Klokka er 16.50, temperaturen ute er minus 4 grader, og det er framleis kaldt og fint vêr, men sola når ikkje lenger ned til oss.
I dag har eg ikkje hatt det så bra. Eg sovna bra tidleg i går kveld, men vakna opp att klokka 3 og fekk ikkje til å sovne igjen. Eg las ut lydboka eg heldt på med, men til slutt måtte eg opp og ta meg litt mat, sovna i 7 -tida og sov til klokka 9. Stod opp, men var ikkje i form, det var foten som verkte, eg var trøtt og fraus, same kor eg fyrte.
Fekk no lagt i hop ein klesvask og gjort litt småtteri før eg tok dyna med meg inn på datarommet og la meg på dagsenga her. Etter å ha lese ei halv papirbok mens eg fraus og fraus til tross for at her var varmt i rommet, stod eg opp og dusja og vaska håret. Då slutta eg i alle fall å fryse. Så åt eg litt, og fann ut at eg skulle legge utover nokre lilla løparar sidan det snart er advent, og dermed måtte eg stryke både det eine og det andre. Og tørka støv på stova. Meir har eg ikkje gjort i dag.
Eg er ikkje i form! Eg plar sjeldan og aldri vere sjuk, men no lurer eg på om eg har eit snev av influensa til tross for vaksinen. Eg er vant til å ha vondt i beina, men ikkje til å vere generelt uvel, og eg likar det ikkje. Har ikkje annan medisin enn Coca Cola. Eg har ikkje feber-det har eg nesten aldri hatt.
No fekk eg syte og klage litt, men håper eg er i litt betre form i morgon.
tirsdag, november 27, 2018
Bok nr.38 -2018: Det innerste rommet
Da den respekterte arbeiderpartikjempen Bernhard Clausen dør av et hjerteinfarkt blir Wisting hasteinnkalt til et møte på Riksadvokatens kontor. På hytta til Clausen er det gjort funn som er uforenelig med bildet av ham som en drivende dyktig og helstøpt politiker. Nasjonale interesser kan være i fare og saken må utredes uten at presse og publikum får vite hva det dreier seg om. I tillegg til noen få, utvalgte politifolk engasjerer Wisting også datteren Line i den hemmelige etterforskningsgruppen.
Sporene i flere uløste kriminalsaker krysser den avdøde partiveteranens fortid. Blant annet forsvant det i 2003 en ung mann på fisketur ved Gjersjøen i Oppegård, og ikke lenge etter fikk Riksadvokaten et anonymt brev med teksten: Sjekk helseminister Bernhard Clausen i Gjersjø-saken. Tipset ble den gangen vurdert til å være uten verdi og aldri fulgt opp. Tilfeldighetene vil at Adrian Stiller i Kripos sin cold case-gruppe har fått Gjersjø-saken på sitt bord, og motvillig innser Wisting at han trenger Stillers hjelp for å avsløre Bernhard Clausens innerste hemmeligheter.
…………………………………………………………………….
Denne boka las eg ferdig i natt då eg låg og ikkje fekk sove. Eg er ikkje så begeistra verken for denne forfattaren eller opplesaren, så boka er ikkje min favoritt. Lier Horst er sjølv politimann og skriv truverdig om måten politiet arbeider på. Men eg vil heller ha litt eventyr og action når eg les krim. Krim frå røyndommen får vi på TV.
…………………………………………………………………….
Denne boka las eg ferdig i natt då eg låg og ikkje fekk sove. Eg er ikkje så begeistra verken for denne forfattaren eller opplesaren, så boka er ikkje min favoritt. Lier Horst er sjølv politimann og skriv truverdig om måten politiet arbeider på. Men eg vil heller ha litt eventyr og action når eg les krim. Krim frå røyndommen får vi på TV.
mandag, november 26, 2018
Dagbok 2018: 26.november
Klokka er 17.15, temperaturen er minus 2 grader, det er lettskya og opplett. I dag tidleg då eg stod opp hadde det kome litt snø på marka, det kvite var ikkje rim i dag. Eg la meg rimeleg tidleg i går kveld, klokka hadde berre så vidt passert midnatt, og eg hadde ikkje noko særleg eg skulle gjere i dag, så eg bestemte meg for å sove LENGE. Jau takk som byr, eg vakna før klokka var 6. Låg ei stund og las i den varme senga før eg stod opp i 8-tida. Eg tok oska ut or omnen og kveikte opp før eg laga meg frokost. Venstre foten var vond, men eg greidde no å gå litt omkring, ut og hente meir ved, ned i kjellaren og sette på vaskemaskin etc. Så vaska eg bad og kjøkken, det hadde eg ikkje gjort før helga.
Kladda eit lite avisinnlegg , og så vidare. Har lagt meg opp nytt strikketøy og så driv eg og lagar ein liten julekviss innimellom. Best som eg sat og halvsov over strikketøyet, ropar det borte i hjørnet: Brannalarm! Brannalarm!. Eg har ei slik forsterkar som går på brannalarm, telefon og dørklokke fordi eg høyrer dårleg. Eg trudde sånn passeleg på den alarmen, men gjekk no innom alle romma og sjekka. Eg rekna med at det var tørketrommelen som var syndaren-for den stod på og produserte varm damp i rommet. Litt etter kom det ny alarm og eg måtte ta runden om att. Då let eg att døra til vaskekjellaren og sidan har eg ikkje høyrt noko.
Til middag i dag hadde eg ein rest frå laurdag. Trur ikkje eg har fleire restar no. Håper det.
Elles har det vore ein veldig fredeleg dag, men eg kunne tenkt meg å vore litt sprekare no i førjulstida, blir eg ikkje betre snart, så ringer eg til anestesilegen "min"- og får nokre sprøyter. Tenk kor lenge eg var bra, og så begynne å plagast att no. Det er surt.
No skal eg ut og tømme oppvaskmaskina, hendene er det ikkje noko i vegen med, heldigvis.
søndag, november 25, 2018
Dagbok 2018: 25.november
Leiteaksjon
Klokka er no 17.40, temperaturen er minus 4 garder og vi har hatt fint v, kaldt vêr i dag også. Trur temperaturen var nede i minus 6 grader, eller endå lenger nede,til å begynne med. E g vakna tidleg men låg og kosa meg i den varme senga før eg stod opp i 8 tida. Det vart ein kald oppstandelse, eg hadde vore så uheldig at eg hadde rykt ut stikkontakta til varmepumpa under sløkkerunden i går kveld. Det vart full fart på pumpa og ein liten vifteomn eg har før eg fekk kveikt opp i omnen, det varde ikkje så altfor lenge før her var leveleg. For slike varmkjære dyr som meg er alle temperaturar under + 20 grader "frysihel"- sjølv om eg kler meg varmt.
Heldigvis hadde eg litt å styre med, det hjelper også på varmen. Eg hadde leita fram det meste i går kveld, så det var fort gjort å lage ei panne med ein slags brennsnut.
Bodil og Svein skulle komme med bilen min i dag, så vi måtte ha litt mat, rekna eg med. Eg fekk vite at Audny skulle vere med, så då ville Solveig også ta seg ein tur. Det var meininga at eidarane skulle ta laust før klokka 11. Så fekk eg melding frå Bodil, dei hadde køyrt bilen min ned til Audny for å plukke opp henne, men då dei skulle fare vidare, stod bilen i sju steinar. Bodil og Svein kom likevel, og dei er så flinke å ordne opp. Svein stilte ein førebels diagnose,
Og etter at vi hadde ete ringde Bodil verkstaden, og for ei lita stund sidan ringde Svein. Det var berre ein bagatell som feila bilen, slik han trudde, og no kjem alt til å ordne seg. Det står ikkje på når ein får så god hjelp. Svein tok også med seg den elektriske motorsaga mi for å file den skikkeleg opp-den beit ikkje i det heile tatt.
Til tross for alle problema hadde vi ei kjekk stund, vi har alltid mykje å snakke om. Solveig kom heldigvis, såpass ho fekk med seg resten av suppa heim.( Eg hatar å ete restar i dagevis.) Bodil syntest ommøbleringa var så kjekk, for i dag kunne vi sitte og sjå ut på fuglane som var og åt av all maten eg har lagt ut-mens vi drakk kaffi.
Dei har leita etter den bortkomne dama i dag også. Det er eit mysterium kvar ho kan vere, og kva som har skjedd. Det var vondt for mange her i bygda i går når NRK-TV sende innslaget om råning i Ørsta, på samme tid som heile bygda engasjerer seg i leiteaksjonen. Ørsta er ikkje først og fremst ei "rånebygd"- om nokon trur det.
lørdag, november 24, 2018
Dagbok 2018: 24. november
Klokka er 17.05. Temperaturen er minus 3 grader C men det kjennest ikkje lenger så kaldt ut som det gjorde med det samme kulden kom, ein grunn kan vere at ein venner seg til den, og så kan det vere at lufta vert tørrare etter kvart.
I dag tok eg tida på sola. Ho kom inn i stova til meg klokka 10.20 og var her ca.1/2 time. Ikkje lenge nok til å varme opp huset. Eg fyrer med ved i tillegg til at varmepumpa står på heile døgnet.
Har ikkje gjort så mykje i dag. Einar bestemte seg for å springe rundt Rotevatnet tross kulden. Han kom hit og dusja etterpå, då hadde han fått frosten i seg.
Eg synest det er kjekt at han kjem på besøk, og derfor laga eg middag til oss to. Det var lettvint, for eg hadde laga nokre kjøttkaker før i vega, og hadde ferdig saus i frysaren. eg synest ikkje det er noko kjekt å lage middag berre til meg sjølv, men når eg har nokon å ete i lag med blir det til at eg et for mykje.
Etter at Einar hadde reist tok eg ein tur på butikken, det var litt småting eg trong, men mest gjekk eg for frisk luft og mosjon. No når eg er passeleg låk i begge knea haltar eg ikkje så mykje-det jamnar seg liksom ut.
Bodil har meldt at dei kjem oppover i morgon, tidleg på dag, dei vil vel utnytte dagslyset. Viss andre i familien har lyst å helse på dei, er det berre å stikke innom.
I dag fyller minsteguten til Margrete, Erlend, 15 år. Han er den einaste av barnebarna som har bursdag på denne tida av året. Då han var liten fekk han somme gonger feire i lag med begge bestefedrane, som også var fødde i november. Og i dag er det faktisk ein heil månad att til julaftan.
I går kveld vart eg sittande altfor lenge framfor TV-en, men kva anna kan ein gjere i mørke kveldar? Strikka no litt langs med, då. Det blir vel det same i kveld.
Dei har enno ikkje funne den polske dama endå dei har leita heilt sidan onsdag, med helikopter, hundepatruljar, Røde kors, osb. Mange frivillige har også stilt opp.Det er veldig uforståeleg at ho ikkje er funnen for det er eit relativt oversiktleg terreng oppi fjellet her. Men i dag har eg verken sett eller høyrt helikopter etter middag.
Gratulerer med 15-årsdagen, Erlend !
fredag, november 23, 2018
Dagbok 2018: 23.november
Klokka er 17.20, det er minus 4 grader C ute på trappa og vêret har vore fint i dag også. Tenk om vi hadde hatt det lik tidlegare i haust då det berre regna. I dag kom sola inn i stova klokka 10.30, eg skulle passe på kor lenge ho var her, men sette meg inn til datamaskina -og då eg kom inn att i stova klokka 11.00 var sola vekke i alle fall. Men ein liten halvtime er betre enn ingen ting. Men særleg varme får vi ikkje av den. Eg er av desse varmekjære så eg fyrer i omnen attåt at varmepumpa er på. I dag tok eg inn enda ein sekk klungerved frå i fjor sommar-eg brukte tjukke hanskar då eg saga ned klungerbuska-det gjer eg ikkje når eg fyrer. Men eg vil fyre opp all ruskeveden før eg kjøper skikkelig ved.
Helikopter har surra oppe i fjellsida heile dagen, men så vidt eg veit har dei ikkje funne den polske dama enno. I fall ho gjekk der ho hadde sagt ho skulle, burde dei ha funne henne for lengst, for der er eit nokså ope terreng.
Eg vakna før klokka 7 i dag, men låg til nærmare 8 , då var det litt lysare ute. Eg såg over papira mine enda ein gong, og skulle nok fått det til sjølv, men bestemte meg for å fare bort på Biltilsynet, for då ville eg få ein midlertidig køyrelapp opp i handa. Det blei Marit som køyrde meg bort, ho likar ikkje å køyre på glatta, men det var ikkje glatt på vegen. I og med at dei stenger kl.15.15 så kan ein ikkje "bruke" dei som er på skule eller jobb. Eg fann ut at det var 6.gongen eg var på Biltilsynet på eit halvår. Eg var heldig og trefte på ei som eg kjenner der borte, og ho ordna opp i ein fart, så no har eg lov å køyre bilen min. Bodil og eg chatta og vart samde om at dei skulle komme ein annan dag, dei vil helst køyre i dagslys , dei også. Eg var veldig fornøgd med å vere ferdig med alle skjema, men då eg kika i postkassa var der to kvite vinduskonvoluttar der, så eg måtte fram att med Bank-ID-en. Eg blir like forskrekka kvar gong eg får desse rekningane, for så lenge Nils levde var alt på avtalegiro på hans konto, så eg visste knapt kva ein betalte i forsikring, straum , avis etc. Eg meiner ikkje å syte og klage, det ein får må ein betale for, akkurat det er likt for alle.
Eg hadde begynt å støvsuge før eg var bort på Biltilsynet, så no gjorde eg meg ferdig, og så laga eg meg litt mat. Etterpå sette eg meg i godstolen med lydbok og kaffi, og halvsov, så no har eg sett på meir kaffi. TV-kvelden blir sikkert lang. For å beklage meg litt over helsa så er ikkje høgre kneet mitt heilt bra enno, men eg kan like godt gå som å sitte i ro. Verre er det at venstre kneet har begynt å plage meg på ein litt annan måte, trur det er gikt-eller så er det artrose. No haltar eg meir og mindre på begge føtene, så då går det kanskje opp i opp ? Eg veit ikkje om Einar kjem innover i morgon for å springe rundt Rotevatnet, viss det fortsatt er like kaldt vil eg ikkje anbefale det. Trur det blir for mykje kald luft i lungene.
Ønsker alle blogglesarane mine ei god helg! Eg har ingen planar for helga, og det kan vere like godt. Eg har nok å ta meg til viss eg vil-men når det er kaldt vil eg helst vere der som er varmt. I dag har det vore mange småfuglar på "fuglemataren" min. Må kanskje fylle på.
torsdag, november 22, 2018
Dagbok 2018: 22.november
Klokka er 22.15, temperaturen ute er minus 4 grader C, det er fint vêr, med sol i fjella om dagane og litt her nede også . Men kaldt!
I dag skulle eg på styremøte klokka 12.00, men gjekk nedover i god tid, så eg skulle rekke både banken og apoteket. Det gjorde eg sjølvsagt, med god margin. Etter møtet skulle eg gå heim, men då kom dei ei nabodame og plukka meg opp i bilen sin, og ho skulle handle litt på Kiwi på heimvegen, så eg såg mitt snitt til å kjøpe med meg litt tunge ting. Det som er lett å bere det handlar eg når eg går ein tur nedover.
Då eg kom heim vart det å sitte å plundre med datamaskina i det uendelege. trudde det skulle gå greitt å ordne alt på data, men SÅ enkelt var det ikkje. I kveld fekk eg eit digibrev om kva eg skal gjere, men eg trur det tryggaste er å fare bort på biltilsynet. Det kan hende Bodil og Svein kjem med bilen i morgon. Eg skulle ringe bort i dag-men då stod der på nettet at der var stengt i dag. Ja, ja, blir vel ferdig med desse papira ein gong også.
Eg gad ikkje å begynne å styre med noko, men tok meg litt mat og slappa av ei stund, så sett eg på TV-en og der var det sjakk- og eg blir så lett riven med, men eg er ei veldig utolmodig sjel, så sjakk i DEN farten blir stressande, eg veit enno ikkje korleis det har gått.
Men det skjer heldigvis kjekke ting også, klokka 18.30 kom Margrete og henta meg, til konsert med musikklinje-elevane i Voldakyrkja. Det var berre heilt fantastisk. Amanda var med både i koret og i ei mindre gruppe, fekk snakka litt med henne etterpå. Trefte også Ruth og snakka med henne. Eg trudde ho var der åleine, men så gjorde Margrete meg merksam på at Lars og fam. sat på samme benken.
Svigerfar Rasmus hadde fødselsdag 7. november, Nils den 14. og Rolf den 22. Altså fyller Rolf 77 år i dag og eg vil gratulere han med dagen her også. Har gjort det på Facebook før.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...



