Klokka går mot 19.00. Temperaturen på trappa er+ 9 grader C, det er overskya, men opplett. Det kom rett nok nokre regndropar tidlig i dag, men det blei ikkje mykje av det.
Før middag baka eg brød og shina opp kjøkkenet, pluss litt anna husarbeid. Sidan vi hadde suppe igjen frå i går, slapp vi å lage middag, og vi åt tidlig.
Etter ein pause var vi ute i hagen og jobba litt.Nils hadde saga ned litt av eit tre og mol opp greiner. Eg klipte litt greiner frå buskar og tremens han likevel hadde kverna framme.
Eg var låk i ryggen i utgangspunktet, og vart ikkje betre av hagearbeidet. Ryggen har ikkje plaga meg så mykje i seinare år, men no er det gale. Får vel finne fram varmare klede, det plar hjelpe. Vurderer å ta eit par tablettar og gå ein tur, det er ikkje godt å vite kva som gjer godt og kva som ikkje gjer det.
Held på med siste plata av Roy Jacobsen si bok "De usynlige". Heile boka er på berre 5 CD-plater.
tirsdag, oktober 15, 2013
mandag, oktober 14, 2013
Dagbok 2013: 14.oktober = Vinterdag
Klokka er 18.00, og sola gikk ned for eit par minutt sidan. Temperaturen ute er + 9 grader C.
I dag har eg ikkje vore lenger enn ut på altanen. Var veldig flink f.m. Eg baka to stk.matpakkebrød, laga ein stor porsjon brennsnut og pussa vindu, både inne og ute. No veit eg at ein ikkje skal pusse vindu når sola skin, men skal eg gå ut på altanen og pusse i regnvêr ? Gløym det. Det får bli som det blir, det er i alle fall gjort.
Margrete kom i halv fire tida og var her mens Amanda dansa ballett. Ho åt sjølvsagt middag her hos oss. Elles har det ikkje hendt så mykje, somme dagar må ein berre vere litt husmor sjølv om sola skin aldri så mykje.No er det slutt på haustferien både her og der og alle er komne heim og på plass, så vidt eg veit.
søndag, oktober 13, 2013
Dagbok 2013: 13.oktober
Klokka er 18.15, og sola forsvann heilt plutselig. Det har vore enda ein nydelig haustdag. Litt kaldt om morgonen, men sola varmar. Akkurat no er temperaturen + 8 grader C.
Før middag gikk Nils og eg ein tur på "Kanalvegen". Der er det ope så sola får skine. I gatene her er skuggane av husa så lange! Vi hadde ein fin tur, og trefte kjentfolk å prate med, sjølv om vi var utanfor komfortsona vår.
Då vi kom heim, laga vi middag, og så vart det ei kvilestund etterpå.
Nils skal hente Margrete på flyet i 19.30-tida, så han køyrde bilen hennnar ned til Bunnpris, der ho skal handle litt før ho reiser heim til seg sjølv.
Mens Nils var vekke gikk eg ein liten tur rundt "Storebakken" med kamera. Det er så fine haustfargar at eg må forevige dei.
lørdag, oktober 12, 2013
Dagbok 2013: 12.oktober
Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 7 grader C, og det har vore ein strålande dag med sol frå skyfri himmel. Fine haustdagar er nydelig, men skulle gjerne hatt fleire slike mens det enno var varme i lufta.No har sola gått ned her hos oss oh ein halv måne er å sjå i sør-aust.
I dag var vi ein snartur nedover og handla, men det var tidlig på dag. var innom biblio og henta ei bok som dei hadde lagt av til meg. Gler meg til å lese noko anna enn krim.Då vi kom heim gikk vi ei trimrunde rundt i nabolaget før vi gikk i hus. Nils laga ein rett som han kallar plukkfisk, mens eg rippa den nye boka og strikka. Her går det i lestar! Etter ei god pause-eg kom endelig imål med boka eg har halde på med lenge- var eg ute i hagen og klipte ned staudene. Sant å seie er det andre gongen i haust. Klipte dei ned så tidlig at dei vaks opp att! Det som står att no er å klippe greiner og kvistar av trea, men vi ventar til lauvet er borte.
Solveig og øystein er tilbake frå Irland og i morgon kjem Margrete att frå Kr. sand.Så er det full rulle fram til juleferien. Har sett både kakemannar, julebrus og peparkaker på butikken. Vi skal bli bra lei av julevarene før jula kjem !
I kveld er det både "Stjernekamp" og "Skal vi danse", så det blir litt switching og litt opptak, for å få med seg alt.
Bok nr. 55 - 2013: Skyggerom.

Skyggerom - krim
Skyggerom er en utsøkt beskrivelse av råskap, de vondeste overgrep, hevn, vennskap og sorg. Og midt oppi dette er romanen rett og slett morsom. Anton Brekke dessuten har blitt en enda sterkere karakter – fortsatt komisk flåkjefta, men nå også følsom og sårbar.
Det er snart jul og småkriminelle Bernandas fra Litauen kjører inn i Norge med en forseglet last, på oppdrag fra den russiske gangsterbossen Doskino. Kontakten som skal overta lasten, dukker aldri opp ved den avsidesliggende hytta ved Fredrikstad. Når Bernandas oppdager hva slags "varer" han har smuglet, skjønner han at han selv er i fare og får panikk. Neste dag blir den eldre læreren Viggo Holm funnet død i sitt hjem i Sarpsborg, brutalt knivmyrdet. Det viser seg at Holm og Bernandas´ kontakt er samme mann. En motvillig Anton Brekke blir satt på saken. Parallelt med etterforskningen følger vi Bernandas´ stadig mer desperate kamp for å komme seg ut av den skvisen han er i, strandet i et fremmed land og klemt mellom en mordetterforskning og trusler fra bakmannen i Litauen.
Om forfatteren:
Jan-Erik Fjell (født 1982) er født og oppvokst i Fredrikstad. Han er utdannet innen IT, kontor og administrasjon, men er nå forfatter på heltid. Han debuterte i 2009. Hans første krimroman, Tysteren, kom i 2010, og samme år ble han, som den yngste noen gang, tildelt Bokhandlerprisen. I 2011 mottok han "Frederikprisen" som deles ut til en ung og lovende kulturutøver.
..........................................................
Eg har brukt lang tid på denne boka, lese litt no og då, lese om att....osb. Denne boka burde eg ha lese i samanheng og helst laga med ei "rolleliste" frå begynnelsen av. Sidan eg altså ikkje gjorde det, fekk eg dårlig samanheng i det eg las. Men boka er i seg sjølv noko "springande"-best som vi er i Vilnius, så er vi i Oslo eller Fredrikstad m.fl. Kort sagt gikk det litt i surr for meg, og eg fekk ikkje rette inntrykket av boka.
Når det er sagt, vil eg halde fram at boka er godt skriven, med mange gode formuleringar og til dels gode karakterar.Elles er her utrulig mange klisjear, når ein har lese så mange krimbøker som er har, er det ikkje til å unngå at mykje av det same går att.Til vanlig blir mysteriet løyst vesle julaftan, men her skjer det på sjølve julekvelden! Ny vri altså.
Eg kan ikkje fordra slike "etterord" med takk til alle som har hjelpt til med research og anna, det passar utrulig dårlig i lydbøker.

fredag, oktober 11, 2013
Dagbok 2013: 11.oktober.
Klokka er 19.15,og sola har gått ned . Vi har hatt ein nydelig dag med sol frå skyfri himmel. Temperaturen er no +6 grader C. Det blir nok kaldt til natta. Eg er glad kvar morgon blomkarsane ikkje har frose.
I dag reiste Olaug jr. og Nils på sjøen for å fiske sei. Og bra fangst fekk dei. Mens dei var vekke fekk eg vaska og støvsuga til helga. Vi åt fersk, kokt småsei til middag, og etter at vi hadde slappa av litt, dusja og stelt oss, køyrde vi ut att med Olaug og seifiletane som Nils hadde laga klar. Håkon var komen heim så Olaug slapp å kome til tomt hus.
Vi svinga nedom Hareid sentrum og fylte bensin på bilen og kaffi i Statoilkoppane våre. For ein gongs skuld passa det å ta ein tur til Flø, ein ynda plass for alle fotoamatørar. Og eg knipsa i veg.....men så vart det brått slutt på batteriet! Ja, det er mi eiga skuld, som ikkje sjekkar slikt.No er vi vel heime att og har ein lang TV-kveld framfor oss.Ønsker alle ei god helg!
torsdag, oktober 10, 2013
Dagbok 2013: 10.oktober
Morgonstemning.
Klokka er snart 19.00, temperaturen +6 grader og vi har hatt ein nydelig dag.Vi var litt seine før vi kom i siget i dag. Eg skulle strikke litt og så skulle vi sjå Ørstafilmen som eg fekk i posten i dag osb.
Det blei til at vi køyrde bomvegen opp til Krøvelsetra, men for å få frisk luft, gikk vi siste stykket. Det var nydelig der oppe i dag, men ganske kaldt.
Volda i bakgrunnen.
Piken på broen.
Eit praktisk "hagebord" som står for ein støyt. Med innlagd handvask.
Gamle hytter-og nye.Sjølve seterhusa er lenger oppe i lia, men det var for vått å gå opp dit.
Sist eg var der gikk vi heile vegen opp, men det er mange år sidan.
Der er både gamle og nye hytter der oppe, nokså stor skilnad på standarden.Då vi kom heim laga vi middag. Eg hadde ferdige kjøttkaker , så det var fort gjort å lage litt saus og koke poteter og kål til. Etter at vi hadde slappa av litt, blei det is og kaffi.
No er den eldste og den yngste ute og går tur, mens eg sit her. Eg må helst gå tur åleine, for eg er ei sinke. I morgon har dei tenkt seg ut å fiske, så då kan eg ta fredagsvasken. Skulle vore ute i hagen og rydda også, men det har vore så kaldt og vått hittil.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagbok 2026: 14.november
Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...