lørdag, september 11, 2010

Vermelding 11.september 2010

No er klokka 15.00 og temperaturen er + 15 grader C. Ute regnar det, men skikkelig ufyselig er det ikke. Ikkje enno i alle fall.

                                 Gammalt og nytt.
I dag har vi vore på shopping. dvs. at vi har kjøpt litt anna enn mat.
Først var vi inn på Gjenbruk, ein butikk som ligg i svingen ovafor kyrkja. Det er misjonen som driv butikken, og der kan ein finne nesten alt mulig:lampar, tallerkar, klede, messing,bøker, filmar ......you name it.
Folk kan levere inn ting dei ikkje treng, men får ikkje betalt. Dei sel varene ut til rimelige prisar og alt går til misjonen, så ein gjer i grunnen ei god gjerning når ein handlar der ! Vi brukar å gå innom av og til, og så kjøper eg litt dill-dall for skams skuld. Eg kjøper ofte noko i glas, så også i dag. Har ei spesiell forkjærligheit for farga glas. Det er ikkje verdifullt på nokon måte. Var også på utkik etter sjarmerande te-boksar til minstejenta, så no får vi sjå om ho likar desse.

Sist eg var i lag med veninnene mine, skrytte ei av dei av ein støvsugar ho hadde kjøpt. Ho har også visse problem med bøy og tøy slik som eg. Det var ein slik ministøvsuger med langt skaft, men litt meir avansert enn dei eg har hatt . Denne er sjølvsagt også oppladbar, men kraftigare enn den vesle eg har frå før, og så er der LYS på den. No kan eg halde smular etc. vekke utan å ta fram storesugaren, og utan å bøye ryggen.
Så til sist vil eg vise fram eit par ting frå "Epla-butikken" til Strikkemor(o). Dette er ting eg har fått i presang. "Veska" er eigentlig ei brødkorg, men kan brukast til det ein sjølv finn ut. Og klutane er fine og passar i fargane til kjøkkenet vårt.
Alt er sjølvsagt handarbeid.

fredag, september 10, 2010

Vermelding 10.september 2010


Klokka er 13.00, temperaturen er+ 18 grader C og det er lettare overskya. Det er inga krise når det gjeld veret.
Eg har støvsuga og vaska litt i dag også, så no er her nokonlunde reint til helga.
Nils skal lage middag i dag, det blir kokt,salta brosme med poteter og gulrot. Det enkle er ofte det beste.
No er det slutt på Ramadan.I dag feirer muslimane Id, og vi ønsker våre muslimske venner: God Id!
Elles er eg glad for at dei slo i frå seg Koran-brenninga i USA, eg lurer på om dei som ville brenne den har lese kva der står? Tenkjer litt ekstra på det som skjedde 11.09.01 sidan eit av barnebarna står på farten til å reise til Texas.
Ein av nevøane våre, Leon, har fødselsdag i dag, og vi gratulerer.
Og så ønsker eg alle blogglesarane mine GOD HELG !

torsdag, september 09, 2010

Vermelding 9.september 2010

Klokka er 12.00. Ute er det like strålande ver som det har vore no i det siste. Kanskje er det siste dagen? Temperaturen på baksida av huset er +20 grader, men vil nok stige etter kvart.
Nils har jobba i hagen, no er han nede og handlar. Eg har vaska litt og gjort klart til middagen vi skal ha når Einar kjem i 15- tida, så no skal eg snart ut og nyte sola og fineveret før det blir for seint.
Plommene er så vidt begynt å bli modne, så eg får håpe ikkje regnet kjem og øydelegg heile avlinga slik som i fjor.
Klatrerosa vår heiter New Dawn og vi har hatt den i mange år. I fjor haust klipte vi den heilt ned, men som de ser kjem den att. Den plar blomstre heile sommaren og blada er også fine og blanke.
Bilda blir ikkje fine i så sterk sol.
Opalplommer.

onsdag, september 08, 2010

Vermelding 8.september 2010.

No er klokka 17.30. Temperaturen ute er +21 grader.Det har vore enda ein nydelig dag, men no ser det ut til at her kjem litt lette skyer-dei blir kanskje tyngre etter kvart? Eg høyrer kråkene krae, det var eit teikn på regn i gamle dagar.
I dag jobba vi i hagen før middag. Fekk vekk enda meir buskas som Nils mol opp. Plukka resten av ripsen også.
Eg var invitert til ei venninne på fomiddagsmat klokka 13, men før det, rakk eg ein tur innom biblio,der eg fann berre ei bok eg ikkje hadde lese før (merkelig nok): Salme ved reisens slutt.
No skal eg steike sei til forsinka middag.
PS: Har hatt kontakt med Arill Riise på FB. Han skriv at "Rasfilmen" kjem i reprise, men det er ikkje bestemt når.Elles ligg den ute på TV2Sumo,tv2.no

Bok nr.45 - 2010: Min kamp 2

 
No har eg lese ut den andre boka i serien Min kamp, og eg er framleis begeistra. Knausgård skriv godt, men her er mykje tankar og ikkje fullt så mykje handling. Det er vel derfor somme går lei, og synest det blir langdrygt. Både Margrete og eg likar bøkene til Knausgård, men vi les dei som lydbøker, og då blir det verken langdrygt eller kjedelig, for opplesaren er veldig flink.Margrete har skrive meir utførlig om boka, så sjekk bloggen hennar; ho og eg er som regel svært enige når det gjeld bøker.
Bøkene er lange, denne var på 16 CD-ar. Skal på biblio i dag og sette meg på liste til nummer 3.
Posted by Picasa

tirsdag, september 07, 2010

Vermelding 7.september 2010

Klokka er snart halv fire. Vi har nyss ete middag, som i dag var fersk småsei med rips og vaniljesaus til desseret. Temperaturen er no +22 grader C og det er nesten for varmt å ligge rett ut i sola.
I dag for Hassan og Nils ut og fiska klokka 7, men kom tidleg heim att, sidan Hassan hadde time hos legen klokka 11.30.
Eg har rydda litt i hagen, plukka rips etc., ikkje direkte overanstrengt meg.
No skal eg kvile middag og lese på solseng, kanskje er det siste fineversdagen?
Bildet er tatt frå trappa vår, og fjellet rett her oppe er Vallahornet på 830 meter. Bak det fjellet, men ikkje synlig herifrå, ligg Saudehornet som er 1309 meter. Eg veit at eg gjentar mer sjølv, men som lærar vart eg vant til å repetere for at det skulle sitte skikkelig.

mandag, september 06, 2010

Vermelding 6.september 2010

Klokka er 18.30, temperaturen + 20 grader C og veret er framleis like fint. Skikkelig sommarver har vi endelig fått.
I dag hadde VVS skuletur til fjella i Ørsta og både Margrete og Ingeborg var med. Den eldste av dei kom seg heilt på toppen av Saudehornet, som er 1309 meter høgt, mens Ingeborg greidde seg med Vallahornet-830 m, som er fjellet rett ovafor huset vårt. Ho var trøtt og sliten etter å ha vore på kurs i Trondheim i helga. Margrete rakk ikkje ned att så ho kunne hente dei to yngste på ferjekaia i Volda, så det vart til at Nils gjorde det. Det er ballettøving for begge jentene i dag.
Alle fekk "gammaldags" middag her hos oss; i dag var det kjøttkaker, med bringebærgelé til dessert.
Og eg fekk tatt bilde av Amanda,10 år, i lag med solsikkene våre.

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...