Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 9 grader C, og eg treng vel knapt å fortelle at det regnar. Det fossar ned.Vi er heldige som bur oppe i høgda og har tett tak.
I dag føremiddag gjorde eg klart det eg skal servere i morgon. Så var eg ein tur på kafe i lag med kollegaveninner. Den yngste i flokken fyller 60 år i dag og er framleis i arbeid. Dei to eldste er over 80 år. Aldersskilnaden har ingen ting å seie, vi har alltid så mykje å prate om. Vi hadde bestilt bord på Fugl Føniks, der er ofte veldig fullt.
Etter veninnetreffet var vi så vidt innom Amfi, før vi reiste heim att. Då var det nesten mørkt ute, men det har vel mykje med vêret å gjere. I fjor på denne tid hadde vi sol og fint vêr heile tida.
Nils kokte lange til middag, og så slappa vi av litt før det vart kaffi. No blir det vel TV resten av kvelden. Eg plar aldri sjå TV på dagtid, men har fått med meg at Magnus Karlsen har vunne i dag. Eg har no spela sjakk ein gong i tida, men hugsar knapt nok reglane, så eg bryr meg ikkje om å sjå det på TV. Kvar sine interesser.
Så håper eg at alle får ei god helg og at det ikkje skjer ulykker i styggevêret.
fredag, november 15, 2013
torsdag, november 14, 2013
Dagbok 2013: 14.november.
Klokka nærmar seg 19.00 og Nils har benka seg framfor TV-en.
I dag har det vore overskya og stort sett opphaldsvêr i dag. Nils brukte myke av føremiddagen på å sage ned resten av grana på hushjørnet. Den vart planta til mamma sin 80-årsdag i 1988, men no var den ikkje så fin lenger. No kjem hageslangen og takrenna betre til sin rett-. Slik er det berre.
Her går ingen ting til spille, så også dette treet vart til ved i sekker. Berre baret blir kasta.
Mens han styrte på ute, laga eg ei kake, og vaska golva.Det er nokon som har antyda at eg vaskar støtt, det er ikkje tilfelle; eg vaskar 2-3 golv ein gong i veka. Grunnen til at eg vaska i dag er at eg skal på kafe i morgon, i lag med veninnene mine frå Velle. Den yngste av oss fyller 60 år i morgon.
Eg fann meg ikkje genser sist eg var i Volda, eller her i Ørsta. I dag var det halv pris på Møre konf., så eg måtte bort å kjøpe meg eit par stk. Eg brukar mykje genserar, og må ha nokre som ser såpass ut at eg kan gå "ut" med dei, for eksemper på kafe.
Vi handla sjølvsagt litt mat også,på Amfi, og då vi kom heim laga vi middag. I dag hadde vi noko som Nils likar godt, steikt kveite med heimelaga remuladesaus. Eg fekk lov å seie mi hjertens meining, og den er at eg likar i grunnen best sei!Etter måltidet slokna vi ei stund.
Noko feiring har vi ikkje hatt i dag, ingen vits verken med kake eller anna "godt" når bursdagsbarnet ikkje kan ete søtt.Vi tek det att på laurdag. Presang har han heller ikkje fått, for dei greidde ikkje å skaffe jakka han ville ha her nede. Men det kjem dagar etter desse.
onsdag, november 13, 2013
Dagbok 2013: 13.november.
Klokka er 18.15. Temperaturen er + 4 grader og det regnar ute. Det har knapt nok vore lyst i dag.
I dag var eg litt flittig på føremiddagen. Eg fekk dei 13 år gamle stovegardinene ned frå loftet, strauk dei og hengde dei opp. Og eg synest dei er finare enn nokon gong! Dei lette sommar-gardinene med lilla blomster er fine om sommaren, men når det nærmar seg jul, likar eg gamlegardinene best. Særlig når ein skal pynte til jul. Etterpå støvsuga eg alle teppegolva, men vaskinga får vente til i morgon.
Så har eg også stoppa lester, det er vel ikkje mange som gjer det i vår tid, men eg har tid til slikt, og eg likar det. Når lestane er utslitne, brukar eg brota om att og strikkar ny fot, då sparer ein både garn og arbeid. Dette er ikkje noko ein MÅ gjere, men eg gjer det som eit slags prinsipp.Og så kan eg høyre lydbok mens eg jobbar med det. På grunn av ryggen torer eg ikkje å strikke så mykje akkurat no.
Eg er ikkje heilt sikker på kva Nils har jobba med, han har halde seg ute og i garasjen for det meste. Trur han har funne fram eit fiskegarn, men det blir ikkje fisking i dette vêret.
Vi skulle hatt nokre finevêrsdagar til før vinteren, for vi var ikkje heilt ferdige med hagearbeidet.Vi får håpe på eit par bonusdagar.
I morgon fyller Nils 77 år, eg synest det er heilt utrulig at han plutselig er blitt så gammal.Han virkar ikkje slik. Vi skal feire i lag med barn og barnebarn på laurdag.
I dag var eg litt flittig på føremiddagen. Eg fekk dei 13 år gamle stovegardinene ned frå loftet, strauk dei og hengde dei opp. Og eg synest dei er finare enn nokon gong! Dei lette sommar-gardinene med lilla blomster er fine om sommaren, men når det nærmar seg jul, likar eg gamlegardinene best. Særlig når ein skal pynte til jul. Etterpå støvsuga eg alle teppegolva, men vaskinga får vente til i morgon.
Så har eg også stoppa lester, det er vel ikkje mange som gjer det i vår tid, men eg har tid til slikt, og eg likar det. Når lestane er utslitne, brukar eg brota om att og strikkar ny fot, då sparer ein både garn og arbeid. Dette er ikkje noko ein MÅ gjere, men eg gjer det som eit slags prinsipp.Og så kan eg høyre lydbok mens eg jobbar med det. På grunn av ryggen torer eg ikkje å strikke så mykje akkurat no.
Eg er ikkje heilt sikker på kva Nils har jobba med, han har halde seg ute og i garasjen for det meste. Trur han har funne fram eit fiskegarn, men det blir ikkje fisking i dette vêret.
Vi skulle hatt nokre finevêrsdagar til før vinteren, for vi var ikkje heilt ferdige med hagearbeidet.Vi får håpe på eit par bonusdagar.
I morgon fyller Nils 77 år, eg synest det er heilt utrulig at han plutselig er blitt så gammal.Han virkar ikkje slik. Vi skal feire i lag med barn og barnebarn på laurdag.
tirsdag, november 12, 2013
Dagbok 2013: 12.november
Klokka er no 19.00. Temperaturen ute er + 5 grader C og snøen er borte. Håper han held seg vekke til det nærmar seg jul.
Sist natt vart eg liggande å verke i ryggen til tross for diverse tablettar. Slike netter har eg hatt mange av, men siste 3-4 åra har eg vore nesten heilt bra, så eg føler det som eit tilbakefall.
Hadde ikkje så store planar for dagen i dag, anna enn at vi måtte handle inn diverse mat, og det har vi gjort.Var ein snartur til Volda, resten fekk vi på Amfi. Litt husarbeid har det også blitt. Men det var så mykje meir eg gjerne skulle hatt gjort. Og aldri er vel arbeidslysta større enn når ein ikkje maktar det ein vil.
Til middag i dag hadde vi resten av lapskausen frå i går, så det var no lettvint.
Nils såg Amanda på lokalsendinga på TV, eg sat sjølvsagt med ryggen til. Det var i saka med nedlegging av skular i Volda kommune. Ja, det ligg ikkje godt til rette for å bu på bygdene. Då flyttar alle barnefamiliane mot sentrum, og det er vel ikkje ei slik utvikling vi ønsker?
Bildet over knipsa eg før middag, no er det belgmørkt ute.
mandag, november 11, 2013
Dagbok 2013: 11.november.
Klokka er 17.45, temperaturen + 6 grader; det regnar og blæs innimellom.
Eg var ikkje ut for ei dør i går, og har ikkje vore ute i dag heller. Så i morgon må vi nok ein tur ut i verda igjen.Ja, Nils har no vore litt på farten i dag også. Rett etter frokost kom gartnaren "vår" på besøk og ville klippe victoriatreet vårt i år også. Det hadde fått nokre fryktelig lange skudd, som vart fjerna med hard hand. Han klipper tre, og får fisk som betaling, men no hadde han funne ut at han hadde fått for mykje fisk, så han ville gi oss litt sjølvrøykt laks ....
Elles så fekk Nils saga opp greinene frå naboens tre, dei som han fekk på laurdag, det vart tre sekker med fin bjørkeved. Som de forstår er det mykje bytting av varer og tenester her omkring.
Eg har for det meste styrt med husarbeid. Laga mat og vaska opp, lagt i hop klede og stroke litt, osb. Dagane går som ein røyk. Margrete og Eirik kom ca 15.30 og var her eit par timar mens Amanda dansa. Dei åt sjølvsagt middag med oss.
Enda det er tidlig kveld er det stupmørkt ute. Men som Alf Prøysen song:
"November er så trist og grå,
men nyttig likevel.
For nå må barna tenke på
å lage moro selv."
søndag, november 10, 2013
Bok nr.62 - 2013: Vi ses i morgen
Eg har høyrt denne boka som lydbok. Det er forfattaren sjølv som les heile teksten på stavangerdialekt, og han les fantastisk. Dette er den beste og mest gripande boka eg har lese på lenge.
Språket er ikkje vakkert i vanlig forstand, her er mykje banning og "stygge" ord, men forfattaren har nok funne fram til rette språket i det miljøet han skildrar. Eg har ikkje for vane å google bøker før eg les dei, men no var eg inn på nettet og kika, og boka har fått terningkast 6.
Eg er ikkje glad i uttrykket "white trash", men mange av personane i boka ville nok kome inn under denne kategorien. Det er folk som er småkriminelle og umoralske på mange måtar. Likevel blir ein på ein måte glad i dei, sidan ein også får vite bakgrunnen deira.
Eg vil ikkje skrive så mykje om kva boka handlar om, de kan lese på nettet om de vil. Eg likar best å ikkje vite så mykje før eg les. Eg vil anbefale denne boka på det varmaste. Den er på 16 CD-ar og det er ikkje ein for mykje.Og for all del: Høyr lydboka!
Dagbok 2013: 10.november = farsdag.
Klokka er 18.00, temperaturen ute er + 2grader C. Når det gjeld vêr er dette årets verste dag. Den dagen då den første blaute snøen kjem og legg seg på marker og vegar. Grøss og gru!
Nils gikk ein tur på føremiddagen, men eg avstod og heldt meg inne. Eg gjorde unna litt "kontorarbeid" før eg fann ut at eg kunne lage ein kakebotn, og sidan bakebollen var nesten like rein og omnen varm, sette eg ein brøddeig i det same. Sidan dette var ein typisk "vere - heime -dag".Mens deigen heva seg hadde eg ein lang prat med ei veninne i telefonen.
Noko feiring av farsdagen vart det ikkje i dag, men Nils og eg hadde ei lita "feiring" med kafebesøk i går. I morgon reknar eg med at Margrete kjem, så då får vi avtale neste familietreff. Barn og barnebarn har mange jern i elden, vi er nokså fleksible, så det får vere dei som bestemmer dag og tid.
Etter at vi hadde ete ein enkel middag, og drukke litt kaffi, blei det sofaen og bok for meg, TV-fotball for Nils. No har han funne enda ein kamp, så då kan eg lese bok og strikke. Heilt greitt for meg.Vi er fæle til å reke på kvardagar, så søndag blir gjerne den dagen vi held oss heime og sløvar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
