mandag, desember 17, 2018

Dagbok 2018: 17.desember

Opal har namn på dei mønstra garnsortane. Denne heiter "Die Jägerin". Eg har strikka dei ganske store.

Klokka er18.45, temperaturen er så vidt litt under 0 grader C, tidlegare i dag var den litt over. Det har ikkje vore så klårt og lyst i dag, og eg har lagt merke til at det har vore uvanleg stor trafikk på fuglebrettet, så eg trur det kjem snø -men dei varsla ikkje noko særleg nedbør på vêrmeldinga.
Elles er det ikkje så mykje som skjer i heimen, eg sit for det meste og strikkar, les litt innimellom. I dag greidde eg -etter å ha medisinert meg- å støvsuge alle teppegolva, så no får eg seie at det er gjort til jul. Stort meir blir det ikkje gjort, trur eg. I morgon ventar eg telefon frå legen min, då får eg høyre kva tablettar/medisin eg kan ta og kor mykje. Eg har no ei viss peiling, det er ikkje eit år sidan den andre foten streika på samme måten. Føtene er viktige same kva ein skal gjere-ein må kunne stå og gå til og med når ein skal bake. Hadde eg hatt litt meir køyretrening skulle eg ha reist til Sæbø og kjøpt både kransekake, julebrød og kaker. Der er ein fantastisk bakar. Men det blir nok ei råd meg å få varer i hus her i Ørsta også.
Det er mange år sidan eg har vore på skikkelig julehandel-men kan sjå fram til at pengane rekk lenger i romjula og etter nyttår. Då vert det SAL for alle pengane.
I går kveld ringde Anne Marie, og det var kjekt å høyre frå henne. I dag ringde Bodil, det vart ein lang prat, eg blir litt pratesjuk av å gå her heime åleine dag etter dag. Men eg vantrivst ikkje. I dag har eg hatt radioen på mens eg har strikka, og no er det tid for TV.
Den 17.desember 1990 ringde Svein og fortalde to ting. Mamma var hamna på sjukehus med hjertetrøbbel, og Hilde var  innlagd på samme stad og hadde fått ein stor gut. Så i dag kan eg gratulere Hans Petter med 28-årsdagen. Eg hadde laga tre kakedeigar som eg skulle steike kaker av den kvelden, men det blei full fart til Eid for å besøke mamma. Ho vart liggande på sjukehuset berre ei natt, synest eg å hugse, og levde til august 1991.Ho vart 87år.

søndag, desember 16, 2018

Dagbok 2018: 16.desember

Klokka er 17.00, temperaturen har stige til + 4 grader og det verkast inne i hus. Det er ikkje så mykje eg får gjort om dagane, likevel går tida som ein røyk. 
I dag har eg strikka litt og høyrt radio. Høyrde gudsteneste frå ei babtistkyrkje på Toten av alle ting. Det var ein kvinneleg prest som snakka så brei dialekt at det er sjeldan å høyre-eg synest det var artig. Har flytta radioen inn på arbeidsbordet mitt i stova.
Elles så fann eg ut at eg ikkje trong så mykje føter for å stryke, så eg strauk litt klede eg hadde liggande, og så begynte eg så smått å "jule opp" stova, tok vekk det som var lilla og la på juleløparar etc. i staden. Ferdig er eg ikkje, men eg likar å pynte litt og litt. Så veldig mykje blir det var ikkje i år heller. Hadde tenkt at denne jula skulle bli bortimot normal-men så fekk eg altså denne foten. Den verker dag og natt utan stans. Då eg var låk i høgre foten hadde eg det bra når eg sat i ro, det har eg ikkje no, dei smertestillande tablettane er det ikkje så mykje hjelp i. Men eg får høyre med legen når ho ringer på tysdag om ho har ei råd. Eg har det best når eg sit i ro og strikkar.
I dag hadde eg middag, hadde mykje mat att frå i går, så der er ein liten slank til i morgon også. Appetitten er det ikkje noko i vegen med. Eg tek bilde utan blitz inne i stova, då blir det meir stemningsfullt, og gjennom vinduet ser ein lysa frå "byen".
Både Per og  Pål har vore på besøk i dag, dei får mykje god mat. Småfuglane er her også og skjora, så eg har selskap.


lørdag, desember 15, 2018

Bok nr. 43 - 2018: Svensken


Svensken er en skarpsynt og medrivende roman om å balansere på stillas og se den norske fasaden fra utsiden. Jens Persson bor sammen med fire svenske håndverkere i et nedlagt solarium i Oslo. Om dagen slår de seg gjennom mur og stein for å sette opp balkonger for verdens lykkeligste folk. Hver torsdag krysser de riksgrensen og kjører hjem til familiene sine. Bortsett fra den ene. Jens Persson er 41 år gammel, sparer penger i fond, men eier ingenting. Arbeidskameratene kaller ham "statsministern" fordi de mener han leser så mye. Det er VM i Holmenkollen, Oslo er i seiersrus, og på byen treffer Jens Katrine, som sier ja takk til en øl og smiler til ham selv om han er litt for full. Han får telefonnummeret hennes. For første gang på lenge står Jens på terskelen til noe som kan bli bra. Han må bare ikke ødelegge det denne gangen, slik han har ødelagt ting i livet før. Samtidig har han fått en telefon fra moren som har oppdaget en kul i brystet og lurer på om han kan komme hjem og følge henne til mammografi. Jens drar sjelden hjem. Hjemstedet minner ham om alt han ikke er og om det som skjedde da han var ni og bestevennen Pelle døde i skogen. 
………………………………………………………………………………………
Dette er den tredje papirboka eg har lese på kort tid, og den eg har likt best av dei Solveig kom med. Denne kan eg anbefale. Den er enkel å lese, men gir ein også litt å tenke på. Det går greitt å lese på papir når ein likevel ikkje kan gjere noko særleg, men eg skulle gjerne hatt nokre lydbøker i tillegg.

Dagbok 2018: 15.desember

Klokka er 16.45, temperaturen har krope ned att til minus 5 grader, no når eg trudde det var von om mildare vêr. 
Hadde problem med å sove sist natt og vakna tidleg fordi eg verkte overalt -men mest i føtene. Tvinga meg sjølv til å ligge i ro til klokka hadde passert 8.
Har gjort lite og ingen ting i dag; når føtene sviktar er det ikkje mykje ein greier.Har strikka litt, men tidlegare i dag verkte eg i armane og skuldrane også. Eg trur det må vere det lågtrykket som ligg ute i havet som er årsaka. 
Einar skulle springe rundt Rotevatnet i dag igjen, og då kombinerte han det med å besøke meg. Vi åt middag og drakk kaffi i lag. Og etterpå var vi ein tur fram på grava med kransen som eg hadde kjøpt. Fekk ikkje opp luka til "lysburet" i dag heller, men eg skifta batteri i det lause lyset, og plukka vekk dei to gravlysa som stod der frå før. Då vart det litt finare. Men at var dekt med snø og is. Det var hard skaresnø på gravplassen så der var godt å gå. 
Etter at Einar hadde reist og eg hadde rydda opp litt, las eg litt i ei papirbok eg held på med og strikka litt.
Fuglen min, "Svarte-Per", har vore her fleire gonger i dag, og no har han fått med seg ein kamerat, som nødvendigvis må heite Pål. Ikkje at eg veit kven som er kven. Men i dag har dei kosa seg med gammal sjokoladekake frå frysaren.
Det einaste nyttige eg har gjort i dag er å vaske ei maskin med ullklede. Middagen var veldig lettvint, så det er ikkje noko å snakke om.

fredag, desember 14, 2018

Dagbok 2018: 14.desember



Bilda var tatt klokka 16.00.



Klokka er no 16.50, det er minus 5 grader ute, nydeleg vêr i dag også, til tross for kulden. Det var begynt å mørkne då eg var ute og tok bilda, no er det heilt mørkt. Månen kom tidleg til syne, han veks litt kvar dag, og kalenderen viser at han skal bli full den 22. desember
I går kveld var eg veldig låk i foten, gjekk med stav på teppegolva. I dag var eg litt betre og etter eit par tablettar kunne eg gjere diverse nyttige ting, før eg sette meg til å strikke ferdig ein "hals" som skal passe til den nyaste kofta mi. Erfaringa mi seier at er ein varm på halsen, så frys ein ikkje så lett, og skjerf er alltid i vegen, særleg når ein skal gjere noko. Det einaste som vart gjort på føremiddagen var at eg tok ut oska, henta inn litt ved, sette på vaskemaskina etc.
Margrete og "ungane" kom i 13.30 -tida, då var Amanda ferdig med song-tentamen og dei hadde handla til meg. Det var diverse ting eg ikkje hadde kjøpt i går, og så hadde Margrete fått tak i rette sorten garn i Volda, så no kan eg produsere fleire lestepar. Kaffimat hadde dei også med seg, så for meg var det berre å sette på kaffien.
Eirik og Amanda bar inn to sekker ved til meg, såpass eg slepp å gå ned i tilbygget å hente no når foten er låk. Eg passar på å utnytte alle som kjem på besøk, tenkjer ut oppgåver på førehand. Det er godt å ha hjelparar sjølv om ein helst vil klare alt sjølv.
Dei kunne ikkje vere så lenge, for i kveld skulle det vere konsert i Dalsfjord-kyrkja. Med så mange musikarar og songarar i familien, er førjulstida hektisk. Både Erlend og Amanda spelar i korps - attåt alt anna.
Kjekt å sjå att Eirik, han likar seg godt på musikkstudiet i Trondheim no. Det kjekkaste med jula-for meg - er at dei bortreiste barnebarna kjem heim.
Elles ringde eg legesenteret i dag for å fornye nokre reseptar, og så bestilte eg telefonsamtale med fastlegen min på tysdag. Eg får notere ned nokre spørsmål. Å bestille time så nær opp i jula trur eg ikkje er mulig. Det plar vere minst tre vekers ventetid.
Viss de har lyst å høyre Amanda synge, så ligg der eit par klipp på Facebook.
Eg trur det er laurdag i dag-som vanleg-men kalenderen seier fredag, så då er det ikkje for seint å ønske alle ei GOD HELG !

torsdag, desember 13, 2018

Dagbok 2018: 13.desember




Klokka er no 18.00. Vêret er som før, klårt og kaldt, minus 5 grader no. Det er sol somme stader i bygda og i Volda, men her er det berre fjelltoppane som vert opplyst.
I går kveld vart eg sittande opp e til nærmare halv to og sjå TV og strikke. Foten min var bra då, men i dag har det vore veldig vondt, særleg i venstrefoten, den som vart sist angripen. Eg hadde problem med å gå over golva. Men etter kvart kom eg meg ned i tilbygget, der eg har eit lite ryddeprosjekt. Då ringde Solveig nabo og spurde om eg ville vere med henne og handle. Eg hadde ei handleliste så lang som eit vondt år liggande på benken, så eg ar sjeleglad. Vi reiste bort i Furene, der vi handla på Felleskjøpet og på Plantasjen; eg kjøpte blant anna ein gravkrans, det gjorde ho også. 
Mat handla vi på Kiwi, så no har eg eit lite lager, og eg skulle finne på å lage noko. Så langt var alt vel og bra-men så var det foten ! Eg har forstått at han helst vil vere heilt i ro. Eg blir litt mismodig, for sist sundag følte eg at eg var heilt bra, og no er den verre enn nokon gong. Eg prøvde å sette meg i ro, men fann ut at eg måtte prøve det nye pussemiddelet eg hadde kjøp. Bistro heiter der. Eg hadde ikkje stor tru på at det kunne vere så effektivt, men det vart eit bra resultat med eit minimum av innsats. I fyringssesongen veit eg at glanset forsvinner fort, men eg har i alle fall PUSSA, så eg har gjort mitt. 
Eg hadde sett meg til å lese i ei bok, men ville berre sovne, så eg måtte gjere noko igjen. No har eg tatt dagens andre dose av smertestillande, så eg får kanskje ei bra stund. Kan ikkje ta meir enn 6 Paracet for dag. Då den første foten kollapsa sat eg ute på Heimen, og somme gonger måtte eg "låne" tablettar med sjukepleiarane, så det var vel like gale då, men ein gløymer fort.
Det er ikkje til å tru, men i morgon er det fredag igjen, og mandag kjem Ingeborg heim. Trur ikkje nokon må rekne med at eg får gjort så mykje til jul, men eg skal ta ein prat med legen min, kanskje har ho ein medisin å foreslå. Måtte ei av dei jamaldra venninnene mine i dag, ho som har vore på Hawaii, ho fortalde at Agnes også var plaga med knea og ho skulle på røntgen. Eg var på røntgen med første foten, og der fann dei ingen ting.

onsdag, desember 12, 2018

Dagbok 2018: 12.desember


Klokka er no 18.00, temperaturen er minus 4  grader her hos oss, sol og nesten klårt i dag også, slik det har vore siste dagane. Men sola held til høgt oppe i fjellet- ikkje her nede som folk bur. Det er snø i fjellet, og hardfrosen snø her nede , men ikkje så mykje. 
Sist natt sov eg bra, utan nemnde smerter, men venstrefoten er framleis ikkje å stole på. Det rare er at sist sundag følte eg meg heilt bra, men så har den verkt meir seinare. Einaste råda er å sitte i ro, det gjorde eg i vår då eg hadde det samme i den andre foten, då sat et ute på Ørstaheimen heile ettermiddagen og kvelden, og måtte køyrast til og frå. 
Eg skulle så gjerne ha vore og handla, og det kunne eg ha fått til, men å gå inne på store butikkar, t.d. AMFI det er mykje verre enn å gå ute, så eg slo frå meg handletur i dag. Det einaste fornuftige eg har gjort i dag er å lage ei gulrotkake. Og så la eg opp eit "spøt"; eg har to lestepar under arbeid , men manglar garn, så no begynte eg på ein "hals til meg sjølv, har strikka ein før også.
Eg hadde eit måltid i 15-tida og etterpå sette eg meg i godstolen og halvsov. Og mens eg var borte vekk ei stund, kom heile slekta på besøk, så det vart lettare kaotisk her. Det var nesten ei lette å vakne opp åleine. 
Ikkje lenge etter ringde Einar frå Ålesund og ville vote korleis vêret var i Ørsta.
I dag fekk eg vaska håret mitt, men det skulle absolutt vore klipt. Det er somme ting eg ikkje kan gjere sjølv. Trass alt går dagane altfor fort -men no tel eg ned dagane til solsnu den 21.desember. Det vart ein lang,  mørk og våt haust, sjølv om det er fint no.
I morgon er det Luciadagen, men det er lenge sidan sist eg laga lussekattar.


Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...