torsdag, mai 21, 2020

Dagbok 2020: 21.mai

Klokka er no 20.35, temperaturen på trappa er + 15-16 grader, tidlegare i dag var det ikkje så varmt og fint som no.
På førmiddagen i dag rydda eg litt her og der og las litt i lydboka mi- eg er ikkje komen så langt, og det er fordi eg har spela tilbake eit par gonger. Marit var heime åleine i dag, så etter avtale kom ho ned ein tur så vi fekk planlegge litt. Vi vart samde om å ta ein tur på gravplassen og sjå korleis det stod til bed blomster og pynt på gravene. Stemorsblomstrane som Øystein og Olaug hadde planta stod fint og blomstra, men samanlikna med dei andre gravene var det litt smått. Det var voldsom kor folk hadde pynta til 17.mai, såg det ut til. I tillegg  til planta blomster var det opp til fleire bukettar på gravene. 
Vi bestemte oss for å ta ein tur på Plantasjen og sjå om vi fann noko fristande. Plantasjen har ope alle søndagar og mange andre raude dagar. Og mykje folk var der. Eg såg relativt unge par som kjøpte utruleg mykje plantar og moldsekkar. Eg kjøpte nesten ingen ting, vil heller ein tur på Felleskjøpet, dei har  finare plantar. Mykje av det som dei hadde på Plantasjen såg noko skrøpeleg ut. Plantane har vel stått ute i all slags vêr. Eg planta 3 rosa Potentilla nedafor garasjen i fjor, og den eine buska er noko tafsete, eg ville kjøpe ei ny i staden, men dei som var på Plantasjen var ikkje betre enn den eg har. Dei gule potentillaene var fine.
Vi for rett heim etterpå, og då laga eg meg ei blomkålsuppe til middag. Slappa litt av med Storytel før eg tok ein tur på Vernet. I dag var eg borte ca. 1 time, men det var fordi eg trefte nokre menn eg mått prate litt med. Det var Helge Dahl med hunden. Og så var det to frå ytre Starevegen som sat på ein benk. Eg kommenterte at der var stelt i hagen til Gunnar Aarseth, og dei kunne fortelje at no skulle huset seljast, det går den vegen med dei fleste husa her no-dei skiftar eigarar. Men mange blir tatt over av neste generasjon.
Eg kom heim rett før Dagsrevyen, og så vart det sy-program etterpå, derfor vart det litt lenge før eg fekk skrive blogg. Håper at alle har det bra.

onsdag, mai 20, 2020

Dagbok 2020: 20.mai




Klokka er 17.35 og temperaturmålaren på trappa viser 17 plussgrader. Eg tok nettopp kvelden, for eg trudde klokka var 18.30 - men det viste seg at eg hadde sett feil.
I dag er eg irritert på meg sjølv, som ikkje har fått gjort det skapte grann, alle naboane er ute og ryddar i hagane sine og her er det nada.  Eg skulle også jobbe ute, men etter å ha prøvd å få start på klipparen enda ein gong, utan å lukkast, gav eg opp.
Eg har bestemt meg for å kjøpe ny klippar og i dag gjekk eg bort til Torbjørn for å høyre kva slags han hadde kjøpt-men den sorten kjem ikkje eg til å kjøpe sjølv om det var ein framifrå klippar. Så for eg ned på Jernia til ein annan nabo og spurde om han hadde ein klippar for mitt behov-men det hadde han ikkje og kunne heller ikkje skaffe. Men vi var heilt samde om kva slags klippar det skulle vere. Eg kjøpte eit par andre ting på Jernia, blant anna ei ny greinsaks, som "gutane" skal få prøve når epletreet har blomstra av.
Neste stopp var EIK-senteret på Mosflata. Der torde eg knapt stoppe for der var mange digre maskinar som stod ute, så der var ikkje plass til ein liten Yaris i alle fall. Såg ikkje ein einaste klippar, men eg skulle sjølvsagt ha gått inn i butikken. Eg trur eg må ha nokon med meg når eg skal handle slike store ting. Ein eller annan må no ha ein klippar med elektrisk start, som ikkje er for stor og tung.
Då eg kom heim vart eg ståande å prate med ein nabo. Og så gjekk tida.
Eitt eller anna måtte eg no få gjort, så det einaste eg har gjort i dag er å pirke småstein  ut ur vinterdekka (heilårsdekk). No er dei komne i plastsekker og eg har kosta garasjegolvet EIN gong, det må nok meir kosting til.
Eg tok meg litt mat i 15-tida, som vanleg og då vart eg så trøytt at eg la meg ut på altanen på solsenga.
Eg føler meg lat og unyttig på jorda når eg ikkje får gjort noko. Eg har altså sjekka på nettet for å finne ein høveleg klippar, men det er vanskeleg å finne den rette .Her er mange butikkar som handlar på slike. Så eg får berre ta meg på tak.
No må eg ut og rydde litt, og så må eg leite litt meir etter batteriladaren til kantklipparen ute i garasjen.
Det er berre heilt nydeleg ute, så eg får prøve å nyte det.

tirsdag, mai 19, 2020

Dagbok 2020: 19.mai



Klokka er no 20.13, temperaturmålaren viser +10 grader, men eg kan ikkje garantere at ikkje sola har vore bortpå. Det er sol og nydeleg vêr ute no, fint før på dagen også, men framleis kaldt. 
Eg bestemte meg for å klippe ferdig plenen ovafor garasjen i dag. Bensinklipparen fekk eg ikkje start på, så det blei å utruste seg med opp til fleire skøyteledningar og bruke den elektriske klipparen. Den er det ikkje drag på, så eg kan bruke den berre der det er nokolunde flatt. 
Eg stilte klipparen heilt opp, så det vart ikkje så snaut. Det kom seg no litt. Elles har eg rydda litt her og der, tok opp ei bytte med løvetann, blant anna. Eg er ikkje heilt nøgd med det eg ser i hagen. Syrinen ser nokså forkomen ut, så det blir nok å stusse den i år også. I fjor kjøpte eg ein blåbærbusk, og ville sjå korleis den greidde vinteren før eg kjøpte fleire. Den ser ikkje heilt god ut. Eg er ikkje gira på å kjøpe så mykje plantar enno, for det er kaldt om natta. Før eg la meg i går kveld var temperaturen nede i + 2 grader.
Marit inviterte meg på kaffi klokka 17 i dag, så vi fekk no prata om eitt og anna. Eg har ikkje vore verken på biltur eller trimtur i dag. Vi fekk melding frå fysioterapeuten om at vi kan komme på trening komande tysdag, det blir tilrettelagt smittevern. No er det strålande ute og vêrmeldingane for morgondagen er gode. 
Eg må ned på Jernia ein dag for eg treng ymse hagereiskapar.Men eg veit ikkje kva tid det blir.
Eg har strikka ferdig tre lestepar, så no må eg legge opp eit nytt "spøt".

mandag, mai 18, 2020

Dagbok 2020: 18.mai



Klokka er 17.50, temperaturen ute er + 15 grader, det er ikkje til å tru. Og sola skin! Eg har sett opp dører og glas for å få inn den friske vårlufta.
Dagen i dag har gått som ein røyk. Etter frokost og litt data, sette eg i gang å lage kjøttkaker, hadde kjøttdeig i frysaren som eg gjerne ville bli kvitt. Så laga eg god heimelaga saus og skrelte gulrøter. Poteter var det litt smått med, men eg skulle no på butikken uansett, så det var ikkje noko problem. Men først måtte eg vaske håret-corona-frisyren er ikkje akkurat så kledeleg, men eg kan i alle fall VASKE håret.
Eg var ein snartur ned på butikken, skrelte potetene osv. Plutseleg var klokka 14. Og då er det eg surrar litt, eg trur at gutane skal komme klokka 15, enda dei tydeleg har skrive 14.30. Eg er visst litt rotete oppe i hovudet. Men det var ikkje så farleg, for vi hadde mykje å snakke om mens potetene kokte.
Etter middagen sat vi i stova og drakk kaffi. Einar hjelpte meg med datamaskina og Audun fiksa TV-en så eg skal kunne sjå NRK TV. 
Hadde eit par småjobbar til som dei fiksa. Eg får nok ikkje klippe gras i dag, men eg håper på fleire fine dagar. Nede i skråninga skulle absolutt vore klipt.
No må eg ta meg ein tur ut og vurdere kva eg skal gjere i nær framtid. Og så kan eg no ta bilde. Trur ikkje det blir Vernet i dag, eg er så METT.

søndag, mai 17, 2020

Dagbok 2020: 17.mai





Klokka er no 17.40, temperaturen er + 9 grader og sola er så vidt igjennom akkurat no. Det ser ut til at det går rette vegen med vêret.
i dag sov eg heilt til klokka 9 og låg attpå til 9.30. Eg trur at eg var den siste i nabolaget som fekk opp flagget i dag.
For mange har vel denne 17.maien vore veldig spesiell, men eg er ikkje vandt til å feire så voldsomt, så for meg er det heilt greitt å sitte heime åleine og strikke framfor TV-en. Der har no vore program i heile dag. Eg hadde ikkje sett på klokka, men trudde det nærma seg middagstid (kl.15.00)- men då var klokka 17. No har eg ete, og viss eg får ånden over meg blir det ein liten mosjonsrunde i dag også.
Eg har no sjekka FB og sett kva som går føre seg rundt på bygdene. Eg trur denne 17.maien blir meir minneverdig enn dei fleste andre. Og så blir det no spennande når Erna skal konkurrere med heile Norge i "Alle mot en".
Einar hadde ærend til Ørsta i morgon, og då ville han komme oppom. Eg inviterte på middag. Kanskje Audun også blir med, og då får eg to gjestar. Det er ikkje meg i mot. Viss no vêret blir slik som det skal vere denne årstida får eg mykje å gjere. Til vanleg plar vi klippe plenen to gonger før 17.mai, i år var halve plenarealet klipt ein gong - og det var ikkje på grunn av manglande gras.
No kjem eg meg inn på både FB og blogg ved eiga hjelp, sjølv om det er litt kronglete.
Håper alle har hatt ein bra dag-eg har det bra, eg har berre ete litt (?) for mykje kake. Det var restar frå i går.

Dagbok 2020: 16.mai




Under over alle under - eg kom meg inn på bloggen på skikkeleg vis til slutt. Det er passeleg straff å sitte her midt på natta og streve med maskintrøbbel, men det er til pass til meg når eg rotar slik.
Klokka er no 25 minutt inn i den 17.mai, som blir heilt annleis i år enn andre år.
Ute er det vel mest regn no, og temperaturen er + 2 grader.
Sist natt hadde det kome mykje snø igjen, eg håper den var den siste rida - det er nok no.
I går var eg på handletur i Vik og hadde no passeleg mykje med heim, men etter kvart sakna eg både det eine og det andre, så eg laga ei liste. Eg tenkte å ta ein liten tur på Kiwi på føremiddagen i dag.- Snø på vegen, ikkje brøyta, bil i garasjen med sommardekk. Det var berre å gløyme butikken. Marit meinte eg kunne ringe Janne for ho var akkurat og handla. Hadde det vore berre ein ting, så kunne eg gjort det. Eg hadde tenkt å lage ei  kake, men hadde ikkje på langt nær alle ingrediensane, så eg fekk sjå meg om etter ei anna løysing. Eg fann ein kakebotn i frysaren, og så vart det ei slags kake likevel. 
Eg venta besøk av oldebarnet med foreldre i dag, så vi måtte ha litt kaffimat. 
Det var kjekt å få sjå Amund LIVE , og eg fekk no halde han også. Eg hugsar kor redd eg var for Solveig då hennar oldemor gjekk og bar på henne. Men har ein hatt barn sjølve, og barnebarn, så trur eg ein kan halde eit oldebarn også. Eg vil påstå at han smilte litt til meg.
Etter at gjestane var reiste, var det berre å benke seg framfor TV. Eg fekk no felt av ein lest og lagt opp til ein ny.
No er eg åleine i huset igjen, leigebuarane reiste i dag før middag, så no er det veldig god plass å parkere på tunet her. Eg har no lyst på besøk, men vil ikkje at folk skal komme viss dei er redde for at dei kan smitte meg. Eg er ikkje så redd, men det er dumt å ta sjansar.
Kva eg skal gjere i morgon, veit eg ikkje. Eg har ikkje feira så mykje 17.mai i seinare år. Så eg kan no berre sløve om eg vil. Trur eg skal ligge lenge
Ønsker alle ein fin grunnlovsdag anten ein held seg heime eller finn på noko.

lørdag, mai 16, 2020

Bok nr. 30 - 2020: Judaskysset

No kom eg meg inn på bloggen min, heile maskina er berre rot, og det er eg som har rota den til.
Denne boka las eg ut i dag. Den var sånn midt på treet, men til fleire bøker eg les i serien til enklare blir det å halde greie på folk. Denne boka hadde eit langt etterslep, den heldt fram etter at det meste var oppklart. Eg synest det vart litt langdrygt. Dessutan er det ikkje ein reinhekla krim , men meir som "En roman om en forbrytelse". Eg ser fram til den neste boka, for den meinte Margrete var god. Det er enkel litteratur, men greitt å lese "på øyret".

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...