tirsdag, november 05, 2013

Eid i gamle dagar 2

Dette bildet er frå 1951.Sjukehuset ligg framleis høgst oppe av alle husa. Det er blitt påbygt to gonger etter at det var nytt, først kom "Tårnet" og seinare vart det forlenga så det vart likt i begge endar. Overlege Wennewold bygde huset sitt nær sjukehuset, vi ser det til høgre for sjukehuset på bildet.
Heilt til venstre i bildet, bak nokre tre, ligg Handelsskulen til Kragset. Der var eg ofte, for der var fleire jenter, litt eldre enn eg, både på handelsskulen og hos Kaptein Myklebust som budde i huset rett nedanfor sjukehuset. Då vi budde i prestegarden var det berre ein liten tur gjennom Alleen og ut dit.(Dette var ein annan alle enn den som no heiter Alleen.)
Nede i fjøra her, brukte vi å leike og bade om somrane. Og her budde han "Simon i Støa", han som Jakob Sande skreiv diktet om. Han heitte eigentlig Pål.
No går vegen til Måløy der som nausta stod før. Det er litt rart med staden der ein har vakse opp. Ein vil helst at alt skal vere slik ein hugsar det.

Eid i gamle dagar: 1

Eg blir ofte oppmoda om å skrive litt om "gamle dagar", og etter tips frå Solveig, skriv eg heller små epistlar her på bloggen enn å sette i gang med memoarar.
I går begynte eg å studere ein kalender frå 2013-utgitt av Lions på Eid, og eg blei fascinert av nokre av bilda der. Dette bildet er frå 1936, og då var eg ikkje fødd. Men det nye sjukehuset er på plass oppe i bakkane. Trur det er det einaste huset som er så høgt oppe. Begge foreldra mine arbeidde på sjukehuset i mange år, og både eg sjølv og dei tre borna mine kom til verda der.
Heilt til høgre i bildet ligg det kvite "Mattishuset" der tanta mi med familie budde nokre år. Til venstre og litt bakanfor det, ligg "Heimen", det som no heiter "Bryggen hotell".Vi kan skimte litt av Grindhuset til høgre for Mattishuset. Der hadde dei brusfabrikk. Grindebrus var greitt nok, men var det feiring, skulle det vere Hansa. 
De kan også sjå eit eldgammalt grått hus med torvtak, eg kan hugse at det budde folk der.Eg trur Ellen Marie veit meir om det. 
Heilt til venstre i bildet ligg Meieriet, der eg var innom dei fleste dagane i veka og kjøpte melk i spann. Vi stod ved disken og venta på tur. Dei som ekspederte målte melka i litermål med lange skaft og fylte opp i spanna. Melka hadde dei i store kar. Skulle vi kjøpe fløte hadde vi med eit Norgesglas e.l. Som de ser er der to dører på det kvite huset, den til venstre er til mottaket. Der bar bøndene inn melka som dei kom med -frakta med hest og vogn. Døra til høgre gikk inn til utsalet.
På bildet kan ein også sjå at det har gått eit snøras. Det kom aldri ras i den tida eg budde på Eid.

mandag, november 04, 2013

Dagbok 2013: 2.november

Klokka er 18.45, temperaturen ute er litt over 4 plussgrader, og det har regna.
Då vi stod opp i dag var vêret minst like fint som i går, og etter kvart kom sola fram. Eg var elendig i ryggen etter den lange turen i går, og var redd eg kom til å ligge rett ut i dag. Men etter at eg kom i siget, betra det seg, og eg sette i gang med hagearbeid i lag med Nils.
Han klipte greiner av frukt- og bærtre og mol dei på kompostkverna. Dei greinene som var tjukke nok til ved, vart teke vare på, derfor står hylsa til vedsekkene framme. 
Eg planta blomsterløk, raka og "gikk til hånde". Blant anna.
I 13-tida var vi inn og tok oss litt mat, før vi gikk ut og jobba vidare. Vi raka lauv, både med rive og med grasklipper. Vi byttest på jobbane, men det vart såpass tungt å dra klipparen på den dyvåte jorda nede bakken, at vi vart ikkje heilt ferdige. Så vi har ein god del att før vi er klar for vinter.
Ikkje før hadde vi kome i hus og fått fyr i omnen, så silregna det. Det kom heilt uventa. 
Middagen i dag vart Pizza Grandiosa, hjemmelaget type. Såpass må vi unne oss etter ein hard arbeidsdag.

søndag, november 03, 2013

Dagbok 2013 : 3.november.


Klokka har passert 18.00, og det er stupmørkt ute for lengst.
Litt vanskelig å venne seg til dei tidlige kveldane. Men det har vore ein fin dag, lettskya, og ein del sol. No er temperaturen +6 grader C.
Vi har mange gonger tenkt at vi skulle gå ein tur på Melssetra, men aberet er at den ligg på skuggesida i dalen. I dag før middag var det ikkje sol, og derfor køyrde vi fram til Melsgjerdet for å ta turen. Første gongane vi gikk på setra der framme gikk vi på ein sti rett opp og det var ikkje langt. Seinare vart det laga skogsveg, og då vart det mykje lenger.
No har dei utbetra skogsvegen til å bli tømmerveg, brei og fin, men enno ikkje ferdig grusa, så vi gikk mest på pukkstein. Vi hadde tatt med oss stavar i dag, og eg kjende det hjelpte for ryggen mens vi gikk oppover, nedover hadde eg mindre nytte av dei.
Det vart ein kjekk tur, for vi møtte fleire gamle naboar frå den tida vi budde på Melle, og prata med dei.Vi budde på Melle frå 1965-1970.
Alle bilda tok eg på veg nedover. Her som Nils går på bilde hadde ein før fin utsikt fram mot Vatnevatnet, men no er det berre tjukk granskog.
Her ser vi heim att. Vallahornet og Saudehornet til høgre i bildet.
Bilen hadde vi sett frå oss på Melsgjerdet. Då Margrete var lita brukte eg å trille fram hit og snu, med Solveig og Rasmus på kvar si side av barnevogna.
Huset vi budde i på Melle er rive for lenge sidan, og der er kome eit nytt hus på tomta.(Til venstre i bildet) Men løa "vår" står framleis.Hugsar ein gong der kom ein mann og mala løetaket. Rasmus kalla han "takmannen". Han heitte eigentlig Einar.
 
Då vi kom heim laga vi kjøttkakemiddag, og så vart det avslapping på sofaen med lydbok for mitt vedkommande.
No har visst Nils funne seg ein fotballkamp, eg skal kvile ryggen.

lørdag, november 02, 2013

Bok nr. 61 - 2013: Over det kinesiske hav.

Lydboka "Over det kinesiske hav" av Gaute Heivoll
Like før krigen får et ektepar reist sitt eget forpleiningshjem for «åndssvake» i den vesle bygda helt sør i Norge. Snart fylles rommene med pasienter; den religiøse grubleren Christian Jensen, den tause, alltid ruggende Matiassen, og Onkel Josef, som er blant de mest beleste i bygda. En søskenflokk på fem barn flytter inn i «galehuset» som det blir kalt. Josef kaller dem bare «tullingene fra Stavanger», men de blir likevel raskt en del av familien. Krigen tar slutt, men den usedvanlige familien skal få alt annet enn fred. For snart rammes de av en stor tragedie som kommer til å forfølge dem alle resten av livet.
Med en ny historie basert på virkelige hendelser og autentiske personer har Gaute Heivoll skrevet om mennesker som kanskje kunne kalles «åndssvake», men som gjennom sine liv og sine handlinger viser et hvert menneskes verdighet og iboende styrke.
...................................................................
Før jeg brenner ned.
Kongens hjerte.
Over det kinesiske hav.
Desse tre bøkene har eg til no lese av Gaute Heivoll. Alle tre bøkene er basert på verkelege hendingar. Og alle tre bøkene er svært gripande både i innhald og skildring. Eg likar ikkje sjølv å vite for mykje bøker før eg les dei, men der er sjølvsagt mykje å lese på nettet om ein vil. Eg likar bøkene godt, og vil anbefale dei for dei som har samme "smak" som eg.

Dagbok 2013: 2.november

Klokka er 18.15. Temperaturen er + 6  grader C, og det har vore ein grå og regnfull dag, men enda litt meir snø i fjella. Bildet er tatt ca klokka 14.00, Det har vore stor aktivitet i nabolaget i dag. Derfor alle bilane.
Vi har ikkje vore særlig aktive. Vi var ein tur nedover før middag, og så laga vi middag. I dag vart det kokt lange. Etter middag har eg sløva og lese bok, er snart ferdig med den no. Og så blir det vel ein lang TV-kveld, med strikketøy innimellom.Følgde ikkje med på strikkeprogrammet sist natt, men strikka gjorde eg.
Neste veke blir det litt meir aktivitet her i heimen, med boklansering på tysdag og pensjonistmøte på onsdag.Blant anna.

fredag, november 01, 2013

Dagbok 2013: 1.november.

Klokka er18.45, temperaturen ute er +7 grader, og det regnar.
I dag er det første novemberdagen, og den har vore akkurat så grå som novemberdagar kan vere. I fjor haust hadde vi strålande vêr og sol til det nærma seg jul, så dette mørket kom veldig uventa i år.Men det kan no vere at det lettar opp igjen.
Nils har lagt vinterhjula på bilen i dag. Han har kjøpt seg ei såkalla garasjejekk, for der følgjer ikkje lenger med jekk når ein kjøper bil. Heller ikkje er reservehjul med i "pakken". Berre utstyr til å reparere om ein punkterer.
I dag har eg gjort enda mindre enn i går, dvs. så å seie ingenting.
Vi var ein tur til Vik f.m. Vi skulle hente medisin på apoteket, og eg trong meir garn til det årlige lesteprosjektet mitt. Vi trefte  sjølvsagt mykje folk vi kjenner, Amfi er blitt den viktigaste møteplassen her i bygda, der er det alltid tørt og varmt.
Elles er eg langt inne i ei ny bok av Gaute Heivoll. Ein norsk forfattar som har fått altfor lite verksemd. Og no les eg lydbok på den vesle MP3-spelaren, som eg går rundt med i lomma.
No er Nils komen inn og har sett på TV-en. Han har følgt nøye med i saka om dei to som farsvann på havet i Solund. Han har ringt rundt og snakka med slekta og funne ut at han ikkje kjenner dei.
Då vil eg ønske alle ei god helg! Blir det dårlig vêr får vi kose oss inne. Det er alltid noko å finne på.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...