søndag, april 06, 2014

Dagbok 2014: 6.april

 Klokka har passert 17.50. Ute er det overskya, delvis regn og + 12 grader. Heretter ser det ut til at blomstrane som står på trappa kan få stå ute om natta også. Den fine korga med stemors og påskeliljer har vi fått av Margrete.Krysantemane eg fekk av Solveig, står inne, dei er nesten like fine som då eg fekk dei.
 I dag var eg bra i hofta, så vi ville gå ein tur rundt Dalsvatnet, som oftast vert kalla Bjørdalsvatnet. Vi visste at det har gått ras der, derfor har vi ikkje vore der sidan sist haust.Vi rekna med at vegen var reparert no. Vi rekna også med at raset hadde gått på venstre sida av vatnet, så vi gjekk på høgre sida slik vi plar gjere.Vi såg ingen teikn på ras, før vi gjekk rett på det. Det var ikkje snakk om å forsere rasstaden, då måtte vi i tilfelle ha gått heilt ned til vatnet. Eg prøvde å ta bilde av heile raset frå øvst til nedst, men fekk ikkje med øvste delen.No har grunneigarane fått enda eit problem i tillegg til alt som Dagmar stelte i stand. Ingen stad tok orkanen så hardt som her.
Vi såg eit svanepar på vatnet, men det var berre dei to. Dette vatnet er ein mellomstasjon for svanar som er på veg nordover no på denne tid, og sørover om hausten.Det er litt for stor avstand frå vegen til vatnet til at eg kunne få eit godt bilde



Til middag i dag hadde vi nakkekotelettar med bernaise, ris og ananas. Vi et ikkje fisk KVAR dag. 
Elles har vi kvilt litt middag, lese lydbok etc.

lørdag, april 05, 2014

Dagbok 2014: 5.april.

Klokka er no 19.30. Temperaturen ute er ca +7 grader C. Det var litt sol f.m. men mesteparten av dagen har det vore overskya. No regnar det litt. Det gjer godt ned i hønsegjødselen vår.
Eg starta dagen med å lage ein porsjon fiskekaker. Dvs. at eg lagar av 1,6 kilo melen fisk , noko som passar i miksarskåla. Det er ikkje noko ork i det heile tatt, og vi får 4 middagar av det. Meir vil eg ikkje lage om gongen, for eg synest dei taper seg i frysaren.
Så var vi ein liten tur ned på Amfi og handla dei tinga vi gløymde i går.
Vi år tidlig middag, fiskekaker sjølvsagt, og så var vi så syndige at vi kvilte middag. Til unnskyldning kan eg nemne at vi står relativt tidleg opp, og legg oss seint. Eg skulle liksom lese lydbok, men etter ei stund dikta eg vidare sjølv.
Elles vart eg kjempeirritert i dag fordi omtalen av pensjonistmøtet den som eg skreiv sist torsdag, ikkje var komen i avisa. Og eg skjøna straks kvifor. Den låg i utboksen på maskina! Når eg sender manuset som vedlegg må eg jo "sende" to gonger! Det hadde eg gløymt denne gongen. Men eg håper dei kan ta det inn på tysdag.
Etter at vi hadde kvilt oss godt ut gjorde vi litt hagearbeid, men ikkje før var vi komne ut, så begynte det å regne. Vi fekk likevel gjort det vi hadde tenkt.
No har eg sjekka namnet til dei blå blomstrane; det var som eg trudde: Russeblåstjerne (Scilla sibirica). Der kjem fleire for kvar dag no. Håper berre vi ikkje får kulde NO, for ute er det tidlig vår.

fredag, april 04, 2014

Dagbok 2014: 4.april

Klokka er ca 19.00. Temperaturen ute er + 11 grader og sola skin, som ho har gjort i heile dag. Ein utrulig vakker dag, kanskje den siste på ei stund? Har prøvd å vere mest mulig ute i finevêret, men har ikkje gått tur på grunn av problem med hofta.
Vi hadde nokre ærend som vi fekk utretta før middag. Nils skulle hente medisin, han skulle ha ein del til dusjen i kjellaren, vi skulle ha gjødsel til Rhododendronplantane og så måtte vi sjølvsagt ha litt matvarer. Var bortom El-kjøp og hamstra kaffi, blant anna. Alt tek si tid, og då vi kom heim måtte vi ha oss litt mat. Etterpå la vi oss ut på altanen for å "kvile middag". Eg brøydde på meg som vanlig, men etter kvart måtte eg hive av meg både dyne og teppe. Fekk i alle fall lese ut boka mi, så no er eg klar for neste.
Vi har rydda litt rundt dørene, og Nils har styrt med fisk. Dersom det blir overskya i morgon, skal eg lage fiskekaker. Nils har male opp fisken på handkvern så det er ikkje mykje arbeid med det.
Middagen i dag var lettvint; blomkålsuppe frå i går+ pølser med brød! Rett før vi åt gjekk eg ein bitte liten tur ut Starevegen og inn att.
Rosene eg fekk for ei veke sidan er no samla i ein vase, og så blir det å plukke vekk etter kvart dei visnar. Dei har stått inne i varmen heile tida, så ein kan ikkje forvente at dei varer evig.
Ønsker alle ei god helg!

Bok nr. 21 - 2014: Til Jacobs forsvar.

Visestatsadvokat Andy Barber er velansett i lokalsamfunnet Newton i Massachusetts. Sammen med sin kone, Laurie og deres 14-årige sønn Jacob, blir han stilt overfor sitt livs mareritt, da 14-årige Ben Rifken blir funnet brutalt myrdet i en park. Andy er overbevist om at en lokal barnemishandler er den skyldige, men urovekkende opplysninger og avsløringer peker sjokkerende nok i retning av Jacob. Hos Andy vekkes alt av foreldreinstinkt og han gjør hva han kan for å beskytte sønnen. Jacob sier han er uskyldig, og Andy tror ham. Det må han jo gjøre. Han er guttens far. Når dramaet kulminerer må Andy og hans kone Laurie stille seg alle foreldres vanskeligste spørsmålet: Hvor godt kjenner du egentlig ditt eget barn? Og hvor langt er du villig til å gå for å redde det? « en helt usedvanlig spennende og besettende historie som fortjener og bør få et stort publikum.» Washington Post «Genial.» 
..............................................................................
Ein god del av denne boka har eg lese på solseng, og det resulterer i mykje tilbakespoling og oppatt-lesing. Så eg har nok fått inntrykk av at boka er treigare enn den eigentlig er.
Mange krimromanar har eg lese, der spørsmålet er: Kor langt vil vi gå når det gjeld å verne eigne barn? Det er spørsmålet her også, men forfattaren kjem i tillegg inn på spørsmålet om arv og miljø, blant anna. Her er mange langdryge rettssaker, men eg trur det må til, for det skal fram at det ikkje alltid er så lett å dømme mellom skuldig og ikkje skuldig. Det er ei alvorleg og seriøs fortelling vi får her, ikkje lettvint underhaldning. Eg synest boka var verd å lese. 

torsdag, april 03, 2014

Dagbok 2014: 3.april

 Klokka er 21.45, temperaturen ute berre + 3 grader C, men det har vore ein nydelig dag med sol frå klår himmel.Vi var tidlig oppe, særlig Nils, for han skulle ut og fiske. Passa meg bra, for eg måtte gjere ein innsats i heimen med vask og støvsuging. Det var i grunnen eit akutt behov for opprydding.
Naboane nedanfor oss driv og skiftar bordkledning.
Då eg var ferdig med husarbeidet, sette eg meg til å skrive eit lite avisinnlegg. Nils var komen heim att då. Det vart ingen storfangst, men ei ganske fin hyse vart med heim i dag, elles går det mykje i sei. Til middag i dag laga eg kvit saus med paprika og løk, og koka salta sei i sausen. Det vart ganske godt, men så er no både Nils og eg glade i mat, og et nesten kva som helst, og synest det smakar bra. Etter at vi hadde ete, la eg meg på altanen med lydbok. Det var ikkje varmt, men med teppe og dyne går det bra.
 Eg hadde eit par blomkålhovud liggande, så eg koka ei suppe til Margrete og ungane skulle komme.Men dei var ikkje så svoltne i dag. Amanda og Erlend var her mens Margrete var på teater. Dei vart mest sittande ved datamaskinene, men til slutt kom leksebøkene fram.Det var matematikkleksa som stod att. Med Erlend gikk det fort unna, for det var lette oppgåver. Amanda sine oppgåver var såpass finurlige at eg sjølv måtte i "tenkeboksen" . Det var litt av eit problem ho skulle løyse. To karar skulle ha fest fordi dei skulle inngå partnarskap. Og kor mange lys skulle dei kjøpe, og skulle dei velje dei store eller dei mindre osb. Eg vart rimelig stressa av heile festen. Dessutan såg både Amanda og eg andre løysingar enn dei som boka la opp til. Trur ikkje eg var til særlig hjelp. Margrete kom før vi var ferdige, og så måtte dei køyre rundt fjorden heim att, sidan det ikkje passa med ferja.


onsdag, april 02, 2014

Dagbok 2014: 2.april

 Singerheimen september 2013

Klokka er ca 20.30, det er overskya og + 6 grader ute. Det har vore ein litt råkald dag utan sol. Litt uvant etter alt finevêret.
I går gjorde eg ikkje det skapte grann, og i dag har eg gjort mindre, i alle fall her heime. Eg skulle møte opp på Bakk-Ola-marka klokka 11.00 i dag for å planlegge "Verdens aktivitetsdag" , som eigentlig er den 10.mai, men som vert flytta til den 9. sidan Bakkola ikkje er ope på laurdagar. Ja, vi skal sjølvsagt ikkje planlegge heile dagen for alle, berre for pensjonistar og dei som elles bur på Bakkola. Eg har i grunnen ikkje så mange plikter, men møtte som representant for pensjonistlaget.
Etter at møtet var slutt fann Nils og eg ut at vi ville slynge litt, sidan det var lenge sidan sist. Eg skulle kjøpe meg ei bukse og Nils ei jakke.Vi for til Volda. Og så fann vi ut at vi måtte sjå korleis det gikk med Kvivsvegen, hadde ikkje køyrt den sidan sist haust. No fekk vi køyre gjennom den nyaste tunnelen også, men der er kolonnekøyring, så det vart litt venting. Elles står der att ein god del vegarbeid.
Men det blir fint.Eg beundrar desse flinke mennene som lagar dei finaste murar av store steinar med hjelp av ei gravemaskin.Eg vil nesten kalle det kunst-eller ikkje berre nesten. Eg er godt over middels interessert i vegbygging av alle ting.
Vi bestemte oss så for å ete middag på Grodås, på kafeen på Raftevoll hotell. Vi bestilte nydelig biffsnadder med salat og pommes frites; potetene var heilt nylaga. Det smakte godt. Kaffi fekk vi også.( Hadde med kamera, men tok ingen bilde i dag.)
Vi hadde tenkt å handle mat på heimvegen, men gløymde heile greia og køyrde rett forbi butikken. Ja, det kjem ein dag i morgon også! Då skal vi ha gleda av barnebarnbesøk på kveldstid, mens Margrete er på teater.
Mykje interessant i Regionavisa i dag. Blant anna intervju med ei "gammal" studieveninne og ein artikkel om Singerheimen i Olden.
Singerheimen har eg høyrt om frå eg var lita, for pappa brukte å køyre overlege Wennevold og frue dit inn ein gong for året, og han hadde mykje å fortelle når han kom heim. Sjølv har eg vore der ein gong, det var  då mamma fylte 70 år og vi feira dagen der. Då var Bodil og eg "downstairs" og pynta kaker i eit kaldt rom ved sidan av kjøkkenet. (Det var i juli månad). Det var ei oppleving å sjå seg om i heile huset.
Eg hugsa også kista til Singer som stod i eit kapell ovafor sjukehuset, fru Singer levde enno den gongen. Vi brukte å stå og kike inn glaset og sjå på den. Eit amerikansk flagg låg over kista.
I morgon skal eg gjere litt husarbeid og i tillegg skrive eit lite avisinnlegg.Godt å ha planen klar. Nils har tenkt seg på sjøen.

tirsdag, april 01, 2014

Dagbok 2014: 1.april

Dette bildet er frå Ørstakalenderen april 2014. Bildet er frå 1984. I framgrunnen ser vi Velle skule som brann året etter, natt til 19.mai.Vi kan også sjå den gamle Grepafabrikken som låg om lag der AMFI er no.

Klokka har no passert 18.00, temperaturen ute er 8,5 grader. Det har vore fint, men nokså kaldt i dag. Typisk at det er finast når sola snart skal gå ned.
I dag har eg ikkje gjort mykje til nytte. Nils var til Volda f.m. for å ta nore prøver, eg vaska håret, hengde opp klede, la i hop klede etc.
Då han kom att hadde vi litt problem med å bestemme oss for kva vi skulle bruke dagen til, men til slutt vart det ein tur på Kanalvegen. Då vi kom heim åt vi middagsrestar frå i går. 
Vi hadde vore innom biblio og henta ei bok på heimvegen som eg rippa, mens eg lytta til den eg held på med no. Nils tok seg ein blund i godstolen. Merkelig med desse dagane, somme gonger rekk ein over så mykje, andre dagar blir det ingen ting.
Var ein tur rundt i hagen og leita etter vårteikn, det er alltid stas med dei første blomstrane som kjem.
Om nokre dagar vil plenen ovafor garasjen vere heilt dekt av desse blå blomstrane, hugsar aldri kva dei heiter, men kan lett finne det ut. Dei sprer seg villig, men vinteren i fjor tok knekken  på nokre av dei.
Gule krokus har ein tendens til å forsvinne, mens dei lilla og dei kvite står att, derfor planta eg ein pakke med GULE sist haust.
Ein av mine blå favorittar, scilla, blomstrer i plenen nedafor huset. Dei stod attmed ei buske som er vekke no.
Dei små påskeliljene ein kjøper i potter blir veldig fine når dei kjem att ute, men hos oss har dei ikkje vart så mange år. Elles planta eg ganske mykje tulipanar og andre løkar sist haust, dei spirer, men blomstrar ikkje enno.
Hadde ein gong eit bed nede på plenen. Det har vi lagt att for lengst, men nokre løkar nektar å gi opp.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...