torsdag, november 28, 2019

Dagbok 2019: 28.november

Klokka er 18.05, temperaturen er + 1 grad og det har kome litt nysnø. Eg slit litt for å halde meg vaken akkurat no, for eg sovna ei lita stund i godstolen framfor TV etter middagen. Har ein heil del som eg hadde tenkt å gjere no i kveld, men meir og meir blir utsett på ubestemt tid -kjenner eg.
Eg stod opp til normal tid i dag, og etter at eg var ferdig med frokosten sette eg meg til framfor PC-en for å skrive referat frå møtet i går. Det tok ikkje lang tid å få ferdig eit utkast som eg må flikke litt på før eg kan sende det til avisa. Dessverre har eg ikkje bilde å sende med for då eg skulle knipse litt fekk eg melding på mobilen om at eg måtte ladde den opp.
Eg hadde fått hentekode på mobilen, så eg skulle nedover og hente ein pakke på Bunnpris. Det var gardinene som eg hadde kjøpt på nett. Men før eg for nedover skrella eg alle potetene eg hadde. Eg tenkte eg skulle lage pølser og potetstappe til middag i dag når Einar kom innover.
Eg er alltid litt spent når eg skal køyre på desse glatte vegane, men eg prøver bremsene inn Starevegen, og dei virka heilt fint i dag.
På ALTI var eg berre på Bunnpris, kjøpte litt mat der sidan det var der eg skulle hente pakken. Vi har to butikkar som driv med "post i butikk".
Eg køyrde beine vegen heim, sette på potetene og laga stappe når dei var ferdigkokte. Eg hadde kjøpt "julepølser" -som viste seg å vere heilt vanlege middagspølser. For å sette ein lite spiss på måltidet steikte eg bacon, og opna ein pakke surkål. Verken Einar eller eg er så veldig kresne, så vi åt måltidet med god appetitt. Og eg har mykje potetstappe igjen.
Så vart det kaffi, og vi greidde å tømme ein isboks med ein slant i. Det er noko som plagar meg litt-alle desse slantane med eitt og anna, så eg er glad når noko blir tomt.
Før Einar kom hadde eg pakka ut gardinene, dei var heilt OK, men dei var for lange til tross for at eg hadde bestilt den kortaste varianten, eg trudde eg skulle sleppe å klippe av noko, berre brette kanten oppe, så eg får sjå om eg kan lukkast med det.
Eg blir trøtt så snart det blir mørkt, men no må eg lære meg å gjere noko etter at det blir mørkt.
Eg har ikkje somla meg til å bestille frisør, men i dag fekk eg melding frå frisøren min, at viss eg ville ha stelt håret til jul , måtte vi avtale time no. Det er så bra at ho tenkjer på meg og set litt fart i meg. No skal eg lese gjennom referatet mitt, så det blir kanskje sendt i kveld. Det er godt alt som er unnagjort. 
Vi går mot 1.sundag i advent og diverse pynt skal fram. I år har eg laga julepynten i kjellaren og ikkje på loftet, så eg treng ikkje hjelp for å få den fram.
I morgon er det fredag, vekene berre flyg av garde.

onsdag, november 27, 2019

Dagbok 2029: 27.november

Klokka er no 20.26, temperaturen ute er 0 grader C og det er mykje is på vegane og elles. Dei er sparsomme med strøinga, det er greitt å køyre, men meir utfordrande å gå.
I dag har det vore ein sånn rotete dag som det blir kvar gong vi har pensjonistmøte. Eg var heime til klokka var nærmare halv 12, på den tida fekk eg m.a. dusja og vaska håret i tillegg til andre morgonsysler. Eg føler veldig "ovenpå" igjen no sidan eg har sove godt to netter på rad i tillegg til at eg sovna i stolen fleire gonger i går. Så no trur eg søvnbehovet er dekka for denne gongen.
Eg køyrde ned til kulturhuset og hjelpte til litt, men det meste var gjort før eg kom. Den gjengen som styrer med maten er veldig flinke og pålitelege. Eli og Terje kom også innom, Eli med to krykker, men ho kjem seg fort til no, trur eg.
Då eg kom heim att var eg mellom anna inn på datamaskina. Då ringde telefonen-ukjent nummer. Eg plar ikkje ta slike telefonar men eg såg at nummeret var norsk, så eg tok sjansen. Det var ei dame som kunne fortelle meg at eg hadde vore med i ein konkurranse på Facebook, og no hadde eg nesten vunne for 5000 kr i daglegvarer. Etter kvart så kom ho inn på både kos tilskudd og smertelindrande kremar, og ho ville sende meg både det eine og det andre til halv pris første månaden. Eg er ikkje heilt dum, men eg gjekk med på det for å bli fri henne, for ho taut i eitt og så brukte ho eit kjent trix, sa namnet mitt minst to gonger i same setninga. No kan eg vente meg ein pakke neste veke. Gjett kven som skal vere snar å avbestille?
Eg syntest eg var flink då eg for eit par dagar sidan bestilte meg gardiner på nettet og betalte med kort. I dag fekk eg melding på mobilen at pakken var komen til BUNNPRIS. Og no veit eg korleis ein hentar pakkar der-for det har eg gjort før. Som Margrete seier: Det er farleg enkelt å handle på nett.
Eg sat på med Janne nedover til møtet som tok til kl.16. Marit var sjølvsagt med, og Mari Ella, som skulle spele på konserten til Kulturskulen.
Møtet vart kjekt og koseleg om vi ikkje var så mange, men det skal eg skrive om i morgon.
Konserten var ikkje ferdig  ein time seinare, då var Mari Ella ferdig og Even skulle heim, eg fekk sitte på med han. Janne, Marit og Mari Ella skulle komme etterpå. 
Verken Marit eller eg køyrer i mørket-enno. Eg har tenkt å lære meg til det litt etter litt. Kanskje. I morgon blir det tur til Vik for å hente pakken min, og så spørs det om armane mine vil vere med på å henge opp 6 gardiner.
Ei lita Lollo-historie: Då Even og eg kom heim, brydde ho seg ikkje om Even ,men gjekk med meg ned på trappa, ho mjaua og stauk seg oppettter døra, men ville ikkje inn. Ho pratar med meg, slik ho gjer med Marit. Ho trudde sikkert at Marit var inne hos meg.

tirsdag, november 26, 2019

Dagbok 2019: 26.november

Klokka er 17.15, temperaturen ute r+ 3 grader C og det har vore litt regn i dag.
Eg vakna tidleg i dag, sidan eg skulle på trening, men låg til klokka 8I dag var det meininga at eg skulle køyre, men det vart til at vi tok Marit sin bil, sidan det var blankis både her og der. Men i morgon må eg ut med gliset mitt for då skal eg på kulturhuset til klokka 12. Og Marit skal ikkje vere med då. Til møtet klokka 16.00 får vi sitte på med Janne. Ja, det er litt logistikk når vi gamle damene skal komme oss rundt og fram.
Eg var ikkje så gira på å trene i dag, og hadde i alle fall bestemt meg for ikkje å trene armane, for at dei kanskje hadde best av å få fred. Det kan godt hende, men dei er slettes ikkje gode i dag heller ,og nakken er vond. Eg har ein eigen teori om det.
Etter at vi hadde trena var vi på Spar og handla, og eg kom heim med to store, fulle plastnett+ ein 8kilos pakke med kveitemjøl, så i tilfelle eg skulle komme på å bake. No kjem eg på at eg gløymde margarin, men hugsa egg! 
Eg kjøpte med ein liten pizza på tilbod i dag, den åt eg av til middag og så får eg kanskje ta resten til kvelds. Den var på tilbod. Etterpå måtte eg slappe av i godstolen ei heil stund- sov litt også. Eg blir trøtt når det er så mørkt nesten heile tida.
Det  vart eit lite strev å få i hus alle dei tunge tinga over  eit islagt tun. All denne isen minner meg om vinteren for to år sidan, då eg gjekk fram og tilbake til Ørstaheimen , på islagde vegar heile vinteren.
I morgon er det altså julemøte i pensjonistlaget, med få påmelde. Det er mange som ikkje kjem på julemøtet fordi dei skal på andre "julebord". No er ikkje møtet vårt eit julebord akkurat, i år skal vi ikkje ha full julemeny ein gong.
Eg hadde tenkt eg skulle kome meg til Volda og kjøpe meg noko nytt å ha på meg i anledninga, men så langt kom eg ikkje. Ja, det er mi eiga skuld altså. Så eg får pynte meg med dei fjørene eg har -og ta høgde for at der kan vere kaldt. Frisør har eg heller ikkje oppsøkt, så eg har visst vore veldig sløv. Men ikkje så sløv at eg ikkje møter opp. Må nok skrive litt om dette møtet også. Eg har vore sekretær i snart 9 år no.
Eg skal no prøve å lage  til litt julestemning her heime også, vaske og pynte litt i alle fall. Noko særleg baking blir det ikkje, men eg skal no prøve å få i stand den tradisjonelle familiesamkoma 2.juledag. Blir kjekt å sjå att alle barnebarna som studerer i dei store byane.
No har eg sett på ein klesvask, såpass eg får gjort litt i dag også.

mandag, november 25, 2019

Dagbok 2019: 25.november.

Klokka er berre 17, men det er mørkt ute, så eg føler at kvelden er komen og eg kan skrive blogg. Det er korte dagar for oss som ikkje treng å følgje klokka så slavisk. Det er + 4 grader ute no og det regnar litt. Marit var nedafor i Vik i dag og det var glatt. Håper det blir betre i morgon når vi skal på trening. Eg har knapt nok vore ute av huset sidan torsdag.
I dag hadde eg ingen faste planar, så eg måtte diskutere med meg sjølv kva eg skulle gripe fatt i. Først av alt måtte eg sage litt opptenningsveg, eg må sage ofte for eg kan ikkje ta så mykje i gongen på grunn av armane. Det var for tidleg å begynne å vaske til jul, fann eg ut, så eg kunne lage ei kake og fryse, det vart gjort. Men sidan eg hadde rota til kjøkkenet og hadde alle ingrediensane klar, laga eg like godt ei til, same sorten. Det gjekk heilt greitt, og så var det berre å sette på oppvaskmaskina. Saga litt til, før eg åt "middag". I dag var det kjøttfri dag, så eg opna ein boks med Makrell i tomat, det er naudprovianten min.
Så har eg fått ein vane med å sette meg i godstolen og sjå TV etter middag. Då sovnar eg- sånn halvvegs i alle fall. Eg høyrde musikken frå TV heile tida, men så spelte dei ein musikk som var kjent. Etter å ha kome litt meir til meg sjølv, forstod eg at det var telefonen. Eg har fått veldig mange oppringingar frå ukjende nummer i dag-lange nummer.( Nummera er ikkje lengre enn vanleg, det er berre at dei tek med landskoden) Tok telefonen ein gong og det var berre noko ballprat på engelsk. Elles tek eg berre telefonen når eg kjenner nummeret dvs. når det kjem opp eit namn. På Doro-telefonen har eg stort sett namn på alle eg kjenner. Eg slo opp eine nummeret som har ringt i dag, et var faktisk nummeret til ei norsk dame - som eg ikkje kjenner. Eg trur det må ha med sal å gjere.
Men frå Sparebanken fekk eg melding - dei har for lite informasjon om meg så eg må komme innom kontoret og ha med meg gyldig pass. Skal eg gå og få meg pass berre for det? Då kjem eg vel i avisa, eg også,  akkurat som ho på 100 som måtte møte fram i banken-utan pass. Eg kan ikkje forstå at Sparebank 1 veit for lite om meg, dei har jo all informasjon dei treng til å ordne opp i finansane mine i alle fall.
Eg er litt skuffa over pensjonistane. No har vi med mykje møye og besvær skipa til eit julemøte med mat og godt program, og så er det 25 stk. som har meldt seg på ! Ja, dei om det, neste år kan vi kutte det ut.
Apropos så må eg truleg til å skrive opp og printe ut nokre songar til det samme møtet. Så har eg arbeid den stunda.
Eg driv og strikkar aldri så lite om kveldane, det er betre for armen min å strikke LITT enn å sitte heilt i ro. Uansett kor lite eg gjer så går dagane fort; i morgon er det trening og så får vi handle etterpå, onsdag er det julemøte, men så skal eg til å planlegge mi eiga jul.

søndag, november 24, 2019

Dagbok 2019: 24.november

Klokka er no 17.35, temperaturen ute er+ 3 grader C, det er overskya, men opplett. Vi har hatt eit relativt stabilt vêr lenge no, og det er no greitt nok så lenge det ikkje blir kaldare. Og så lenge vi ikkje får snø.
I dag har eg gått her og surra åleine, men det er ikkje meg imot; eg sov godt sist natt men då eg hadde ete middag måtte eg sove meir.
På føremiddagen sat eg ei stund og høyrde radio og strikka.
Brått fekk eg ideen om å ta fram kjøleskapet og vaske bakom og under etc. Sist kjøleskapet var framme greidde eg det heilt åleine, så det skulle gå bra no også. Eg gjorde som sist, tok ut skuffene i frysedelen og elles det som var oppe i kjøleskapet. Så fann eg eit underlag ute i garasjen som eg fekk lirka skapet oppå - og så var det berre å skubbe. Det gjekk heilt fint, uten skrammer i golvet  eller andre ulykker. Armane mine likte det ikkje så godt, men no er det gjort -til jul. Frysedelen avisa eg før i veka og no fekk eg vaska og rydda resten.
Eg hadde ein rest av resten av middagen i går, det åt eg i dag. Då blei eg så trøtt at eg måtte legge meg i godstolen og sjå TV. Det er den beste sovemedisin.
Dagen går fort om eg er her åleine og ikkje gjer så mykje.
Fekk ein liten jobb frå pensjonistlaget, eg skulle printe ut ein kviss til møtet på onsdag. Det var fort gjort.
I dag fyller Erlend 16 år, akkurat ein månad før julaftan. Sidan begge bestefedrene hans også hadde fødselsdag i november, var det nokre år vi slo saman og hadde feiring av alle tre. No blir det ikkje så store "feiringar" sidan det berre er Erlend og Amanda som er heime. Men vi får no ha eit "treff" i jula.
Eg reknar med at alle kjem hit 2.juledag-det er ein tradisjon.
Amanda og Erlend tidlegare i haust, dei er her på besøk av og til i lag med Margrete.

lørdag, november 23, 2019

Dagbok 2019: 23.november

Klokka er 19.10, temperaturen så vidt over 0 grader, men opplett.
Dette vart ein litt underleg dag. Meininga var at eg skulle fare til Eid i lag med Solveig og Øystein. Eg har alltid litt vanskeleg for å få sove når eg "skal noko" og i natt vart eg liggande heilt lys vaken heilt til eg stod opp klokka 7 og sende melding til Solveig og Bodil om at eg ikkje blei med til Eid. Så gjekk eg og la meg og sov til klokka var nesten 11. Får eg tre timar søvn er eg heilt i toppform. Men sjølv om det stod laurdag på kalenderen var det sundag i hovudet mitt, så eg har berre gått og virra i heile dag. Ein del TV og data har det blitt. Til middag fann eg ein rest i frysaren som eg åt. Eg ville ikkje ut og gå i dag, for det var glatt på fonnvernet i går. Det er best å passe seg.
Solveig og Øystein kom innom på heimvegen så eg fekk høyre korleis dei hadde hatt det på Eid. Denne veka har det vore litt tamt program, men det får eg ta att neste veke. Då skal vi ha julemøte i pensjonistlaget.
No blir det snart å sette seg framfor TV-en, eg ser fram til Linda Eides språksjov, det er eitt av favorittprogramma mine. Eg held meg stort sett til NRK 1.
I morgon er det fødselsdagen til Erlend og ein månad til jul. Skulle ha skrive det i går, men eg håper alle får/har ei god helg.

fredag, november 22, 2019

Dagbok 2019: 22.november

Klokka er no 16.00, det er +1gradC og vêret er like fint som det har vore, men kanskje litt fleire skyer på himmelen enn før. Snø og slaps har frose til is på vegar og stigar, så det er litt utfordrande å gå når ein ikkje har piggskor eller broddar, det fekk eg erfare då eg gjekk på Fonnvernet i dag. Eg gjekk forsiktig, så det tok si tid. Som dei fleste gamle er eg livredd å dette og bryte bein. No har eg rett nok falle nokre gonger siste året også utan å skade meg, men eg tek ingen sjansar.

 Eg hadde det fryktelig sist natt. Eg var i fin form i går og fekk gjort mykje, men så kom natta og smertene i armar og skuldrar. No er ikkje det så forferdelig farleg, men i halvsøvne prøver eg å bli smertefri ved å strekke ut armane. Ja, eg kan vere glad for at eg ligg der åleine for det går vilt for seg.
Det var ikkje lett å få på seg klede og komme i siget i dag. Eg er ikkje heilt god enno, og blir det ikkje heller.  Det var ikkje mykje eg fekk gjort i huset anna enn å ta oske ut or omnen og kveike opp og så tømme oppvaskmaskina. I staden for å bli sittande å kope, tok eg like godt ein tur på Fonnvernet. Det tok si tid i dag i og med at eg måtte gå så forsiktig. Men det var godt å komme seg ut i frisk luft og få litt mosjon.
Eg håper eg skal bli litt betre til vi skal til Eid i morgon. Det ser eg fram til.
I dag fyller Rolf, bror til Nils,  78 år. Har er fem år yngre enn Nils, men er allereie oldefar til fem små gutar. Då eg kom til Solund første gongen var eg 18 år, Rolf hadde ikkje fylt 17. Så vi har kjent kvarandre lenge. Mimi, kona til Rolf, har eg kjent like lenge.

Gratulerer med dagen,Rolf!
Her er Rolf, saman med eit av oldebarna.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...