fredag, desember 13, 2019

Dagbok 2019: 13.desember

Klokka er 16.20. Temperaturen er ca.0 grader C og vêret er mykje finare enn før. Det har vore nesten klårt i dag og mykje lysare enn på lenge. Håper det vil vare. I morgon skal vi til Fosnavågen så då er det godt om vi slepp storm og regn.
I dag, på fredag den 13. -Luciadagen- har eg vaska til helga, og i går kveld "pynta" eg litt til jul.
Einar hadde skrive at han ville komme innover i 14-tida i dag, og klokka 14.00 køyrde han inn på tunet. Men i dag var det ingen kjøttkaker å få. Eg hadde bedt han om å køyre meg til Volda og kjøpe kjøtt hos Jakobsen, så vi drog av garde med det samme. Eg fekk kjøpt rikeleg med kjøtt, men det var vakuumpakka og delt i mindre stykke, så det kan vere bra å ha litt på lur. 
Vi skulle ete middag på Kina-restauranten i dag, det var avtalt. Kina-dama kjende meg sjølvsagt att , og peika i menyen: "Ditta lika du!" Einar fekk velje kva han ville ha. Men ho var ikkje heilt oppdatert i dag, for ho trudde at eg var mora til Einar. Vi fekk kaffi også før vi gjekk frå bordet, så det var berre så vidt Einar var innom døra før han reiste ut att. Det var god hjelp for meg at Einar køyrde til Volda, for eg likar ikkje den vegen når det er stor trafikk , og det var det i dag. Hadde så vidt låst opp døra heime då mobilen i lomma mi ringde. Det var Ingeborg som ringde frå Gardermoen, ho skulle ta flyet til Ørsta kl.16.45. Eirik var også på veg heim - frå Trondheim.
No skal eg slappe av med TV og strikketøy resten av kvelden-trur eg.
I morgon har Marit og eg planar om å pynte på gravene på føremiddagen; eg rekk det før eg skal til Fosnavåg.
Som de ser på bildet har eg tre novemberkaktusar som blomstrar, hadde dei venta litt,så kunne dei blitt julekaktusar. Men eg har planar om å kjøpe amaryllis til jul.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg, det går fort mot jul no. Eg ser like mykje fram til at sola skal snu.

torsdag, desember 12, 2019

Dagbok 2019: 12.desember


Klokka er no 18.00, temperaturen er + 4 grader C, og det regnar og blæs litt. Ikkje direkte julestemning ute, men isen og snøen forsvinn etter kvar, trur eg. Det er "tungt" vêr som gjer at eg får mest lyst til å sove både dag og natt. Då Marit og eg kom att frå Vik i dag litt før klokka 15 var det nesten mørkt. Eg lengtar etter at sola skal snu, så dagane vert lengre og lysare.
I dag skulle eg på trening klokka 12.30, og det vart ikkje mykje gjort før den tid. Men eg fekk no dusja og vaska håret om ikkje anna.
I dag kom vi ikkje for seint på treninga slik som tysdag. Marit går både tysdag og torsdag, men eg går berre tysdagane. Det var sidan fysioterapeuten ikkje skal vere der komande tysdag at eg vart med i dag. dermed trefte eg litt andre folk enn dei som eg vanlegvis møter. Men det er alltid kjekt på treninga, sosialt også, der snakkar ein med alle anten ein kjenner dei eller ikkje.
Både Marit og eg hadde ærend etter teninga. Ho skulle på apoteket, eg skulle sende post i butikk, og begge skulle vi handle litt mat. Derfor vart klokka bortimot 15 då vi var heime att. Det var mykje folk på ALTI og på vegane, enda det berre var torsdag.
Då eg kom heim måtte eg ete litt "middag" og etterpå sette eg meg inn til dataen for å betale rekningar, blant anna. Men eg vart så trøtt at eg heldt på å sovne med haka på tastaturet. Når eg har det slik er det berre å sette på TV, sette seg i godstolen og sove. Det blei gjort i dag også. Og så er det brått kvelden og for seint til å gjere noko som helst anna enn å strikke.
Marit kjøpte potteplantar på Europris i dag, men eg har så mange plantar i blomst akkurat no. Skal prøve å vente i det lengste med å kjøpe amaryllis, slik at dei er passeleg utsprotne i jula. Viss det blir bra vêr i morgon kan det hende Marit og eg tek oss ein tur på gravene, ingen vits å legge på kransar etc. viss det er storm og uvêr. Eller er det fredag den 13. og vaskedag.


onsdag, desember 11, 2019

Dagbok 2019: 11.desember

Klokka er no 17.20, temperaturen er + 4 grader og det regnar litt. Det er ein del is på tunet, men vegane er nesten berre når ein kjem ut av Starevegen; her er det både is og snø på gata.
I dag hadde eg tenkt å bake litt, så eg hadde laga meg ei handleliste.
Eg var ikkje så veldig morgonfrisk i dag så det gjekk ei stund før eg kom meg på butikken.
Eg har ikkje alt for store planar, men i dag hadde eg tenkt å bake julebrød og så steikte tørre vaflar. Det siste var noko eg fann på for eg rekna med at det var lettvint. Og det var det. Og det heile var godt tima for vaflane og brøda var ferdige i samme minutt. Ja, eg har aldri vore flink å bake, og blir det vel ikkje heller, så eg trur at viss eg skal ha meir småkaker, så kjøper eg dei ferdige.
Etter at eg hadde rydda opp på kjøkkenet og sett på oppvaskmaskina, laga eg meg middag av restane frå i går. Og så måtte eg slappe av framfor TV og sove bitte litt-sidan det ofte er mangel på søvn om nettene. No har eg ikkje tenkt å gjere så mykje meir i dag, anna enn å smårydde litt, kanskje strikke og heilt sikkert sjå TV.
I morgon skal eg på trening kl.12.30 (trur eg) og så spørs det om vi finn på noko etter det. Berre det ikkje kjem og snøar igjen så skal eg vere fornøgd.
Eg har ikkje merka noko til vinden vi skulle få, men synest eg høyrer noko ute no. Eg håper vi får roleg og fint ver i jula- og ikkje altfor kaldt. Eg hugsar ei julafta vi var på Hareid, då var det minus 18 grader då vi skulle heim. Det var kaldt.
I løpet av denne veka begynner studentane å kome heim, og snart kan vi samle alle, med unntak av Rasmus og Co som er for langt borte. Og eg er glad for at dei held seg i ro i jula, for då er det ofte dårleg vêr og føre, særleg på fjellovergangane. Alle i familien har tilgang til ei familieside på Facebook så der har vi kontakt kvar dag, så vi følgjer med kvarandre. Og laurdag førstkomande skal detstore skje at eg skal få vere med Margrete &Co til Fosnavåg på konsert med Adam Douglas. Eg trur det blir ei minneverdig stund. Det er lenge sidan eg var på konsert i Fosnavågen no, men det var nokre år Pensjonistlaget arrangerte turar dit så eg er relativt godt kjent på kulturhuset der.


tirsdag, desember 10, 2019

Dagbok 2019: 10.desember



Klokka er no 16.15, temperaturen ute har stige til + 3,5 grader C, gjev det vart så varmt at snøen smelta! I dag hadde eg vekkerklokka på 8, men vakna ein time før. Hadde mest lyst til å vere der eg var, men kom meg opp i halv åtte tida. Planen min var å moke såpass at eg fekk bilen opp på vegen. Moke med spade, det kan eg ikkje, men eg kan drage brettet. Det let seg ikkje drage noko særleg, sidan det var isa oppunder, så eg tok snømoka (spade) og drog som eit brett. Då eg hadde fått vekk litt snø tok eg sjansen på å rygge ut bilen. Eg kom meg opp på vegen og køyrde litt att og fram slik at det skulle bli bra underlag. Så gjekk eg inn att glad og fornøgd og åt frokost, var litt på data etc. Vi plar fare heimanfrå kl.9.45 når vi skal på trening. Marit kom og sette seg inn i bilen, og så-stod bilen blegg fast. Eg prøvde både framover og bakover, men nei-! Marit skubba, Marit køyrde og eg skubba, men nei. Eg spada vekk snø, bar til litt singel osv. Bilen ville ikkje. Så henta eg litt varmt vatn og slo under eine hjulet, men i det samme kom Solveig nabo, og ho og Marit skubba. Og der fekk vi bilen i gong. Vi kom litt for seint til treninga, men det gjorde ikkje noko, for vi kunne berre halde på til vi var ferdige - og det gjorde vi. Etter treninga var vi på Spar og handla.
Då eg kom heim fyrte eg i omnen, og så laga eg meg middag med poteter, julepølse og raudkål. Julepølsa var av det kvite slaget - og smakte nesten ingen ting. Men mett vart eg. Så mett at eg måtte slappe av i godstolen med lydbok etterpå. Sjølvsagt sovna eg ei stund, og den energien eg hadde før, den var borte då eg vakna. Trøsta var at oppvaskmaskina hadde tatt oppvasken mens eg slappa av.
Neste tysdag skal eg ikkje på trening. Mor til fysioterapeuten er død, og Anne Elisabeth skal i gravferd bortpå Austlandet ein stad. Men eg skal få kome på torsdag i lag med Marit i staden, det er ikkje om morgonen , men ca.13.30 eller noko slikt, det blir siste gong før jul -tysdagen deretter er julaftan. Så det blir ikkje mange timar på frikortet, men det skal det bli neste år!
Denne laurdagen er det konsert i Fosnavågen.
Eg veit ikkje om eg får gjort noko meir i dag, men eg kan i alle fall strikke litt. Det meste av det eg skal gjere til jul må gjerast i siste liten. Og kvar gong eg kjem på noko som eg kunne ha laga, dcs. bakt, så mangler eg ein eller fleire ingrediensar. Merkeleg!
No skal eg i alle fall tømme oppvaskmaskina-så får vi sjå kva det blir til.

mandag, desember 09, 2019

Dagbok 2019: 9.desember

Klokka 20.30


Klokka er 18.10, eg var nettopp ut på trappa og så på temperaturen, den stod på 0 og det har kome ein god del snø igjen. Det likar eg ikkje for i morgon skal vi på trening igjen -og då skulle eg helst hatt ut bilen. Eg har fått frikort til fysioterapien , men veit ikkje om det dekker taxi. Men det går an å gå, det har eg gjort før.
I dag har eg fått GJORT litt-ikkje mykje , men litt.
Eg har pussa kopar og messing, vaska og bretta klede og baka bollar til jul. Ja, eg har sjølvsagt gjort litt anna også slikt eg gjer kvar dag. Etter at eg hadde ete "middag" sette eg meg inn til TV-en og slappa av litt. Hadde strikketøyet i hendene, men fekk ikkje strikka ei maske før eg sovna- ei lita stund. Ja, eg er ikkje så veldig effektiv i grunnen.
Fekk ein telefon såpass eg har hatt litt kontakt med omverda. Då eg begynte å tenke på litt baking i dag, måtte eg blade gjennom nokre kokebøker, det manglar ikkje på dei, men dessverre er dei ikkje så flittig brukt. Og så har eg aldri alt eg treng i hus, og handle hadde eg tenkt å gjere i morgon. Det blir sikker jul i år også, sjølv om eg ikkje får alt i boks. Småkaker bryr eg meg ikkje om å lage, for dei er ikkje så populære her i huset.
Eg har eit par småjobbar til som eg må få gjort før eg tek kvelden.
Eigentleg skulle eg ha vore ute og moka, men det får vere til i morgon tidleg.

Bok nr. 33- 2019: Mellom rødt og svart

Forlagets omtale:

Første verdenskrig er over. Brødrene Lauritzen er rammet hardt både økonomisk og personlig. Oscar fikk konfiskert alle sine eiendeler i Afrika av de seirende britene. Sverres elskede Albie falt i krigen, og selv ble han kastet ut fra godset sør i England som var hans hjem i over tjue år. Og Lauritz og Ingeborg er tvunget til å forlate Bergen ettersom sønnen Harald risikerte livet fordi han ble oppfattet som tyskervennlig. Men livet i Berlin og Saltsjöbaden i Stockholm begynner å bli normalt igjen, det glade tjuetallet er på vei. Tyskland ser ut til å kunne reise seg på nytt, og i hele Europa forestiller folk seg at det aldri mer kan bli krig. Livet ser lysere ut, og det passer familien Lauritzen. De kan like lite som alle andre se skyggene av ondskap som skal kaste verden inn i en enda større katastrofe. Mellom rødt og svart er tredje bok i serien Det store århundret. Oversatt av Bodil Engen  
Denne boka las eg på Storytel. Det er den tredje boka i serien. Eg har begynt på den fjerde boka no. Denne serien vil eg anbefale andre å lese. Bøkene er lettleste , men interessante,


søndag, desember 08, 2019

Dagbok 2019: 8.desember

Klokka er no 17.40 og temperaturen er minus 2 grader. Dette vêret blir meir og meir spennande. I går fekk eg snøsjokk, i dag før middag regna det (heldigvis) og no er det altså minusgrader. Eg sov dårleg sist natt, vakna tidleg i dag og har no sete og sove, meir og mindre, med TV-en på ørten episodar av "Farmen" på TV 2, fordi det var sport på 1-aren.
Men dagen i dag har ikkje vore så verst. Til tross for ein treig morgon då eg stort sett berre åt frokost og fyrte i omnen, kom Marit og eg oss av stad på sundagshandel,- som eg eigentleg er imot. Det er berre det at det er mindre trafikk og stress på vegane sundag før middag. Vi reiste herifrå ca. kl.13, då skulle vi først på Plantasjen og så på Coop som opna klokka 14.00. Det gjekk heilt som planlagt.
På Plantasjen kjøpte vi mellom anna kransar til gravene. Eg kjøpte også eit gravlys+ ein tenner, så eg slepp å ha med fyrstikker. Litt anna rask var det også kjøpt, t.d. juleserviettar og tennposar. Det siste ser eg etter på butikkane, men dei har stort sett berre tennbrikettar og dei er ikkje så gode.
På Coop handla eg mat, stort sett, og nokså usystematisk, men etter kvart får eg vel bygt opp eit julelager som varer om lag til påske. Dei hadde fin vakuumpakka spekesild, berre to filetar pr. pakke, billeg var den også. Men eg motstod freistinga og let vere å kjøpe. Men eg kjøpte eit glas med Delikat rømmesild, det vart middag i dag i lag med hardkokte egg.
Vi køyrde ikkje fram på gravene i dag, så det har vi til gode. I dag var det fint å køyre på Voldavegen, for der var det bert; her oppe i byggefeltet var det litt meir slapsete, men ikkje problematisk.
Etter at eg hadde ete middag sette eg meg i godstolen og halvsov - lenge. Eg er låk i skuldrane spesielt i dag, men armane er heller ikkje gode. Eg blir betre viss eg styrer med noko, så eg har sett på vaskemaskina. Eg trur eg skal lage meg ein kaffikopp-. 
I går kveld såg eg ein fin film på NRK 1. Eg hadde ikkje tenkt å sjå den men då eg først begynte greidde eg ikkje å rive meg laus. Filmen bygde på ei verkeleg hending, den var frå Island. Den var så nedstrippa at det nærma seg dokumentar- det var det eg likte. No får eg prøve å vere litt aktiv  før eg tek kvelden. Kanskje eg skal tenne to lys?

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...