lørdag, september 07, 2019
Dagbok 2019: 7.september
Klokka er 18.20, temperaturen er + 14 grader , og i dag har det vore opplett og ganske mykje sol. Ei stund var det nesten varmt, men no er det nokså kjølig ute. Men det gjorde seg med litt finevêr.
Eg var rimeleg handikappa då eg stod opp, vondt både i armar og bein, men eg kjem meg etter ei stund, så det går stort sett bra.
I går bestemte eg meg for at eg må begynne å fare til Vik om laurdagane for å treffe folk. No når vi går mot haust, treng vi å bli litt meir sosiale.
Marit og eg bestemte oss for å fare bort i Furene og handle på Coop Extra. Vi er begge Coop-medlemmer, men så har vi altså ikkje ein einaste Coop butikk her i Ørsta lenger, Extra-butikken høyrer til i Volda.
Vi hadde også ærend på Plantasjen. Eg kjøpte to lyngplantar til grava, og ein orkidé til meg sjølv.
På Coop handla eg blant anna store pakningar med mjøl og sukker. Sukker kjøper eg knapt ein gong i året, men kjekt å ha om ein skulle finne på å sylte eller bake. Vi gav oss god tid med handelen, og sat og prata ei stund i bilen då vi kom heim. Marit er nesten åleine heime ho også denne helga. Og i dag var det ho som køyrde.
Med det same eg hadde rydda på plass alt, tok eg med meg lyngplantane og køyrde fram på gravplassen og planta dei. Den planten som stod der frå før var det ingen stas med lenger.
Eg hadde avtale med Margrete at vi skulle fare i lag på "Musikk i sentrum" i Ørsta i dag. Der er utescene i Laguneparken, og der har det vore konsert det meste av dagen. Margrete har vore ppå stand i Volda i heile dag, og Amanda har vore på jobb.
Eg køyrde ned sjølv og parkerte, så eg var i parken før dei kom. Erlend og bandet hans var dei siste som spelte, og dei som laga mest lyd. Eg synest det er kjekt å høyre og sjå dei, sjølv om det ikkje er akkurat min musikk. På vona hadde eg med den gamle mobilen min, DOROen, og under over alle under-Amanda fiksa den på eit øyeblikk, så NO ENDELEG har eg tvillingtelefonar. Eg har sjekka at dei funkar her heime også. Eg har sakna den enkle gamle mobilen som eg har hatt med meg og på meg heile tida dei siste åra.
Eg kjøpte litt fårekjøtt i dag, for eg har eit kålhovud liggande....så får vi sjå kva det blir til. Poteter har eg enno av eige avl.
Har ingen spesifikke planar for morgondagen, men eg finn vel på noko.
fredag, september 06, 2019
Dagbok 2019: 6.september
Klokka er 18.40, temperaturen er + 10 grader og det har regna så smått i heile dag. Vêret begynner å likne veldig på det vi hadde i fjor haust. Då letta det ikkje opp att før i november og då hadde vi mist sola-ho var berre å sjå i fjella. No får eg håpe vi får litt v betre vêr denne hausten, for det er enno mykje å gjere ute i hagen.
Eg sat og bladde i Møre-Nytt. Der var ei heil side med bebuarar frå Hjørundfjordheimen pluss nokre andre. Dei gjekk tur på det nye Fonnvernet. EG skulle opp dit ein kveld, men fann alle vegar stengde og såg meg ikkje syn med å kome opp. Kva er det bebuarane på Hjørundfjordheimen har som ikkje eg har? Rullestolar? Politisk assistanse? Nei, dette må eg finne ut av.
De har kanskje merka at eg ikkje har sytt og klaga over manglande søvn i det siste. Grunnen er at eg har sove godt, lagt meg litt tidlegare og sove lenger om morgonen-kva no grunnen kan vere. Skal eg skulde på vêret?
I dag sov eg spesielt lenge, så føre middagen vart kort. Marit var innom ein tur, så vi fekk planlegge litt framover. Elles vaska eg litt og la i hop ein klesvask. Eg kokte spagetti til middag i går, og der var så mykje att at eg hadde i dag også.
Så har eg lata meg og lese i ei bok, men også jobba med spansken. No har eg sagt farvel til Paul for ei stund, og jobbar med MI VIDA LOKA - på You Tube.
Har ikkje lagt planar for helga, men det blir kanskje ein handlerunde i morgon-kanskje ein tur på Amfi for å vere sosial?
I kveld blir det vel å parkere framfor TV-en og følgje med på populære program.
Eg vil i alle fall ønske alle ei fin helg-sjølv om vêret er som det er.
torsdag, september 05, 2019
Dagbok 2019: 5.september
Klokka er no 17.40, temperaturen er +10 grader C og det har regna i heile dag.
Slikt vått vêr tek meir og mindre knekken på meg, sist natt verkte eg i armar føter, rygg, hofte osb.
Kom meg ganske for då eg kom meg opp og i bevegelse, men arbeidslysta dukka ikkje opp. Gjorde eit minimun av husarbeid, strikka litt -men så vart det vondt, las litt-men så vart eg lei; den boka eg held på med er over 400 sider, og det er same historia fleire gonger, på ein måte.
Var trøtt og tenkte eg kunne ta ein blund, men det fekk eg heller ikkje til.
Men eg har øvd mykje på spansken. Første episode av MI VIDA LOCA er lekse til neste veke, men eg har sett dei 12 første episodane. Det er kjekt å føle at ein forstår litt meir etter kvart.
Då klokka var 15 livna eg til litt og laga middag til meg sjølv, denne gongen vart det spagetti med tomatpuré og steikt bacon. Det er ein rett som Nils og eg fekk då vi besøkte nokre naboar på Raudeberg. Veit ikkje om det er andre enn vår familie som framleis brukar denne retten?
Sette på oppvaskmaskina, og denne skal eg tømme no. Var ned i kjellaren og sette på vaskemaskina også. Eg er glad for at eg fekk male ferdig kvistane i går, eg likar ikkje å ha rot liggande. Solveig plar ofte ta med seg slik ferdigmale rusk og ha det i komposten sin. Mi kompostkasse er haugen på og det som er inni er steinhardt.
Marit var heller ikkje i form i dag, ho reagerer også på vêret, så det blir ikkje gravplanting i dag. Vi får vente til vêret blir litt betre.
I dag har eg knapt vore ut for døra, berre ned og henta litt ved og fyrte opp med i dag morgon. No kom eg på at eg ikkje har henta posten.
Og i kveld kan eg gå inn på data og finne fredagssudokuen og begynne på den, så rotar eg ikkje vekk heile morgondagen. Då får eg også sjå om omtalen min kjem i avisa i morgon.
PS: No kom vallistene i posten. Lovleg seint, meiner eg. Elles kan eg skryte av at Anders Roald og eg er dei to eldste som står på listene i år. Vi er begge født i mars 1940, han den 20. og eg den 28. Men vi står langt frå kvarandre politisk.

onsdag, september 04, 2019
Dagbok 2019: 4.september
Her skal vi få LITT betre utsikt snart.
Klokka er no 18.20, temperaturen ute er + 13 grader, og det har stort sett vore opplett i dag, berre nokre regndropar av og til.
I dag var det oppstart på spanskkurs igjen, og alle dei som var med i vår, minus ei, møtte fram til vidare skolering på Bakk-Ola. Først vart det ein del repetisjon og så gjekk vi eit lite steg vidare. Nytt av året er at vi brukar ein film på "You tube" i opplæringa. Filmen heiter MI VIDA LOCA. Det er ein film som i seg sjølv er eit opplærings-opplegg. Det som er greitt er at vi kan repetere så mange gonger vi vil heime.
Det var kjekt å treffe att "medstudentane".
Då eg kom heim att tykte eg det var kaldt og hustre, så eg kveikte litt i omnen. Så måtte eg ha meg litt mat, og ein liten kik på data.
Men eg hadde eit arbeid som venta, ein haug med kvister og greiner som skulle malast på kvern. Eg gjekk ut og sette i gang, men det varde ikkje lenge før kverna stod blegg fast. Det viste seg at den hadde ikkje vore heilt tom då eg sette den vekk sist så det hadde klaka seg til inni. Då er det berre å finne fram fastnøkkel nr.13 og skue av toppen. Det gjekk greitt, men snart stod den fast igjen. Ny opning, rensing, og denne gongen skikkeleg, spylte med vatn, og peiste på litt "Reparatør på boks". Men så kom det litt for mange regndropar, så eg måtte ta ein liten pause før eg gjekk ut og gjorde jobben ferdig. I løpet av hausten må eg nok både klippe og sage mykje meir, men det er godt at det ikkje hopar seg opp.
Då eg kom inn att fann eg e-post frå Eli med dei opplysningane eg trong for å skrive ein førehandsomtale av møtet vi skal ha neste onsdag. No er det gjort, og eg har sendt manus til avisa.
Ei av "studentane" bur nede i Olavsgata. Ho har mange store bjørker som tek mykje utsikt frå oss her oppe. No har ho tinga folk til å komme å ta ned trea - og det var no veldig kjekt.
I morgon skal Marit og eg kjøpe lyng og plante på gravene, viss alt går etter planen.
tirsdag, september 03, 2019
Dagbok 2019: 3.september
Klokka er16.40, temperaturen er +13 grader, og det har vore mange nesten samanhengande regnbyger i dag.
I dag var eg relativt tidleg oppe, sidan eg begynner treninga klokka 10. Eg må ha god tid på meg når eg skal ut dørene.
I dag køyrde Marit og eg med kvar vår bil, fordi vi hadde ulike ærend etterpå.
Eg var nedom Amfi, det var noko eg skulle ha på apoteket, og så var eg innom "-nille" og kjøpte noko garn, slik at eg skal få gjere ferdig eit par halvstrikka lester.
Kjøpte bensin på 5-literkanna mi til bruk på grasklipparen, sist den vart fylt var det Rasmus som gjorde det. Handla diverse mat på SPAR.
I dag kokte eg middag til meg sjølv. Det var poteter frå eigen "åker"+ diverse spekepølser etc. Settepotetene grov eg ned i jorda fordi eg ikkje likte dei, men dei som kom att var veldig gode. Mens potetene kokte tok eg ein spansk ein.
Eg har vore litt trøtt i dag så eg sette meg i godstolen med ei bok og tenkte at eg kanskje kunne sovne litt. Det gjorde eg ikkje, men det som skjedde var at eg blei heilt stiv i nakken-noko som er skikkeleg ubehageleg. Kan ikkje kome på noko som kan ha forårsaka det, t.d. på treninga, så eg trur det må vere stolen si skuld. Eg har gått og venta på at det skulle bli litt betre vêr, såpass eg kunne ta ein tur ut og vere litt i bevegelse, men det ser smått ut. Det er ikkje fristande med hagearbeid heller når alt er vått.
Marit ville ha meg med på strikkekafé i kveld, men eg hadde ikkje lyst denne gongen,- kanskje ein annan gong. Ho har andre å gå i lag med.
I morgon er det oppstart på nytt spanskkurs, så no spørs det kva som er lagra frå kurset i vår. For å seie det slik så har eg ikkje problem med å lære, men utfordringa, for min del, er å hugse. Eg merkar godt sjølv at minnet taper seg.
Eg har ein mistanke om at ei jente på Eid har fødselsdag . Kristine fyller 19 år i dag, reknar ikkje med at ho les dette, men eg kan no gratulere besteforeldra i alle fall.
Dei plommene som dett av trea no, får gå beine vegen i komposten.
No ser det lettare ut ute, så kanskje eg få ta den vesle turen eg tenkjer på?

No har eg vore ute og gått tur i silande regn. Såg i avisa at ordføraren hadde gått tur oppå fonnvernet, og "kan han, så kan eg" tenkte eg. Men dessverre så var porten stengt med ei stor maskin og plakat. Dermed så gjekk eg oppover Storebakken, der hadde eg ikkje gått sidan tidleg i vår, og eg må seie at eg gjekk mykje lettare og fortare i dag. Ingen problem før eg skulle gå nedover, men ikkje mykje då heller. Bildet er tatt mot fonnvernet, der det sluttar øvst i Storebakken. Tok bilde i andre enden også, men det vart ikkje noko av. (Eg har litt problem med mobilen enno). Og jammen vart eg ikkje mykje betre i nakken også.
mandag, september 02, 2019
Dagbok 2019: 2.september
Klokka er 16.50, temperaturen ute er +15 grader, men med litt vind verkar det is-kaldt.
I dag var eg fast bestemt på å klippe plen, men det var ganske vått i graset då eg stod opp, så eg måtte sette plenen på vent. Mens eg venta på sol og fint vêr, sette eg ein brøddeig - fordi eg hadde melk som gjekk ut på dato. Mens brøddeigen heva, tok eg eit lite spanskkurs. Då eg hadde fått brøda i omnen, gjekk eg ut og begynte å rydde.
Først måtte alle nedfallsplommene plukkast opp i bøtter og fraktast til kompostkassa. Klipte ein del greiner av trea med det samme, men eg må no ta mykje meir seinare. Så klipte eg plenen rundt huset.
Nede i Skråninga hadde epletreet slept ned ein god del små uetelege eple som eg plukka opp i ein balje - så lenge. Trur ikkje eg skal bruke dei til noko. Eg begynte å klippe igjen, men det varte ikkje så lenge før det begynte å regne. Dermed var det ein liten pause såpass eg fekk smake på det ferske brødet og nyte ein kaffikopp. Det letta opp igjen, og eg fekk klippe ferdig. Det var mykje gras i dag også. Eg brukar å seie at eg skulle ha hatt ei geit. SÅ mykje gras til inga nytte. Dvs. eg brukar mykje av graset til gjødsel her og der.
Eg hadde tenkt eg skulle få tid å male opp plommegreinene, men då må det vere trygt for nedbør. Elektriske apparat skal ein ikkje bruke i regnvêr.
Plen-stykka opp mot gata tek eg ikkje i dag, er ikkje sikker på om eg har nok bensin eingong. Eg får kanskje ta kanna med i morgon når eg skal på trening. Marit og eg plar handle etter treninga.
Eg tok på meg dei gamle brillene då eg gjekk ut i dag, kan ikkje vite kva som skjer når eg styrer på. Før i dag kjende eg på at eg hadde lite energi, men den kjensla har gått over no. Lurer berre på kva eg skal bruke energien til akkurat no.
søndag, september 01, 2019
Dagbok 2019: 1.september
Klokka er 17.55,temperaturen er + 13 grader; det såg ei stund ut til at vi kunne få ein fin dag, men så begynte det å regne igjen. Resten av plommene som hang på trea i går, hadde vinden feia ned, og eg orka ikkje å gå ut å plukke dei opp. Ikkje epla heller har eg tatt vare på enno.
I dag har eg faktisk ikkje vore ute for ei dør, men halde meg inne. Stod ikkje opp før i 9-tida i dag så det vart ein kort føremiddag.
Søndag for ei veke sidan la eg opp lest nr. 2 i eit par som eg begynte på i vår , strikka litt i går kveld og i dag vart lesten ferdig. Festa trådar og stoppa eit anna lestepar. Eg likar å stoppe lestar, for då føler eg meg nyttig og gammaldags. Høyrde litt på radio, og så tok eg eit par spanskleksjonar, sidan eg skal begynne på kurs igjen komande onsdag. Laga meg litt middag i går kveld, og åt resten til middag i dag.
Så ringde Margrete, ho var på tur med "partiet" og ville ta seg ein tur hit etterpå før ho skulle hente Erlend. Ho hadde med seg ein bukett raude roser. Vi prata og drakk kaffi eit par timar, så det vart ingen langdryg dag for meg.
No håper eg berre at det blir opphaldsvêr og tørt i graset i morgon, slik at eg får klippe plenen og få vekk plommene. Eg har alt begynt å stusse plommetrea, men må vel ha litt hjelp med å klippe toppane. Trea er blitt så altfor store. Det er nesten stygt å håpe på at vinden skal ta eine plommetreet i år også?
No rekk eg å repetere litt spansk før det blir dagsnytt. Eg ser mykje på TV for tida. "Stjernekamp" er veldig kjekt i år, mange flinke. Men "Skal vi danse" har sett betre dagar. Har dei sloppe opp for kjendisar?

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...