Klokka er 18.20, temperaturen ute er no + 21 grader C. Det har blitt finare og varmare utover dagen.
På føremiddagen dreiv eg med litt vasking og rydding inne. Så var eg ut å stelte litt i jordbæråkeren, klipte vekk lange utskudd og klipte på kanten. Så litt klipping vart det i dag også, sjølv om klipparen har fått fred.
Det vart etter kvart så fint at eg la meg ut på altanen ei lita stund, så ringde det på, så eg måtte stå opp, og då eg la meg på solsenga att, skya det over og vinden vart kald.
Då var det at eg gjekk inn att og kledde på meg for å fare på butikken. Då eg var klar, skein det opp att, og sidan har det vore fint.
Eg hadde ei lang hugseliste i dag, og sidan eg hadde tre fulle plastposar og vel så det, køyrde eg handlevogna ut til bilen. I bilen ved sidan av var det ein ung og sjarmerande kineser. Han spurde om han skulle hjelpe meg, eg takka og sa at nok skulle klare det sjølv. Då berre sette han i gang å lempe inn varene mine i bagasjerommet, og så sprang han inn på butikken med vogna.
Eg fylte kjøleskapet i kjellaren då eg kom heim, men det kan vere eg må ein tur i morgon også. Det er alltid noko ein har gløymt.
Eg sov godt sist natt og var ikkje oppe før nærmare 9, har litt problem med høgre armen, men det går seg til utover dagen, verst med det samme eg er oppe. Eg må børste håret med venstrehanda. Det er eit LITE problem.
I følge Solveig skal veret halde seg fint til og med fredag, så då får vi håpe på ei fin samling på Hareid.
tirsdag, juli 09, 2019
mandag, juli 08, 2019
Dagbok 2019: 8.juli
Klokka er 17.45, temperaturen er komen opp i +19 grader, det er skya, men opplett.
Eg har vore nokså flittig i dag, men no har eg pause. Sit med farge i håret og skal i dusjen om ei stund.
I dag var eg oppe litt seinare enn vanleg, så eg måtte komme i sving med noko ganske kjapt. På resepten i dag stod det: Støvsuging, og det blei det. I tillegg vaska eg vinduskarmar og tørka støv på stova etc. etc. Ja, eg gjorde mykje anna også, men skal ikkje gå i detaljar.
Tok ein liten spanskpause -det forsømmer eg aldri.
Så ville eg sanke opp det lause graset i skråninga, men i staden for å rake tok eg klipparen -samla opp og klipte på samme tid. Etterpå tok eg like godt plenen rundt huset. Graset hadde vakse mykje sidan fredag. Eg skal ikkje kjøpe robotklippar, eg skal vere robot sjølv. Dette er min sommar-mosjon. Eg kan ikkje gå menge stega på vegar og gater, men eg kan trakke rundt på plenen kor lenge det skal vere. Og armen som verker heile tida når eg er i ro, sluttar å verke når den får dra i snora. Det er nesten som å vere på trening. Og i pausane åt eg jordbær i åkeren. Naboen kom og peila oljen på klipparen min, han var ute og slo sjølv. Eg har ikkje peiling på peiling, men der var altså olje på klipparen. Og leitar eg i garasjen finn eg sikkert olje der også.
Då klokka var ca. 16, måtte eg ha mitt andre måltid i dag. Då gjekk det med eit par skiver og ein boks med makrell i tomat. Etterpå la eg meg nedpå her på dagsenga, men så stod eg opp att for eg skulle farge håret.
Fekk melding frå Linda om at ho kanskje kom ein tur i dag/kveld. Linda er den nye leigebuaren min, som er halvvegs innflytta.
No ser eg veldig fram til at Wenche og Rasmus skal komme, og så gutane sjølvsagt. Trur eg må handle inn litt i morgon, men det når seg onsdag også. Eg har tenkt ut mange ting som eg kan få litt hjelp med når dei kjem-så dei må berre glede seg!
No skal eg vaske fargen ut av håret!!

søndag, juli 07, 2019
Dagbok 2019: 7.juli
I omnen no.
Klokka er 18.00. Temperaturen er + 19 grader C, det er lettskya, sol og vind. No er det fint, men tidlegare i dag var det nokså grått.
Etter frokost m.m. i dag laga eg ei kake, den kaka må vere på plass når gjengen frå Kongsberg kjem.
Så vart det litt rydding både her og der før klokka var 11.00 og eg sette meg til med strikketøy ved radioen. I dag var det kyrkjekonsert frå 11-12 , den var fin nok den, men eg hadde høyrt den før.
Litt spansk tok eg meg tid til, før eg manna/kvinna meg opp til å gå ut og rake litt. Det var ikkje det at eg var lat eigentleg, men eg vart låk i ryggen av å bøye meg. Prøvde å få klipt litt rundt diverse plantar så eg fekk rake med det samme. Det varte ikkje lenge før eg gav opp og sette meg på ein stol på plenen.
Då kom Marit. Vi hadde ein avtale om at ho skulle komme ned med ei oppskrift til meg.
Vi gjekk inn og drakk kaffi og prata ei stund før ho skulle ete middag.
Då sette eg i gang med å bake, og no skal baksten i omnen. Det er grove hamburgerbrød som dei likar godt over gata, så no skal eg prøve om dei slår an her hos oss også. Ein kan sikkert ete dei som vanlege rundstykke også.
Eg har ikkje direkte vondt etter strabasane i går, kjenner meg berre litt mørbanka. Det kan hende eg fer over skråninga med klipparen i morgon og samlar opp graset som ligg att-det er kjedeligare å rake.
Eg ser fram til å få besøk, og håper på å få fint vêr så vi kan bruke uterommet. Fredag skal vi ut til Solveig alle som kan, for Solveig og Øystein reiser til Roma neste mandag, så det var ikkje så mange dagar å gå på. Ikkje alle kan kome, somme av ungdommane jobbar på butikk -for eksempel. Som pensjonist har eg høve til å vere med på det meste, så lenge helse held.
lørdag, juli 06, 2019
Dagbok 2019: 6.juli
Klokka er16.40, temperaturen er + 16 grader C, det er lettare overskya og litt vind, så direkte sommarleg er det ikkje.
Eg blei litt irritert då eg stod opp i dag og såg at det hadde regna. Hadde eg visst at det skulle kome regn i natt, hadde eg klipt ferdig Skråninga i går-men det er lett å vere etterpåklok.
For å skryte litt av meg sjølv, så har eg fått gjort mykje i dag, både inne og ute. Eg skal ikkje nemne alt her, det kan umulig ha interesse for andre enn meg sjølv.
Men eg kan skrive om plenklippinga, som er noko av det tyngste eg har vore borti sidan eg overtok hagearbeidet. Der er mykje mose i bakken, langt gras var der og på langt nær tørt, men sidan det er laurdag måtte eg berre få gjort det før helga. Det var tungt, for eg bestemte meg for å klippe nedåt, slik at eg slapp å klippe med det samme igjen. Eg måtte legge heile tyngda mi på klipparen i tillegg til at eg sette på "draget". Skråninga ser ut som om eg har klipt bio, så mykje gras har klipparen spytta ut att, men eg tømde 4-5 fulle "korger" med gras i komposten. Det kan hende eg tek ei rive og rakar pent og stille i morgon.
Eg kom i mål og så spylte eg klipparen godt etterpå. Eg har ikkje høgtrykkspylar, det saknar eg av og til, men det er ei grense for kor mykje ein skal kjøpe i hop av maskineri etc. No har eg ete litt, og så var eg nesten i mål med Fredags-sudokuen. Då eg skulle skrive ned siste talet-var det feil. Eg begynte på den torsdags kvelden.
No skal eg snart ta helg, men eg må vel brette eit par klesvaskar først, og så skal eg ein snartur på butikken. Matbutikkane er opne utover kvelden på laurdag også.
Den nye leigebuaren min har lege her i natt og sove godt. Eg føler at ho og eg kan kome til å trivast i lag, vi er alt blitt godt kjende.
No ser eg fram til at Rasmus og familien skal kome, eg trur eg må lage ei arbeidsliste til Rasmus, det er så mykje eg treng hjelp til. Eg er ikkje så god på alt som har med diverse maskineri å gjere, så eg treng assistanse. Ja, eg ser no fram til at vi skal kose oss i lag alle saman også - ikkje berre jobbe og fikse. Eg har omsider funne ut at eg ikkje greier alt åleine.
Då skal eg kle meg om litt og ta ein biltur ned på butikken. Ikkje AMFI i dag, men Kiwi eller Spar. Og så skal eg slappe godt av etterpå.

fredag, juli 05, 2019
Dagbok 2019: 5.juli
Eid 1925
Eid 1931
Desse bilda fann eg på Facebook i dag og då vart eg reint nostalgisk. Eg var ikkje fødd i 1931, og absolutt ikkje i 1925, men eg kjenner meg godt att på bilda. No er det så mykje som er forandra på heimstaden min at eg kjenner meg nesten framand når eg kjem dit, men tida står ikkje stille verken her eller der.
Klokka er no 19.00, så eigentleg skulle eg sett nyheiter, men det får eg ta att. Tida renn i frå meg støtt, og dagane vert for korte. Eg har gått for halv maskin ganske lenge no, vore lat og ikkje orka så mykje. Men så kjem sola og finevêret tilbake og energien kjem att. No er det + 16 grader ute, men eg vonar på varmare vêr.
I dag føremiddag høyrde eg at plenklipparane begynte å surre i nabolaget, så eg gjekk ut og testa plenen opp mot vegen. Eg fann ut at den var tørr nok, så eg klipte. Eg var ikkje heilt ferdig då Magrete , Amanda og Erlend kom, men tok det att seinare, då klipte eg også rundt huset og litt nede i bakken. Hadde lyst å gjere meg ferdig, men fann ut at eg måtte passe knea mine. Håper vêret held seg så eg får fullføre i morgon. Det var mykje gras, og ikkje heilt tørt, så mange stader måtte eg fare over to gonger. Men dette arbeidet likar eg.
Eg hadde berre laga vaflar til Margrete og Co kom, og det var ikkje så mykje dei åt, så blir det vel å gomle vaflar både i dag og i morgon-for min del.
Dei hadde med seg sjokolade og kaffi til meg. Amanda jobbar no på El-kjøp i Furene, der dei sel yndlingskaffien min.
Bodil og Svein hadde vore opp til Magrete i går og levert noko som eg skal ha når eg skal reparere parkettgolvet i kjellaren. I går fekk eg melding frå Rasmus om at dei kjem torsdag i komande veke, så då har eg diverse oppgåver til han. Han kan rekne med å bli utnytta.
Den nye leigebuaren min har begynt å flytte inn. Ho blir her ikkje så mykje til å begynne med, for ho har sommarjobb i Olden.
Det surrar og surrar i klipparar, graset er langt og mosen mjuk.
Eg ønsker alle ei god helg. I morgon blir det vel ein tur på butikk-etter litt mat etc.
torsdag, juli 04, 2019
Dagbok 2019:4.juli
Klokka er 17.00, temperaturen er + 13 grader og sola skin akkurat no. Det vil seie at det er ein liten betring når det gjeld vêr. I dag har det vore regnbyger i staden for samanhengande regn.
Var ein liten tur ut i hagen, og plenen var å gå på som det tjukkaste mjuke golvteppe. Det blir no ei stund til eg kan klippe graset.
Jordbæråkeren er en katastrofe, fann eit par raude bær, men om der har vore fleire, så er skjora der før eg.
No har eg vaska håret og bytta om til andre klede, for Marit og eg skal på kino i 18-tida og sjå filmen "Yesterday"-vi kom oss ikkje av garde til premierekvelden, men kan no bli kjekt i kveld også.
I dag har eg vore lat! De var i går kveld det begynte, eg trudde eg hadde fått ei sykje for eg var så uopplagt. Eg er på ingen måte sjuk, men det er som om lufta har gått ut av ballongen. Vaska golv etc. før middag, men elles har eg sete og strikka og høyrt lydbok, og så sette eg på TV-en, noko eg sjeldan gjer før kl.19.00der var det matprogram både på NRK 1 og TV 2-og det er no litt kjekt å sjå på.
Eg håper temperaturen stig kraftig no, for snøen ligg i fjella. I år er det frå eine ytterleg-kanten til den andre, best som frukttrea blomstra, så snødde det. Så hadde vi kjempevarme i mai, og kulde og snø sist i juni. Det blir spennande å sjå kva det blir no framover. Ja, eg er opptatt av vêret, for eg har mykje som skal gjerast ute, og det er arbeid eg likar.
Eg skriv kanskje meir i kveld, om det er noko å skrive om då. Eg trur det er fredag i dag, men i morgon ER det fredag, og då kjem Margrete innom ein tur.

onsdag, juli 03, 2019
Dagbok 2019: 3.juli
Solveig fyller 56 år i dag- kvar alle åra har blitt av, forstår eg ikkje. Eg husar så godt den sommaren ho vart fødd. Eg gjekk på Eid på "overtid" i ein alt for vinterleg kjole, for sola steikte. Det gjekk så langt over tida at Nils måtte reise til Island før barnet kom til verda. Slik var det den tida. Kva han skulle på Island. Han skulle fiske sild. Han var yrkesfiskar den gongen. Han kom ikkje tilbake før Solveig var 6 veker gammal, han fekk vite om fødselen via radio-eller kva det no var. Eg sende telegram. Sola skein og skein den sommaren, så då overlege Wennevold spurde kva jenta skulle heite, sa eg kalla opp att sommaren. Namnet var bestemt på førehand, og ho vart liksom kalla opp att etter far min, som var død, han heitte Storm, så det var no berre førebokstaven ho fekk.
Oversøster, Aase, kom inn på fødestua med ei rose som ho hadde funne i sjukehushagen. "Her kommer jeg med sommerens første rose", sa ho; det var forresten far min som hadde planta rosetrea.
Ein dag etter fødselen kom dei og skulle ta all slags prøver av meg, og ingen sa kvifor. Då gjekk eg ned på sjukehuskjøkkenet og sa til mamma at ho fåtte få greie på kva det var. Eg var så redd det var noko med barnet.
Etter ei stund kom oversøster og forklarte at dei tykte eg var så gul i ansiktet at dei lurte på om eg hadde fått gulsott. Forklaringa på fargen var ei heilt anna. Eg var veldig solbrun då eg vart innlagd, og etter kvart vart fargen litt gul.
Eg hugsar veldig mykje frå desse dagane på "føden"- eg låg der ca. ei veke for eg måtte ha to kurar før ungen ville komme til verda. Ho var mitt første barn, mamma sitt første barnebarn, og to av oldemødrene levde enno ho var vel første oldebarn også.
Eg synest godt at sola kunne skine på Solveig i dag også, men vêret er heilt sorgen i dag, + 6 grader, regn og snø i fjella. Stort verre kan det vel ikkje bli på denne årstida.
Men dagane og timane går fort uansett, og eg kjem aldri i mål med det eg skal gjere.
I dag rakk eg å stryke nokre klede før Marit og eg for nedover. I dag var det ho som køyrde. Vi skulle bort på Ose og kjøpe blomster med gartnaren som held til der. Men vi måtte sitte i bilen ei heil stund før vi kunne gå ut. Det var sjølvsagt på grunn av regnet.
Så var vi bort i Gågata, Marit hadde eit par ærend og eg gjekk inn på "Målar-Olav" for å få vite kva eg skulle gjere med parkettgolvet. Mannen eg snakka med meinte eg kunne fylle opp med lakk, noko eg sjølv også hadde vurdert, men eg gjorde ingen ting då eg kom heim , for eg hugsa at Svein hadde foreslått noko anna. I ettermiddag fekk eg melding frå Bodil om at Svein hadde kjøpt noko som kunne brukast og han ville komme å gjere det sjølv.
Vi var også på Amfi, Marit og eg, på apoteket for eksempel. Vi trefte mange vi kjenner, det er alltid mykje folk på Amfi når det er dårleg vêr.
I dag måtte eg snakke meg sjølv til rette. Eg har gått og tenkt at eg skulle vaske rommet i kjellaren, det er ingen stor jobb, men i dag måtte eg love meg sjølv både kaffi og resten av isen før eg kom meg ned. No ventar eg på at det skal bli opplett såpass at eg får rista teppa.Elles har eg studert spansk i dag også, og strikka ferdig ein lest. No skal eg ha meg eit betre måltid-trur eg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...