mandag, august 05, 2019

Dagbok 2019: 5.august.

Gutane til Rasmus og Wenche badar i Svartehavet.


Klokka er 18.45, temperaturen er +21 grader C, det var litt skodde først på dagen, seinare vart det sol.
Eg var litt trøtt i dag tidleg for eg sov ikkje så godt sist natt. Så då får eg håpe at den neste natta blir betre, for i morgon begynner eg på trening igjen, etter ferien.
I dag sette eg i gang med å lage kjøttkaker og elles førebu middagen. Litt dramatikk vart det då eg skulle brune sausen, for då kom brannalarmen på, og frå stova kom det høge rop om brannalarm. Det har sine sider å ha hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen. 
Einar kom presis klokka 11.00 slik han hadde sagt. Han gjekk ut i garasjen og skulle finne fram det han trong, men vart overfalt av kvepsar som hadde laga seg eit bol inne i ein caps som hang på veggen. Han fekk heldigvis berre eitt stikk, på armen. Eg henta fram eddikflaska og hadde på stikket, og for sikkerheits skuld fekk han ein allergitablett.
Eg gjorde meg klar til å fjerne bolet, og kledde meg som sist i regnjakke, gummistøvlar, hals(bøff) framfor ansiktet og fleecehanskar. Eg tok capsen med kvepsebolet i og heiv den ut. Kvepsane vart rasande og gjekk til angrep på hendene mine, eg kjende berre kor dei stakk og stakk gjennom hanskane. Men til all lukke var det berre to stikk , eitt på kvar hand, det vart eddik og allergitablett på meg også. Stikka har svidd i heile dag, men no har det gått over til kløe, det er nesten verre.
Einar begynte å male, og eg klipte plenen rundt huset, og den opp mot gata; Skråninga skal eg ta i morgon.
Middagen var ferdig på førehand, så det stod berre att å koke poteter til slutt. Det er stort sett når Einar er her at eg kokar middag, og eg er eit geni når det gjeld å lage oppvask. Ein kunne tru her hadde vore bryllaup når ein såg mengda av kasserollar og andre kjørel. Etter at eg hadde rydda opp var eg ute i hagen og vatna litt. Så skulle eg sitte på altanen og lese bok, men det vart for kaldt, eg trur det må vere nordavind. 
Meininga er at Håkon og Audun skal male litt i morgon, onsdag er det visst meldt regn. No må eg prøve å få gjort noko med kløen før eg blir heilsprø. Telefonane virkar ikkje i dag heller.

søndag, august 04, 2019

Dagbok 2019: 4.august

Klokka er no 17.30, temperaturen er + 21 grader og sola skin. Det var litt skodde først på dagen , men det varte ikkje lenge før den var vekk.
Eg var låk i armen då eg vakna i dag, men det kom seg litt etter kvart. Eg vart så bra at eg pussa dei vindua som eg ikkje tok før i veka, og så støvsuga eg litt på stovegolvet. Eg vart ståande på altanen og prate med naboen etter at eg hadde vore ute i hagen og ete nokre bær. Der er ikkje mykje att no, verken stikkelsbær eller bringebær og jordbær har det vore tomt for ei stund. Har ikkje mykje rips heller i år, men alltids nok til å gå å ete på. Eg verken syltar eller saftar, og i fjor klipte eg mykje vekk av bærtrea så det er derfor her er lite. Derimot er det uhyrleg mykje Opal-plommer tillaga. Eg plar pusle litt i hagen på søndagar, men i dag har eg stort sett lege og sete på altanen og lese krimbok. Sidan eg ikkje kan strikke, blir det ikkje til at eg høyrer lydbøker, derfor les eg på papir. Då kan eg ikkje gjere noko anna på samme tid.
Det har vore varmt nok til å sitte/ligge ute i dag, men det er ein litt kald vind, så vi kjem ikkje opp i dei temperaturane som vi hadde. Slepp å sveitte no.
Tok spansktimen min før eg gjekk ut i dag. No har eg nokre små ærend rundt omkring før eg tek kvelden.

Bok nr. 19- 2019: Iskald.


Om Iskald


Agnes Lovise Matre er tilbake med ny krim etter suksessen «Skinnet bedrar». Klokken 05.00 ljomer lyden fra fløyta på M/F «Utne» mellom fjellene i Hardanger. Norseman Xtreme er i gang, verdens tøffeste og desidert kaldeste triatlonkonkurranse. Den lokale lensmannen Bengt Alvsaker er en av 250 nervøse utøverne som hopper i den mørke, iskalde fjorden. Men da han og de andre svømmerne har kavet seg i land i Eidfjord for å hive seg på syklene, ligger en skikkelse med startnummer 22 livløs igjen i vannet. Da opptellingen gjøres ved konkurransens slutt, viser det seg at en deltaker med samme startnummer likevel er kommet velberget i mål på Gaustatoppen. Hvem er da den druknede, og hvordan havnet han blant Xtreme-deltakerne? Det blir snart åpenbart at det ikke var en ulykke. 
«Agnes Matre skriver godt og medrivende [...]. Hun har skapt et univers som både hun og leseren trives i. Vi er i vakre Hardanger med sine fjorder og frukttrær. En effektiv kontrast til mørke gjerninger som Matre drysser utover i krimromanen sin.»Truls Horvei, Haugesunds Avis «Matre skriver troverdig og nyansert om hvordan spillegalskap leder til ødelagt familieliv og desperate handlinger. »Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende «Agnes Lovise Matre kan skrive - og rammen rundt årets krimbok Iskald er god.»Sindre Hovdenakk, VG 
……………………………………………………………………………….
Eg har ikkje lese noko av denne forfattaren før, men kjem nok til å lese fleire av bøkene hennar heretter. Eg likar betre krimbøker som er skrivne av kvinner enn dei som mennene skriv. Eg likte denne boka, som eg har lese på papir. Den er på ca. 290 sider.

lørdag, august 03, 2019

Dagbok 2019: 3.august

"Fjellfest over skoddeheimen"(Møre-Nytt)
Frå toppen av Saudehornet i dag.
Saudehornet er 1303 meter høgt og dei raskaste når toppen på under 1 time frå båthamna."Saudehornet rett opp" er eit såkalla "motbakkeløp".


Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 20 grader, det er litt vind, så det er ikkje særleg varmt. Marit og eg har sete ute på altanen og skravla ei stund, men no gjekk vi inn kvar til oss. Eg sat ute og las ei stund før Marit kom. Det varde ei stund før sola kom fram i dag, for det låg skodde i fjella.
Eg var litt oppskjørta i går då eg ikkje fann eska med mobil-tilbehøret, men sov godt i natt uansett.
Vakna tidleg, men sovna igjen. Etter at eg hadde ete frokost, vore på data og takk ein spanskleksjon. Vaska eg håret , kledde meg om og køyrde bort i Furene til Amanda på El-kjøp. Der var ikkje tilbehøret mitt, så var det berre ein ting å gjere: gå bort på kafeen og spørje om eg hadde lagt att noko der. Eg hadde lita tru på det, men det var einaste sjansen. Eg spurde dei som stod ved disken - og smilande opna dei ei skuffe og tok fram eska. Då kom hukommelsen min tilbake. Eg hugsa at eg la eska på disken mens eg betalte, og eg hugsa også at eg var redd for å legge den att-som eg altså gjorde. Eg hadde tenkt så hardt på eit plastnett, som eg ikkje kunne hugse å ha hatt i hendene. Så var alt i orden, men ikkje likevel, for gamlemobilen ville ikkje virke, og heller ikkje den nye. Amanda undersøkte, og det viste seg at dei nye SIM-korta ikkje ville virke før over helga. Heilt OK for meg, eg har datamaskin og hustelefon!
Var innom AMFI på heimturen, men kjøpte ingen ting. Var på jakt etter sko til å ha på treninga, når eg no skal begynne igjen på tysdag. Men eg fann ikkje nokre som eg likte. Har drive og søkt på "Sneakers" på nettet, og brått er sidene mine fulle av sko.
Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag, men vatna litt i hagen for sikkerheits skuld.
I dag har det vore "Saudehornet rett opp", det er tradisjon første helga i august. Eg har aldri vore med, men Nils var med ein gong, om ikkje fleire. I år ligg der faktisk litt snø att i fjellet, det er ikkje kvart år det gjer.
No blir det å sjå TV eller lese bok resten av kvelden. Og for morgondagen har eg ingen planar.

fredag, august 02, 2019

Dagbok 2019: 2.august




Solveig og Øystein møtte Rasmus med fam. på Gardermoen i går. Solveig på veg heim, Rasmus på veg til Bulgaria

Klokka er no 19.25, temperaturen er +20 grader C, og i dag har det vore sol - og varmt nok. Vi treng ikkje +30 grader altså.
Dagen starta med at eg vaska kjøkken og bad, samt sette på ei vaskemaskin. Solveig kom ein tur innom på føremiddagen og det vart tid til ein kaffikopp på altanen. Passeleg varmt der i dag.
Mens Solveig var her fekk eg melding frå Margrete om at ho ville komme ein tur seinare på dag. Den nye mobilen var komen på El-kjøp så vi kunne hente den der-Amanda jobbar der, som kjent. Så i dag har det gått stort sett i eitt. Ein kjekk og sosial dag har det vore. 
Etter at vi hadde vore på El-kjøp var vi på Jysk der Margrete skulle handle diverse. Då kom det for dagen at vi var svoltne begge to-ingen av oss hadde ete sidan frokost. Det blei hamburgermeny på Coop Extra-kafeen.
Då vi var heime i Starevegen var vi kaffitørste, så det blei kaffi og is. Mens vi sat de høyrde vi at det gjekk i døra, og då var det Eirik som kom.
No er eg her åleine og er litt frustrert fordi eg ikkje får mobilane mine til å virke. Fekk nytt SIM-kort i den gamle slik at begge telefonane skal ringe på same tid. På den måten kan eg ha den gamle i lommen kvar eg enn er, men så langt funkar det ikkje. Eg reknar med at Amanda eller andre kan hjelpe meg med tid og stunder. Det er mange i familien som er godt inne i dette med mobilar. Dersom nokon skulle finne på å ringe til meg, har eg enno hustelefonen, nummeret er 700 66 849.

torsdag, august 01, 2019

Dagbok 2019: 1.august

Slik var det då eine Opaltreet datt overende for to år sidan. I fjor datt Rivers Early-treet. Skal tru om dei resterande trea får stå i år?

Klokka er 17.40, temperaturen ute er + 20 grader C. Det er opplett, men skodda har lege
langt nedetter fjellsidene i heile dag. Det vart litt tung stemning etter alt det fine veret vi har hatt, men det ser ut til å lette opp. Eg har sete inne ved varmepumpa og halvsove ei stund no, men så kom det ei frå REDD BARNA og ringde på. Ho skulle visstnok snakke med dei som var mellom 18 og 78, så eg slapp unna. (Eg veit ikkje om eg forstod henne rett.)
Eg hadde ikkje fastsett program i dag men eg kledde i alle fall på meg arbeidsklede. Var tidleg oppe i dag også, eg søv for lite og derfor blir eg trøtt på dagtid og kveld. Marit starta opp att treninga i dag, men eg skal ikkje begynne før på tysdag.
Etter litt om og men tok eg å tørka støv på stova. Pussa eit par vindu også, det var ikkje godt for armen, så eg tok og vaska og spyla vindua på utsida i staden. Sjølvsagt tok eg altanen med det samme. Trur det må vere lenge sidan sist eg spylte, for behovet var skrikande. Kan ikkje bruke så sterke kjemikalier heller sidan vatnet renn ned på plenen. Vindua vart i alle fall reine, eg har ikkje sett så godt UT på lenge. Spylte også teppet som eg brukar å ha i vaskekjellaren og til slutt fekk trappa ein omgang. Margrete hadde "spyledag" førre veka, og i dag eg.
Eg er litt udisiplinert når det gjeld arbeid, det blir mykje tilfeldig. Og innimellom tek eg eit spanskkurs eller to.
Har halvvegs venta på telefon frå Amanda, ho skulle ringe når mobilen min kom.
Solveig og Øystein er på veg heim frå Roma-no får dei kjølt seg ned! Eg måtte ta på meg tjukk jakke og så sette eg på varmepumpa i dag. Blir frostig når eg sit i ro. 
Rasmus og fam. reiste til Bulgaria i dag, for å nyte siste dagane av ferien. 
Eg har ikkje jobba så mykje i hagen i år som i fjor og året før. Eg klipte veldig tilbake bærtrea i fjor, så det er ikkje mykje bær i år. Trur ikkje det blir mykje eple heller, for snøen kom akkurat då epletreet skulle blomstre. Det her er veldig mykje av er Opal-plommer. Det skulle ha vore tynna ut, for så tett som dei heng kjem dei til å rotne og mygle, slik dei gjorde for to år sidan.

Bok nr.18 - 2019: Ekko av en venn.




Endelig er Elling tilbake! Like sår og morsom som alltid. Han har flyttet inn i en sokkelleilighet hos enkefru Annelore Frimann-Clausen på Grefsen i Oslo. Dette er Ingvar Ambjørnsens femte bok om Elling. Den står ikke tilbake for noen av de andre, tvert imot er det en helt nydelig og gripende skildring av et ensomt menneske, som svært mange vil kjenne seg igjen i.

Dette er den 5. boka om Elling: 1. Utsikt til paradiset 1993
                                                2. Fugledansen           1995
                                                3. Brødre i blodet       1996
                                                4. Elsk meg i morgen  1999
Dei fire første bøkene kom tett etter kvarandre, eg veit ikkje om eg har lese alle, men eg hugsar godt filmane som vart laga om Elling og Kjell Bjarne.
Eg veit ikkje kva eg meiner om at det no, 20 år etter, kjem ei ny bok om Elling. Sjølvsagt kjenner eg han att, og boka er velskiven, men eg kjem ikkje heilt inn att på sporet liksom.
Når eg tenkjer tilbake, så meiner eg vi sa noko slikt som:"Der er ein Elling i oss alle" -og det står ved lag.
Eg har lese papirutgåva av denne boka, og fordi eg ofte er trøtt når eg les, begynner eg i halvsøvne å dikte sjølv- nesten som Elling.

NB: Terningkasta på bildet ligg ikkje på omslaget anna enn på data.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...