit lite kjøleskap i vaskekjellaren som er fullt av heimelaga syltetøy. Eg et faktisk ganske mykje sylte til pålegg så då er det kjekt å ha litt sjølvlaga også.Eg såg på svartsurbærbuska mi før eg gjekk inn. Den har vore full av bær, men no ver mykje av bæra borte-tru det er fuglane som har tatt dei. Bæra er ikkje så veldig gode, men dei er enormt sunne. I morgon må eg vel plukke opp epla som har falle ned og sjå om der er nokre som er brukbare. Eg tvilar på det.
I dag føler eg at eg har fått gjort litt til nytte.

onsdag, september 09, 2020

Dagbok 2020: 9.september


Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 10 grader C og det regnar og regnar, men ikkje akkurat no. No såg eg ut glaset og fekk auge på to starar som sat på ein ledning og observerte epletreet mitt. Ja, dei må berre forsyne seg, eg skal ikkje ha dei epla.

Eg går og ventar på finevêr, så eg kan vere ute, men det ser smått ut. Eg kan no ikkje berre sitte med hendene i fanget uansett, så i dag tok eg å jobba litt inne. Først tørka eg støv på datarommet, og er det nokon stad det er støv så er det der.
Etterpå fekk eg den lyse ideen å bake bollar, slik at folk som kjem på besøk kan få noko anna enn is til kaffien. Eg har ei god bolleoppskrift som eg har brukt mange gonger.
Etter at eg hadde laga deigen og sett den til heving, jobba eg litt med spansken på data. Mens eg sat der, kom det eit bilde opp i hovudet mitt. Eg såg bakebollen, og såg at deigen rann over kanten. Eg for ut på kjøkkenet i ein viss fart. Og der såg eg bildet frå fantasien. Men det var ikkje verre enn at eg berga det som rann ned på utsida av bollen. Eg har brukt oppskrifta før og brukt same bollen, men eg lurer på om eg har forstått det før at 100 gram gjær er TO pakkar-det tviler eg på. Men alt gjekk fint og no skal eg forsyne frysaren med 44 bollar.....eller kanskje 43 ?


Til middag i dag vart det restar frå i går og eg trur der er til ein dag til. I morgon skal Marit handle på Spar og då kan det hende eg blir meg. Men då må eg lage liste. Det hadde eg ikkje gjort i går, og dermed gløymde eg det meste. Eg tekte eg skulle lage eplekake, men då må eg ha gode eple med smak på. Eg får ikkje trene denne veka så eg styrer tida mi sjølv. Skulle ha vore på VØR med hageavfall, men sekkane er ikkje heilt fulle enno. Viss det blir vêr til det har eg mykje å rydde opp i enno.
Sat og tenkte på at eg kunne gå ein tur på Vernet, men så kjem det visst ei bye att.



tirsdag, september 08, 2020

Dagbok 2020: 8.september







Klokka er no 16.40, temperaturen ute er +11 grader C, og det har regna det meste av dagen, så langt. Akkurat no regnar det ikkje.
I dag vakna eg tidleg sidan eg "skulle på noko". Problemet var at eg var ikkje sikker på kva klokka vi skulle møte fram til styremøtet i pensjonistlaget. Eg hadde ved eit "uhell" sletta meldinga på telefonen, utan å ha sjekka klokkeslettet. Eg sende meldingar til Eli utan å få svar og eg prøvde å ringe-men nei. Eg tenkte at eg fekk satse på at det var klokka 12, slik det oftast er. I mellomtida dusja eg og vaska håret, og tok ein spansk - leksjon på data etc.
Møtet var på Bakk-Ola-marka, så eg parkerte ved legesenteret. Ei ung jente stod og dirigerte bilar til nedsida av legesenteret. Eg kom ikkje på kvifor med det samme men eg hugsa noko eg hadde sett i avisa. Det er nemleg slik dei dirigerer dei som skal teste seg for corona. Og det var mange.
Det var ein heil seremoni å komme inn på Bakk-Ola også, for der var eigentleg stengt. Vi fekk vere der -men corona-reglane galdt. Vi måtte sprite oss, sjølvsagt, og skrive oss inn med namn og telefonnummer.
Det var kjekt å treffe att dei andre i styret. Vi  diskuterte om vi skulle ha møte i samband med Den internasjonale eldredagen. Vi kan ha møte i fall vi tek strenge reglar mot smitte. Vi fann ut at det vart ikkje så kjekt på den måten, men vi kan sjå det litt an om det kanskje blir enklare etter kvart.
Elles vart det bestemt at Eli og eg skal reise til Ulsteinvik på Høstkonferanse, den 23.september. Eg har vore der to gonger før, og eg skulle ha vore der i fjor, men då hadde eg penicillinkur og var ikkje heilt i vater. Det er på det bygget som før var hotell, no er det folkehøgskule. Vi plar få veldig god middag der, lammesteik etc.
Etter at møtet var slutt køyrde eg ned til ALTI, der eg handla på apoteket. Utanfor inngangen stod ei ung dame som kom og gav meg ei gul rose fordi eg var så snill. Eg forstod teikna. Ho hadde eit skriv der det stod at ho hadde to små barn og ingen pengar til mat osv. Eg plar ikkje gi til tiggarar, men eg gav henne ein slant - kva har eg å tape? På heimvegen var eg innom KIWI , men eg kjøpte ikkje så mykje anna enn mjøl og gjær. Viss det blir slikt vêr framover får eg begynne å bake- slik som Marit.
Til middag i dag laga eg Bali kyllinggryte, med svinekjøt i staden for kylling- og ris attåt. Det blir nok reprise i morgon.
Eg ønsker meg finare vêr for eg har mykje å gjere ute, og det er ute eg helst vil vere.


mandag, september 07, 2020

Dagbok 2020: 7.september



Klokka er no 18.40, temperaturen ute er + 12 grader og det regnar. Det har det gjort i heile dag, så eg måtte gi opp planane eg hadde for å ta opp poteter og eventuelt klippe plen. Det blei innedag!
Eg tenkte at eg kunne i alle fall bake brød om ikkje anna, og sette ein deig av ein pose eg fann med 4 sortar mjøl blanda. Gjer hadde eg ikkje så det måtte eg låne av Marit. Det gjekk heilt fint med bakinga heilt til eg skulle sette brøda i omnen, då datt dei i hop- og dei reiste seg ikkje att. Dei er for så vidt etande, men noko bastante i konsistensen.  Eg åt av dei til middagsmåltidet mitt.
No har eg vore oppe hos Marit og drukke kaffi og prata-vi har alltid noko å snakke om. I morgon skal ho til fysioterapeuten, og då får ho vite om ho får halde fram med treninga. Eg har ikkje høyrt noko om eg skal få begynne igjen. Det er dottera til henne vi har gått med som tek over praksisen. Sjølv skal eg på Bakk-Ola-marka  der det er styremøte i pensjonistlaget, så no er ferien slutt.
I dag har eg vore lat, mesteparten av tida har eg sete og lagt kabal på PC-en mens eg har høyrt lydbok. Eg har nesten dårleg samvit, men berre nesten. Eg håper vi får fleire godversdagar framover, for det er mykje å gjere ute før vinteren kjem.


Bok nr.49 - 2020: ALT ER MITT

 


Møt Clara og Haavard. Et vellykket ektepar i en arvet villa på Oslos vestkant. Han er barnelege fra en rik hovedstadsfamilie, hun er en ambisiøs vestlending med toppjobb i Justisdepartementet. På kort tid rystes sommer-Oslo av flere brutale drap. Snart kaster drapene lange skygger over ekteparets liv. Både samfunnselitens maktspill og sykehusets intriger er i ferd med å bli farlige, samtidig som hovedpersonenes samliv slår alvorlige sprekker. For hvem er Clara og Haavard? Og hvor godt kjenner de egentlig hverandre?
……………………………………………………………………………………….
I dag hadde eg tenkt å ta opp potetene mine, men så var ikkje vêret så høveleg. Det er derfor eg har lese ut denne boka i dag, men eg trudde ikkje det skulle ta SÅ lang tid. Eg har litt dårleg samvit når eg sit og les på høglys dag-sjølv om eg er pensjonist. Det er sjølvsagt berre tull.
Denne boka likte eg godt, sjangeren er vel det ein kan kalle " Psykologisk Thriller". Boka er skriven dels på bokmål, dels på nynorsk, fordi den har ulike forteljestemmer. Det er imidlertid same person som les alle stemmene, det hadde gjort seg med ei anna stemme på nynorskdelane. Eg har litt problem med å høyre bokmålsfolk lese "teaternynorsk". Men det er ein bagatell.  Boka er spennande på sin måte og alle løyndomar vert avdekte litt etter litt. Anbefalt.


PS: Eg har høyrt boka på Storytel.

søndag, september 06, 2020

Dagbok 2020: 6.september





Klokka er 17.00, temperaturen er + 16 grader , det er lettskya og opplett. Vêret vart betre enn eg hadde trudd i dag. Men det var kaldt om morgonen og eg kom meg ikkje i gang med noko -anna enn å ta ein spanskleksjon på You tube og så høyre bok på Storytel.
Etter kvart bestemte eg meg for å fare fram på gravplassen og byte ut potterosa med lyng. Rosa var i så bra form at eg kan plante den her heime.
I staden for å mosjonere på Vernet i dag, tok eg ein tur langs Rossåa fram til Dalateigane. Eg var der ein tur i vår, men då kom eg meg ikkje heilt fram på grunn av snø.
Jettefossen


Nils og eg var ofte framover der.  Mens vi begge var i bra form gjekk vi ofte lange turar om sundagane. Ein gong gjekk vi i lag med pensjonistlaget fram i Dalateigane, då var det nokon som hadde laga det fint til med "stolar" og bord, slik at vi kunne sitte der og prate og ete. Denne uteplassen har nok sett sine beste dagar no, men det er kanskje nokon som tek grep og lagar der til igjen slik der var. Eg møtte eit ektepar som eg kjende fordi eg hadde hatt sonen deira som elev. Dei var begge 80 år no, men i bra form. Dei kunne fortelje at ei anna 80-år gammal dame, som har vore veldig sprek til no, hadde falle og slått seg då ho var på line-Dance.





Der var merkeleg kor mykje lengre vegen var i dag, enn den var i gamle dagar; men det var bra å gå der i dag, der var ikkje så veldig vått. Men eg hadde tatt på meg gummistøvlar og det var bra.
Då eg kom heim var klokka over halv 4 og eg var svolten. Det blei salat i dag også, ikkje fordi eg ikkje hadde anna, men det var det eg hadde lyst på. No skal eg ut og plante rosetreet  for eg slappar heilt av.




Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...