lørdag, april 12, 2014

Dagbok 2014: 12.april.

 Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute nærmar seg + 8 grader C. Det held på å lette opp etter ein særdeles våt og grå dag; no er det like før sola skin. I dag hadde eg planar om å kjøpe eit par ting til meg sjølv, og sidan eg ikkje har funne det eg vil ha verken i Ørsta eller Volda, må ein reise til nærmaste by. Nemlig Ulsteinvik. For oss som har fri heile veka, passar det ekstra godt å fare på shopping på laurdag. NOT. 
I Ulsteinvik var det full balluba med folk som skulle handle til påske. Vi var innom både Blåhuset og Amfi, men fann ikkje det eg ville ha. Kjøpte faktisk nesten ingen ting.Men vi hadde no turen. Det var litt av vitsen; eg sette på varme i setet for å kurere gikta, og jammen trur eg det hjelpte. Då vi køyrde utover tykte Nils han såg den gamle båten vår, "Lasse", i fjøra i Eiksund. På heimvegen måtte vi stoppe slik at han fekk sjå etter. Men det var ikkje "Lasse". Vi selde den båten til nokre som bur der, så det var ikkje så usannsynlig at det skulle vere den båten.
 Då vi køyrde innover fann vi ut at vi kunne ete middag på Landscape i Volda, og det gjorde vi. Der er det ganske billig, eigentlig er det lunsjrettar, og vi likar Kinamat.
Så var vi innom Amfi og handla på apoteket og på Coop. Der var det utrulig fullt på parkeringsplassen, så det er tydelig at folk handlar inn til påske.
Då vi kom heim var det berre å koke kaffi og ta seg ein strekk på sofaen. Då eg hadde lege på ladding ei stund, stod eg opp og laga to kakebotnar.
Vi har planar om å reise til Kongsberg på tysdag.
I dag fyller systera til Nils 79 år. Mor hans hadde fødselsdag på 12.april, ho også.
Vi gratulerer "systa" så mykje med dagen!
Her er Anne Marie mellom dei to brørne sine. Året er 1999, då feira vi 90-årsdagen til svigermora mi.
Og her er Johanna, mora til Nils, i lag med barnebarnet, Solveig og oldebarnet Olaug.

fredag, april 11, 2014

Dagbok 2014: 11. april

Klokka er 18.10, temperaturen er + 7,7 grader C og det er nysnø i fjelltoppane.Det har regna i heile dag men akkurat no er det litt lettare. Trur det må vere typisk giktvêr. I alle fall hadde eg ei dårlig natt med mykje verk etter at eg var så aktiv i går.
Nils for på sjøen i dag tidlig, men der er lite fisk å få. Han stressar litt med fiskeriet fordi vi skal til Kongsberg neste veke og har lyst å ha med oss litt god Vestlandsfisk. Det er meldt vind dei komande dagane så det blir vel ikkje høve til meir fisking.
Eg har gjort lite og ingen ting i dag, men har i alle fall fått lagt opp buksa eg kjøpte førre veka, det er slikt arbeid som eg har ein tendens til å utsette.
Vi hadde veldig tidlig middag i dag, trur ikkje klokka var meir enn 12.00 då vi år, men vi hadde vore tilsvarande tidlig oppe. Nils fekk eit par småseiar, så vi hadde i alle fall ein middag med fersk fisk. Vi har fisk eller fiskemat 4-5 gonger i veka, det er det vi har mest lyst på. Desse fiskarkompisane har funne ut grunnen til at dei får lite fisk er at der ligg store mengder laksesild på botnen, så fiskane har rikelig med mat utan å bite på anna agn.
No skal vi ha oss ein kaffikopp meg noko attåt.
Så vil eg ønske alle ei god helg, og
GOD PÅSKE !

torsdag, april 10, 2014

Dagbok 2014: 10.april.

Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C.
I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er heller sjeldan.
Det gjekk brått opp for meg at det er påske snart, så eg hala fram diverse påskepynt, og fekk "gula" her opp lite grann.Løparar vart strokne og lagt på her og der. Det heilt store vart det ikkje, men det blir det sjeldan. Nils vart sendt til skogs for å hente halvutsprotta bjørk til å henge påskeegg i. Han var tidlig oppe i dag også, sidan han skulle til legen. Elles vakna vi begge i sju-tida, som vanlig.
Etter pyntinga vaska og støvsuga eg heile kåken, sånn nokonlunde.
Då vart det ei kvilestund framfor datamaskina, så eg fekk skrive referatet frå møtet i går. Det vart kortare enn vanlig, og det kan vere like godt. Det er ikkje alltid like mykje å skrive om.
Etter ei brødskive og ein kaffikopp tok vi ein tur nedover og handla mat. Dessutan var eg på biblio og leverte bøkene og lånte i går. Eg spurde også etter eit par diktsamlingar i embets medfør, men dei hadde  ikkje bøkene. Eg må berre skryte av damene på biblioteket, dei er så kjekke og hjelpsomme. Eg er rettnok ein god kunde, men sidan tenestene er heilt gratis, tener dei ikkje så mykje på meg.
No har eg laga salat, og sett på steikomnen. I dag blir det ferdigpizza, eg synest eg fortener det.
Nils har tenkt seg ut og fiske i morgon. Skal vi til Kongsberg, må vi ha med oss fisk! Han skal fare i lag med Mathias denne gongen.Han varierer mellom to fiskekameratar. Nokså ulike typar, vil eg seie.
Eg begynte så vidt på den eine Lofotkrimboka i går. Artig å høyre sidan den vart lesen på "nordnorsk". Handlinga går for seg i Reine, og der har vi jo vore. Kjekt når ein har eit indre bilde av landskapet. Så får vi sjå om eg likar handlinga også.Krim kan vere greitt om der er noko interessant "attåt".

onsdag, april 09, 2014

Dagbok 2014: 9.april

Klokka har passert halv åtte, det er + 12 grader, sol og nydelig vêr ute. Det slår aldri feil at det skin opp dei dagane vi har møte i pensjonistlaget, for det har vi hatt i dag.
Nils for på sjøen tidlig i dag, men kom heim i god tid før vi skulle ned og stelle til på Kulturhuset. Eg vaska håret og shina meg opp, så var det gjort.Vi har god rutine i dekking og serviettbretting, så arbeidet går greitt unna.
Vi fekk oss ein bra pause før vi skulle ned igjen.
Møtet begynte klokka 16, og var ferdig då klokka var vel 18, så det var ikkje av dei lengste vi har hatt. Ikkje så mykje program i dag, men allsong og trekkspelmusikk, blant anna. Blir ikkje så langt referat eg skal skrive denne gongen. Men det blir i morgon.
I morgon har Nils time hos fastlegen klokka 9.00, så då kjem vi sving relativt tidlig.
No driv eg og rippar bøker som eg fekk på biblio i dag, alle tre heilt nye, og alle er krim.Eg er rimelig lei av krim, men det er snart ikkje anna å få tak i på lydbok. No skal eg gjere meg kjend med Lofot-krim av Frode Granhus.
Ei av venninnene våre i Laget gav oss påskepresang i dag:


tirsdag, april 08, 2014

Bok nr.22 - 2014: Gravrøys.

«Spøkelsesskipet kom glidende ut fra mørket, fram over det svarte vannet i sundet, og vek ikke unna for noe eller noen. Gutten i gummibåten rakk ikke å komme seg unna da skipet dukket opp. Den lille farkosten av luft holdt på å kantre i kollisjonen, men i siste øyeblikk greide han å komme seg helt inntil stålskroget og fortøye sin egen båt i relingen. Skipet reiste seg over ham. Det var oljete og rustent, som om det hadde seilt på havet i årtier. Ingen beveget seg på dekk, men dypt inne i skipet dunket det en motor, som et levende hjerte. Gummibåten sprakk og tok inn vann, så gutten hadde ikke noe valg. Han strakte hendene opp mot relingen og klatret om bord.»
Midtsommer på Öland. Tusenvis av turister kommer for å feire midtsommer, og solen steker på den kalkhvite øya, men ferieparadiset skjuler mørke hemmeligheter. En av de besøkende har kommet tilbake for å kreve betaling for en gammel gjeld. Han etterlater seg død og skrekk i sommernatten. Ingen vet hvem han er, eller hva han vil.
Men det er én mann som begynner å ane uråd. Gerlof Davidsson, en av øyas eldste innbyggere, begynner å forstå hvem den ukjente er, og hvorfor han søker hevn. Han har nemlig møtt mannen før, i ungdomstiden, da de begge sto på kirkegården og plutselig hørte banking fra en kiste.
............................................................
Dette er fjerde og siste boka i det som vert kalla Ølandskvartetten, eg meiner at eg har lese alle. Eg har ikkje vore så veldig begeistra for bøkene, for spøkelse er liksom ikkje mi greie, men eg har lese bøkene fordi eg har vore på Øland og i Kalmar eit par vakre sommardagar, og ser øya for meg når eg les. No er her ikkje så mykje spøkeri i denne boka, og eg synest den er mykje annleis enn dei eg har lese før.På mange måtar minner den om bøkene til Arnaldur Indridason, med ein eldre mann som hovudperson.Her er mange "parallelle" handlingar, der vi følgjer fleire av hovudpersonane. Mest interessant er at vi får oppsummert Sovjetunionens historie frå 1930-åra og fram mot vår tid. Boka er på 13 CD-ar. Det er i meste laget for ei slik bok.

Dagbok 2014: 8.april

I dag fyller svigerinna mi, Mimi, 70 år. Vi var invitert til bursdagsfeiring, men kunne dessverre ikkje fare, noko vi beklager sterkt. Håper det blir ei fin feiring utan oss. Eg har ikkje mange bilde av Mimi, men fann eit gammalt dias-bilde der ho er saman med eldste dottera, Hilde, og vår felles svigermor Johanna.Ser ut til at dei er om bord i ein båt. Eg kan prøve å rekne ut årstalet, men det einaste eg har å gå ut frå er at Hilde er knapt to år yngre enn Margrete.
Eg har kjent Mimi sidan ho var ca 14 år-og eg var 18. Men på grunn av avstanden er det ikkje ofte vi treffast no.
Vi gratulerer Mimi så mykje med dagen, og håper på eit treff seinare på våren/sommaren.

No er klokka 17.00, temperaturen er + 10 grader. Det har regna godt før i dag, men akkurat no er det opplett. Denne gongen var vi glade for regnet, sidan Nils hadde hatt ut så mykje hønsegjødsel. Det er om å gjere at den løyser seg opp og fer ned i jorda.
Vi står relativt tidlig opp om morgonane no i den lyse tida, så vi tek ein pause midt på dagen. Eg gjorde diverse husarbeid før på dag, men no skal eg lage middag. Vi åt litt då Nils kom att frå Volda, men no må vi ha litt meir mat.
I morgon er det pensjonistmøte, så då blir det full jobbing heile dagen, nesten. Vi startar klokka 12.00 med å dekke bord etc. Marsmøtet var det Rotary og Inner Wheel som stod for, så det er to mnd. sidan vi var i  elden no. Eit strek i rekninga var at Møre-Nytt ikkje hadde teke inn "forhåndsomtalen" min i dag, men vi får håpe der kjem folk likevel.
I går kveld gjekk eg ein tur rundt Storebakken utan at eg fekk vondt, så kanskje det ikkje er så gale med hofta som eg var redd for. 

mandag, april 07, 2014

Dagbok 2014: 7.april.


Klokka er no 19.00, temperaturen ute er + 13 grader C. Det er lettskya, men opplett, litt sol har det også vore i dag. Det er vår og vi håper vi slepp tilbakefall for alt er langt kome. 
I dag har Nils hatt utover hønsegjødsel på plenen, det luktar litt vondt, men det kjem nok regn, og då går det over. Plenen nærmast huset var veldig utmagra, så det var behov for skikkelig næring. Gjøslar ein godt slepp ein mose.
Eg hadde avtale med ei veninne i dag om kafebesøk, så eg kunne ikkje sette i gang med noko storarbeid. Det vart til at eg baka brød og vaska klede. Og elles ikkje så mykje anna.
Veninna henta meg i 13-tida og vi køyrde til Volda og gikk på kaffibaren på Spinneriet. Det var koselig, og vi hadde mykje å prate om, som vanlig. Ein liten runde på butikkar vart det også, men det eg var på jakt etter, fann eg ikkje.
Då eg kom heim, steikte vi sei til middag, og så slappa vi av etterpå. 
Fekk telefon frå ei barndomsveninne i Bergen, og vi prata vel og lenge. No har eg drukke kaffi, og Nils har funne seg ein fotballkamp på TV- trur eg vil ta meg ein tur ut og nyte det fine, milde vêret.
Nils prata med Rasmus på Skype-der nede var dei forkjøla heile bunten.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...