søndag, oktober 20, 2013

Dagbok 2013: 20.oktober.

Klokka er 17.30 og sola held på å gå ned. Neste veke er det slutt på sommartida, då kjem vi til å merke at vi er inne i den mørke årstida.
Sist natt var det frost ute, men så langt har eg berre registrert at blomkarsen er skada.Eller rettare sagt død.
I dag har det vore ein vakker dag, med sol frå klår himmel, ute er det ikkje så varmt, men innom hus er det tropisk her som sola står på stoveglasa heile dagen. Akkurat no er det +1 grad C ute.
Nils gikk ein tur tidlig på føremiddagen, men eg vart att inne og vaska håret etc., og då lei det så langt at eg like godt laga middag. Gikk ut og inn Starevegen og tok bilde før vi åt (ca kl.14.00).
Etter middag vart det ikkje gått ut, men NO skal eg ta med ein tur ut, mens Nils ser TV.(Fotball?) Bøsseberarane har vore her. Eg ville no heller gitt pengar til "svoltne barn i Afrika"- men eg kan no gjere det også viss eg vil.
 

lørdag, oktober 19, 2013

Dagbok 2013: 19.oktober

Klokka er 18.30, temperaturen ute er 0 grader C og vi har hatt ein ganske fin dag. Det har vore lettskya og ein god del sol.
Det første eg gjorde i dag etter at frokosten var overstått, var å lage fiskekaker. Lagar aldri mykje om gongen, berre 3-4 middagar. Likar ikkje at fiskekakene blir liggande lenge i frysaren.
Ut på føremiddagen var vi ein tur nedover, Nils hadde ærend på apoteket, blant anna. På Amfi var der eit svara spetakkel, det var eit band som spela musikk à la "Vassendgutane"- ikkje akkurat min favorittmusikk. Men det var veldig mykje folk på senteret i dag, og vi trefte sjølvsagt mange kjende. Vi gikk ein tur i Gågata også, der var det knapt eit menneske å sjå. Vi tok det som dagens trimtur.
Då vi kom heim vart det å lage middag, ete og kvile på sofaen, med lydbok. No brakar det snart laus med song og dans resten av kvelden. Eg brukar å ta opp på TV2, og sjå på NRK 1.
(Bildet over har eg lånt frå FB. Det er ei veninne på andre sida av fjorden som har tatt det. Vi bur heilt til høgre i bildet.)                 

fredag, oktober 18, 2013

Dagbok 2013: 18.oktober

Klokka er ca 17.30, temperaturen er + 4 grader C. Det er kraftige regnbyger, innimellom kjem det små gløtt av sol. Snøen er komen langt ned i fjellsidene, men eg håper at det ikkje er sjølve vinteren som er komen, berre ein liten forsmak.
I dag kan eg ikkje skryte av å ha vore verken flink eller flittig, har eigentlig ikkje gjort noko som helst. Vi var nedover og handla litt før middag. På Coop trefte vi mange kjende, mellom anna ein av naboane frå Melle som eg ikkkje har sett på mange år.
I dag fall vi for freistinga å lage Taco, og tilfeldigvis er det altså fredag. Vi åt retten i vanlig middagstid og det smakte godt innimellom all fisken.
Var innom biblio i dag også, og fekk med meg nyaste boka til bergens-krimforfattaren Chris Tvedt,Den blinde guden, boka er dessverre i MP3-format, så då må eg bruke den store Walkman-en. Men eg har testa at den funkar der.
Var ein liten tur ned i kjellaren og rydda litt, men eg har mykje som skulle ha vore gjort - så mykje at eg ikkje veit kvar eg skal begynne, derfor står eg heilt i stampe. Ja arbeidet spring no ikkje ifrå meg.
No er det fredag igjen, og mykje å sjå på TV, men først må eg ha meg ei lita lufterunde, tross vêret.
Ønskar alle ei god helg, og håper vinterdekka er på plass.

Bok nr 57 - 2013: Mors gaver.


Da Cecilie Engers mor havner på sykehjem med Alzheimer, blir barndomshjemmet tømt i løpet av en helg. Under opprydningen finner Cecilie morens sirlig nedtegnede lister over samtlige av familiens julegaver gjennom fire tiår. Gaver gitt og gaver fått, til og fra mennesker med svært forskjellige liv. Med listene som utgangspunkt skriver Cecilie Enger sin egen families historie, fra slutten av 1800-tallet og frem til i dag.
Samtidig fortelles en annen historie. I løpet av de to årene Cecilie Enger skriver Mors gaver, viskes morens hukommelse og personlighet gradvis ut. Denne romanen er en fortelling om gaver, erindring, og om lengselen etter å holde tiden fast.
....................................................................................
Cecilie Enger er fødd same året som Solveig, 1963, mens mor hennar er ca fem år eldre enn eg. Det gjer at boka på ein måte omfattar heile mitt vaksne liv, og mykje av det som skjer i samfunnet er slikt som eg hugsar.
Boka er kort og lettlesen. På ein måte kan den minne om Helene Uris bok "Rydd ut", men Enger si bok er enklare. Elles høver det godt å lese den akkurat no når demens er aktuelt i samband med TV-aksjonen.Boka er vel verd å lese.Sidan det er ei ny bok, er det mykje å finne på nettet, ikkje berre det eg har "saksa".
Av forfattaren har eg lese berre ei bok før, nemlig "Himmelstormeren", også det ein dokumentar-roman.

torsdag, oktober 17, 2013

Dagbok 2013: 17.oktober

Starevegen klokka 14.00 i dag.
 
Klokka er no 17.15, ute er det overskya, regnbyger og snø i fjella.Temperaturen er+ 3 grader C. Av og til er sola framme så vidt det er.Det er sikkert giktvêr, så det er det som gjer at ryggen er trøblete.Det er verst når eg sit i ro.
I dag før middag reiste Nils på sjøen for å fiske, han fekk ikkje så mykje, men det vart småsei til middag og litt til.Feilen med å ete småsei tidlig på dag, er at det er fare for at middagskvila kan bli litt for lang! Eg agiterer stadig for å ete middag seinare på dag, så ein får utnytte dagslyset.
Mens Nils var ute og fiske, fekk eg støvsuga og vaska til helga, litt vinduspuss vart det også. Såg litt svart på jobbinga på førehand, men ryggen kom seg etter kvart, så det gikk fint.
Som de ser på bildet er det snø i fjella, enda lenger ned no. Vi har ikkje lagt om til vinterdekk, men så skal vi heller ikkje på jobb tidlig om morgonen slik som mange andre.
Eg synest det er trist å tenke på at vi er inne i vinterhalvåret, sommaren er så altfor kort. Begynner snart å forstå dei som rømmer til varmare land om vinteren.

onsdag, oktober 16, 2013

Dagbok 2013: 16.oktober

Klokka er ca 18.30, temperaturen ute er + 6 grader C, det er overskya no, men det har vore ein fin dag. Mykje sol, med litt skyer innimellom. Nils og eg har nettopp hatt oss ein tur rundt på Vallabøen og sett på kva folk styrer med rundt omkring.Eg har vore bra i ryggen før i dag, men fekk litt problem no.
Elles har eg gjort lite og ingen ting i dag. Men vi var ein tur nedover og handla før middag. Eg går og kikar litt på vintersko, og då vi var inn på skobutikk nr.2 var der ei dame som smilte og helsa. Eg såg at eg kjende henne, men eit øyeblikk stod det heilt stille, men då eg såg jenta ho hadde med seg, fall det på plass. Det var Margunn og Kristine som var i Ørsta fordi Kristine skulle til tannregulering her. Det er bra gale når ein ikkje kjenner tjukkaste slekta. Til mi unnskyldning må eg seie at eg ofte har problem med å kjenne att "gamle" elevar som har blitt ganske vaksne etter kvart, så det er min første tanke.Dessutan venta eg ikkje å treffe eidarar her i dag.
Då vi kom heim laga eg middag, i dag vart det steikt kveite og heimelaga remuladesaus. Det smakte ikkje så verst.
Var innom biblio i dag og leverte tilbake boka eg  hadde lese ut. Lånte ei anna lita bok på 5 CD-plater, så slepp eg å lese den krim-boka eg har liggande. Eg likar veldig godt korte bøker.No skal eg kvile ryggen litt, og så blir det kanskje litt strikking, sjølv om eg har ein liten mistanke om at det ikkje gjer så godt.
Det ser nesten ut som om det kan kome snø i fjella.

tirsdag, oktober 15, 2013

Bok nr.56 - 2013: De usynlige.

Det er veldig mykje å lese om denne vesle boka på nettet. Men eg vil ikkje verken lese det, eller legge det ut her.Eg vil ha mi eiga oppleving av boka.
Då eg var 18 år hamna eg sjølv på ei øy i havet, ikkje på Helgelandskysten, rett nok. Men eg veit noko om livet i eit fiskarmiljø på ei øy i havet; noko har eg erfart sjølv, mest har eg lært av Nils. Eg veit noko om korleis det er å klare det meste sjølv - av alle dei praktiske ting som må gjerast i eit fiskar-bondemiljø.
Eg synest dette strabasiøse miljøet blir godt skildra i denne boka, som går tilbake til tidlig 1900-talet-eller enda lenger. Det er eit strabasiøst liv med mange utfordringar, og det er ikkje mykje spørsmål om lykke, berre om å klare seg. Men draumane om eit betre liv, det har dei.Trua og overtrua er også med.Trur dette er ei bok, mest for oss som har levd ei stund. Eg vil anbefale andre å lese den.
Og for all del, les lydbokversjonen. Opplesaren les på "nordnorsk", noko som løfter boka i dette tilfellet.
Språket er poetisk og vakkert, nesten så ein skulle tru at Hamsun sjølv hadde vore den som heldt i pennen. Tankane mine streifa innom "Markens grøde". No er det ikkje alle som likar den boka, men slik er det, ein opplever det ein les ulikt, derfor  vil ikkje alle like Roy Jacobsen si bok, heller. Men eg blei fascinert.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...