Klokka er ca 18.30, temperaturen er + 1,7grader C, det er mørkt og det har regna meir og mindre i heile dag.
Eg har halde meg inne, og passa på at eg ikkje har gjort noko som eg får vondt i ryggen og hofta av. Det er ganske kjipt å gå slik å passe seg, men enda verre å verke. Det har eg ikkje gjort så mykje i dag. Nils var ein liten tur innom biblio og henta ei bok som eg har venta på lenge.
Eg sette meg ned og skreiv førehandsomtalen til pensjonistmøtet, det skal inn i redaksjonen i god tid før avisa kjem ut. Greitt alt som eg gjort.
Eg måtte ha noko meir å gjere på, så det vart til at eg laga to doble porsjonar med fiskegrateng. Etter at vi åt den eine porsjonen til middag, har vi tre middagar att. Skal ikkje gå i detalj om framgangsmåten, men ein annan gong skal eg ha fisken opp i sausen-det gjorde eg faktisk forrige gong eg laga.
At eg sette på oppvaskmaskina og tok ein handoppvask ved sidan av, er ikkje mykje å skrive heim om.
Så rippa eg "Slåttekar i himmelen", og la den inn på minnepenn til Solveig og på min eigen iPod, mens eg strikka bitte lite grann og høyrde på ei anna lydbok- multitasking er eg ekspert på !
Så ropte Nils at han hadde laga kaffi, men eg somna på sofaen mens kaffien kolna. Han skal alltid ha på TV-en med sport eller nyheiter, det er reine skire sovemedisinen for meg.
Så blir det vel både nok og for mykje TV resten av kvelden. Men no fekk Nils telefon frå søskenbarnet sitt i Solund.Han har mange telefonvenner.
lørdag, januar 17, 2015
fredag, januar 16, 2015
Dagbok 2015: 16.januar
Klokka er snart halv seks, og ute er det bekmørkt. Trur det regnar litt også. Temperaturen er + 2,6 grader C.
Vi hadde tenkt oss til Sæbø i dag, men det vart ikkje, for eg vart så heilt elendige i går kveld og i natt, verkte like gale same kor mange tablettar eg tok. Somna litt då det leid mot morgon, man var ikkje i noko særleg form. Nils fann ut at han ville fiske, så han for på Rjåneset, mens eg fekk vaska håret om ikkje anna.
Nils kom att med fisk, så eg tenkte eg skulle ringe Bodil, så dei kunne kome oppom og få litt av den, men eg ville vente til det var slutt i kyrkja. Men det vart Bodil som ringde først.
Det var litt artig at det var Matias som forretta i gravferda på Sæbø i dag, så fekk dei bli kjende med han. Dei har no høyrt mykje om fisketurane han og Nils har hatt i lag.
Eg fann fram litt mat og Nils kokte kaffi, så vi fekk oss ei skikkeleg kosestund med mykje godt prat. Alltid kjekt at nokon stikk innom; det har vore lite besøk i seinare tid.
No er Nils i gang med å koke fersk småsei til middag, det er ei stund sidan sist vi hadde den retten. Og så blir det vel mykje TV resten av kvelden, tenk at det alt er ei veke sidan vi låg og grov for å finne holet der ledningen skulle inn. Tida flyg! Så vil eg ønske alle ei god helg! Håper det blir råd å vere ute !

torsdag, januar 15, 2015
Bok nr 6 -2015 : barndom 40-tallet
Denne boka fekk eg i julegåve, og no har eg lese den frå perm til perm, litt no og litt då. For meg vart det ei artig mimrebok. Den handlar om tida både under og etter krigen. Om mat, klede,leikar,bøker,blad, filmar og mykje anna. Det er rart å vere så gammal at ein hugsar alt dette.
Eg fekk ei bok om 70-talet også, då barna våre vaks opp. Jammen er det mykje som har endra seg sidan dei åra også.
Dagbok 2015: 15.januar
Klokka er ca 14.45. Temperaturen ute er + 5,7 grader. Og himmelen klårnar litt etter litt. Det er nesten som om vi ser sola-eller skinet av den. Det går rette vegen. Og som de ser av bildet over har amaryllisane begynt å blomstre på stilk nr.2. Like vakre som første blomstringa.
I dag har vi vore på rek, det er ei stund sidan sist. Først var eg på biblioteket der det var lite nytt å finne, men no står eg først på lista til "Slåttekar i himmelen". Etterpå var vi på Clas Ohlson, der eg kjøpte nytt tastatur til til den stasjonære datamaskina. Det eg har virkar så dårleg at mange bokstavar ikkje kjem med når eg skriv, så det blir ein heil jobb rette. Dei har billege lydbøker også på Clas, og eg fann ei som kanskje kan vere interessant. Trur eg har lese ei bok før av Jette A. Kaarsbøl. Den heitte "Den lukkede bok". (Eg er ikkje heilt sikker på om eg har lese den, eller berre lese om den.)
Og i dag hadde vi ikkje planlagt middagen, så då blei det kina-restauranten i Volda. Der fekk vi god, nylaga mat, litt i underkant av 200 kr for to. Det må no vere bra? For dei som ikkje veit kvar det er, så er det i same hus som Coop Mega.
No skal vi ha oss ein kaffikopp før vi skal slappe av; Nils med sport på TV, eg med lydbok.Og himmelen blir meir og meir blå.
onsdag, januar 14, 2015
Bok nr.5 - 2015: Angrep fra alle kanter.

Den briljante Sandnes-gutten Ben er fed up av sin gjerrige far og sin psykotiske mor. Han er lei av å sniffe bensin med storebroren Rikki bak det nedlagte speiderhuset. Nå har han en sommerfgulkniv i lomma og vil sette himmel og helvete i bevegelse for å skaffe seg et nytt liv.
Seksten kilometer lenger nord ligger verdens rikeste by, Stavanger. Der bor Hillevågsgjengen: onkel Rudi, Jan Inge og Cecilie. De lever utenfor loven. De er KrF-fans, digger heavy metal og gir blanke i oljesamfunnets regler. Det eneste de mangler er et brekk som gir store penger.
Sammen med sin skremte storebror Rikki forlater Ben barndomshjemmet og legger ut på en reise som skal bli katastrofal for enkelte og skikkende for andre.
Det er oktober i Rogaland. Jorden drønner. Pengene knitrer. Pariserhjulet dreier. Stakkars barn av regnbuen.
Med den potente og amoralske thrilleren «Vi ses i morgen» fornyet Tore Renberg spenningsromanen, til stor applaus hos lesere og kritikere. Den var første bok i Teksas-serien. «Angrep fra alle kanter» er andre bok.
......................................................................
Då eg las "Vi ses i morgen", visste eg ikkje at boka var den første i ein trilogi. Derfor måtte eg lese den om att før eg las "Angrep fra alle kanter". Den første boka likte eg veldig godt, og gledde meg til å lese meir om den meir og mindre kriminelle gjengen.
Bok nummer to vart liksom litt "too much", særleg til å begynne med.
Boka handlar om ein gjeng med skakk-køyrde kriminelle menneske, som på ein måte bygger seg eit alternativt univers med eigne lover og moralomgrep.Deira verdsbilde er liksom eit vrengebilde av røyndommen-veit ikkje akkurat korleis eg skal uttrykke det. Alle har dei hatt ein vanskeleg barndom, med foreldre som har svikta på ymse måtar.
Spåket er på samme tid røft og poetisk. Det samme er menneska, røffe, brutale og poetiske. Kanskje ikkje heilt realistisk, men eg har sans for boka.
Dagbok 2015: 14.januar
Klokka er 17.00, temperaturen er + 2 grader C, og det regnar. Bilda tok eg i 13-tida, då snødde det tett.Vi såg knapt over på andre sida av fjorden Det hadde også snødd sist natt, så Nils hadde jobb med å mòke med hand, før han hadde eit ærend til Vik. Eg har ikkje vore ute for ei dør i dag heller.
Og ikkje har eg gjort så mykje inne heller. Noko form til å gå laus på store arbeidsoppgåver har eg ikkje, men eg finn alltids ei skuffe eller tre som treng opprydding. Klesvask og oppvask er ikkje arbeid lenger. No treng eg ikkje å gjere så mykje, men blir i betre humør når eg føler at eg har gjort ein jobb.
I dag var det Nils som kokte middag; vi hadde påstråla lange, og det smakte godt.
Elles så driv eg å les lydbok i ledige stunder, og så strikkar eg litt innimellom. Ikkje mykje å skryte av det heller, det blir mest lestar, men eg har inntrykk av at det er relativt populært.
Eg er ikkje glad i dette vêret; best som det kjem mykje fin snø, så regnar den bort. Det er ikkje råd å ta ut sparken, slik eg ønsker meg. Om det vert fint vêr no, så får vi sola. Den er hos oss seinast 18.januar.
tirsdag, januar 13, 2015
Dagbok 2015: 13.januar
Klokka er 18.10, temperaturen ute er ca +1 grad C, og det snør. Dessverre er ikkje snøen så fin og lett som eg skulle ønske, meir på grensa til slaps. Skulle ønske vi fekk fin, kvit snø som låg i ro, men meldingane er ikkje gode.
Dagen i dag har vore rimelig sløv-for meg. Shina opp kjøkkenet før middag, og mens Nils var i Volda til kontroll, skreiv eg referat frå møtet i går.
Sidan vi ikkje hadde planlagt noko til middag i dag, bestemte eg meg for heimelaga pizza, då fekk eg bruke litt av matlageret vårt. Hadde berre fått laga deigen då Nils var tilbake. Han hadde komme inn til legen "før tida". Tilbakemeldingane var gode.
Etter å ha ete opp pizzaen, la eg meg på sofaen med lydbok, og der vart eg liggande både lenge og vel. Her var varmt og godt i stova, så det var lett å slappe av. Det blir vel ikkje så mykje aktivitet resten av kvelden , heller. Det er framleis mørkt ute frå tidleg ettermiddag.

Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...