lørdag, desember 07, 2019

Dagbok 2019: 7.desember



Klokka er 20.00, temperaturen er 0 grader C og det dryp frå taket. Eg trudde knapt mine eigne auge då eg såg ut i dag tidleg-på store mengder nysnø! I går var eg glad for at vegane var berre igjen, og hadde absolutt ikkje lyst på meir snø no.
Ein nabo med snøfresar kom og bana veg til meg, eg tok vekk litt snø sjølv også. Leigebuarane mine for på tur med begge bilane, så tunet vart ledig i dag. Og det kom vel med.
Marit og eg "diskuterte" litt om kva vi eventuelt kunne gjere i dag, men enda med å utsette det til i morgon. Solveig ville komme innover på ettermiddagen og då kunne eg vere med henne å handle. I mellomtida bakte eg brød, og dei var akkurat ferdige då Solveig kom. 
Eg laga kaffi og vi år varmt brød. Eg hadde ikkje handla inn til helga, så eg hadde ikkje noko meir spennande å servere. Birte og Håkon kom frå Volda, det er lenge sidan dei var her, så det var ekstra kjekt å treffe dei også. Det var meininga at Solveig og eg skulle handle på Coop i Furene, men det leid såpass langt på kveld at eg heller ville vere heime.  Det kan hende det blir ein tur i Furene i morgon i staden.  
No skal eg sette meg ned framfor TV-en, eg ser fram til Linda Eides "språksjov", det er mitt favorittprogram. I dag har eg ikkje sove middag enda eg var rimeleg tidleg oppe.



fredag, desember 06, 2019

Dagbok 2019: 6.desember



Klokka er no ca. 18.30. Temperaturen har falle ned til 1,5 grader C, eg synest ikkje det er så populært, det kunne ha halde seg på + 6 eller meir. Eg greier nesten ikkje å venje meg til at det blir så tidleg mørkt heller, skulle ikkje tru at eg hadde levd i nesten 80 år og at det har vore slik alltid.
I dag tidleg sov eg lenge, men det fortente eg. Eg hadde ikkje så store planar for dagen, men eg skulle i alle fall vaske eit par golv - og det gjorde eg. Så fann eg ut at dei nye gardinene på stova ikkje hang så fint som dei skulle. Eg tenkte meg om eit par gonger før eg tok dei ned og hengde dei opp på nytt.
Eg følte meg litt ufin på håret og i kleda, så eg gjekk i dusjen og vaska håret mitt og fekk på meg nokre reine klede. 
Hadde tenkt at eg kanskje skulle fare på butikken, men så leid det litt for langt på dag til særleg mykje shopping. Dessutan er det ikkje så kjekt å fare å drive åleine nede i Vik. Eg har såpass mykje mat i hus at eg overlever til i morgon, så får eg sjå kva eg finn på då.
Eg sette meg i godstolen med pledd etc. og sovna litt i dag også. Det er bra å vere utkvild til ein lang TV-kveld.
Eg begynte på fredags-sudokuen i går kveld, men har ikkje løyst den enno, og trur ikkje eg kjem i mål med den heller. Var nesten i mål i går kveld, då eg oppdaga ein feil...….
Det skjer ikkje så veldig mykje når eg går her åleine og surrar, og det kan vere like bra. Men eg kan no ønske alle ei god helg i alle fall.

torsdag, desember 05, 2019

Dagbok 2019: 5.desember

Klokka er 17.00 Temperaturen er + 3 grader, og det regnar og blæs. Det einaste positive er at snø og is blir borte, litt etter litt.
Sist natt vart eg liggande å kave med armane mine utan å få sove før det gjekk mot dag. Det var no verken noko nytt eller særleg dramatisk. Eg åt frokost og bestemte meg for å gere det eg hadde tenkt i dag, nemleg å rense teppegolvet på stova. Eg kunne i alle fall ta halve, og så sjå om eg greidde meir. Det gjorde eg sjølvsagt! I fjor då eg skulle rense teppet, var det ei cyste som sprakk inn i eine kneet, det var fryktelig vondt og eg hamna på legesenteret etc., men greidde faktisk å rense teppet ferdig.
Eg juksa litt i fjor, men i dag kom alle sofaer og stolar etc. fram -og tilbake. Det tok si tid for eg legg inn pausar slik at rensevæska kan få virke ei lita stund. Nok om det. Teppet er rensa, stova har blitt lufta, og no held temperaturen på å ta seg opp att.
I mellomtida har eg halde til her på datarommet, og tatt meg ein pause på daybed -en her. Eg har ikkje fyrt opp i omnen så det tek ei tid før der blir varmt på stova.
No føler eg i alle fall at eg har "gjort" noko-til jul. I morgon er det fredag, så då blir det fredagsvask. Kakebakst blir det lite av, får kjøpe ein boks eller to med småkaker. Trur eg. Eg såg forresten eit heilt berg av kransekaker på Europris i går, dei er ikkje så gode som heimelaga, men før eg set i gang å lage kransekaker sjølv-må det skje eit under. Eg meiner sjølv at eg ikkje er redd for å jobbe litt, men når det gjeld baking- så er det absolutt det verste eg veit. Kanskje med unntak av gjærbakst, eg bakar ein del brød.
Eg skal ikkje gjere så mykje til jul. Julaftan skal eg vere på Hareid, 2.juledag skal alle vere her, og då skal eg no lage til litt av kvart. Det kjekkaste med jula er at  barnebarna kjem heim frå studiane sine, ei frå Oslo, ei frå Bergen og ein frå Trondheim. Og så kjem vel Audun sørover frå det høge nord. Rasmus og familien feirer jula på Kongsberg - og så er det nokon som er i nærleiken også.
I dag har eg ikkje vore nedover, men eg skulle snart hatt meg ein slyngar, for å sjå -og for å kjøpe. Men det må skje i dagslys viss eg skal køyre sjølv.


onsdag, desember 04, 2019

Dagbok 2019: 4.desember

Klokka er no16.50, temperaturen er ca. + 8 grader, akkurat no er det opplett og det blæs. Vegane er nesten berre, berre litt is her og der.
Vakna tidleg i dag, med vonde armar som vanleg, så eg stod like godt opp. Hadde som ein plan om å få gjort noko nyttig i dag, men det er ikkje så enkelt å bestemme seg. Eg vaska knivskuffa og shina kjøkkenet. Så gjekk eg ut og spada vekk litt snø som plogen/skrapa hadde lagt att.
Etter kvart kom eg i siget og tok en tur til Vik. Eg var innom butikken til Målar-Olav og kjøpte panelsåpe og tepperens, til saman vart det over 500 kr, så det kostar å vaske- sjølv om ein gjer det sjølv.
Var ein tur innom Alti og såg etter slike små kvite posar til opptenning i ovnen, det fann eg ikkje. Heller ikkje kubbar av sagmask, som dei hadde til 15 kr pakken sist eg var innom. 
Eg hadde ein heil sekk med store brusflaske som eg skulle pante, derfor handla eg på Kiwi i dag, for der er eg kjend med panteautomaten. Eg trudde eg skulle få ein liten formue i pant, men 62,- kr er ikkje allverda.
Men eg hadde noko stort å sjå fram til, for i dag skulle eg lage meg MIDDAG, det skjer ikkje så ofte. Men i dag altså, gjekk eg med vatn i munnen berre eg tenkte på den herlege maten eg skulle lage.
Eg kan godt tilstå det: Eg er ekstremt glad i spekesild, men har det ikkje ofte. 
Eg kjøpte ein pakke dypfryst sild frå Findus sist eg var inn på Bunnpris. I dag la eg den i vatn til tining mens eg kokte poteter og rabbe(kålrabi). 
Nils var også glad i spekesild, og han var vandt til rabbe eller rabbestappe til, eg ville ha kålstuing. Så vi veksla litt mellom dei to alternativa. At eg ikkje kjøpte kål i dag kom av at kålhovuda var så store, og eg laga ikkje stappe, berre kokte rabbeskiver, eg blei heilt salig då eg oppdaga at eg hadde raudbetar i skapet, og med små lettkokte mandelpoteter til vart det eit herremåltid. Nils og eg brukte å ta to filetar kvar, eller mindre viss silda var salt. Den eg hadde i dag var ikkje så salt, og trur de ikkje at eg greidde å sette til livs tre -3- filetar. Eg hadde bestemt meg før eg åt at i dag skulle vere den dagen då eg åt så mykje eg berre greidde. Og det gjorde eg- og godt var det! Eg angrar ikkje, og eg har enno ikkje begynt å drikke. 
Derimot har eg sove middag. 
Eg har alltid vore glad i spekesild. Eg hugsar frå då eg var lita, då kjøpte vi silda heil og mamma reinska den sjølv. Eg stod spent og følgde med for å sjå om der var ister i silda, for då fekk eg den. Born i dag aner ikkje kor godt det var å ta strengen med ister i munnen og slikke i seg feittet.
Ukjent vil det også vere for dagens barn at eg sette pris på at der var litt bein i silda eg åt i dag-det gjorde den liksom meir ekte.
Mamma var også glad i spekesild, men eg høyrer vel til den siste generasjonen som set prispå denne delikatessen. Eg har ein filet igjen, men kva tid den blir fortært veit eg ikkje. Spekesild er ikkje godt KVAR dag.

tirsdag, desember 03, 2019

Dagbok 2019: 3.desember


Klokka er no 17.30, temperaturen er + 4 grader og eg trur det har regna i heile dag. Vegane er delvis dekte med is, sørpe og vatn. Å køyre bil i dag var som å køyre i ulendt terreng, ikkje farleg, men nokså ubehagelig; tankane mine gjekk til Petter Solberg.
Til treninga i dag hadde Marit og eg taxi, det var sytalaust, heilt til vi vart klar over at vi begge måtte betale full pris; 149 kr (kvar veg) som er minstetakst, der har du "Pasientreiser". Marit hadde frikort, så ho slapp å punge ut.
Eg fekk frikort i posten i dag, ikkje på lege etc. men på fysioterapi. Frikort 2, heiter det. På fysioterapi er grensa for betaling 2000 kr. Så no kan eg trene gratis heilt fram til jul. Kanskje skal eg ta behandling eit par timar også, eg har tilbudet. Behandling for armar og skuldrar kan eg få i form av ultralyd t.d.
Då eg kom heim frå trening vart det berre ein liten pause før eg skulle til frisør. Då tok eg ut min eigen bil og kom meg heilt greitt fram, utan skade verken på bilen eller meg sjølv. 
No er eg ganske kortklipt slik eg ville ha det, så no blir det slutt med vasskjemming om morgonen når eg står opp med "høgt" hår. Det er ei lette. Åse frisør og eg hadde ei koseleg pratestund. Eg har gått til henne i over 20 år, så vi er godt kjende, og så tek ho inn berre ein kunde i gongen, så vi kan fritt snakke om det/dei vi vil.
Då eg skulle heim, måtte eg rygge aldri så lite frå garasjen hennar og opp på vegen. Der var det is, og bilen ville ikkje bakover,- før eg tok av handbremsa.
Eg fekk ein pakke i posten i dag, med tablettar og salve, begge deler skulle gi meg eit betre liv. Det var ei dame som ringde og skulle prakke på meg eit abonnement og ho taut så lenge at eg vart lei, så eg sa ja. Med det samme eg hadde fått pakken, betalte eg - og sende samtidig ein e-post og sa opp abonnementet.
Sat ei lita stund ved datamaskina, men blei så trøtt at eg ville sovne over tastane. Så eg gjekk rett inn i godstolen, sette på TV og sovna. No er eg oppe og står igjen, men eg trur ikkje det blir gjort meir i dag. Kvelden kjem tidleg no - det er mørkt i 4-tida, trur eg. 
Ein eller annan gong må eg komme meg til Volda og handle noko eg ikkje får her, men eg vil gjerne ha nokon med meg. Marit er opptatt denne veka, for Janne er bortreist. 
Trur ikkje leigebuarane har vore ute med bil i dag, men viss det blir skikkeleg bert, lyt vi til å stokke på bilane. Viss dei set den bilen dei brukar mest, nærmast garasjen, får eg god plass når eg skal rygge ut. Dei har sikkert lang juleferie, så då blir her god parkeringsplass til dei som vil komme på besøk.

mandag, desember 02, 2019

Dagbok 2019:2.desember


Klokka er no 18.40, temperaturen er framleis 0 grader, og snøen smeltar ikkje. Det kom enda litt til på føremiddagen. Eg er framleis låk i armane og lite arbeidsdyktig, men det verste er eigentleg å sitte i ro. Eg søv om nettene og delvis om dagane, det er mørketid!
I dag stod eg opp i nokolunde skikkeleg tid, og vaska håret før frokost. Eg skal vere glad i morgon når eg har vore hos frisør, for no har eg gått rundt som eit skogtroll på hovudet i lengre tid.
Det vart fint moka på tunet i går, det var berre det at der stod att ein snipp akkurat der som eg plar rydde bilen ut. Eg prøvde å spade vekke noko, men det var for hardt og tungt for meg. Det som plogen legg att er ikkje å spøke med. 
Så gjekk eg inn og støvsuga i staden. Det var no greitt nok. Eg saga litt ved, og i mellomtida kom leigebuarane heim. Eg sat og tenkte litt, og fann ut at eg måtte komme med ned på apoteket uansett om eg måtte gå. Det er det høgre auge mitt, det kjennest ut som om der er eit rusk. Det plaga meg på laurdag, men i går var det bra.  Eg trudde eg var ferdig med det, men så begynte det i dag igjen. Ein gong for fleire år sidan hadde eg tørre flekkar på eit auge, og det fekk eg bukt med når eg brukte kunstig tårevæske, så det har eg prøvd å ha i hus. No var lageret tomt-derfor måtte eg på apoteket. Viss der er andre som treng kunstig tårevæske så kjøp den som er i gelé-form. Den rennande er ikkje så mykje hjelp i.
Men slik tunet såg ut og bilane var parkert kom eg meg ikkje opp på vegen. Då sende eg ei melding til Erik nede i kjellaren og han kom og spada vekk snø, slik at eg greidde å rygge ut, utan å skade bilen hans. På bildet kan de sjå situasjonen. Erik stod og såg på mens eg rygga, men eg har nokre veldig bra sidespeil !
Så køyrde eg til Vik. Føret var om lag slik som det var då eg køyrde opp til sertifikat den 14.desember for 40 år sidan. Eg har aldri vore redd å køyre på vinterføre, for det var det eg vart mest vant til første tida.
På ALTI var der mykje folk, som vanleg, men eg trefte berre to eg kjende. Kjøpte litt mat på Bunnpris, så slapp eg å gå inn fleire stader. Åt då eg kom heim, og sette meg framfor datamaskin, men då ville eg berre sovne, så eg gjekk inn og fyrte i omnen, sette på TV og sovna i stolen.
I morgon har Marit bestilt taxi til treninga, ho har rett til gratis drosje, og eg får sitte på både ned og opp att, men fram på Mo til frisøren må eg køyre sjølv. Det går sikker bra.



søndag, desember 01, 2019

Dagbok 2019: 1. desember.

Klokka er no 17.30, og temperaturen ligg og vake litt over 0 grader. Det eg håper på er mange varmegrader som gjer at snøen blir borte i ein fart. 
Etter all syinga i går vart eg brått heilt invalidisert i går kveld, eg kunne ikkje ein gong taste på datamaskina. I heile natt verkte eg i armane, og eg låg og fantaserte om korleis eg måtte lage meg ei fatle til høgrehanda. Då eg vakna såpass at eg stod opp var ikkje armane verre enn dei plar vere om morgonane. Men eg fann fram ein sånn , eg veit ikkje kva det heiter, men det er noko som ein kan ha rundt handleddet for å støtte opp. Eg visste at eg hadde ein slik, og eg visste kvar det var og eg fann det. Eg lurer på om eg kjøpte den den gongen eg braut handa, men trur ikkje det er så gammalt. Det har i alle fall vore til god hjelp i dag.
Oppgåva mi i dag var å få på plass ein adventstake og ei stjerne, og å stryke nokre klede. 
Torbjørn kom med snøfresaren og freste tunet på føremiddagen. Eg synest han skulle sleppe det, og er redd han føler seg forplikta sidan eg eig 1/3 av fresaren. Eg hadde tenkt at leigebuarane skulle få moke, men dei har vore vekke heile veka.
Eg prøvde å ta mesteparten av snøen på trappa, men den var våt og tung som bly, men eg kom meg ut med bosset og til garasjen og henta ved. Så fyrte eg litt i omnen, synest eg må ha litt attåt varmepumpa.
Eg hadde begynt å lage meg litt middag då eg såg ut på ein køyredoning  med plog . Den unge mannen ringde på døra og spurde om han skulle pløye til meg- rydde tunet. Eg var litt i tvil og ikkje kjende eg mannen heller. Før har sa: "Du e no gamlelærarinna mi!"Han sa namnet sitt, og då kjende eg han, han hadde hue langt ned til augene. Han er på alder med Margrete, så han er ikkje ein ung gut. Eg hadde systera hans og som elev, og pratar rett som det er med mor hans. Faren er død.Eg kunne no ikkje nekte han å pløye når han så gjerne ville gjere det- gratis. Så no er der plass på tunet om leigebuarane kjem att.
Etter at eg hadde ete, sette eg meg inn i godstolen med kaffikopp og Storytel og sovna ganske fort; då eg vakna var eg frostig. Eg hadde sjekka TV-programmet og der var det berre sport, så eg sette ikkje på TV-en.
Eg hadde fantasert om at denne sundagen skulle eg på Plantasjen og kjøpe litt diverse pyntesaker til jul, men eg orka ikkje å ta av i dette vêret. No håper eg at veg og føreforhald skal bli bra til tysdag, for då skal eg til frisør etter at eg har vore på trening. Skulle ha vor på butikk også, men eg kan no leve bra lenge på det eg har hamstra inn.
Det vart ikkje gjort så mykje i dag som eg hadde tenkt. Eg brukar å "pynte" til advent med lilla og så pynte til jul seinare. I år pyntar eg ikkje til advent, men begynner julepyntinga så smått, litt etter litt.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...