Klokka er no 17.40, temperaturen er + 4 grader og det regnar. Håper det regnar ifrå seg før jula kjem.
I dag har eg gjort så å seie ingenting- og då meiner eg INGENTING. Eg har gått her og pusla, fyrt i omnen og vore på data. Eg venta på posten, for eg tenkte det kom ein hentelapp-då skulle eg vere klar å køyre ned og hente pakken men s det enno var lyst. Posten kom, men ingen lapp i dag heller.
På føremiddagen hadde eg tatt ein telefon til ei venninne i Bergen, og det einaste som var i postkassa i dag var eit kort frå systera hennar. Litt pussig samantreff.
Ragnhild hadde sagt ho ville stikke innom i dag eller i morgon, då ho ikkje hadde kome før det begynte å skymast trudde eg ikkje ho kom før i morgon, men akkurat då kom ho. Ho ville ikkje ha verken vått eller tørt, så vi sat berre og prata ei stund.
I morgon er det fredag, så då må eg vel ta meg saman, kanskje handle litt, eller gjere noko anna nyttig. Men det meste må gjerast nærmare jul.Eg har litt dårleg samvit fordi eg ikkje er stressa framfor jula-men kva kan eg gjere? Ikkje så mykje. Har ikkje ein gong snø å moke.
Eg kjem ikkje til å skrive verken julekort eller -brev. Det blir med helsingar her på bloggen.
torsdag, desember 19, 2019
onsdag, desember 18, 2019
Dagbok 2019: 18.desember
Klokka er no 17.40, temperaturen er knappe to plussgrader, men det har vore opplett i dag. Såg eit glimt av sola på fjelltoppane på føremiddagen. I dag var avtalen at eg skulle køyre Marit til frisør klokka 11. Før vi for fekk eg blant anna tid til å vaske håret.
Eg køyrde så langt som det er lov innover i gågata for å sette av Marit-etterpå køyrde eg enda litt lenger for å sleppe å snu. Parkerte på parkeringsplassen ned mot sjøen og gjekk opp att i banken, der eg leverte skriftleg datoen for passutskriving på lensmannskontoret. Så gjekk eg ned på ALTI -tidlegare Amfi, tok ein runde, men kjøpte ingen ting. For å nytte tida til noko fornuftig gjekk eg ein tur i Hamneparken, dvs. området mellom ALTI og småbåthamna. Trur eg har gått der berre ein gong før. Det var blankis nesten heile vegen, men der var sanda. Då eg kom så langt at eg skulle gå bortover mot ALTI var det så lite sand at eg tok ikkje sjansen, men snudde og gjekk same vegen tilbake. Eg gjekk tilbake til parkeringsplassen, henta bilen og køyrde opp til Svendsen-garden. Der ser eg Marit på fortauet på andre sida av gata, der ho står og fiklar med mobilen for å ringe til meg. Så eg kom akkurat i grevens tid.
Vi handla ein god del på Spar begge to, men då eg skulle krysse av på hugselista mi som var heime, vart det ikkje så mange kryss til tross for at eg hadde handla 3 store plastposar fulle.
Eg hadde fått ein lys ide om å skrive og sende eit julekort. Marit hadde frimerke som eg fekk kjøpe med henne, og så køyrde eg ned på ASKO og posta det.
Rasmus har sendt pakke til meg, men eg fekk ikkje henteseddel i dag.
Derimot fekk eg brev frå Helfo om at eg no har frikort også på lege og medisin, fysioterapeut fekk eg førre veka. Så no har eg gratis både lege og terapeut resten av året. Eg hadde forresten betalt inn litt for mykje som eg no fekk tilbakebetalt-det dekka så å seie den famøse drosjeturen.
Etter at eg var ferdig med pliktene mine, tok eg meg litt mat, fyrte i omnen og sette meg og døsa i godstolen. Og når eg set meg i ro kjem armane på at dei må halde meg vaken, så vidt det er.
PS: Bilda er tatt med Doro-telefonen, så dei er ikkje av så god kvalitet.
tirsdag, desember 17, 2019
Dagbok 2019: 17.desember
Klokka er snart halv sju, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. Det er knapt nok lyst midt på dagen. Men eg vil ikkje klage på regnet, det slepp eg i alle fall å moke.
I går skrytte eg av kor flink eg hadde vore å jobbe. Jau, takk, den flinkheita vart straffa hardt. Eg sovna då eg la meg, men vakna etter ein time fordi eg verkte så innmari i armane. Eg stod opp og leita febrilsk etter Paracet, men fann ingen ting. Eg smurde meg med den fabelaktige salven som eg kjøpte på nett. Trur ikkje den hjelpte så mykje, men eg sovna i alle fall igjen og sov til den lyse morgon. Eg hadde tenkt å ta det litt roleg i dag og det har eg gjort.
Men eg måtte ta ein tur nedover og melde meg i banken. Har fått massevis av meldingar om å kome til banken og ta med gyldig pass osv. I dag gjekk eg inn i banken og melde meg. Viss eg ikkje hadde brukt nettbank og bank ID kunne det greidd seg med førerkortet som identifikasjon, men sidan eg brukar nettbank må eg ha pass. Eg fekk råd om at eg skulle ringe lensmannskontoret og tinge time. Det gjorde eg , og fekk time den 17.januar. Så må eg inn att i banken og orientere dei om kva tid eg har fått time.
Eg fekk kjøpt meg Paracet og litt frukt mens eg var i Vik, og så fylte eg bensin på bilen.
Då eg kom heim gjorde eg litt diverse arbeid, mellom anna fyrte eg i omnen. For å spare armane litt sette eg meg pal i godstolen, men spratt opp att etter ei stund, for då hadde eg funne ut at litt krumkaker måtte eg ha til jul. I dag brukte eg Ingrid Espelid si oppskrift. Den var om lag slik som den eg har brukt før, men med litt meir vatn i, så deigen vart ikkje for tjukk. Det var ei lita oppskrift, berre ca.25 kaker. Mens eg steikte tenkte eg litt på fordums tider, då det berre var eg som hadde elektrisk krumkakejern og steikte til heile familien.
Og så hugsar eg Nadja, ho fekk ete det som eg ev. skar vekk på kantane. Ho var alltid på plass under steikinga. Eg prøvde å rekne etter og det er i alle fall 4 år sidan sist eg laga krumkaker-om ikkje meir.
I morgon skal eg køyre Marit til frisøren hennar i Gågata, så då kan eg stikke inn i banken med det samme. Og så kan eg ev. gjere andre ærend. Eg har ei kjempelang hugseliste, men den tek eg ikkje enno, for det kjem sikkert meir til.
Eg kjenner at eg får for lite mosjon, men det er kanskje bert på Fonnvernet no, såpass eg kan ta meg ein tur, men dagane er korte og mørke.
Datoen i dag minner meg om at ein av gutane på Eid har fødselsdag.
mandag, desember 16, 2019
Dagbok 2019: 16.desember
Klokka er no 18.25, temperaturen ute er + 2 grader og det regnar. Eg har ikkje vore lenger enn ut på altanen i dag-det var på føremiddagen og vêret var fint og utan nedbør.
Eg brukar å syte over at eg ikkje får gjort noko; i dag skal eg gjere tvert imot, eg skal skryte av alt eg har gjort. Det verste er å kome i gang, så eg starta arbeidsdagen forsiktig med å feste trådar i eit lestepar.
Så fann eg fram kjøtet som Einar og eg hadde kjøpt, og begynte å skjere det opp i terningar. No er eg så heldig at eg har ein diger, god kniv, og så har eg knivstål. Det ønska Nils seg- og paradoksalt nok kjøpte eg det til han til siste gongen han hadde fødselsdag. Han fekk ikkje brukt det mykje, men han demonstrerte det slik at eg no har nytte av det. Eg slipte kniven sylskarp før eg gjekk laus på oksen. Det gjekk heilt fint, eg fekk steikt kjøttet, så no er det berre finpuss som skal til på Stroganoffgryta som eg skal lage til 2.juledag. Det er ein tradisjon vi har hatt nokre år, å samlast her 2.juledag. Viss Håkon kjem seg hit blir vi 12 med meg. Håkon har operert eit kne, så det er ikkje sikkert at han blir mobil.
Etter at eg hadde gjort ferdig kjøttet og rydda opp, kom turen til soverommet. Sidan det var så bra vêr hadde eg hengt ut både sengklede og golvteppe, så det var berre å vaske, og sidan eg var i gang tok eg badet og kjøkkenet med det samme, så kan eg ta siste vasken før jul på vesle julaftan.
Vaskemaskina jobba med sitt nede i kjellaren, men eg måtte no ned av og til for å flytte klede over i tørketrommelen. No har eg lagt i hop og stroke det som skulle strykast av maskin nr. 1. Nummer to er på tørk.
Elles har eg tatt oska ut or omnen og fyrt med ved.
Ei stund sat eg og la kabal på data mens eg høyrde lydbok. Då fekk eg telefon om frammøte i banken; eg har fått ørten e-postar og mobilmeldingar før om å møte fram i banken -med gyldig pass. Eg har ikkje gyldig pass og har ikkje tenkt å skaffe meg det før eg ev.treng det. Men ho eg snakka med i dag, sa at eg kunne bruke sertifikatet som identifikasjon, og så måtte eg love å gå i banken i løpet av veka. Så no må eg vel ta meg sammen.
Eg hadde inntrykk av at eg ikkje hadde gjort så mykje likevel no når eg ramsa det opp-det plar vere motsett, det plar sjå meir ut på prent.
No skal eg kose meg med å sjå på TV og strikke ferdig ein lest.
søndag, desember 15, 2019
Bok nr. 34 -2019: Ikke ville se.
Fjerde bok i serien Det store århundret. Utenfor Sveriges grenser ulmer en verdensbrann som med tiden vil bli kalt Den andre verdenskrig. For Lauritz, den eldste av brødrene Lauritzen, er det vanskelig ikke å ta stilling. Familiens største økonomiske inntektskilder befinner seg i Tyskland, akkurat som barnas mormor og morfar. Men tyskerne har også okkupert brødrenes hjemland, Norge. Anmeldere om Ikke ville se: «Gripende og raffinert». Gefle Dagblad «Godt jobbet, Guillou! Dette lover godt for fortsettelsen». Östgöta Correspondenten «Ikke bare klarer han det, han gjør det elegant og rett som det er underholdende med sin lakoniske humor. Foruten et nytt perspektiv gir han en levende skildring av 1940-tallets Sverige.» Borlänge Tidning «Med Ikke ville se har Jan Guillou nådd et høydepunkt som forfatter. Han gestalter levende og innsiktsfullt en tid der mange opplevde uvisshet og splittelse, ikke minst på det personlige planet.» Vestmanlands Läns Tidning Om forfatteren: Jan Guillous rike forfatterskap startet i 1971, og til sammen har han skrevet mer enn 40 bøker. Det store århundret er hans mest omfattende prosjekt noensinne og forteller om 1900-tallet - menneskehetens største, styggeste og blodigste århundre. Tidligere utkommet i serien er Brobyggerne, Dandy og Mellom rødt og svart. Oversatt av Bodil Engen
……………………………………………………………………………………
No har eg lese den fjerde boka i serien på 8.
Jan Guillou har skriv ein serie på 8 bøker der han tek for seg heile 1900-talet og det som skjer i Europa gjennom hundreåret. Bøkene er lett å lese og ein finn kanskje historisk stoff som ein ikkje kjenner frå før. Eg har tenkt å lese dei fire neste bøkene også.
Dagbok 2019: 15.desember.
Klokka er no 16.20, temperaturen ute er 0 grader. Det har vore opplett og fint i dag, så eg kan angre litt på at eg ikkje har vore ute og gått tur. Eg har ikkje vore lenger enn ned i tilbygget.
Då eg kom heim i går kveld, sette eg meg til å sjå TV-program som eg hadde tatt opp, dermed vart klokka 2 før eg la meg. Det var no ikkje så gale, men så fekk eg ikkje til å sove, siste gongen eg så på klokka var ho 4. Klokka 8 var eg vaken igjen og stod opp ei stund etterpå. Eg var trøtt og uopplagt og hadde ikkje lyst til noko. Men eg fyrte godt i omnen etter kvart og las ut Storytel-boka mi. Så no har eg lese fire bøker av den 8-bok lange serien. Serien er grei nok, og lettlest, så eg slepp å grunde så mykje. Eg trur eg sovna aldri så lite under lesinga, så då vart eg litt lettare etterpå.
No har eg bakt 3 brød igjen, brøda går fort unna her i huset sidan eg stort sett et brød til alle måltid. Håper eg er heldigare med brøda denne gongen, dei som eg bakte sist vart noko smuldrande.
Eg hadde halvvegs tenkt å handle litt i dag, men orka ikkje sidan eg var så trøtt. Eg får heller begynne å skrive ei liste slik at eg ikkje "gløymer" noko kvar gong eg er på butikk.
Eg får ikkje gjort så mykje som eg gjerne ville til jul, armane er ikkje gode og det manglar litt energi også. Det er i grunnen litt rart, for eg brukar å ha arbeidslyst-håper det rettar seg når sola snur. Det var så mykje eg ikkje fekk gjort i hagen denne hausten, for regn og snø etc. øydela.
No er begge leigebuarane mine reist heim til jul og eg er åleine i huset, og så har eg god parkeringsplass for dei som kjem på besøk. Bilen min står i garasjen, og det er så bra -då slepp eg å koste snø og skrape is. No skal eg snart ta fram strikketøyet og sette på TV-en. Eg strikkar ikkje så mykje, men det går fint å strikke nokre lestepar. No er det ei arbeidsveke -så er det jul.
I kveld er det julekonsert i Voldakyrkja med fleire kor, men dit skal ikkje eg. Det er så mange konsertar denne tida at det er ikkje mulig å få med alt.
Då eg kom heim i går kveld, sette eg meg til å sjå TV-program som eg hadde tatt opp, dermed vart klokka 2 før eg la meg. Det var no ikkje så gale, men så fekk eg ikkje til å sove, siste gongen eg så på klokka var ho 4. Klokka 8 var eg vaken igjen og stod opp ei stund etterpå. Eg var trøtt og uopplagt og hadde ikkje lyst til noko. Men eg fyrte godt i omnen etter kvart og las ut Storytel-boka mi. Så no har eg lese fire bøker av den 8-bok lange serien. Serien er grei nok, og lettlest, så eg slepp å grunde så mykje. Eg trur eg sovna aldri så lite under lesinga, så då vart eg litt lettare etterpå.
No har eg bakt 3 brød igjen, brøda går fort unna her i huset sidan eg stort sett et brød til alle måltid. Håper eg er heldigare med brøda denne gongen, dei som eg bakte sist vart noko smuldrande.
Eg hadde halvvegs tenkt å handle litt i dag, men orka ikkje sidan eg var så trøtt. Eg får heller begynne å skrive ei liste slik at eg ikkje "gløymer" noko kvar gong eg er på butikk.
Eg får ikkje gjort så mykje som eg gjerne ville til jul, armane er ikkje gode og det manglar litt energi også. Det er i grunnen litt rart, for eg brukar å ha arbeidslyst-håper det rettar seg når sola snur. Det var så mykje eg ikkje fekk gjort i hagen denne hausten, for regn og snø etc. øydela.
No er begge leigebuarane mine reist heim til jul og eg er åleine i huset, og så har eg god parkeringsplass for dei som kjem på besøk. Bilen min står i garasjen, og det er så bra -då slepp eg å koste snø og skrape is. No skal eg snart ta fram strikketøyet og sette på TV-en. Eg strikkar ikkje så mykje, men det går fint å strikke nokre lestepar. No er det ei arbeidsveke -så er det jul.
I kveld er det julekonsert i Voldakyrkja med fleire kor, men dit skal ikkje eg. Det er så mange konsertar denne tida at det er ikkje mulig å få med alt.
lørdag, desember 14, 2019
Dagbok 2019: 14.desember
Klokka er no 22.15, temperaturen er + 4 grader og det er nydelig vêr og måneskin ute. Eg kom nettopp heim frå Fosnavågen der eg har vore på konsert med Adam Douglas i lag med Margrete og dei fire barna. Det var veldig flott konsert, men mykje høg lyd, noko som triggar tinnitusen min. Men det bryr eg meg ikkje så mykje om. Det går over - nesten.
Eg var litt bekymra fordi Margrete sin bil var for liten til å romme alle. Men vi fann ut at Eirik kunne køyre min bil, og eg kunne sitte på. Eg har fått eit heilt nytt syn på bilen min etter denne turen, for Eirik køyrde så fint og jamt og trygt. Det eg var redd for var at det kunne bli vanskar på heimvegen i den bratte enden av tunnelen, så eg sende eit spørsmål til Bodil om giring. Eg fekk ikkje svar med ein gong, så eg las like godt i boka som følgjer med bilen, og fann ut at vi kunne sette den i 2 i nedoverbakke. Då vi var på plass i konsertsalen fekk eg svaret frå Eid- og det stemte med mitt. No er det automatgir på bilen, så det er ikkje vanleg giring eg skriv om. Men Eirik fann ut at det var unødvendig å skifte gir. Og alt gjekk berre fint. Eg fekk meg ein fin tur i min eigen bil, og bilen fekk ladda batteriet.
Eg kan ikkje beskrive konserten, slike ting må ein oppleve sjølve. Men vi vart ikkje skuffa.
Vi hadde reist heimanfrå i god tid, eg tenkte vi kunne ta ein kaffikopp i resepsjonen slik eg har gjort dei gongane eg har vore der før, men der var fullt av folk og alle borda var reserverte, og til alt overmål var der eit heilt hornorkester med songar som underheldt. Vi gjekk ein liten tur i gata før vi gjekk inn for andre gong. Der lukta mat overalt, og då vi gjekk ein etasje ned var der full julebordoppdekking, eit stort bord med dessertar og kaker stod midt i glaninga der alle folk gjekk forbi når dei skulle inn i konsertsalen. Eg syntest ikkje det var så appetittleg. Synest dei kunne kosta på seg litt fleire vegger.
I dag har eg ikkje "gjort" mykje. Men på føremiddagen køyrde eg fram på gravplassen i lag med Marit. Vi hadde kjøpt kransar og lys og skulle pynte opp. Men dei visne lyngplantane stod blegg fastfrosne i jorda, og var ikkje råd å få opp. Eg tok og køyrde heim etter sakser, såpass vi fekk klipt av det meste. Eg sette nye batteri i lykta, men det "levande" lyset eg hadde med fekk eg ikkje tent med gasstennaren eg hadde med. Med det samme eg kom heim på kjøkkenet, då virka den. Marit var ute for det samme. Eg fekk ikkje pynta så fint som eg ville, på grunn av rusk og fastfrosen is, så eg får ta meg ein tur fram att viss det blir mildare vêr.
Eg er veldig godt fornøgd med denne dagen. Det er kjekt å komme seg på tur og oppleve Adam Douglas live-har jo sett han på TV mange gonger.Får takke Margrete spesielt , det er ho som arrangerer.
I dag er det forresten på dagen 40 år sidan eg tok sertifikat.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...









